Avisa Hordaland podkastar nytt frå veka som var og held deg oppdatert på det som har skjedd i Voss herad og traktene kringom.
Ellen Iren Johansen Århus, bur på Gurihaugen i Teigdalen med mannen Rolf, Jacob (16), Thomas (12), tvillingane Alexander og Christian (8) og Ingeborg Charlotte (7). Og ein bøling med hundar, sauar og katt. Der vert dei kanskje ikkje rike på gods og gull, men dei eig heile verda likevel. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
Vårt politiske dyr Rolf Tepstad vandrar i den politiske jungelen og ser nærare på sentrumsplanar, økonomi og areal. Han deler innsikta med deg i dagens podkast! See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
Reiselivet i bygda er i kneståande etter koronakrisa, meiner ordførar Hans-Erik Ringkjøb, og ser på handtering og etterdønningar av krisa i denne podkasten. Vår økonomiske kommentator Bjørn Sandnes har vore på besøk hjå nokre av hotella som no opnar att, og dei ser og mørke skyar i horisonten, trass i enkelte lyspunkt med bestillingar frå ferierande nordmenn. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
Denne veka får du nytt om strid rundt dei kommunale kjøkkentenestene, du vert med på hobbyarkeologisk utgraving på Store Ringheim, og distriktsmusikarane byr på konsert. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
Utgåvesjef Terje Hjartnes oppsummerer nyhende frå veka som var, revyartist Ruth Kristin Torvaldsdotter Trå hintar om kva som kjem i kveldens humorshow frå Kulturaukefondet og du kan høyra Sigbjørn Hauge sin tale i høve frigjeringsdagen 8. mai. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
Sigrid Seim har skrive sin siste artikkel i Hordaland etter 43 år i lokaljournalistikken si teneste. Kva hugsar ho best etter alle desse åra, og kva kjem ho til å sakna når ho no skal vera pensjonist? Sigrid gjestar podkasten og fortel om ei lang karriere og si aller siste sak, som vart eit høgdepunkt som let ho slutta på topp!Ungdommane i "The Bollocks" stod på scena hjå Voss Lyd i veka og spelte inn 10000 kroner til Kulturaukefondet. Konserten deira høyrer du i denne vekas podkast frå Hordaland. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
Utgåvesjef Stine Strand Carlsen fortel om nyhenda som har prega veka som var, og byr på nokre gløtt inn i spennande avissaker i veka som kjem.Politisk reporter Rolf Tepstad har vore med på digitalt heradsstyremøte, og konkluderer med at politikk fungerer best i det verkelege liv.Myrkdalen opnar heisane, og dagleg leiar Kaia Finne forklarer korleis dei tenkjer rundt opninga og kva tankar dei gjer seg for sommarsesongen.Til slutt byr me på konsertopptak frå Kulturaukefondet sin konsert med Elisabeth Lid Trøen og Steinkopf trio. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
Ordføraren gjestar podkasten og informerer om korleis det vert når me skal byrja å sleppa litt opp på korona-grepet som har halde bygd og land i unntakstilstand siste vekene.Ekstremsportveko vert ikkje arrangert i år, og leiar Kjetil Kriken kjem til oss for å foklara bakgrunnen for avgjerda og sjå framover mot ei ekstremt ekstrem ekstremsportveke i 2021.Ingebrigt Håker Flaten skulle stått på scena på Vossa Jazz og framført tingingsverket sitt "Exit Knarr" for to veker sidan. No må han venta eit år, og gjestar podkasten med tankar frå guterommet på Oppdal der han sit koronafast og inntektslaus. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
Forfattar Ruth Lillegraven frå Granvin har vore austlending av adresse i mange år, men er for alltid gravensar, og no litt vossing, får me høyra. Ho let seg inspirera av øyeblikk, hendingar og naturen, og har både barnekrim og vaksenkrim på menyen i nær framtid. Ho les og sitt ferske dikt «Dette er andre dagar» som er skrive til Olav H. Hauge-senteret sitt prosjekt «Aleine saman».Me får og ein prat med Trude Storheim, som ikkje fekk jazza som vanleg denne palmehelga, men stelte i stand online-konsert for dei jazz-hungrige, og ikkje minst ein jazzfest etterpå. Og etter tunge dagar då jazzen vart avlyst er stå-på humøret attende, og planane klare for 2021, kan Trude fortelja. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
