Podcasts about korleis

  • 114PODCASTS
  • 539EPISODES
  • 40mAVG DURATION
  • 1WEEKLY EPISODE
  • Jun 22, 2026LATEST

POPULARITY

20192020202120222023202420252026


Best podcasts about korleis

Show all podcasts related to korleis

Latest podcast episodes about korleis

Stord-Podden
Nils Sortland - om Sjøkart 19, MS Solbjørg og Sildajazz

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Jun 22, 2026 52:56


Nils Sortland har brukt store delar av livet på båt, musikk, mekanikk og kystkultur. I denne episoden blir me betre kjent med mannen bak MS Solbjørg og det populære musikkprosjektet Sjøkart 19.Me snakkar om oppveksten på Sortland, gamle båtar, mopedtrimming, grensevakt i sprengkulde, eit langt arbeidsliv – og ikkje minst draumen om å skapa liv på gamle kaier langs kysten. Med skøyta som scene, norske tekstar, kystmusikk og god stemning har Sjøkart 19 blitt eit prosjekt som samlar folk og vekkjer lokal stoltheit.Korleis held ein liv i ein 58 fots båt gjennom meir enn 40 år? Kvifor betyr rekruttering og ungdom så mykje? Og kva skjer når Sjøkart 19 legg til kai under Sildajazz?Sponsor: Helle AS Går du og irriterer deg over ein dryppande kran, eller drøymer du rett og slett om eit heilt nytt bad? Ikkje utset det lenger!Helle AS på Bremnes ryddar opp i både små og store røyrleggjarutfordringar. Hos dei får du rask respons, god fleksibilitet og ein lokal røyrleggjar du kan stola på.Gjer det skikkeleg første gongen. Ring Helle AS på 40 40 36 81 eller besøk helleas.no i dag!

Tru og meining i gammal tid
117. Heiden og kristen etikk i den islandske fristaten. Samtale med norrønfilolog Jon Gunnar Jørgensen

Tru og meining i gammal tid

Play Episode Listen Later Jun 18, 2026 87:13


Korleis prøvde ein å førebygge og løyse konfliktar i vikingtida på Island? Det gjaldt eit sett av normer om personleg ære ogfamilieære, alliansar, lojalitet og krav om styrke og handlekraft. Det var ting, lov og rettssaker. Dette kunne fungere, og det kunne føre til tragedie. Med kristendomen kom ein æreskodeks med eit nytt etisk innhald. Her skal vi skissere det gamle systemet og brytinga mellom det gamle og det nye.

Stord-Podden
Rask psykisk helsehjelp: Kva er det, kven er tilbodet for, og når bør du søkje hjelp?

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Jun 15, 2026 48:04


I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Teamleiar Marie Røsvik Haldorsen og kommunepsykolog Øivind Johnsen frå Rask Psykisk Helsehjelp i Bømlo kommune. Dei fortel om eit lågterskeltilbod som gir hjelp til menneske som strevar med lettare former for stress, angst, depresjon, søvnproblem, grubling og bekymringar.Kvifor slit så mange med psykisk helse i dag? Kva gjer sosiale medium med oss? Korleis kan ein handtera overtenking og bekymringar? Og kva er eigentleg skilnaden på vanlege livsutfordringar og psykiske lidingar?Du får også konkrete råd om korleis du kan ta vare på eiga psykisk helse, kvifor fysisk aktivitet og sosiale relasjonar er så viktige, og når det kan vera lurt å be om hjelp.Ein viktig og aktuell samtale om psykisk helse, håp og korleis små grep kan gjera ein stor forskjell.Sponsor: Bømlo ProfilTreng du arbeidsklede, profilklede, skilt, reklameartiklar eller hjelp med grafisk design? Då bør du ta turen innom Bømlo Profil i Hollundsdalen.Med eige showroom og ein engasjert gjeng på laget tilbyr dei alt frå logoar og visuell profil til arbeidsklede og profileringsprodukt for små og store bedrifter. Dei kan også byggja eigne nettløysingar for kundane sine, med portal der du enkelt kan bestilla utvalde produkt til di bedrift. I tillegg pakkar og leverer dei arbeidsklede direkte på arbeidsplassen dersom det er ønskjeleg.Bømlo Profil satsar på personleg service, raske leveransar og gode løysingar tilpassa di bedrift. Samstundes er dei opptekne av å sjå heile menneske – og dei veit at god psykisk helse er ein viktig del av ein god arbeidskvardag. Difor heier dei på initiativ som «Rask psykisk helsehjelp», som gjer det lettare å få hjelp når ein treng det.Ta kontakt med Bømlo Profil – dei har kaffien klar og hjelper deg gjerne med å synleggjera di verksemd.Sjekk ut: https://bomloprofil.nohttps://www.facebook.com/bomloprofil https://www.instagram.com/bomlo_profil/

Stord-Podden
Torbjørn Lodden - om politiarbeid, foreldreansvar og eit varmare lokalsamfunn

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Jun 1, 2026 47:33


Korleis er det eigentleg å vera politi i Sunnhordland? Og kva betyr det å jobba førebyggjande blant barn og ungdom?I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Torbjørn Lodden, lokal politimann frå Stord, som brenn for å gjera ein positiv forskjell i nærmiljøet. Me snakkar om vegen inn i politiyrket, kvardagen som politi, sterke møte med menneske i krise – og kvifor relasjonar, tillit og førebygging er så viktig.Torbjørn deler også tankar om ungdomsmiljøet i regionen, utfordringar knytt til sosiale medium, digital påverknad, kriminalitet, svindel og korleis foreldre kan vera tettare på. Samtidig er han tydeleg på éin ting: Dei aller fleste ungdommane er fantastiske, og dei treng vaksne som ser dei, lyttar til dei og vågar å setja gode grenser.Sponsor: Subshore Subshore er eit selskap som ønskjer å gjera meir enn berre å levera gode løysingar – dei vil vera med på å byggja menneske og fellesskap.Med verdiar som å bry seg, støtta andre, dela kunnskap og ta initiativ, arbeider dei for ein kultur der folk blir sette – og der ein heiar kvarandre fram. Subshore minner oss om at små handlingar kan bety mykje.Eit smil. Ei invitasjon. Litt tid. Litt omsorg.Når vi heiar på kvarandre, får fleire moglegheit til å høyra til – og til å skina.Derfor er Sunnhordlandpodden både stolt og takksam for å ha Subshore med på laget.

