Mellom bakkar og berg

Follow Mellom bakkar og berg
Share on
Copy link to clipboard

Mellom bakkar og berg er ein vassekte strilapødkast for både bymann og stril. Me set dialekta og nynorsken i førarsetet, og hevar fana for tema som kystkultur, litteratur, historie og humor. Gjennom å få lokale ildsjeler til å fortelja ynskjer me å få fram gode historiar og stubbar frå livet på Ves…

Ein vassekte strilapødkast


    • Nov 17, 2019 LATEST EPISODE
    • infrequent NEW EPISODES
    • 51m AVG DURATION
    • 5 EPISODES


    Search for episodes from Mellom bakkar og berg with a specific topic:

    Latest episodes from Mellom bakkar og berg

    05: Assortert tyleskap med Jens Brekke (Sognaspesial)

    Play Episode Listen Later Nov 17, 2019 81:31


    Om folk, fe og forteljarkunst i fjordafylket. Mellom bakkar og berg tek konsekvensane av regionreforma, og reiser til Vik i Sogn for å treffe forfattar, lærar, bussjåfør og gammlalostentusiast Jens Brekke. Vi får servert historier frå Illustrert Tyleskap, som Brekke har gitt ut kvart år sidan 1996, og blir nærare kjend med Vik og våre nye samfylkingar. Jens er eit oppkomme av gode historier og smittande engasjement for munnleg forteljarkunst, og er den perfekte guide til fjordafylket for Mellom bakkar og berg-lyttarar. Den 19. aorgangen av Illustrert Tyleskap kjem ut i november, med tyleskap ved Jens Brekke og illustrasjonar av Ola Bremnes. Skaff deg eit eksemplar: ring Heimastølen Forlag på tlf. +47 915 25 682

    04: Bokdrøs og fyrstekake – ein samtale med Runar Dahle

    Play Episode Listen Later Jun 5, 2019 69:17


    Mellom bakkar og berg inviterer forfattar Runar Dahle heim på ein kaffitår og ein skvett øl. Me set fram bakverk av beste sort på bordet i bestastøvo og høyrer han lese frå den siste boka si, "Forskjellen på blomster og ugras" (2017). Runar har vakse opp i Austrheim, og debuterte som forfattar på Gyldendal forlag i 2010. Som i hans eiga dikting, byr episoden på rikhaldige digresjonar om sjauing på Mongstad, skriveprosessen og ei dramatisk ulukke i England. Har me deg no, Runar Dahle?

    03: Kulturhus og kongemakt i Fusa

    Play Episode Listen Later Dec 9, 2018 53:16


    Ein samtale med Morten Holmefjord, Svein Arne Myhren og Magni Rosvold Mellom bakkar og berg har reist til Fusa, ein times køyring frå Bergen, for å snakke med kunstnar, journalist og tidlegare monark Morten Holmefjord. Saman med folkemusikar Magni Rosvold og etnolog Svein Arne Myhren testar vi akustikken i det som kan bli eit nytt kulturhus i den gamle margarinfabrikken ved kommunesenteret Eikelandsosen. Morten Holmefjord er kanskje mest kjend som visekonge over «kongedømet Fusa» (2003-2005), som vart oppretta som del av eit kunstprosjekt. I episoden får vi høyre meir om historia til kongedømet, og diskuterer hans tid som «Fusakongen». Det blir vidare friske diskusjonar om strilamål og dialekt, motmakt og lokal identitet i kommunen «bak Os». Musikk: Vår i Våkefjell av Knut Eide, framført av Magni Rosvold Sørgjegangaren etter spelehansen av Hans Bjørndal, framført av Magni Rosvold Mellomspelmusikk ved Kven MacLoead: Pippin the Hunchback Kevin MacLeod (incompetech.com) Licensed under Creative Commons: By Attribution 3.0 License http://creativecommons.org/licenses/by/3.0/

    02: Sverre Sangolt

    Play Episode Listen Later Aug 1, 2018 40:05


    Sverre Sangolt frå Skogsvåg i Sund kommune fortel historiar og syng. Me høyrer om kvalfangst i Skogsvåg, draumen om Amerika, rettsak om storfangsten av sild i 1913, innføring av fiskemåltid i kommunestyret i ein kystkommune, Nei til EF-kamp i 1972, strandsonelova og naust. Heilt til slutt, dikt om lensmannen som tok gadne til ein 88-åring. Del 1 av 2. Mellomspelmusikk frå Bensound.com.

    01: (Pilot) Mellom bakkar og berg

    Play Episode Listen Later Apr 11, 2018 12:42


    Ein vassekte strilapødcast.

    Claim Mellom bakkar og berg

    In order to claim this podcast we'll send an email to with a verification link. Simply click the link and you will be able to edit tags, request a refresh, and other features to take control of your podcast page!

    Claim Cancel