Podcasts about kvifor

  • 74PODCASTS
  • 235EPISODES
  • 37mAVG DURATION
  • 1EPISODE EVERY OTHER WEEK
  • Jun 22, 2026LATEST

POPULARITY

20192020202120222023202420252026


Best podcasts about kvifor

Latest podcast episodes about kvifor

Stord-Podden
Nils Sortland - om Sjøkart 19, MS Solbjørg og Sildajazz

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Jun 22, 2026 52:56


Nils Sortland har brukt store delar av livet på båt, musikk, mekanikk og kystkultur. I denne episoden blir me betre kjent med mannen bak MS Solbjørg og det populære musikkprosjektet Sjøkart 19.Me snakkar om oppveksten på Sortland, gamle båtar, mopedtrimming, grensevakt i sprengkulde, eit langt arbeidsliv – og ikkje minst draumen om å skapa liv på gamle kaier langs kysten. Med skøyta som scene, norske tekstar, kystmusikk og god stemning har Sjøkart 19 blitt eit prosjekt som samlar folk og vekkjer lokal stoltheit.Korleis held ein liv i ein 58 fots båt gjennom meir enn 40 år? Kvifor betyr rekruttering og ungdom så mykje? Og kva skjer når Sjøkart 19 legg til kai under Sildajazz?Sponsor: Helle AS Går du og irriterer deg over ein dryppande kran, eller drøymer du rett og slett om eit heilt nytt bad? Ikkje utset det lenger!Helle AS på Bremnes ryddar opp i både små og store røyrleggjarutfordringar. Hos dei får du rask respons, god fleksibilitet og ein lokal røyrleggjar du kan stola på.Gjer det skikkeleg første gongen. Ring Helle AS på 40 40 36 81 eller besøk helleas.no i dag!

Stord-Podden
Rask psykisk helsehjelp: Kva er det, kven er tilbodet for, og når bør du søkje hjelp?

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Jun 15, 2026 48:04


I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Teamleiar Marie Røsvik Haldorsen og kommunepsykolog Øivind Johnsen frå Rask Psykisk Helsehjelp i Bømlo kommune. Dei fortel om eit lågterskeltilbod som gir hjelp til menneske som strevar med lettare former for stress, angst, depresjon, søvnproblem, grubling og bekymringar.Kvifor slit så mange med psykisk helse i dag? Kva gjer sosiale medium med oss? Korleis kan ein handtera overtenking og bekymringar? Og kva er eigentleg skilnaden på vanlege livsutfordringar og psykiske lidingar?Du får også konkrete råd om korleis du kan ta vare på eiga psykisk helse, kvifor fysisk aktivitet og sosiale relasjonar er så viktige, og når det kan vera lurt å be om hjelp.Ein viktig og aktuell samtale om psykisk helse, håp og korleis små grep kan gjera ein stor forskjell.Sponsor: Bømlo ProfilTreng du arbeidsklede, profilklede, skilt, reklameartiklar eller hjelp med grafisk design? Då bør du ta turen innom Bømlo Profil i Hollundsdalen.Med eige showroom og ein engasjert gjeng på laget tilbyr dei alt frå logoar og visuell profil til arbeidsklede og profileringsprodukt for små og store bedrifter. Dei kan også byggja eigne nettløysingar for kundane sine, med portal der du enkelt kan bestilla utvalde produkt til di bedrift. I tillegg pakkar og leverer dei arbeidsklede direkte på arbeidsplassen dersom det er ønskjeleg.Bømlo Profil satsar på personleg service, raske leveransar og gode løysingar tilpassa di bedrift. Samstundes er dei opptekne av å sjå heile menneske – og dei veit at god psykisk helse er ein viktig del av ein god arbeidskvardag. Difor heier dei på initiativ som «Rask psykisk helsehjelp», som gjer det lettare å få hjelp når ein treng det.Ta kontakt med Bømlo Profil – dei har kaffien klar og hjelper deg gjerne med å synleggjera di verksemd.Sjekk ut: https://bomloprofil.nohttps://www.facebook.com/bomloprofil https://www.instagram.com/bomlo_profil/

Hildegunn & Leif-Per
#184: Brisling og Bendriss

Hildegunn & Leif-Per

Play Episode Listen Later May 29, 2026 33:26


Kvifor i all verda var ikkje Hildegunn Moltubakk invitert i 80-årslaget til Lilli Bendriss? Og er det innanfor med brisling på pizza?Hildegunn & Leif-Per er på turné - UTAN Kringkastingsorkestret! Publikum og presse jublar! 20.000 selde billettar til no!"...så faste og frodige i karakteruttrykket..."(Sunnmørsposten, terningkast 5)"Imponerende lunt og særdeles morsomt."(e-nytt.no, terningkast 5)Sjekk ut full turnéplanen og ledige billettar her:www.zenario.no Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

acast publikum sjekk sunnm kvifor lilli bendriss hildegunn
Umami - mer enn bare mat!
182: Du er kvit som muggen på ein brie

Umami - mer enn bare mat!