Hildegunn & Leif-Per
#181: Frieksos og kaffipengar

Hildegunn & Leif-Per

Play Episode Listen Later May 8, 2026 36:15


Korleis skal ein overtyde "gode" venninder om at det faktisk er heilt sant at ein skal ha konsert MED sjølvaste Kringkastingsorkestret i Oslo Konserthus? Og forresten - er det sant, eller er det ein konspirasjon?Hildegunn & Leif-Per er på turné - UTAN Kringkastingsorkestret! Publikum og presse jublar! 20.000 selde billettar til no!"...så faste og frodige i karakteruttrykket..."(Sunnmørsposten, terningkast 5)"Imponerende lunt og særdeles morsomt."(e-nytt.no, terningkast 5)Sjekk ut full turnéplanen og ledige billettar her:www.zenario.no Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

acast med publikum sjekk korleis sunnm hildegunn oslo konserthus
Bakrommet
Episode 220 - EU Debatten!

Bakrommet

Play Episode Listen Later Apr 30, 2026


I denne episoden tek Bakrommet endeleg EU-debatten. Kva er dei gode og negative sidane med EU? Korleis ville eit EU medlemskap påverka Noreg? Kva ville det gjort med den norske økonomien? Korleis ville periferien (og spesielt Nord-Noreg) blitt påverka? Ville Noreg fått meir eller mindre suverenitet med eit EU-medlemskap samanlikna med eøs-avtalen? Ville Noreg sitt forsvar vunne eller tapt på eit EU-medlemskap? I studio: Trym Larsen, Frida Kristine Mogård og Anne Hatlevik Ansvarlig redaktør: Vilde Havn

Molde-fellesskapet
Salmene - Når livet går bra - Gullborg Maridal

Molde-fellesskapet

Play Episode Listen Later Apr 26, 2026


Spørsmål til smågruppeopplegg: 1.Korleis skildrar Salme 1 forskjellen mellom dei som følgjer Gud og dei som ikkje gjer det – i livsval og livsresultat? 2. Kva er “ureine kjelder” i dag, og kva slags frukt fører dei til samanlikna med livet i Anden? (Sjå Gal. 5,19–25) 3. Korleis kan vi hente kraft frå den reine kjelda (Jesus), og kva må vi gjere for å leve i den? (Sjå Joh. 4,14; 7,37–39; 15,5)

Visma Veilederen
Korleis kan kommunen førebyggje vald og overgrep?

Visma Veilederen

Play Episode Listen Later Apr 9, 2026 31:57


Korleis kan barnehagar og skular sikre at barn og unge får førebyggjande kunnskap om vald og overgrep? I denne episoden av VeilederPod møter vi Vigdis og Isabella, som har bidrege i utviklinga av undervisningsopplegget «e d greitt?». Undervisningsopplegget er eit førebyggjande arbeid på tvers i kommunen, og er eit samarbeid mellom barnehage, skule, helsestasjon og barnevern. I studio: Vigdis Anne Dyrkolbotn, prosjektleiar og kontaktperson i Kvinnherad barnevernteneste Isabella Helland, prosjektmedarbeider og kontaktperson i Hardanger barnevernteneste Veyni Stakvik, podkastvert

Stord-Podden
Ove H. Wilhelmsen - om Breeze Ship Design, leiarskap og korleis ein byggjer kultur og fellesskap

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Apr 6, 2026 54:01


Frå eit verdsomspennande konsern med 18 000 tilsette til eit nystarta selskap med berre to på lønningslista. I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Ove H. Wilhelmsen, administrerande direktør i Breeze Ship Design.Du får høyra historia om korleis Breeze vart til i 2020, om satsinga som har vakse til eit selskap med rundt 60 tilsette, og om livet som leiar i ei bransje i rask utvikling. Samtalen handlar om skipsdesign, gründerreise, leiarskap, teknologi, det grøne skiftet – og om korleis ein byggjer kultur og fellesskap i ein arbeidsplass i vekst.Samtidig blir du betre kjend med mannen bak tittelen: ein engasjert leiar, tidlegare lærar, reiseglad skipsdesign-entusiast og ein person som er opptatt av folk, tillit og gode relasjonar.Ein spennande prat om næringsliv, innovasjon og Sunnhordland si rolle i ei global maritim verd.Sponsor: Alde AkvaAlde Akva er et rådgivermiljø med 15 ansatte som bygger et sterkt kompetansehus innen akvakultur. Alde Akva er faglig tydelig og menneskelig raus i måten de jobber på.Dei har hovedkontor på Stord og kontorer i Haugesund, Trondheim og Tromsø.Med spisskompetanse innen planlegging og gjennomføring av prosjekter innen landbaserte oppdrettsanlegg og lukkede systemer i sjø, tilbyr Alde Akva prosjekteringstjenester som sikrer optimale og kostnadseffektive prosesser – fra forprosjekt og detaljprosjekt til ferdig godkjent og idriftsatt anlegg.Sjå nettsida aldeakva.no for meir informasjon.Stor takk til Alde Akva for at dei ville sponse denne episoden.

Stord-Podden
Korleis skaper ein fellesskap på tvers av språk, kultur og bakgrunn?

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Mar 30, 2026 53:04


I denne episoden møter du Veronica Ivanov og Arna Vik Misje frå Internasjonal Kulturklubb (IKK) på Stord – ein organisasjon som heilt sidan 1989 har arbeidd for å skapa møteplassar der folk kan bli kjende, kjenna seg velkomne og høyra til.Du får høyra historia om korleis IKK starta, kvifor arbeidet betyr så mykje, og korleis klubben i dag byggjer bru mellom menneske gjennom språkkafé, internasjonal kafé, dansegruppe, matkurs, karneval og samarbeid med andre organisasjonar.Vi snakkar òg om:korleis det er å koma ny til Noregkvifor små initiativ kan bety så mykjekorleis vennskap og kjennskap gjer integrering lettareog kvifor dette arbeidet er viktigare enn nokon gong i ei uroleg verdDette er ein varm, klok og inspirerande prat om menneskemøte, inkludering og verdien av å sjå kvarandre.Sponsor: Subshore Subshore er eit selskap som ønskjer å gjera meir enn berre å levera gode løysingar – dei vil vera med på å byggja menneske og fellesskap.Med verdiar som å bry seg, støtta andre, dela kunnskap og ta initiativ, arbeider dei for ein kultur der folk blir sette – og der ein heiar kvarandre fram.Og nettopp det treff ekstra godt i ein episode som denne.For det er jo nettopp dette Internasjonal Kulturklubb handlar om:å sjå kvarandreå skapa møteplassarå byggja fellesskap på tvers av kulturarSubshore minner oss om at små handlingar kan bety mykje.Eit smil. Ei invitasjon. Litt tid. Litt omsorg.Når vi heiar på kvarandre, får fleire moglegheit til å høyra til – og til å skina.Derfor er Sunnhordlandpodden både stolt og takksam for å ha Subshore med på laget.