Denne veka gjestar ein hardtarbeidande ordførar, Hans-Erik Ringkjøb, podkasten. Me får høyra kva han synest om dei siste vekene, og me får ei påskehelsing med oss inn i påskeveka.I Tinghuset sit og stabssjefen for innbyggjarservice, Tor Halvorsen. Han skifta ut pennen med oppslagstavla då han gjekk frå Hordaland til heradet for nokre år sidan. Korleis er det å sitja på andre sida av informasjonsstraumen, spør me stabssjefen, som er laurdagsgjest i bladet denne veka.Me får besøk av instagram-stjerna "psykolog med sovepose", Johanne Refseth, denne veka. Ho fortel om kor viktig naturen kan vera for å få orden på tankane no i tunge tider.Til slutt får me høyra nokre låtar frå kulturaukekonserten som Hordaland og Voss Lyd skipa til denne veka. Irene Tillung, Olav Undeland og Kåre Opheim underheld på akkordeon, gitar og trommer. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
Redaktør Geir Geitle gjestar podkasten og oppsummerer koronakrisa, han tek oss og med på ein einsam tur til Bergen.Frisør og dagleg leiar hjå Ramsvik, Torunn Lydvo Hirth, fortel om korleis det er å vera leiar for ei bedrift med mange permitterte.Arne Førde frå Næringshagen på Voss fortel om det nye høgskuletilbodet som startar på Voss til hausten. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
Me har lagt bak oss ei veke der mange har drive heimeskule, heimekontor og det meste anna innan heimen. Korleis får ein det til å fungera med dei minste og som familie? Og kva gjer ein om ungane treng psykologisk fyrstehjelp no når samtida for mange er uverkeleg? Psykologspesialist Solfrid Raknes gjev oss svar og lyfter samtidig perspektivet vårt til ein flyktningeleir i Libanon, der ho arbeider og ser konsekvensane av koronaen hjå menneske som må leva på ein dollar om dagen. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
Landet stengjer ned på grunn av koronaviruset. Me ser på konsekvensane i denne podkasten, der ordføraren kjem med ein apell til innbyggjarane, panelet diskuterer den uverkelege stoda me lever i, Trude Storheim frå VossaJazz forklarer kva som skjer med festivalen og Yngve Høyland frå Voss lyd er ein av dei som mistar inntekta no når oppdragsgivarane avlyser.Til slutt møter me hotelldirektør Berit Lunde, som opna Scandic-hotellet i knutepunktet i slutten av januar. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
Denne veka har me kunna lesa at Voss herad må spara 30-50 millionar årleg i framtda, for å klara å driva i balanse. Korleis får me dette til, spør me økonomimedarbeidar Bjørn Sandnes. Han er og gastronomisk alibi i redaksjonen, og har fått smakfull mat servert på beste vis av talentfulle unge kvinner. Kanskje er det matfaget me skal konkurrera i når rekrutteringa til skisporten ser ut til å verta mindre...?Kvinnedagen 8. mars er snart 110 år gamal, men kvar står kvinnekampen i 2020? Likestillingsombod Hanne Bjurstrøm svarar og trur på betre kår for kvinner framover.Skifesten i Holmenkollen går for tomme tribunar, men Sjur Røthe går likevel for gull. Sindre Ure Søtvik er i form og jaktar verdscup-poeng, og det same gjer Karoline Simpson Larsen. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
Me må gjera noko med forbruksvanene våre for å redda klimaet på kloden, meiner forskarane. Men skal me ha færre husdyr for å redusera klimagassutsleppa? I så fall slit nok fleire norske bønder. Bjørn Sandnes greier ut i dagens podkast.Me skal og få tips om korleis me skal oppføra oss om me mistenkjer korona-smitte, og me får treffa LInda Eide kort tid før ho skal sjovva heradet saman i Gamlekinoen. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
Tre Brør blir drive vidare av ein svensk hovmeister, den nye ungdomsskulen kan havna på Bryn, og laurdagsportrettet byr på ei kvinne som har levd både lenger og meir enn dei fleste, kan Terje Hjartnes fortelja i dagens podkast.Me tek og ein prat med Linda Eide, som kjem heim for å laga heradssjov, der ho feirar forbrødringa mellom gravensarar og vossingar. Kven har mest å læra, tru?I kommande veke kjem og morobandet Finn-Erix til Voss. Finn Tokvam og Halvor Folgerø får med seg gitarkongen Erlend Styve, og skal dela ut verdas største fruktkorg til ein heldig publikummar i Gamlekinoen. Me møter dei på ein rekognoseringstur i vossebygda, der dei hadde det så moro at dei knapt nok kom seg tilbake til Bergen.Til slutt rundar Ørjan Brattetveit av med siste nytt om Sjur Røthe før avslutninga på Ski Tour denne helga. Kan vossingen ta heim sigeren, eller må han sjå seg slått av den sterke russaren Bolsjunov? See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