Play Episode Listen Later May 29, 2026 36:31


Vi blar i boka til Amund, snakkar om historia bak dei franske ostane og smakar på både kvitmugg- og blåmuggostar. Er osten betre, jo dyrare den er? Kvifor luktar det høy i studioet?Av og med: Emily Ceesay,  Thien Quang Le (teknikk) & Amund Glad Østensen 

Tru og meining i gammal tid
115. Gullgubbar – små og gåtefulle. Samtale med arkeolog Laurine Albris

Tru og meining i gammal tid

Play Episode Listen Later May 21, 2026 106:09


Gullgubbar er bittesmå flak av gull, med stempla bilete av personar og ofte gjenstandar. Dei er frå 5-, 6- og 700-talet, og vi har funne bortimot 4000 av dei, frå store delar av Skandinavia. Gullgubbane er blant dei mest gåtefulle funntypane i nordisk arkeologi. Kva viser motiva? Er det gudar eller menneske, kanskje juridiske avtalar? Kvifor finn vi dei ofte i samanheng med stolpehol? Kvifor er dei aller fleste funne på éin stad på Bornholm? Kva funksjon hadde gullgubbane? Kva var vitsen? I denne episoden blir det fleire spørsmål enn svar.  Innspela i Bergen og Lejre 23.4.2026.

Tru og meining i gammal tid
111. Den tapte gullalderen. Fjellbygdene, jarnvinna og marknader i høgfjellet. Samtale med arkeolog Kjetil Loftsgarden

Tru og meining i gammal tid

Play Episode Listen Later Mar 26, 2026 107:10


Fjellbygdene i Sør-Noreg hadde ein gullalder fram til rundt 1300, der marknader i høgfjellet spela ei stor rolle. Kvifor var det slik, og kvifor tok det slutt? Kva var det slags gull dei hadde der oppe? Kor gjekk vegane opp dit, og mellom aust og vest? Kor høgt kunne folk møtast? Kva skjedde på marknadene, utover handel og slåsting? Og kva fortel folketradisjonane om den tapte gullalderen? Andre stikkord: Karneval, skeid, Hallingskeid, Nordmansslepa, Hæreid, Røldal, Kykjestølen, Filefjell, gravfelt, myrmalm.

Tru og meining i gammal tid
110. Personnamn gjennom 2000 år. Samtale med forskar og kulturformidlar Krister Vasshus

Tru og meining i gammal tid

Play Episode Listen Later Mar 12, 2026 100:26


Korleis tenkte folk når dei gav namn til ungane sine i gammal tid? Var det annleis enn i dag? Meinte dei bokstavleg at Stein var ein stein, eller Bjørn ein bjørn? Kvifor heitte ingen Tor eller Frøya? Kan namna fortelja noko om kultur og tankegang den gongen Var det mote i namneskikken? Lånte folk namn frå andre språk? Var det tankar om sjelevandring i namnevalet? Var det kjælenamn? Og kvifor var tilnamna ofte så ufine?

NIH-podden
Ridderuka: Noregs mest undervurderte leiarutdanning – og det faglege bak Team Pølsa

NIH-podden

Play Episode Listen Later Feb 24, 2026 30:23


Kva skjer når 150 førsteårsstudentar får ansvar for eit menneske med syns- eller bevegelsehemming dei aldri har møtt før – og skal lose dei trygt gjennom slalåmløyper, langrennsløyper og ei heile veke på fjellet? I denne episoden snakkar me om Ridderuka på Beitostølen – verdas største årlege vintersportsveke for menneske med funksjonsnedsetjing. Me snakkar også om NRK-serien Team Pølsa, som har premiere på sesong to denne veka, med tidlegare NIH-student Svein Brynhildsvoll. Han jobbar på Beitostølen helsesportsenter og er tilretteleggar for serien, og sentral både framfor og bak kamera. Kva for fagleg kompetanse og arbeid ligg bak meistringsopplevingane deltakarane i Team Pølsa får? For deltakarane på Ridderuka handlar det om meistring, identitet og aktivitetsglede. For førsteårsstudentane på NIH, som har Ridderuka som eit eige emne, er det ei erfaring mange beskriv som livsforandrande og det beste minnet frå tida på NIH. Gjestar er generalsekretær i Ridderrennet, Martin Sletten, og ergoterapeut Svein Brynhildsvoll med årsstudium i friluftsliv frå NIH – som mange nå kjenner frå den svært populære NRK-serien Team Pølsa. Kva lærer studentane som dei aldri kan lese seg til? Kvifor blir ledsagarrolla omtalt som Noregs mest undervurderte leiarutdanning? Og kva kan trenarar, leiarar og arbeidsgjevarar lære av ei veke på Beitostølen? Ein episode om tillit, ansvar, relasjonar – og det å leie utan makt. Programleiarar er Christina Gjestvang, førsteamanuensis, og Gjermund Erikstein-Midtbø, kommunikasjonsrådgjevar. Redigerar er Preben Sævartveit Henningsen.

Nokon må gå
Støre om kvifor han kritiserte Mette-Marit

Nokon må gå

Play Episode Listen Later Feb 11, 2026 29:18


Jonas Gahr Støre om diplomatiske samtalar med “bad guys” og kor glad han er for at Erna Solberg går av.

Misjonen med Antonsen og Golden
Destillert: Naudvarsel - Sex - Skøytevits

Misjonen med Antonsen og Golden

Play Episode Listen Later Dec 13, 2025 30:25


Kvifor ikkje naudvarsel - EM i sex - Atle forklarer skøytevits Episoden kan inneholde målrettet reklame, basert på din IP-adresse, enhet og posisjon. Se smartpod.no/personvern for informasjon og dine valg om deling av data.