Stord-Podden
Finnås Kraftlag - 80 år med lys, varme og fellesskap på Bømlo

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Mar 23, 2026 53:35


Finnås Kraftlag fyller 80 år i 2026, og i denne episoden møter vi styreleiar Torleiv Fylkesnes til ein prat om historia, utviklinga og framtida til eit av dei viktigaste selskapa på Bømlo.Korleis vart Kraftlaget til? Kva har gjort Finnås Kraftlag til meir enn berre ein leverandør av straum og fiber? Og kvifor betyr det så mykje at bømlingane sjølve eig selskapet?Vi snakkar om samfunnsbygging, samvirke, solidaritet, kulturstøtte, fiberutbygging og framtidas kraftbehov – men òg om musikk, lokal stoltheit og kvifor gode opplevingar i fellesskap betyr så mykje. Ein varm og engasjerande jubileumsepisode om historie, identitet og framtidstru på Bømlo.Jubileumsfeiring i 2026I samband med 80-årsjubileet ønskjer Finnås Kraftlag å markera året saman med heile lokalsamfunnet. Søndag 7. juni inviterer dei til ein skikkeleg folkefest i bakgarden på kraftlaget – open for alle som ønsker å ta turen. Programmet er ikkje heilt ferdig spikra enno, men Finnås Kraftlag kan allereie no røpa at Heine Totland kjem med band, i tillegg til andre lokale artistar. Det blir òg besøk av både Bjørnis og VilVite-senteret, så alt ligg til rette for ein skikkeleg kjekk dag for heile familien. I tillegg blir det servert gratis pølser, is, kaffi og kaker. Set av datoen allereie no – dette vil du ikkje gå glipp av. Sponsor: Episoden er eit kommersielt samarbeid med Finnås Kraftlag.

Studentnyhetene
Unhinged studietips?! Og nyheter

Studentnyhetene

Play Episode Listen Later Mar 20, 2026 35:45


I dagens episode tar vi deg gjennom litt forskjellige saker. Har universiteta råd til fleire fysiske eksamenar? Får du E så er du med - men er det godt nok? Korleis er ståa med akademisk fridom eigentleg? Lika du å hate deg sjølv medan du har eksamen? vi har tipsa til deg! I studio: Sofie Krumsvik, Thayra michelle bogdan, Andrea-Elise Størksen, emma karoline gurijord. På teknikk Frida FalekensteinNyhetsredaktør er Sofie Krumsvik.Ansvarlig redaktør er Emma Rolfsnes Sele.

Bakrommet
Episode 214- Folkeavstemming, øl+vm=sant & ambassade-angrep

Bakrommet

Play Episode Listen Later Mar 19, 2026


Ny veke, nye viktige saker, som skal nordmenn får drikke øl mens dei ser på vm? Korleis hadde ein folkeavstemming sett ut i dag, hadde folk stem ja eller nei til EU? Kva er det som har skjedd med amerikanske ambassaden? og kven vinner norsk politikk quiz av Egil og Anne I studio: Egil Andreasen Lia, Frida Kristine Mogård og Anne Hatlevik Produsent: Nora Nikolaisen Ansvarlig redaktør: Vilde Havn

Imf Stord sin Podcast
Korleis finne kvile i ein travel kvardag?

Imf Stord sin Podcast

Play Episode Listen Later Mar 14, 2026 29:02


I denne talen deler Johannes Olsen, bonde og lærar, ærleg frå si eiga reise med å finne ro i ein travel kvardag. Med utgangspunkt i sabbaten i Bibelen og erfaringar frå sitt eige liv, snakkar han om kvifor kvile er så viktig – og korleis travelheit ofte hindrar Åndens frukt i å vekse i oss.Gjennom konkrete døme og praktiske råd får vi hjelp til å tenkje nytt om rytmen i livet: å stoppe opp, kvile, gle seg og tilbe. Målet er ikkje eit perfekt liv, men å finne ei djupare kvile hos Jesus – midt i kvardagen.

Tru og meining i gammal tid
110. Personnamn gjennom 2000 år. Samtale med forskar og kulturformidlar Krister Vasshus

Tru og meining i gammal tid

Play Episode Listen Later Mar 12, 2026 100:26


Korleis tenkte folk når dei gav namn til ungane sine i gammal tid? Var det annleis enn i dag? Meinte dei bokstavleg at Stein var ein stein, eller Bjørn ein bjørn? Kvifor heitte ingen Tor eller Frøya? Kan namna fortelja noko om kultur og tankegang den gongen Var det mote i namneskikken? Lånte folk namn frå andre språk? Var det tankar om sjelevandring i namnevalet? Var det kjælenamn? Og kvifor var tilnamna ofte så ufine?

Stord-Podden
Andreas Fjellandsbø - om Ekspedisjonsreiser, Safarispesialisten og kva som skal til for å nå toppen av Kilimanjaro

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Feb 23, 2026 38:49


Han er eventyraren som trivst både over skyene og midt i vill natur – men som alltid vender heim att til fjord, fjell og kvardagsro i Kvinnherad. I denne episoden blir vi betre kjende med Andreas Fjellandsbø , gründer av Ekspedisjonsreiser og Safarispesialisten.Sidan 2016 har han sendt nordmenn ut på turar utanfor allfarveg – til Kilimanjaro, Himalaya, Inka-stien og andre ikoniske destinasjonar. I 2023 starta han Safarispesialisten, der draumereiser til Afrika blir skreddarsydde for familiar, bryllaupspar og eventyrlystne reisande. For Andreas handlar det ikkje berre om å nå ein topp, men om meistring, fellesskap og å realisere draumar! Vi får høyre om den første backpackerturen som opna verda, om dramatiske opplevingar på over 7000 meter i Nepal, om møte med fjellgorillaer i Uganda – og om kvifor sjølv dei tøffaste kan felle ei tåre på toppen av Kilimanjaro ved soloppgang.Samtidig er han ein heilt vanleg familiefar på Husnes, som balanserer gründerliv, risiko og reiselyst med småbarnsliv og heimlengsel. Korleis overlever ein pandemi når heile bransjen stoppar opp? Kva lærer du av milliontap, permittering og usikker verdssituasjon? Og kva skal eigentleg til for at du – ja, du – kan klare Kilimanjaro?Dette er ein samtale om mot og marginar, om å tore å starte før alt er perfekt, om å skape arbeidsplassar i Afrika – og om kvifor det kanskje er betre å angre på det du gjorde enn det du aldri våga.Sponsor: Stord Tannregulering Har du vurdert å gjøre noe med smilet ditt?De fleste voksne pasienter får i dag behandling med nesten usynlige plastskinner som skånsomt flytter tennene – helt uten tradisjonelle klosser limt på tennene. Diskré, komfortabelt og tilpasset en travel hverdag.Nå får de 5 første pasientene over 20 år som bestiller time, gratis konsultasjon.Oppgi rabattkoden «Sunnhordlandpodden» når du bestiller.Stord Tannregulering tilbyr moderne kjeveortopedisk behandling på Stord, og har også klinikk på Husnes én dag i uken.Les mer og bestill time på: stordtannregulering.com

Salt
Sara Hansen - Samfunnet av dei heilage

Salt

Play Episode Listen Later Feb 3, 2026 33:34


Korleis kan alle kristne delta i samfunnet for dei heilage?

