Puberteten, grenser og respekt, prevensjon, seksuelt overførbare sjukdommar, kroppspress, familie og samliv, seksuell orientering, kjønnsroller og kjønnsidentitet, svangerskap, forelskelse og følelsar. Denne podcasten handlar om sex – og sånt, og er laga av ungdommar, for ungdommar.
Det er godt å ha sex, men den første gongen kan det vera både spanande og skremmande. Jenter kan lura på om det vil gjera vondt, og gutar kan vera spente på kor lenge ereksjonen vil vara. Det aller viktigaste er likevel at sex skal vera godt og frivillig, at du har lyst på sex,...
Mange bruker porno når dei onanerer eller har sex, eller som inspirasjon til eige sexliv. Porno er bilete, tekstar eller filmar med eit seksuelt innhald, og målet er at du som ser eller les dette skal bli kåt. Vanlegvis viser porno sex mellom vaksne menneske, ofte med fokus på kjønnsorgana, men det finst òg ulovleg...
Ungdata-undersøkinga viser at 7 av 10 ungdommar opplever press om å sjå bra ut eller å ha ein fin kropp, og mange unge opplever at kroppspresset blir ei utfordring i kvardagen. Særleg i ungdomsåra, når kroppen er i stadig forandring og ein prøver å «finna seg sjølv», kan det vera vanskeleg å akseptera sin eigen...
Onani handlar om å stimulera sine eigne kjønnsorgan, og blir ofte kalla masturbering, runking eller fingring. Når du onanerer, blir du kjent med kva som er deilig for deg, kor det er godt å ta på deg sjølv og kva måte som fungerer best. Dette er ein flott måte å bli kjent med kroppen og...
Frå gammalt av har kvinnene brukt brystene sine til éi oppgåve: Å gje morsmjølk med livsviktige næringsstoff til spedbarnet sitt. I nyare tid, og særleg i vestlege kulturar, har brystene – eller puppene – blitt stadig meir seksualisert.
Penis er det vitskaplege namnet på det ytre kjønnsorganet til guttar og menn. Dei delene som ein ser på utsida av kroppen, er penis og skrotum (pungen). Alle penisar er ulike, og det er stor variasjon i korleis guttetissen ser ut.
Vulva er det vitskaplege namnet på dei ytre kjønnsorgana til jenter og kvinner. Dei delene som ein ofte kan sjå, er dei indre og ytre kjønnsleppene, klitoris og skjeden. Alle vulvaer er ulike, og det er stor variasjon i korleis jentetissen ser ut.
Eit av dei sikre teikna på at ei jente har kome i puberteten, er at ho begynner å menstruera. Kvar månad vil det koma blod ut av skjeden, så lenge ho er i stand til å laga barn. Og det er dette som blir kalla mensen.
Du merkar det sannsynlegvis ikkje når kjønnshormona dine blir sendt rundt i kroppen, men du vil garantert merka at du får tjukkare og synlegare hår på leggar, armar, armhuler og kjønnsorgan, og beina veks slik at du oftare må kjøpa nye sko og klede. Du svettar meir, og byrjar å merka humørsvingingar, og etter kvart...
Du merkar det sannsynlegvis ikkje når testiklane set i gang produksjonen av kjønnshormonet testosteron, men du vil garantert merka alle endringane i og på kroppen i starten av puberteten: Du får tjukkare og synlegare hår på leggar og armar, og beina veks slik at du oftare må kjøpa nye sko. Etter kvart veks det hår...
Særleg i ungdomsåra er me veldig sårbare for kroppspress, som kan påverka både sjølvtilliten og sjølvbiletet vårt. Korleis kan ein stå imot eller motarbeida kroppspress.