Sølvberget
Kapittel25: Kari Veiteberg om å skrive Bibelen på 200 sider

Sølvberget

Play Episode Listen Later Dec 3, 2025 8:30


Tidlegare biskop Kari Veiteberg har skrive Bibelen ned til 200 sider, og var ein sjølvskriven gjest på Kapittel i 2025 - festivaltemaet var Bibelen. Kva utfordringar støytte ho på undervegs? (00:00) Å skrive Bibelen ned til 200 sider (01:45) Kva var det vanskelegaste? (04:55) Vegen inn i Bibelen (06:32) Viss du berre skal lese ei bok i Bibelen..? (08:30) Kvifor er litteratur viktig? --- Innspilt på Sølvberget i september 2025. Medvirkende: Kari Veiteberg og Åsmund Ådnøy. Produksjon: Asbjørn Goa og Kari Veiteberg. Alt om Sølvberget: https://www.sølvberget.no

Radio Sunnmøre
Kvardagspraten med Marit Stokken Berland

Radio Sunnmøre

Play Episode Listen Later Dec 2, 2025 6:10


I vekas Kvardagsprat tek vi ein prat med Marit Stokken Berland. Forrige veke var ho og Jarle i Ulsteinvik og haldt møter, og vi får høyre om då ho var der for fyrste gong saman med Irene. Kvifor vi feirer advent skal vi også ta ein liten prat om. Høyr heile kvardagspraten med Marit Stokken Berland.

Sølvberget
Kapittel25: Garborg, Bibelen, Jesus og Erling Braut Haaland

Sølvberget

Play Episode Listen Later Nov 18, 2025 13:07


Arne Garborg hadde eit komplisert forhold til Bibelen, ei bok som prega både han og familiens hans sterkt. Garborg-kjennar og -formidlar Ørjan Zazzera Johansen finn få bibelske trekk i sine eigne romanar, men kva tykkjer han om samanlikninga mellom Jesus og Brynes store son, Erling Braut Haaland? (00:00) Arne Garborg og Bibelen (03:56) Fred av Arne Garborg (04:49) Bibelen i Ørjan Zazzera Johansens eigne bøker( 06:31) Bibelens litterære kvalitetar (09:20) Jesus og Erling Braut Haaland (12:14) Kvifor er litteratur viktig? --- Innspilt på Sølvberget i september 2025. Medverkande: Ørjan Zazzera Johansen og Åsmund Ådnøy. Produksjon: Asbjørn Goa og Åsmund Ådnøy. Alt om Sølvberget: https://www.sølvberget.no

Sølvberget
Kapittel25: Donald Duck, litteraturen og Bibelen

Sølvberget

Play Episode Listen Later Nov 5, 2025 11:41


Donald Duck er verdslitteratur, og verdslitteraturen finst i Andeby. Alf Kjetil Walgermo skriv om dette i si nyaste bok, og var gjest på Kapittelfestivalen i 2025. (00:00) Andeby og litteraturen (01:54) Tragedie blir komedie og omvendt (05:18) Reglar (06:24) Bibelen og Andeby (09:07) Trur Donald på Gud? (10:31) Viss du berre skal lese ei bok i Bibelen? (11:14) Kvifor er litteratur viktig? --- Innspelt på Sølvberget i september 2025. Medverkande: Alf Kjetil Walgermo og Åsmund Ådnøy. Produksjon: Asbjørn Goa og Åsmund Ådnøy. Alt om Sølvberget: https://www.sølvberget.no

Imf Stord sin Podcast
Edvard Thormodsæter – Å høyre til – hos Gud og med kvarandre

Imf Stord sin Podcast

Play Episode Listen Later Oct 12, 2025 37:19


Kvifor skal vi eigentleg høyre til i eit kristent fellesskap når vi kan finne gode miljø i idrettslag, organisasjonar og andre plassar? I denne talen får du høyre om kva som gjer kyrkja unik: bekjennelsen av Jesus som Messias, at kyrkja er Guds verk – ikkje vårt, og at ho forvaltar nådemidla gjennom ordet, dåpen og nattverden.Talen løftar òg fram korleis fellesskap formar oss, kvifor vi treng kvarandre for å bli meir like Jesus, og at vi er kalla ikkje berre til å gå i kyrkja, men til å vere kyrkja – sendt ut i verda med håp, lys og forsoning.

Radio Sunnmøre
Søndagens tekst 5. oktober

Radio Sunnmøre

Play Episode Listen Later Oct 1, 2025 9:10


Denne veka er det Markus 5, 35-43 som er evangelieteksta i kyrkjeåret. Vi får høyre om den vesle jenta, på tolv år, som Jesus vekte opp frå det døde. Kvifor gjorde Jesus dette? Høyr samtalen med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, om kva søndagens tekst handlar om.

Radio Sunnmøre
Ord til ettertanke Intervju med Johan Per Sunde

Radio Sunnmøre

Play Episode Listen Later Sep 25, 2025 4:48


Denne veka er det Johan Per Sunde som held Ord til ettertanke på Radio Sunnmøre. Han er pensjonist frå ei 49 år lang arbeidstid på butikken Johan R. Sunde, og har mykje å styre med. I andaktene denne veka held han andakter over spørsmålet; kvifor. Kvifor har Gud skapt verda og kvifor har Gud skapt menneska, er nokre av spørsmåla Johan Per Sunde finn svar på i Bibelen. Høyr alle vekas ord til ettertanke på Radio Sunnmøre.