Stord-Podden
Hudlege Judit Kiss: Dette bør du faktisk vite om hud, sol og føflekkar

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Jan 12, 2026 40:47


I denne episoden møter du hudlege Judit Kiss – legeutdanna ved Semmelweis Universitetet i Budapest, med spesialistutdanning i hud- og veneriske sjukdommar og doktorgrad (PhD) med fokus på malignt melanom.Judit har jobba som hudlege i Noreg i mange år, mellom anna ved Revmatismesjukehuset i Haugesund. I dag jobbar ho privat, og ein gong i månaden kjem ho òg til Velværetunet på Stord.Me snakkar om:Føflekkar og hudkreft: kva du skal sjå etter – og kvifor endring betyr meir enn storleikSol, solkrem og D-vitamin: kva som faktisk er smartest Barn og solbeskyttelse: kva type solkrem som er best for dei minsteAkne, rosacea og pigmentflekkar: kva som hjelper – og når du bør oppsøka hudlegeOg ein viktig reality check: Korleis for mange produkt (og mykje “hudtrend”-innhald frå sosiale medium) kan bli ein belastning for hudbarrieren og hudfloraenDette er episoden for deg som vil ta betre vare på huda – med trygg fagkunnskap, utan overdriving og utan 15 steg i hudrutina.Sponsor: Velværetunet Treng du eit friminutt i kvardagen? Velværetunet på Stord er staden der ro, velvære og fagkunnskap møtest. Velværetunet ligg idyllisk til like utanfor Leirvik sentrum – i eit fredeleg område med parkering rett utanfor døra.På Velværetunet finn du eit breitt og variert utval av behandlingar: – Hudpleie og spa – Massasje for total avkopling – Makeup, bryn- og vippebehandlingar – Sauna og massasjebadNo har Velværetunet to terapeutar, og kan difor tilby eit endå breiare spekter av behandlingar. Sjå gjerne heimesida⁠ velveretunet.no⁠ for full oversikt over tilbodet.Velværetunet har lang og solid erfaring med ulike hudtilstandar, mellom anna rosacea, og legg stor vekt på fagleg tryggleik, personleg tilpassing og god rettleiing.På Velværetunet møter du: Anne Britt Ottesen, med over 20 års erfaring og eit brennande engasjement for å gi deg velvære for både kropp og sinn. Linn Tove, som er under utdanning i hudterapi, og jobbar på tunet kvar måndag og torsdag (utanom vekene ho er på skule).I dei lyse og romslege lokala til Velværetunet, på 140 kvm, finn du tre behandlingsrom, eige dagspa, butikk og kurslokale – alt lagt til rette for ei heilskapleg og god oppleving.Til slutt vil Velværetunet òg rette ei stor takk til lokale bedrifter som vel å handle lokalt og kjøpe gåvekort til sine tilsette. Det betyr mykje – både for Velværetunet og for lokalsamfunnet.Gi deg sjølv – eller nokon du er glad i – ein velfortent pause. Bestill time hos ⁠Velværetunet⁠ i dag.

Sølvberget
HØGTLESING funkar på UNGDOMSSKULEN òg - høyr LÆRARENS beste TIPS

Sølvberget

Play Episode Listen Later Jan 6, 2026 24:45


Korleis får du ungdomsskoleelevar interessert i litteratur? Jørgen Farestveit Johannessen les høgt for dei, og brukar høgtlesing som prestasjonsfritt avbrekk i norsktimane. Nysgjerrig? I denne samtalen gjev han sine beste tips. --- Innspelt på Sølvberget bibliotek og kulturhus i november 2025. Medverkande: : Jørgen Farestveit Johannessen og Åsmund Ådnøy. Produksjon: Åsmund Ådnøy.

beste funkar korleis nysgjerrig medverkande j
Tru og meining i gammal tid
105. Mote i gammal tid. Samtale med arkeolog Espen Kutschera og etnolog Lena Eikeland Kutschera

Tru og meining i gammal tid

Play Episode Listen Later Jan 1, 2026 93:36


Var det mote i steinalderen? Korleis skifta moten gjennom dei ulike periodane i gammal tid? Kva dreiv utviklinga gjennom dei tusenåra vi kan følgje? Var det berre eit spørsmål om betre idear og betre teknikkar? Eller kledde folk seg ufunksjonelt fordi dei meinte det såg stilig ut? – slik vi gjer i dag? Korleis fungerer klesdrakter frå førhistorisk tid for eit moderne menneske som prøver? Kva motiverer den som har smarttelefon til å drive med sånt?  Innspela i Fana 10. desember 2025.

Stord-Podden
Kosthald, hormon og motivasjon som varer - med Jeanette Roede og Monica Ur

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Dec 29, 2025 43:25


Korleis kan du spele på lag med kroppen – i staden for å kjenne at han saboterer? I denne episoden møter du Jeanette Roede (dagleg leiar i Grete Rode) og Monica Ur (kursleiar på Stord). Vi snakkar om hormon, søvn, stress og cravings – og kvifor mange kjenner på skam når det eigentleg handlar om kroppens mekanismar. Du får konkrete tips til korleis du kan byggje vanar som varer lenger enn til midten av januar, korleis du går frå “eg burde” til ein faktisk plan, og kvifor små endringar ofte er det som gir dei store resultata over tid.Vi er òg innom forsking, frokostmytar, overgangsalder (ja – også for menn), kvardagsaktivitet som fungerer, og korleis Grete Roede-appen og chatboten Grete kan støtte deg i prosessen.Ei episode full av kunnskap, motivasjon og praktiske grep – for deg som vil ta vare på kroppen din på ein måte som faktisk passar i livet. Sponsor: Velværetunet Treng du eit friminutt i kvardagen?Velværetunet på Stord er staden der ro, velvære og fagkunnskap møtest. Velværetunet ligg idyllisk til like utanfor Leirvik sentrum – i eit fredeleg område med parkering rett utanfor døra.På Velværetunet finn du eit breitt og variert utval av behandlingar:– Hudpleie og spa– Massasje for total avkopling– Makeup, bryn- og vippebehandlingar– Sauna og massasjebadNo har Velværetunet to terapeutar, og kan difor tilby eit endå breiare spekter av behandlingar. Sjå gjerne heimesida velveretunet.no for full oversikt over tilbodet.Velværetunet har lang og solid erfaring med ulike hudtilstandar, mellom anna rosacea, og legg stor vekt på fagleg tryggleik, personleg tilpassing og god rettleiing.På Velværetunet møter du:Anne Britt Ottesen, med over 20 års erfaring og eit brennande engasjement for å gi deg velvære for både kropp og sinn.Linn Tove, som er under utdanning i hudterapi, og jobbar på tunet kvar måndag og torsdag (utanom vekene ho er på skule).I dei lyse og romslege lokala til Velværetunet, på 140 kvm, finn du tre behandlingsrom, eige dagspa, butikk og kurslokale – alt lagt til rette for ei heilskapleg og god oppleving.Til slutt vil Velværetunet òg rette ei stor takk til lokale bedrifter som vel å handle lokalt og kjøpe gåvekort til sine tilsette. Det betyr mykje – både for Velværetunet og for lokalsamfunnet.Gi deg sjølv – eller nokon du er glad i – ein velfortent pause.Bestill time hos Velværetunet i dag.

