Systrene Mariel og Charlotte skal opne kafé på heimstaden. Men det er ganske langt frå idéstadiet til opningsdagen. Bli med på reisa!
Nesten eit år har gått sidan vi første gong opna døra. Vi pratar litt om korleis det har gått og kva de kan vente dykk framover, samt litt om mat og avfall.
Det er no to veker sidan vi opna dørene på Lauget, og endeleg fekk vi laga ein ny episode av podcasten! Vi pratar om korleis opninga og mottakinga har vore, og til slutt i episoden får du høyre nokre klipp frå eit par av opptredenane vi har hatt på scena vår. Dei du høyrer her er Gjertrud og Maria Eide og til slutt Siri Byrkjedal (som du kan følge på Soundcloud her: https://soundcloud.com/siribyrkjedal). Music by: Rsfmu – Blur
Kva definerar vi som familiehygge? Kva har skjedd sidan sist? Og kva kan du hjelpe oss med? Denne veka sin podkast har til og med eit skjult spor til slutt!
No skjer det mykje! Lokalet vert finare og finare og vi gler oss til å opne. DET ER SNART! Bli med på innspurten!
TING SKJER! Det er dagens hovudoverskrift! No går tida kjempefort fram mot opningsdatoen! Høyr om alt det vi har gjort på sidan sist og om korleis det gjekk då vi var på utflukt til IKEA.
Vi har vore på studietur og ekskursjon! Høyr kvar og kvifor, og få endeleg svar på kva slags mat som kjem til å finnast på Lauget! Og hugs å levere søknaden din til stillinga som deltidsmedarbeidar innan 06.03! OBS: Langøra er på Stjørdalen, ikkje Steinkjer!
LOKALET ER I BOKS! Høyr kvar vi skal vere og korleis det går med oss på vegen fram mot opningsdagen. Med på kjøpet får du også ein leksjon i korleis ein bygger opp ei spanande historie mot eit høgdepunkt som aldri kjem, og elles god humor.
Stadig meir kjem på plass, og for kvar veke er vi eit steg nærare opninga av Lauget kaffi og kultur. Få med deg kva som er nytt sidan sist, høyr kantoren briljere med sitt pianospel, og høyr den nye programposten "veka sin bu og puh!".
Marièl og Charlotte fortel om kva som har skjedd sidan sist, og avslører litt meir av konseptet på Lauget kaffi og kultur!
Vi skal starte kafé! Vi fortel litt om kva planer vi har for den nye kaféen på Sandane, og kvar vi er i prosessen fram mot opningsdagen!