Radio Sunnmøre
Søndagens tekst 31. august

Radio Sunnmøre

Play Episode Listen Later Aug 27, 2025 13:35


I søndagens tekst 31. august handlar evangelieteksta om Jesus og samaritanane. Redaktør i Radio Sunnmøre, Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, tek ein prat med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, om denne teksta. Kvifor er ei kvinne sentral i denne teksta og kva vil Johannes fortelje i denne teksta? Høyr vekas episode i serien Søndagens tekst.

Sleivkast
Ekstra: Moberg sin exit

Sleivkast

Play Episode Listen Later Aug 12, 2025 4:23


Davy Wathne intervjuer fotballekspert Lars Bakkerud om Vegard Leikvoll Moberg sin avgang som spelar. Er den overraskande? Kvifor blei heimkomsten annleis enn mange har sett for seg?Kva betyr det for A-laget at dei no mister endå ein spelar? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Universitetsplassen
Engelsk skvisar ut andre språk – kva er problemet?

Universitetsplassen

Play Episode Listen Later Jun 27, 2025


Alle europearar skal kunne tre språk. Kvifor, kva språk og korleis går det eigentleg? I samtalen: Språkekspertane Joke Dewilde, professor i fleirspråk i utdanning, og Debora Carrai, førsteamanuensis i framandspråk. Programleiar er Monica Bjermeland.

Sleivkast
Tommy-effekten

Sleivkast

Play Episode Listen Later Jun 24, 2025 42:39


1. omgang: Kvifor sa Tommy Knarvik ja til jobben? Korleis vil han snu trenden til Lysekloster? 2. omgang: Kvinnene, Brann, OBOS og Norsk Tipping-ligaen. Programleiar: Davy Wathne. Fotballekspert: Lars Bakkerud.For å høre hele episoden må du ha abonnement, det skaffer du deg herEr du abonnent får du tilgang til medlemsfeeden her Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Stord-Podden
Grzegorz Gregor Gorczynski - LEGO, Gründerliv og Nye Eventyr

Stord-Podden

Play Episode Listen Later May 5, 2025 43:37


Grzegorz Gregor Gorczynski reiser land og strand rundt med tusenvis av legoklossar – og ein draum: Å byggje relasjonar, inspirere til kreativitet og spre ekte livsglede. Gregor kom heilt til finalen i Lego Masters Norge, har starta eiga verksemd med "Gregorski Brickworld", og no er han tilbake i studio!I denne episoden får du høyra:Korleis livet endra seg etter Lego MastersKva han drøymer om for framtida (og kva han ville bygd med ubegrensa Lego-budsjett!)Kvifor han satsa på Lego Serious Play – og kva som skjer når vaksne og barn får uttrykkja seg med klossar i staden for ordOm å vere gründer, LEGO-lærar på kulturskule, og bruke Lego i både skule og næringsliKva han lærer av barna han møter – og kvifor han brenn for å løfte neste generasjonSponsor: SubshoreSubshore tror på kraften i å bry seg. Små handlinger kan skape store ringvirkninger – enten det handler om å støtte andre, dele kunnskap eller ta initiativ. Bygget på verdiene: vær positiv, støtt andre, ta initiativ, del kunnskap og gi anerkjennelse, står Subshore for fellesskap, utvikling og samhold.  Vi er sterkere sammen – når vi heier på hverandre, bygger vi et samfunn der flere får muligheten til å skinne. Det er derfor Subshore er med på å støtte initiativer som Sunnhordlandpodden, som fremmer mennesker som utgjør en forskjell.  Husk: Det betyr noe å bry seg! 

Tru og meining i gammal tid
87. Håvamål. Samtale med norrønfilolog Mikael Males

Tru og meining i gammal tid

Play Episode Listen Later Apr 20, 2025 74:09


Håvamål er eit av dei mest kjende eddadikta. Men kva er det for eit dikt? Kor gammalt er det? Er det dikta av éin eller mange? Kva var diktaren eller diktarane ute etter? Kvifor legg han / dei orda i munnen på Odin? Passar levereglane i diktet vår tid? Kor tidleg bør du eigentleg stå opp dersom du skal drepa nokon?

Hildegunn & Leif-Per
#132: Google og grågås

Hildegunn & Leif-Per

Play Episode Listen Later Mar 28, 2025 23:35


Når vi først snakkar om matauk og høge smørprisar: Kvifor ikkje berre ete grågåsa?Hildegunn & Leif-Per er tilbake på norske scener!Publikum og presse jublar! 11.000 selde billettar til no! Sunnmørsposten ga showet terningkast 5 og skriv mellom anna: "Meget tekststerke, helt på hugget med timing...""Dette gir puls!""Duoen er så lekende også på dette planet at de durer innom en rekke sjangere, fra det smålune til det helt pompøse, som de bevilger seg sjøl og oss helt mot slutten. Ja takk, alle deler!"Sjekk ut turnéplanen og ledige billettar her:www.zenario.no Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Stord-Podden
Cecilie Tingvoll Hope - om Eventyrlyst, Tsunami, Gründerskap på Bømlo og Amundsen Kabel