Litteraturhusets podkast
Ubehaget i lesekulturen: Agnes Ravatn og Bjørn Vatne

Litteraturhusets podkast

Play Episode Listen Later Oct 27, 2025 60:23


Når dronninga av vestlandsk humor, Agnes Ravatn, skriv om maktskifte i den mektige forlagsfamilien Høst, blir resultatet regnvåt, forblåst og spennande litteratur i slekt med dramaserien Succession. Matriark og forleggar Myrna Høst skal avgjere kven som overtek sjefsstolen: Den marknadsvennlege dottera, som vil forlaget skal bli ei plattform for innhald i alle format? Den litterært orienterte sonen, som hevdar lesing og konsentrasjon snart kjem tilbake på moten?I romanen Doggerland møtast både børs og katedral-orienterte familiemedlemmar til strategisamling på ei lita vestlandsøy. Når dei som teambuilding skal lage middag saman er det ikkje berre framtida til lesekulturen som putrar i gryta, men også ei pikant utruskapsaffære og den yngste familiemedlemmen sin nye KI-venn.Agnes Ravatn er kjent som ein av landets vittigaste og skarpaste forfattarar. Ho har gitt ut kritikarrosa og populære bøker, som romanane Fugletribunalet og Dei sju dørene, samt.sakprosabøker som bestseljaren Operasjon sjølvdisiplin. Ravatn si særeigne stemme og skarpe blikk går alltid att, enten ho skriv romanar, journalistikk eller essay. «Nå er det bare de heroiske folkene igjen» uttalte ho i eit nyleg intervju om tilstanden i bokverda. Korleis vil det gå med litteraturens heltar i tidas algoritmestyrte melodi?På Litteraturhuset møtte Ravatn forfattar og leiar for Den norske Forfatterforening (DnF), Bjørn Vatne, til ein samtale om familierelasjonar, intrigar og litteraturen si framtid. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Stord-Podden
Andreas Lavik Frøkedal - Livet med Epilepsi

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Oct 20, 2025 38:57


Korleis er det å leve med epilepsi – ein sjukdom som for mange er både usynleg og tabubelagt? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter vi Andreas Lavik Frøkedal frå Tysnes. Han deler ope om korleis livet endra seg då han fekk sitt første anfall berre ni år gammal, og kva for utfordringar han har møtt i oppveksten, ungdomstida og som vaksen.Andreas fortel om både dei tøffe periodane, misforståelsar i skulekvardagen og kampen for å finne rett behandling. Samtidig deler han varme historier om familien som alltid har stått ved sida hans, hunden Fanny som blei ei viktig støtte, og korleis frivillig arbeid, politikk og jobb har gitt livet retning og meining.Sponsor: SvingenPuls Treningssenter I dag er episoden sponsa av SvingenPuls Treningssenter – midt i Våge på Tysnes!Her får du 700 kvadratmeter med treningsglede – alt frå styrkestudio med topp moderne Technogym-utstyr, kondisjonsapparat og frivekter, til eigen sykkelsal og ein aerobicsal med mange ulike gruppetimar.Hos SvingenPuls kan du trene når det passar deg – dei har ope 365 dagar i året, nesten døgnet rundt med nøkkelkort.Om du er fastbuande eller berre på ferie, har dei tilbod som passar for deg. Og treng du ekstra oppfølging, tilbyr dei både rettleiing og personleg trening.I bygget finn du òg fysioterapeut Geir Austvik om du treng fagleg hjelp – og på nyåret flyttar enda ein fysioterapeut inn hos dei på Svingen!Så – kva ventar du på?Få opp pulsen hos SvingenPuls!Les meir på svingenpuls.no eller følg dei på Facebook.

Stord-Podden
Caroline Steinsland - om Reisa frå Brasil til Bømlo, Instagram og Karate

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Oct 6, 2025 43:21


Korleis endar ei livsglad kvinne frå Brasil opp på Bømlo – og blir ein Instagram-ambassadør for norsk natur og kultur? Caroline Steinsland har budd i fleire land, men fann kjærleiken og livet sitt på Vestlandet. I dag deler ho tips og inspirasjon til tusenvis av følgjarar på Instagram, der ho viser fram både kjende og ukjende perler i Noreg.I denne episoden av Sunnhordlandpodden fortel Caroline om oppveksten i Brasil, kontrastane mellom Sør-Amerika og livet på ei vestlandsøy, og om kvardagen som trebarnsmor, prosjektkoordinator – og snart svartbelte i karate! Ho brenn for å vise fram det enkle, vakre og ekte i norsk natur og kvardagsliv, og ho meiner Bømlo er «den magiske øya».Sponsor: Verdig GravferdHjå Verdig Gravferd skal du kjenna deg godt tatt hand om og få tatt ein verdig og personleg avskjed med dine kjære. Verdig Gravferd har kontor og samtalerom i Stord, Fitjar og Bømlo, men tilbyr sine tenester i heile Sunnhordland. Besøk nettsida verdiggravferd.no for meir informasjon og tilbakemeldingar frå tidlegare kundar. Verdig Gravferd leverer gravminner frå Eide Stein og veileder i prosessen frå skisse til ferdig montert gravminne.

