Raud Lyd er podkasten til Raud Tid. I dag står valet mellom sosialisme eller barbari - vi vil drive propaganda for det første alternativet. Har du forslag, kritikk, innspel? Ønskjer du å bidra? Ta kontakt!
Alberte Bekkhus, leiar i Raud Ungdom, er tilbake som gjest på Raud Lyd. Denne gongen snakkar vi om 9 argument mot sosialisme, og korleis vi vil svare på dei. Var dette lærerikt? Del gjerne episoden med vennar! Merk at nummera vi les opp i episoden er feil, fordi vi har klippa bort eit segment etter innspelinga. Påstanden om at innbyggarar i Sovjetunionen og USA spiste omtrent like mange kaloriar, baserer seg på eit CIA-dokument: https://www.cia.gov/library/readingroom/docs/CIA-RDP84B00274R000300150009-5.pdf Følg Raud Tid på Twitter: https://twitter.com/RaudTid Finn oss på Patreon: https://www.patreon.com/raudtid
Dette er del 2 av ein serie i to delar om boka Sosialismens utvikling fra utopi til vitenskap. Vi får besøk av nyvalt leiar av Raud Ungdom, Alberte Bekkhus. Boka er Engels' forsøk på å oppsummere marxismen og forklare korleis den skil seg frå tidlegare forsøk på å tenkje seg fram til ein perfekt, "ideell" sosialisme. Vi anbefaler å lese boka åleine eller i gruppa. Ho er ei god innføring i marxismen! Boka kan lesast gratis på nett: www.marxists.org/norsk/marx-engel…/utopi/index.htm Liker du det vi driv med? Vi treng hjelp med å halde prosjektet gåande, og ser etter frivillige: www.raudtid.no/bidra/
Dette er del 1 av ein serie i to delar om boka Sosialismens utvikling fra utopi til vitenskap. Vi får besøk av nyvalt leiar av Raud Ungdom, Alberte Bekkhus. Boka er Engels' forsøk på å oppsummere marxismen og forklare korleis den skil seg frå tidlegare forsøk på å tenkje seg fram til ein perfekt, "ideell" sosialisme. Vi anbefaler å lese boka åleine eller i gruppa. Ho er ei god innføring i marxismen! Boka kan lesast gratis på nett: https://www.marxists.org/norsk/marx-engels/1880/utopi/index.htm Liker du det vi driv med? Vi treng hjelp med å halde prosjektet gåande, og ser etter frivillige: https://www.raudtid.no/bidra/
I samband med den internasjonale kvinnedagen 8. mars diskuterer vi klassikeren Søstre, kamerater! av Kjersti Ericsson. Boka blei skrive då Ericsson var leiar i Akp(m-l), og har hatt stor innverknad på feminismesynet i Akp/Raudt/Raud Ungdom. Som gjest har vi med oss Martine Dietz. Nettsida vår, Raud Tid: https://www.raudtid.no/ Patreon-sida vår, for dei som vil støtte oss litt ekstra: https://www.patreon.com/raudtid Heile Søstre, kamerater! er tilgjengeleg på nett for spesielt interesserte: https://www.akp.no/hefter/sostrekamerater/sostrekamerater.htm
Mikael og Vegard får besøk av ein gjest for å snakke om Rosa Luxemburg, som blei drepen for 100 år sidan i 2019. Vi fokuserer på Reform eller revolusjon, Massestreiken og usemjene mellom Luxemburg og Lenin. Vi går også inn på den nye Luxemburg-biografien til Ellen Engelstad og Mímir Kristjánsson. Luxemburg-tekster på norsk, gratis hos Marxist Internet Archive: https://www.marxists.org/norsk/luxemburg/index.htm Raud Tid sin Patreon: https://www.patreon.com/raudtid
Vertane møtast i Oslo for ein laus prat om kva som har skjedd i det siste, både i Noreg og verda der ute. Podkasten er sjølvsagt tilgjengeleg gratis, men gi gjerne eit frivillig bidrag på Patreon: https://www.patreon.com/raudtid
Mikael, Ronja og Vegard diskuterer kva fascismen er og korleis vi kan kjempe mot han.
"Proletariatets diktatur" har blitt utskjelt frå høgre og venstre i over hundre år. Men kva meiner vi med dette omgrepet, og korfor er det viktig?
Sidan den norske venstresida manglar ein solid marxistisk podkast, har Raud Tid tatt på seg det umoglege oppdraget å tette det holet. Sjekk ut vår første episode!