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Mar 17, 2025 54:52


Kva gjer du når eventyrlysta tek overhand, og du hamnar midt i ein av dei største naturkatastrofane i moderne tid? Cecilie Tingvoll Hope frå Sagvåg fekk backpackersekk til konfirmasjonen, reiste åleine til Thailand som 20-åring – og enda opp som snorkelguide. Så, ein dag i desember 2004, vakna ho til eit mareritt: Tsunamien.Høyr om:

Universitetsplassen
Vil redde sivilisasjonen med leseskam, lesetvang – og kanskje litt leselyst

Universitetsplassen

Play Episode Listen Later Feb 26, 2025


Lesing er i ferd med å bli ein motkultur blant barn, ungdom og vaksne. Kvifor fungerer ikkje leselyst åleine for å få folk til å plukke opp ei fysisk bok i staden for mobilen?  Gjestar i denne episoden er Tove Stjern Frønes, leseforskar ved Institutt for lærerutdanning og skuleforsking, Universitetet i Oslo, Vibeke Røgler dagleg leiar i Foreningen !les (snart Stiftinga Lese) og Bjørn Vatne, forfattar og leiar i Den norske Forfatterforeningen. Programleiar er Monica Bjermeland.  

Hildegunn & Leif-Per
#126: Security og Kaptein Sabeltann

Hildegunn & Leif-Per

Play Episode Listen Later Feb 14, 2025 24:06


Kvifor vert Hildegunn stoppa for ekstrakontroll i sikkerheitskontrollen, medan Leif-Per berre sklir forbi - kvar einaste gong? Og korleis skal ein uttale Stord - med o eller å?Hildegunn & Leif-Per er tilbake på norske scener!Publikum og presse jublar! 11.000 selde billettar til no! Sunnmørsposten ga showet terningkast 5 og skriv mellom anna: "Meget tekststerke, helt på hugget med timing...""Dette gir puls!""Duoen er så lekende også på dette planet at de durer innom en rekke sjangere, fra det smålune til det helt pompøse, som de bevilger seg sjøl og oss helt mot slutten. Ja takk, alle deler!"Sjekk ut turnéplanen og ledige billettar her:www.zenario.no Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Stord-Podden
Benjamin Tveit Lillenes og Kristoffer Stokken - Frå Fitjar til Setesdalen: Livet på internatskulen KVS Bygland

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Jan 27, 2025 31:14


I denne episoden møter du Benjamin Tveit Lillenes og Kristoffer Stokken, som deler sine erfaringar med å flytte frå Fitjar til internatskulen KVS Bygland i Setesdalen – 10 mil nord for Kristiansand og 12 mil sør for Hovden. Kvifor valde dei å flytte, og kva skal til for at dei kjem tilbake til Sunnhordland? Dei fortel om korleis det var å flytte heimanfrå, korleis interessa for maskiner og arbeidsklede starta, og korleis skuletida har påverka framtidsplanane deira. Dei deler òg humoristiske historier om matvanar og brannalarmar. Inspektør Jon Gunnar Kjetso gir eit innblikk i dei unike tilboda innan naturbruk og byggfag på KVS Bygland, og korleis skulen legg til rette for eit godt og inkluderande skulemiljø. Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med KVS Bygland: Sjekk ut: https://kvsbygland.no KVS Bygland tilbyr utdanning innan byggfag og naturbruk i vakre omgjevnader med fjord, skog og høgfjell like i nærleiken. For dei som er interesserte i hest, jakt, fiske og turar i skog og mark, finst det eit vell av moglegheiter.

Tru og meining i gammal tid
81. Fordelen med likbrenning. Samtale med arkeolog Terje Østigård

Tru og meining i gammal tid

Play Episode Listen Later Jan 26, 2025 88:37


Kvifor brende folk dei døde gjennom lange periodar av førhistoria? Kan vi forstå meir av det gjennom å studere likbrenning og tankegang rundt det i andre delar av verda i dag? Kva er mest respektfullt – å brenne liket, grava det ned, søkke det ned i vatn, eller leggja det ut til åtselfuglar? Opnar den eine eller andre måten for fleire rituelle og symbolske mulegheiter enn andre? Terje Østigård har granska kremasjon i Asia i dag, og tolkar kremasjon i førhistoria vår i lys av det.

Nokon må gå
– Kvifor er ikkje fleire som meg?

Nokon må gå

Play Episode Listen Later Jan 16, 2025 34:55


Svenskane har avslørt nye verstingar innanfor fast fashion-bransjen. Hans slår difor eit slag for å ikkje shoppe. I USA blir Trump straks president, medan i Midtausten er ein våpenkvile på trappene. Her heime lokkar Oslo med «rage bait», og me går sjølvsagt på.