Tru og meining i gammal tid
93. Landemerke og gøymestader langs leia, reflekterte i stadnamn

Tru og meining i gammal tid

Play Episode Listen Later Jul 13, 2025 49:48


Korleis har folk tenkt om orientering og landskap når dei har fare med båt langs kysten vår gjennom tusenvis av år? Alle gamlingane er døde, men mange stadnamn har overlevd sidan urgammal tid, og når vi ser dei i samanheng med landskapet, som framleis er det same, så kan vi seia ein heil del – om guddomleg nyttige landemerke, guddomleg gode hamner – og om hamner som folk har gøymt seg i. I Ytre Oslofjord har vi eit nyoppdaga, spennande tilfelle. Stikkord: Blå Jungfrun, Helgenæs, Jomfruland, Hvaler, Herføl / Herfellbukta, Lindesnes, Bokn / Boknafjorden, Siggjo, Lukksundet, Horgo, Lyderhorn, Ulriken, Alden, Kinn, Batalden, Hornelen, Stadlandet, Flåvær, Peder Clausson Friis, Godøya, Goðeyjar, Helgøya, Varalden, Varaldsøy, Fosna, Heilhornet, Løkta, Sjona, Lovund, Gjømma på Gjerdøya, Landegode, Rolla, Vardø, navigasjon, himmelretningar.

Sleivkast
Tommy-effekten

Sleivkast

Play Episode Listen Later Jun 24, 2025 42:39


1. omgang: Kvifor sa Tommy Knarvik ja til jobben? Korleis vil han snu trenden til Lysekloster? 2. omgang: Kvinnene, Brann, OBOS og Norsk Tipping-ligaen. Programleiar: Davy Wathne. Fotballekspert: Lars Bakkerud.For å høre hele episoden må du ha abonnement, det skaffer du deg herEr du abonnent får du tilgang til medlemsfeeden her Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Radio Sunnmøre
Nervar før muntleg eksamen

Radio Sunnmøre

Play Episode Listen Later Jun 19, 2025 9:15


Korleis er det å vere ein av dei som kjem opp i muntleg avsluttande eksamen? Vi fekk vere med Christian Myklebust Shimeles, avgongselev ved Vestborg vidaregåande skule, då han skulle opp i muntleg eksamen onsdag 18. juni. Han er no ferdig med tre år ved skulen og skal vidare til Bildøy bibelskule. Myklebust Shimeles, frå Sykkylven, har berre gode ord å fortelje om skulen etter tre år, og legg stor vekt på at han har fått vokse som person og blitt tryggare i si kristne tru.

Tru og meining i gammal tid
91. Den eldste lova. Intervju med rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde

Tru og meining i gammal tid

Play Episode Listen Later Jun 15, 2025 90:02


Kva slag prinsipp la dei vekta på, dei som utforma dei eldste lovene våre? Kva såg dei som det verste ein kunne gjera? Kva var ikkje så farleg? Kva stilling gav lovene kvinner? Kor tidleg juss har vi vitnemål om? Korleis oppstod lovene? Vart jussen mykje endra av kristninga? Dette, og meir til, får du høyre om i denne episoden.

Studentnyhetene
Må man tene pengar på utleigemarknaden?

Studentnyhetene

Play Episode Listen Later Jun 13, 2025 38:04


Studentnyhetene byr på debatt i vekas sending! I studio har vi fått med oss Anne-Rita Andal frå leigebuforeininga og Byrådssekretær frå Oslo høgre, Ingeborg Tennes, til ei samtale om dagens bustadmarknad. Må ein kunne tene pengar på utleige? Korleis skal vi løyse dei utfordringane vi står overfor i bustadpolitikken i dag? Det er vår eigen David Megard Grønli som leiar debatten. Vidare i sendinga ser vi på endringar i studielånet, og årsakene bak dødsulukka ved Nord- Unviersitet. I studio: David Megard Grønli på teknikk, Ada Helen Ingebretsen, Ingrid Karoline Karlsen, Sofie Krumsvik, og Thayra Michelle Bogdan

NIH-podden
«Du må kjenne at du høyrer til» – Paraidrett, inkludering og Team Pølsa-effekten med Vilde Nilsen og forskar Linn Engdahl-Høgåsen

NIH-podden

Play Episode Listen Later Jun 10, 2025 39:11


Parautøvar Vilde Nilsen var redd draumen om å bli som Marit Bjørgen var knust da ho fekk ein sjeldan bindevevsjukdom som åtteåring. I NIH-podden deler ho si sterke historie – frå stor langrennsglede som barn, via sjukdom og motgang, til å ta VM-gull saman med funksjonsfriske i Granåsen i vinter. Du får også høyre frå stipendiat Linn Engdahl-Høgåsen, som tar NIHs fyrste doktorgrad om paraidrett. Kva skal til for å inkludere fleire barn og unge med funksjonsnedsetjingar i idretten? Korleis kan trenarar, leiarar og foreldre legge betre til rette? Dette er ei inspirerande og lærerik episode for alle som jobbar med idrett, inkludering og folkehelse – og for alle som vil bidra til at fleire får kjenne på meistring og idrettsglede.  

Stord-Podden
Grzegorz Gregor Gorczynski - LEGO, Gründerliv og Nye Eventyr

Stord-Podden

Play Episode Listen Later May 5, 2025 43:37


Grzegorz Gregor Gorczynski reiser land og strand rundt med tusenvis av legoklossar – og ein draum: Å byggje relasjonar, inspirere til kreativitet og spre ekte livsglede. Gregor kom heilt til finalen i Lego Masters Norge, har starta eiga verksemd med "Gregorski Brickworld", og no er han tilbake i studio!I denne episoden får du høyra:Korleis livet endra seg etter Lego MastersKva han drøymer om for framtida (og kva han ville bygd med ubegrensa Lego-budsjett!)Kvifor han satsa på Lego Serious Play – og kva som skjer når vaksne og barn får uttrykkja seg med klossar i staden for ordOm å vere gründer, LEGO-lærar på kulturskule, og bruke Lego i både skule og næringsliKva han lærer av barna han møter – og kvifor han brenn for å løfte neste generasjonSponsor: SubshoreSubshore tror på kraften i å bry seg. Små handlinger kan skape store ringvirkninger – enten det handler om å støtte andre, dele kunnskap eller ta initiativ. Bygget på verdiene: vær positiv, støtt andre, ta initiativ, del kunnskap og gi anerkjennelse, står Subshore for fellesskap, utvikling og samhold.  Vi er sterkere sammen – når vi heier på hverandre, bygger vi et samfunn der flere får muligheten til å skinne. Det er derfor Subshore er med på å støtte initiativer som Sunnhordlandpodden, som fremmer mennesker som utgjør en forskjell.  Husk: Det betyr noe å bry seg! 

BOBcast
Barn & bøker: Les for meg

BOBcast

Play Episode Listen Later May 5, 2025 17:31


Kor tidlig bør du begynne å lese for barna? Korleis les ein eigentleg for dei som enno ikkje meistrar språket? Bergen Offentlige Bibliotek har fleire litteraturtilbod for dei aller minste. I denne podkasten får du vite meir om dei, i tillegg til å få gode tips om kvifor og ikkje minst korleis du kan gå fram for å vekke leseglede og interesse for bøker allereie i babytida. Medverkande: Håkon Klepsvik og sonen Henrik (11 mnd), Ann Iren Sangolt og sonen John Olav (11 mnd) og Elisabeth Skråmestø Wyller og Mariell Wilhelmsen Vågen, begge formidlarar for barn på Bergen Offentlige Bibliotek. Produsent Eli Fossdal Vaage.

