Prinsipprogrammet

Follow Prinsipprogrammet
Share on
Copy link to clipboard

Ein podkast om prinsipprogrammet til Noregs Mållag. Du høyrer Marit Aakre Tennø og Magnus Bernhardsen.

Prinsipprogrammet


    • Mar 28, 2022 LATEST EPISODE
    • infrequent NEW EPISODES
    • 30m AVG DURATION
    • 6 EPISODES


    Search for episodes from Prinsipprogrammet with a specific topic:

    Latest episodes from Prinsipprogrammet

    Bonuspodkast - landsmøte-vorspiel

    Play Episode Listen Later Mar 28, 2022 25:52


    Landsmøtet i Noregs Mållag 2022 er rett rundt hjørnet, og Marit og Magnus går gjennom framlegget til nytt prinsipprogram. --- Send in a voice message: https://anchor.fm/prinsipprogrammet/message

    Femte episode - kva burde ha vore med i Prinsipprogrammet?

    Play Episode Listen Later Sep 25, 2019 30:05


    Fyrst ei orsaking. Det som skulle ha vore femte episode forsvann, alle råfilane er borte. Det som såg ut som opptaket av episode fem synte seg å vera episode fire. Når vi snakkar om at det er seks episodar av podkasten er det altså sagt i god tru om at vi hadde seks episodar å leggja ut. Den tapte episoden skulle ta for seg skriftmålet, ein ikkje uvesentleg del av grunnlaget for arbeidet til Noregs Mållag. I denne episoden tek vi opp nokre emne som ikkje er med i det noverande prinsipprogrammet, og vi snakkar mellom anna om kløyvingane i målrørsla rundt "målpolitikk" kontra "ålmenpolitikk". Det har no kome eit studiehefte om prinsipprogramordskiftet. Twitter Instagram --- Send in a voice message: https://anchor.fm/prinsipprogrammet/message

    Fjerde episode - Me e te fyr Maale, og inkje Maale te fyr oss

    Play Episode Listen Later Sep 16, 2019 32:51


    I denne episoden snakkar vi om dette punktet i prinsipprogrammet: "Dialektane står sterkare i Noreg enn i mange andre land, ikkje minst på grunn av arbeidet til målrørsla. Trass i språkleg undertrykking har folk hevda retten til å bruke sitt eige språk, slik at dialekttale i dag er den vanlegaste uttrykksmåten for folk flest. Dialektane er utsette for eit sterkt press, særleg frå talt og skrive bokmål. Noregs Mållag forsvarer dialektane og dialektbruken mot dette presset. Normert nynorsk tale kan vere eit viktig ryggstø både for skriftspråket og for målføra." Vi drøftar normert nynorsk tale, bokmålisering, dialektdaude, frigjering (igjen!) og om alt går til helvete eller ikkje. Episodetittelen er ei omskriving av eit sitat frå Olaus Fjørtoft. Det har no kome eit studiehefte om prinsipprogramordskiftet. Twitter Instagram --- Send in a voice message: https://anchor.fm/prinsipprogrammet/message

    Tredje episode - ein podkast for tanke og kommunikasjon

    Play Episode Listen Later Sep 9, 2019 21:25


    I denne episoden snakkar vi om punktet "Prinsippa som Aasen bygde skriftmålet på, gjer nynorsken til eit språk som alle kan kjenne seg heime i, og til ein god reiskap for tanke og kommunikasjon." Les meir om prinsipprogramordskiftet her. Twitter Instagram --- Send in a voice message: https://anchor.fm/prinsipprogrammet/message

    Andre episode - frigjering av kven, frigjering frå kva?

    Play Episode Listen Later Sep 2, 2019 41:33


    I denne episoden går vi gjennom setningane "I striden for nasjonal, sosial og kulturell frigjering fekk det norske folket sitt eige skriftmål. Ivar Aasen granska dei norske målføra og sette opp ei landsgyldig, samlande norm. Nynorsken byggjer på dei norske målføra som står i ubroten samanheng med gammalnorsk." Vi ser også på korleis dette punktet har utvikla seg frå tidlegare prinsipprogram, og i ordskiftet før dette vart vedteke. Dei som snakkar er Marit Aakre Tennø og Magnus Bernhardsen. OBS - på eit tidspunkt fall lyden ut, og det manglar ca 45 sekund. Informasjon om prinsipprogramordskiftet Twitter Instagram --- Send in a voice message: https://anchor.fm/prinsipprogrammet/message

    Fyrste episode - ein podkast for folk i bygd og by

    Play Episode Listen Later Aug 26, 2019 33:04


    Dette er den fyrste episoden av Prinsipprogrammet, ein podkast om prinsipprogrammet til Noreg Mållag. Dei du får høyra snakka er Marit Aakre Tennø og Magnus Bernhardsen. Vi går gjennom det noverande programmet, og samanliknar med tidlegare program, snakkar om kva som står og burde står og med nokre gode anekdotar innimellom. Informasjon om prinsipprogramordskiftet Twitter --- Send in a voice message: https://anchor.fm/prinsipprogrammet/message

    Claim Prinsipprogrammet

    In order to claim this podcast we'll send an email to with a verification link. Simply click the link and you will be able to edit tags, request a refresh, and other features to take control of your podcast page!

    Claim Cancel