Podkast fra Kompetanse Norge
Veilederforum-podden: Om faget utdanningsval

Podkast fra Kompetanse Norge

Play Episode Listen Later Nov 14, 2024 49:35


Kva er bakgrunnen til faget utdanningsval? Kvifor er fagdidaktikk ein så sentral kompetanse for utdanningsvalslæraren? Og kva for elevar møter ein i utdanningsvalstimane?   Faget utdanningsval er aktualisert gjennom stortingsmeldinga En mer praktisk skole. Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.-10. trinn, som kom i september i år, men òg gjennom arbeidet med kompetansestandarden for utdanningsvalslæraren, som kom i år.   I denne episoden av Veilederforum-podden snakkar vi med førsteamanuensis Petra Røise ved Universitetet i Søraust-Noreg, som er ho som har forska mest på utdanningsval i Noreg. Røise har skrive avhandlinga Faget utdanningsvalg – intensjoner og operasjonalisering: En empirisk studie av dimensjoner av læreplanen i faget utdanningsvalg i ungdomsskole, der ho undersøker læreplanen i faget utdanningsval frå ulike perspektiv som politikkutforming, forsking og praksis. I tillegg til å ha skrive doktorgrad om utdanningsval har Røise lang erfaring med rettleiing av unge.    

Tekstbehandlingsprog
Lokalsamfunnet si vaktbikkje

Tekstbehandlingsprog

Play Episode Listen Later Oct 23, 2024 45:52


I denne episoda er vi så heldig å ha besøk av ein gjest. Ronja Årskaug Vallestad er lokaljournalist i Sognavis, og er med oss i studio for å snakke om nettopp lokalavisa. Kva rolle har lokalavisa i samfunnet? Kvifor er det viktig? Kva er eigentleg agurknytt? Dette prøver tekstbehandlarane Sofie Krumsvik, Sina Moradi, og Ingebrigt Hovind, saman med Ronja, og finne ut av. Det blir høg og låg prat, quiz og masse, masse god stemning!!I studio: Som SA og på teknikk - Sofie KrumsvikSK: Sina Moradi og Ingebrigt HovindGjest: Ronja Årskaug Vallestad

Sleivkast
Episode 26: Tidenes yngste snakkar om ungdomen

Sleivkast

Play Episode Listen Later Oct 15, 2024 52:02


Dagens gjest: Ole Martin Nesselquist. Kva er målet med drifta av Brann 2? Korleis plukka ut ein god 17-åring? Kvifor har Davy ei helsing frå Flekkerøy? Bonus: Lars og Davy spår vinnarane av tre kampar kvar komande helg. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Tru og meining i gammal tid
73. Bygdeborgene – mangetydige nøkkelanlegg. Samtale med arkeolog Ingrid Ystgaard

Tru og meining i gammal tid

Play Episode Listen Later Oct 6, 2024 82:46


Korleis skal vi forstå bygdeborgene? Det etablerte synet er at dei er forsvarsanlegg. I episode 60 argumenterte Jan-Henrik Fallgren for at dei er kultanlegg, med utgangspunkt i Öland. Kor godt høver dette på norske forhold? – eller på resten av Sverige? Kvifor heiter bygdeborgene ofte slikt som Tjuvåsen, Røverkollen eller Slottet? Seier dette noko om funksjon i førhistorisk tid? Er eigentleg bygdeborg éin ting? Andre stikkord: Tanemsåsen, Hoøya i Selbusjøen, Ytraberget i Hafrsfjord, Lisjstenen, Vardåsen, Tjuvenborgen / Tjuvenborn, Steinberget i Eidfjord, Stein, liminale stader, Sverresoga, Snorre Sturlason, Bornholm, Odensala prästgård, Oluf Rygh, Michael Olausson, Hanne Lovise Aannestad, Anders Bornfalk Back, Tirpitz, Maginotlinja.

Tru og meining i gammal tid
71. Rusmiddel i gammal tid. Samtale med kulturformidlar Eirik Storesund

Tru og meining i gammal tid

Play Episode Listen Later Sep 8, 2024 114:18


Kva slag rusmiddel brukte folk i Norden i gammal tid? I kva situasjonar brukte dei rusmiddel? Kva samfunnsgrupper var det som brukte rusmiddel? Kvifor brukte folk rusmiddel? I denne episoden prøver vi å svara på desse spørsmåla basert på dei dataa vi har. Episoden er ikkje noko innlegg til støtte for rusmiddel. Stikkord: Øl, mjød, etymologi, honning, vin, bjor, alu, urnordiske runeinnskrifter, spytt, brygging, vanekrigsmyten, Kvase / Kvasir, lut, fiskeslo, cannabis, Oseberg, fleinsopp / nøgenhat / toppslätskivling, flugesopp, bulmeurt / bolmört / villrot, samisk noaide / noaidi / nåejtie, Håvamål 138-139, Isaak Olsen, joik / juoiggus, tromming, transe. Innspela i Bergen og New Jersey 2. september 2024.

Universitetsplassen
Jonasprisen 2024 til Ragnhild Nøst Bergem og Ola Henningsen

Universitetsplassen

Play Episode Listen Later Aug 27, 2024


Dokumentarfilmskapar Ragnhild Nøst Bergem gir oss ekstreme nærbilder av sårbare personar, til dømes i den populære filmen Ola - en helt vanlig uvanlig fyr som handlar om Ola Henningsen. Øistein Anmarkrud er professor i spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo og forskar på elevar med lærevanskar. Kvifor er dei tre så opptatte av å skape eit romslegare samfunn? Programleiar er Monica Bjermeland.   