Tru og meining i gammal tid
88. Norrøn mytologi juridisk forstått. Samtale med historikar Anne Irene Riisøy

Tru og meining i gammal tid

Play Episode Listen Later May 4, 2025 83:34


I vårt samfunn er det eit skarpt skil mellom religion og rettssystem. Men vi skal ikkje langt tilbake før vitne skulle sverja ved Bibelen. I førkristen tid var rettsstellet nært kopla til religionen. Lovene var gjevne av nornene, gudane søkte til tings når vanskar oppstod, og fredsavtalar kunne sverjast ved religiøse gjenstandar eller gudane, og dei juridiske leiarane var òg kultleiarar. Dette heng saman med eit evig spørsmål: Korleis kan du binde folk til å snakke sant eller oppføre seg slik dei seier?

Stord-Podden
Ingvill Hystad Kyvik - Livet med barn med spesielle behov, inkluderande samfunn og likeverd

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Apr 21, 2025 52:32


Korleis er det å vere forelder til eit barn med spesielle behov – med alt frå kvardagsgleder til djupe dalar? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Ingvill Hystad Kyvik, klinikkdirektør i Helse Fonna og mamma til Anders. Ingvill deler ærlig om erfaringar frå kvardagen, overganger, motgang og håp – og korleis små ting, som eit hei på butikken eller ei russejakke, kan bety alt. Dette er ein viktig og varm samtale om inkludering, likeverd og det å finne glede i det som er heilt vanleg. Sponsor: Subshore - https://subshore.noSubshore er en multiindustriell selskapsgruppe med hovedkontor på Stord. Subshore leverer høyt kvalifisert personell og tjenester til både prosessindustrien, skipsverft, skipsindustrien, offshoreverft og elektro, i tillegg til fornybare industrier. Subshore har datterselskaper i Litauen og Romania, der vi har egne prefabrikasjonsverksteder og ingeniøravdelinger.

Imf Stord sin Podcast
Berit Iversen - Damer i byen - Del 2

Imf Stord sin Podcast

Play Episode Listen Later Apr 11, 2025 32:33


Berit Iversen delte om tema: Korleis gi vidare det gode budskap. Her er del 1.

Imf Stord sin Podcast
Berit Iversen - Damer i byen - Del 1

Imf Stord sin Podcast

Play Episode Listen Later Apr 10, 2025 38:22


Berit Iversen delte om tema: Korleis gi vidare det gode budskap. Her er del 1.

Hildegunn & Leif-Per
#133: Korrupsjon og timotei

Hildegunn & Leif-Per

Play Episode Listen Later Apr 4, 2025 25:14


Korleis hadde vi reagert dersom vår eigen statsminister stod utanfor regjeringskontora med pressa rundt seg, for å selje vedomnar frå Jøtul? Når alt kjem til alt er det kanskje ikkje så ille i Norge likevel, hvis vi ser litt stort på det. Hildegunn & Leif-Per er på turné med showet "UTAN Kringkastingsorkestret". Publikum og presse jublar - 13.000 billettar til no. Sjå full turnéplan på www.zenario.no Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

acast sj publikum norge korleis korrupsjon timotei hildegunn
Litteraturhusets podkast
Arbeidarhjerte: Carl Frode Tiller og Eivind Hofstad Evjemo

Litteraturhusets podkast

Play Episode Listen Later Nov 3, 2024 64:52


Carl Frode Tiller er kjend for dei djuptpløyande karakterportretta sine og sitt skarpe blikk for klasseskilje, ofte skildra med svart humor, ømheit og eksistensiell smerte. I sin nyaste roman Arbeidarhjerte tar han oss inn i eit velkjent Tiller-landskap.Trond har mista grepet. Han har mista jobben, skilt seg frå kona og glir meir og meir frå dei to døtrene sine. Han, som veks opp i eit typisk arbeidarklassemiljø, og jobba hardt for å sikre seg alle moglegheiter, kjenner ikkje att det Noreg han ser rundt seg. Korleis vart det slik? Korleis kan han finne att sin plass i verda og kjempe for ein stad der han ikkje lenger kjenner seg velkomen?Arbeidarhjerte er ei skildring av ei familiekrise og ei eksistensiell krise, om ein familiefar som vil godt, men som balar med ein krypande desperasjon og destruktive mønster av forakt og skam. Det er også ei forteljing om Noreg i dag, om arbeid og klasse.Carl Frode Tiller har etablert seg som ei markant stemme i skandinavisk samtidslitteratur. Sidan debuten Skråninga i 2001 har han skrive djupe psykologiske portrett og velkomponerte, rike tverrsnitt av tida vi lev i, mellom anna i trilogien Innsirkling. Arbeidarhjerte er også venta å få eit band to, og saman vil romanane danne eit større verk om eit Noreg i endring og eit sosialdemokrati i forfall, der Tiller også nytta delar av si eiga familiehistorie.Ein annan portrettør av det særnorske er forfattarkollega Eivind Hofstad Evjemo, som i sine siste utgivingar Den nye årstida og Ingens herre tematiserer omveltingane i det industrielle landbruket. No møtast dei til ein samtale om viljen til å bore i det ubehagelege, om sosial arv, utanforskap og eit Noreg i endring. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

acast skr tiller trond sidan noreg korleis carl frode tiller eivind hofstad evjemo ingens
Oppdatert
Britisk postskandale: Tidenes justismord?

Oppdatert

Play Episode Listen Later Apr 5, 2024 21:13


Ein ny TV-serie avdekker korleis ein av Storbritannias mest respekterte institusjonar øydela livet til tusenvis av tilsette over fleire år. Korleis kunne det skje? Hør alle episodene i appen NRK Radio

Studio 2
100 år med Riksantikvaren

Studio 2

Play Episode Listen Later Jan 10, 2024 12:53


Riksantikvaren har freda bygningar i Noreg i hundre år. Korleis speglar Riksantikvaren sitt arbeid samfunnet og samfunnshistoria? Hør episoden i appen NRK Radio

Ekko
Spørretime: Klimatoppmøtet i Dubai

Ekko

Play Episode Listen Later Dec 19, 2023 56:50


Korleis løyse klimakrisa når temperaturane er rekordhøge, isen smeltar og folketalet stig? Ekko sitt panel svarar lyttarane. Hør episoden i appen NRK Radio

Studio 2
Julekalenderen si historie

Studio 2

Play Episode Listen Later Dec 13, 2023 17:52


Tidenes første julekalender såg dagens lys i Tyskland i 1902. Denne var ganske annleis frå mange av dagens julekalendarar. Korleis starta denne tradisjonen, og korleis så julekalendarar ut tilbake i tiden? Hør episoden i appen NRK Radio

Nokon må gå
- No raknar det for Høgre!

