«Eg e'kje fra Norge, eg e fra Bergen», heiter det. Kva er eigentleg greia med det «bergenske» og korleis har det blitt sånn? Hør alle episodene først i appen NRK Radio
Må du ha slekt og djupe røter til Bergen, eller kan du lære deg å bli «ekte» byborgar? Hør episoden i appen NRK Radio
17. mai er Noregs nasjonaldag. «Den søttendes», derimot, er ei feiring av det bergenske. Hør episoden i appen NRK Radio
Bygdefolket har tradisjonelt blitt sett ned på i Bergen. Korleis gjekk «stril» frå å vere eit skjellsord til ei merkevare? Hør episoden i appen NRK Radio
Bergensarar har sjølvironi. Men det kan ikkje vere så lett å forstå for verda rundt. Hør episoden i appen NRK Radio
Den joviale austlendingen Rolf B. Wegner blei populær i Bergen. Sjølv etter å ha blitt etterforska og sikta, blei han hylla med folkefest. Hør episoden i appen NRK Radio
Med Europas auge retta mot seg, viste bergensarane at dei kan lage folkefest. Belgia tok Grand Prix-sigeren, men det var Bergen som vann. Hør episoden i appen NRK Radio
Bergen er jo verdas vakraste by. Då har "barbiebein" ingenting på Torgallmenningen å gjere. Med lydklipp frå dokumentaren "Blant søyler og patrioter" av Lene Midling-Jenssen. Hør episoden i appen NRK Radio
I nesten ti år har debatten om bybane gjennom sentrum ridd bergenspolitikken som ei mare. Kvifor er det så vanskeleg? Hør episoden i appen NRK Radio
Ein islandsk festspilldirektør skaffa seg mange uvenner då ho kutta byens nasjonalsong frå opninga. Men bergensarane nekta å bøye seg. Hør episoden i appen NRK Radio
Sportsklubben Brann er i krise, men det er ikkje første gong. Ein svensk trenar vart tatt i mot som ein Messias då han skulle berge klubben. Hør episoden i appen NRK Radio
Bergensarar elskar ein god fest, og sykkel-VM 2017 blei ein folkefest av dei sjeldne. Men oppryddinga vart alt anna enn festleg. Hør episoden i appen NRK Radio
Eit nytt skilt gjer bergensarane forbanna. Ingen seier jo «Bergen stasjon»! I Oslo sit dei ansvarlege og lurer på kva dei har stelt i stand. Hør episoden i appen NRK Radio
Bergensarane er kjent for å vere særeigne – og dei elskar å dyrke bildet av seg som annleis. Men kvifor er dei slik? Det skal programleiar Elise Farestveit og historieprofessor Morten Hammerborg på Høgskulen på Vestlandet prøve å svare på. Premiere: 8. desember. Hør episoden i appen NRK Radio
- Hør alle episodene først i appen NRK Radio