Geir Ove er pedagogisk leiar i Regnbogen Natur- og Kulturbarnehage og tek oss med på leikande arbeid i denne podkasten. Me får og høyra at Sjur Røthe er i storform framfor nyvinninga Ski Tour som startar denne helga. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
Denne veka gjestar varaordførar Sigbjørn Hauge podkasten, og greier ut om korleis han ser for seg at grendeutvala skal verta eit gode for heradet. Han fortel og om kva som har gjort at han held ut i lokalpolitikken på over tjuande året.Kulturhuset startar med nye, blanke ark og ny sjef i desse dagar. Randi Kvinge heiter sjefen, og ho har både konkrete planar og nokre store visjonar for framtida i og rundt huset. Ho delar tankane sine med oss i podkasten denne veka.Thor Trå er kulturrådgjevar i heradet, og ein av dei som jobbar med å festa i gang heradet i månadsskiftet februar/mars. Då er innbyggjarane inviterte til fest og moro tre dagar til endes, og du får høyra kva heradet vil by på i dag.Men me byrjar med fortida til kulturhuset, journalist Bjørn Sandnes har rekna på kva konfliktene på huset har kosta i kroner og øre dei siste åra, og det er ikkje småpengar. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
Denne veka kom det 215 nye hotellrom på plass i sentrum då svenske Scandic opna hotellet sitt. Vert det meir aktivitet og pengar til alle, eller fleire tomme hotellrom, undrar me, og reiselivsjournalist Bjørn Sandnes svarar.Osascena opnar neste torsdag, med samisk besøk på samefolkets dag. Festivalleiar Ida Dyrkorn Heierland kjem innom for å sleppa smakebitar frå programmet både frå scena og festivalen. Me lurar og på kva som skjer med scena når Tre Brør Bar lukkar dørene i mars. I det siste har Corona vorte meir enn ein slags øl. Viruset med corona-namnet breier seg verda rundt, men kor urolege skal me her i Noreg vera? Forskar Bjørnar Ytrehus svarar i denne podkasten. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
Kvifor havnar barnehagen på Bolstad i brakker, undrar avislesarane, og rådmann Arild McClellan Steine kjem til studio for å svara. Krisa i barnevernet og varsling er blant andre tema me konfronterer han med i vekas podkast.Denne veka fekk heradet ein ny brannbil som skal til Vossestrand bistasjon. Hordaland vart med då bilen skulle visast for ordføraren som betalar gildet.Til slutt møter me Britt Agnes Skaar som vil ha så mange som mogeleg med på UKM, som du kan melda deg på fram til måndag. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
Voss herad starta det politiske 2020 med formannskapsmøte, der etikk og varsling sto høgt på agendaen. Iril Schau Johansen hadde varsla innspel om varsling, men vart einsleg svale då det skulle røystast. Etikk er vedteke å vera viktig i heradet framover, men korleis gjennomfører ein gode intensjonar? Barnehagen på Bolstad byrjar livet i brakkerigg frå hausten, men vil han havna i gamleskulen etterkvart? Politisk kommentator Rolf Tepstad tek deg med inn i starten på det politiske året i heradet.Bjørn Sandnes ser nærare på saka om arbeidsmiljøet i barnevernet på Voss. Det er blant det tyngste ein kan arbeida med, tykkjer han, og gjev all ære til dei som trør til når familiar har det som verst. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
Klimaendringar kjem me til å merka meir av frametter, meiner forskarane. Ein av dei gjestar podkasten denne veka for å fortelja meir om kvifor CO2 er så viktig i klimasamanheng. Ingvild Bryn har vore språksjef i NRK eit par år, og har no nådd målet om 25 prosent nynorsk i mediehuset. Men kva trur ho om nynorsken si framtid? Til slutt prøver sportsjournalistane Samuel Sandvik og Ørjan Brattetveit å finna ut kvar fotballherrane til Voss bør sikta seg inn på tabellen. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