Stord-Podden
Inger Christin Hystad Barane - om om kvifor fleire unge bør engasjere seg politisk, draumen om Ferrari og Alice Cooper

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Aug 8, 2024 39:45


Som politikar er ho kunnskapsrik, innsiktsfull og god til å snakka både til hjarta og hjernen. Eit stort politisk talent, rett og slett – det er skussmålet Inger Christin Hystad Barane får av meir erfarne politikarar. Hausten 2023 kom ho inn i kommunestyret på Stord, så vidt me veit som den yngste kvinnelege representanten gjennom tidene. I denne episoden får du bli litt betre kjent med Inger Christin og korleis det er å vere engasjert i politikken.

Stord-Podden
Fredrik Mettälä – om kvifor fleire unge bør engasjere seg politisk og korleis livet er som ung kommunestyrerepresentant

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Aug 4, 2024 39:46


Kva er gode grunnar til at fleire unge bør engasjere seg politisk? Og korleis er livet som ung politikar? I denne episoden deler Fredrik Mettälä kvifor han håpar at mange unge tek steget inn i politikken. Han fortel også om kva som kan vere utfordrande som ung politikar.

Tru og meining i gammal tid
68. Lejre: Arkeologi og segnhistorie. Samtale med kulturformidlar Krister Vasshus

Tru og meining i gammal tid

Play Episode Listen Later Jul 28, 2024 103:34


Korleis heng arkeologiske funn og tekstar saman når det gjeld den eldste historia i Norden? I dag ser vi på tilfellet Lejre, som ser ut til å ha vore sete for danske kongar frå folkevandringstida til 900-talet. Kva slag historier kan litteraturen fortelja om denne eldste historia vår? Og korleis oppstod ein stad som Lejre? Kvifor akkurat der? Er det noko med landskapet? Geografien? Finst det kanskje stadnamn som kan fortelja om det? Innspela i Lejre 18. juli 2024.

Nasjonalbiblioteket
Svartmetallen og nittitallet. Panelsamtale

Nasjonalbiblioteket

Play Episode Listen Later Jun 30, 2024 64:07


Kva var det som skapte grobotn for eit så ekstremt kulturuttrykk som svartmetallen? Kjetil Manheim var med på å starte det legendariske bandet Mayhem, filosof Helge Kaasin har skrive boka Snø og granskog – språk, ideologi og nasjonalromantisk raseri i norsk svartmetall og kommentator i Aftenposten Nazneen Khan-Østrem var redaktør for boka «Dødsarkiv». I denne samtalen, leia av musikkjournalist og redaktør Audun Vinger, leiter dei etter koplinga mellom tidsånda, historia og musikken. Kvifor trefte svartmetallen unge tenåringshjarte så hardt, og kva idear låg bak den særeigne norske svartmetallen? Opptaket er frå 15.04.2023. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

acast mayhem sn kva opptaket kvifor panelsamtale audun vinger
Tru og meining i gammal tid
64. Kvifor fascinerer historia? Intervju med journalist Øyvind Arntsen, ex "Museum"

Tru og meining i gammal tid

Play Episode Listen Later Jun 2, 2024 49:11


Kva er det som fascinerer oss med historia, fortida, korleis folk levde før, kva dei gjorde, tenkte og trudde i gammal tid? Dagens svar kjem frå ein som jobba som journalist med sånne tema i 20 år. Øyvind Artnsen deler nokre høgdepunkt og tankar frå denne perioden med oss. Innspela på Ås 22.12.2023

Nokon må gå
Fylle-Facebook, fylleskirenn og Erna-hyllest i Bergen

Nokon må gå

Play Episode Listen Later Mar 14, 2024 36:11


Per Willy Amundsen var full på Facebook, men det har vel Frp-arar vore før? Kvifor er dei så harde denne gongen? I Bergen fekk Erna Solberg heidersrolle i ein operette om aksjesvindel, til stormande jubel frå salen. Neste veke kan Bybanens skjebne bli avgjort, og me er spente. Og så var det fyllekaoset i Holmenkollen: Har nasjonen Norge eit alkoholproblem?

Oppdatert
Derfor har iranske kvinner fått nok

Oppdatert

Play Episode Listen Later Oct 3, 2022 19:39


22 år gamle Mahsa Amini blei pågripen av Irans moralpoliti fordi ho brukte hijaben feil. Kort tid etter døydde ho. Det har ført til dei største opptøyane i landet i nyare tid, og verda rundt brenn kvinner hijabar og klipper av seg håret i protest. Kvifor er desse demonstrasjonane heilt annleis enn det ein har sett før? Og kva skjer eigentleg om demonstrantane får det som dei vil? Hør episoden i appen NRK Radio

Språkteigen
Lytterspørsmål spesial! Nemlig, vetting og "drawing room"

Språkteigen

Play Episode Listen Later Jun 24, 2022 56:23


[Merknad:Kilde] Vårt panel av eminente språkforskarar består denne gonga av Anne Dahl, Rikke van Ommeren og Olaf Husby. 01.26: Kvifor heiter det Latvia, Hellas og Nederland? Og ikkje Lettland, Grekenland og Dutchland? 15.24: Versus eller vørsus? Skal slike ord uttalast med engelsk schwung? 19.18: Nemlig! Ein lyttar meiner det er eit av dei mest irriterande og meiningslause fyllorda me har, som burde utslettast. 26.41: Vetting? Er dette eit nytt ord inne i det norske språket, og kva betyr det? 32.50: Sør eller søndre? Kva er kvar og kvifor? 36.43: Dialektbytte! Kvifor er det slik at enkelte kjendisar bytter dialekt? 50.24: Norsk ord for "drawing room"? Ein svensk lyttar lurer på om det verkeleg er "teiknerom" Send oss dine spørsmål og innspel til snakk@nrk.no! Hør episoden i appen NRK Radio