Nokon må gå

Play Episode Listen Later Aug 31, 2023 35:31


Endå ei fersk måling bekreftar at kaos er tilbake i bergenspolitikken. Mest oppsiktsvekkande er Høgre. Er dei på veg utfor stupet? Eit anna parti opplever ein kraftig og oppsiktsvekkande oppsving. I regjeringa har aksjehandel igjen ført ein statsråd i trøbbel. Korleis er det mogeleg? Produsent: Henrik Svanevik

Oppdatert
Dávvet (27): – Kan føle meg utrygg som same

Oppdatert

Play Episode Listen Later Feb 6, 2023 13:51


Hets, diskriminering og rasisme pregar framleis kvardagen til mange samar i dag – over 20 år etter at den norske stat sa unnskyld til samane for måten dei blei behandla på. For Dávvet Bruun-Solbakk er det ei skremmande oppleving å gå ut døra med den samiske kofta på. Korleis er det eigentleg å vere ung same i dag? Sápmelaččat vásihit ain cielaheami, vealaheami ja rasismma sin árgabeaivvis. Vaikko lea badjel 20 jagi áigi go Norgga stáda ánui ándagassii dáruiduhttima geažil. Go Dávvet Bruun-Solbakk čiŋáda gávttiin, de son maid seammás ráhkkana vásihit sámevaši. Movt dat lea leat nuorra sápmelaš odne? Hør episoden i appen NRK Radio

Oppdatert
Baldwin: Blir Hollywood-stjerna drapsdømt?

Oppdatert

Play Episode Listen Later Jan 27, 2023 19:07


Verdsstjerna Alec Baldwin (64) er sikta for uaktsomt drap etter ei fatal ulykke på eit filmsett i USA i 2021: Det som skulle vere ein ufarleg rekvisitt-revolver var fylt med skarp ammunisjon, og sørga for at ein filmfotograf mista livet. Korleis kunne det skje? Hør episoden i appen NRK Radio

Politisk kvarter
Raudgrøne utfordringar

Politisk kvarter

Play Episode Listen Later Dec 29, 2022 15:21


Den raudgrøne sida i politikken styrer både landet og dei store byane. Men ved utgangen av 2022 luktar det krise. Korleis skal det nye raudgrøne året bli? Hør episoden i appen NRK Radio

Urix på lørdag
03.09.2022 Urix på lørdag

Urix på lørdag

Play Episode Listen Later Sep 3, 2022 56:08


* Det er under ein månad igjen til presidentvalet i Brasil, der ei spesiell veljargruppe kanskje kan bli heilt avgjerande. * Krig, tørke og inflasjon fører på ny til stor matmangel i fleire land. Korleis blir eit samfunn endra når millionar av innbyggjarar ikkje får i seg næring? * I ein amerikansk innsjø har klimaendringar og tørke ført til at mørke hemmelegheiter dukkar opp frå djupet. * Me skal også innom Storbritannia, som på måndag får ny statsminister, me skal til Christiania i København som står framfor store endringar, og me skal lære meir om russisk propaganda. * Og korrespondentbrevet handlar om alt det som mora til ein sjuandeklassing i Washington DC er nøydd til å tenke på. Hør episoden i appen NRK Radio

Språkteigen
Korleis flora og fauna får namn, Tore (på sporet) Strømøy, og ein leksjon i vokalar

Språkteigen

Play Episode Listen Later Jun 17, 2022 66:43


Kvifor heiter dyr og planter det dei gjer? Me får besøk av ein taksonom, som tidvis har ein festleg jobb. Tore Strømøy kjem ut med språket! Og me lærer om vokalane i Fonetikkskolen. Send dine spørsmål til snakk@nrk.no 01.25 Kva skal arten heitta? - Taksonom Tiril Myhre Pedersen gir oss eit gløtt inn i korleis artsnamn på dyr og planter blir bestemt. Der skjer det mykje! 31.00 Ut med språket, Tore Strømøy! 52.00 Fonetikkskolen leksjon 4: Vokalane. Hør episoden i appen NRK Radio

Språkteigen
Afasi, Sigrid Bonde Tusvik, og leksjon nummer 2 i Fonetikkskulen

Språkteigen

Play Episode Listen Later Jun 3, 2022 63:55


01.29: Kva er afasi? - Actionlegenda Bruce Willis har måtta kasta inn skodespelarhandkledet grunna afasi. Men kva er det? 17.40: Tilbake til varastyret 20.30: Fonetikkskulen, leksjon 2: stemmen! 34.34: Ut med språket, Sigrid Bonde Tusvik! 01.01.17: Korleis var det med denne drukninga..? Send dine språklege spørsmål og betraktningar til snakk@nrk.no! Hør episoden i appen NRK Radio

Språkteigen
Lytterspørsmål spesial!

Språkteigen

Play Episode Listen Later May 27, 2022 59:00


Dagens panel: Terje Lohndal, Mari Nygård og Anne Dahl. 01.42: Lytterspørsmål: Utskuddet "føles UT" - Ein lyttar ergrer seg over at ein ikkje lenger bare ser ut, men òg kan følast ut. 07.22: Lytterspørsmål: Kan ein vera "dødere"? - Kan ein gradbøya noko ein enten er eller ikkje? 12.15: Lytterspørsmål: Skal me snakka "rundt" eller "om" noko? - Endeleg har ein lyttar funne noko språkforsker Anne Dahl òg irriterer seg over. Me gratulerer! 16.21: Lytterspørsmål: Norsk amerikaner eller norskamerikaner? - Når er ein kva av delane? 19.37: Lytterspørsmål: Kvar står ein, når ein står overfor noko(n)? - Politiet stod fyrst overfor ei potensiell drapssak, men det viste seg at dei stod overfor ei dukke innpakka i plast. 22.57: Lytterspørsmål: Korleis står det til med bymålet? - Står bokmålet som tale- og skriftspråk i fare for ein dialektinvasjon? 36.08: Lytterspørsmål: Kva er det med "litta"? - Nora i Skam brukte det mykje, men er det i ferd med å bli normert? 47.06: Lytterspørsmål: Mista "til" kreft? - Heiter det ikkje at nokon "døyr av kreft"? 51.49: Lytterspørsmål: Kan ein bruka "simpelt" om "enkelt"? - Eller blir det ein simpel anglisisme? Send dine spørsmål og funderingar til snakk@nrk.no. Hør episoden i appen NRK Radio