Høgre-politikar Iril Schau Johansen er store delar av opposisjonen i heradet i kommande periode. Ho gjestar podkasten, og let oss få innsyn i kvardagen som fritidspolitikar.Kulturjournalist Nils Kvamsdal kjem innom og fortel om det rike kulturlivet i heradet, og kva han gler seg til no når hjort vert til fele i heradssymbolikken.Til slutt avrundar sportsjournalist Ørjan Brattetveit med siste nytt om vår mann, Sjur Røthe, i Tour de Ski. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
Redaktør Geir Geitle hastar innom studio for å minna om at avisa gjev deg kavalkade over året som har gått i avisene som kjem frametter. Det er mykje å ta av, synest han, og peikar på at året byrja med storbrann i Bavallen.Politisk kommentator Rolf Tepstad oppsummerer det kommunalpolitiske året 2019, som gleda han med mykje god gjennomslagskraft for folkeopprør i vossebygdene.Trude Storheim er jass-sjef på trettande året, og viser veg gjennom programmet for Vossa Jazz, som i palmehelga 2020 skal haldast for 47. gong!Den uniformskledde trioen Ole Morten Bakketun, Elin Seim og Ivar Hellene gjestar oss for å mana til merksemd og omtanke no når fyrverkeriet snart skal sleppast til vers, og Ørjan Brattetveit spår vossa-suksess i monsterbakken i Tour de Ski. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
I veka som var fekk me avgjerda i erstatningssaka for dei som bur under gondolen. Det kom og fram kvifor forvaltinga meiner Vossolaksen bør klara seg sjølv, kven som tener mest i heradet og at skit kan vera gull verd når han kanskje vert biogass på Voss om nokre år. Panelet med redaktør Geir Geitle og politisk journalist Rolf Tepstad greier ut.Stine Strand Carlsen har dykka ned i krisa rundt barnevernet på Voss. Arbeidsmiljøet gjer dei tilsette sjuke, og heradet løyser dei akutte problema i høgtida med konsulentar. Men korleis tek me oss best av borna som treng vern framover, undrar me?Til slutt er soknepresten på Vossestrand, Cato Torsvik gjest i podkasten. Han tek oss med på køyretur i soknet, og den tidlegare ambulansesjåføren held "himmelekspressen" på vegen med stø hand. Men om hendene er støe så har han likevel klart å køyra seg vekk i Jordalen, kan han fortelja. Det, og at kyrkja på Vinje står feil veg, er blant mange oppsiktsvekkande ting me finn ut av på den kyrkjelege køyreturen denne veka. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
Det vert temperatur i studio når panelet, som er vane med å snakka om ordføraren, får besøk av ordføraren. Redaktør Geir Geitle og journalistane Rolf Tepstad og Bjørn Sandnes har alle kryssa penn tidt og ofte med ordføraren, og diskuterer tema som barnehage på Bolstad, legekontor i Granvin, openheit i kommunen, korleis ordskiftet bør vera og økonomi no når me vert Voss Herad.Politisk journalist Stine Strand Carlsen er innom med siste nytt frå det historiske siste kommunestyremøtet i Voss, og sportsjournalist Ørjan Brattetveit spår vossa-suksess i skiløypene denne helga og! See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
Denne veka kom dommen i odelssaka på Løno. Geir Løne får halda fram på garden, mens eldstemann Lars og odelsretten står att utan gard. Panelet innehaldande redaktør Geir Geitle, journalist Karl Ystanes og Helge Søfteland diskuterer avgjerda. Denne veka kjem og Rolf Tepstad innom for å greia ut om kommunestyremøtet som skulle til topps men aldri kom avgårde frå start, Ørjan Brattetveit spår meir suksess i skisporet, og Terje Hjartnes og Bjørn Sandnes rundar av veka på musikalsk vis. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
Denne veka kom det fram at Voss klekkeri kan verta lagt ned. Det vil vera slutten for vossolaksen meiner mange, og panelet diskuterer saka i dag. I veka starta og odelsrettssaka om garden der Smalahovetunet held til på Løno, og me får høyra meir om saka her. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
Bolstad får barnehage, grendeutvala har trang fødsel, skisesongen er i gang og Liverpool vert kanskje seriemeistrar slår redaktør Geir Geitle, politisk kommentator Rolf Tepstad og Helge Søfteland fast i denne podkasten. Sportsjournalist Ørjan Brattetveit kjem innom for å la oss høyra det siste om dei lokale skistjernene før verdscupsirkuset set i gang. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.
Redaktør Geir Geitle har òg eit godt turtips til lyttarane i denne podkasten, der han sit i studio med reiselivsjournalist Bjørn Sandnes og Helge Søfteland. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.