Politisk kvarter
Soga om Søgne

Politisk kvarter

Play Episode Listen Later Jun 20, 2022 15:17


Det er raseri på Sørlandet etter at regjeringa bestemte å gjennomføre folkerøysting om å oppløyse Kristiansand. No blir Sp-leiar Vedum skulda for å køyre over lokaldemokratiet. Kvifor meiner han at beslutninga er riktig - og at den er verdt all støyen? Og er det nokon sjans for at regjeringa vil snu? Hør episoden i appen NRK Radio

Språkteigen
Korleis flora og fauna får namn, Tore (på sporet) Strømøy, og ein leksjon i vokalar

Språkteigen

Play Episode Listen Later Jun 17, 2022 66:43


Kvifor heiter dyr og planter det dei gjer? Me får besøk av ein taksonom, som tidvis har ein festleg jobb. Tore Strømøy kjem ut med språket! Og me lærer om vokalane i Fonetikkskolen. Send dine spørsmål til snakk@nrk.no 01.25 Kva skal arten heitta? - Taksonom Tiril Myhre Pedersen gir oss eit gløtt inn i korleis artsnamn på dyr og planter blir bestemt. Der skjer det mykje! 31.00 Ut med språket, Tore Strømøy! 52.00 Fonetikkskolen leksjon 4: Vokalane. Hør episoden i appen NRK Radio

Språkteigen
Lytterspørsmål spesial! Flosshatt, overforbruk av bestemt artikkel og den bongeste stilk

Språkteigen

Play Episode Listen Later Apr 29, 2022 58:56


[Merknad:Kilde] Velkommen til Lytterspørsmål spesial! Vårt eminente panel av språkforskarar er denne gonga: Helene Uri, Ellen Andenæs og Terje Londahl. Besvarte spørsmål: 01.53: Kva betyr "rubbel", "hytt", "pjolter" og "sønder"? 08.53: Å ha - Blir bøygd på svært mange måtar i norske dialektar. Kvifor? 15.01: Kvifor blir namn på historiske personar omsette? Kan ikkje Charles heitta dèt eller Carl eller Karl for alle? 23.40: Flossen i flosshatten - Kva er eigentleg det? 27.19: Overforbruk av bestemt artikkel - Kvifor spesifiserer det no så ofte at nokon er "ein lege, og ho er ein arkeolog"? 33.54: Er ikkje ein fiskar ein fiskar lenger? Er hen no "ein haustar"? 46.23: Den bongeste stilk! Eit utklypp frå ei avis på 40-talet bringer fornøyer. 54.54: Er det ei brud i brudulje? Send oss dine spørsmål til snakk@nrk.no. Hør episoden i appen NRK Radio

Språkteigen
Lytterspørsmål spesial! -tøy, nei og bikkjekaldt!

Språkteigen

Play Episode Listen Later Apr 1, 2022 57:19


02.02: Lytterspørsmål: -ing eller -ning? Heiter det "lønnsøking" eller "lønnsøkNing"? 07.14: Lytterspørsmål: ting som slutter på -tøy 12.37: Lytterspørsmål: nei... Blir ofte brukt i starten av ei setning, sjølv om det ein vil sei er positivt. Kvifor? 20.30: Lytterspørsmål: kvifor gje bedrifter menneskenamn? 28.28: Lytterspørsmål: kvifor brer den aplikale L-en om seg? 35.56: Lytterspørsmål: kolleger eller kollegaer? 41.04: Lytterspørsmål: kva er ord baklengs? 50.26: Lytterspørsmål: er det bare bikkjekaldt i Noreg? Hør episoden i appen NRK Radio

Språkteigen
Navnedebatt om Oslo Science City, Dora Thorhallsdottir kjem ut med språket, me lærer å skriva, og kvifor det heiter "Barnevernslova" i kort.

Språkteigen

Play Episode Listen Later Mar 25, 2022 69:03


[Merknad:Kilde] 01.10: Navnedebatt om Oslo Science City! Kva bør norske institusjonar heita? Sjef i Språkrådet Åse Wetås og rektor ved Oslo Met Svein Stølen kjem med sine synspunkt. 19.47: Ut med språket, Dora Thorhallsdottir! Ho er så ymse; komiker, journalist og familieterapeut.. og svært opptatt av korleis me snakker med oss sjølve! 48.24: Skriv godt, bli forstått! Christine Calvert og Ove Dalen har skrive bok om å skriva godt. Lytt og lær! 01.03.23: Lytterspørsmål: Fuge-s? Åse Wetås svarer ein lyttar som lurer på ein s i ei ny lov. Send oss gjerne dine spørsmål og betraktningar til snakk@nrk.no. Hør episoden i appen NRK Radio

Audeland
#32 – Kleiner? I hardly know her!

Audeland

Play Episode Listen Later Sep 25, 2021 36:23


Mariell og Jostein snakkar pandemislutt, projektor og professorar i høghalsa genserar med halskjede utanpå. Kvifor føler Mariell så mykje meir enn Jostein om at det blir slutt på tiltaki? Og kor fjernsynsavhengig er eigentleg Jostein? Ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Musikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016)