Derfor er jeg sosialdemokrat

Follow Derfor er jeg sosialdemokrat
Share on
Copy link to clipboard

Hadia Tajik snakker med ulike mennesker om hvorfor de er sosialdemokrater. Korte, personlige og politiske historier om hvordan hverdagen vår former det politiske ståstedet vårt.

Derfor er jeg sosialdemokrat


    • Apr 12, 2021 LATEST EPISODE
    • infrequent NEW EPISODES
    • 12m AVG DURATION
    • 13 EPISODES


    Search for episodes from Derfor er jeg sosialdemokrat with a specific topic:

    Latest episodes from Derfor er jeg sosialdemokrat

    #13: Torbjørn Vereide

    Play Episode Listen Later Apr 12, 2021 10:36


    Torbjørn Vereide (31) er fyrstekandidat for Arbeiderpartiet i Sogn og Fjordane i stortingsvalet i haust. Han er ein sjølverklært evig optimist og har alltid sett lyst på framtida. Men han meiner det er skummelt å berre rekne med at ting ordner seg på slump. «Me må jobbe for å bevare dei sterke fellesskapa vi har i Norge», seier han, «fordi ved å løfte kvarandre får me til noko større saman.»

    #12: Jone Edland

    Play Episode Listen Later May 20, 2020 9:10


    Det som gjorde at Jone Edland var sikker på at han høyrde heime i Arbeiderpartiet var erfaringa med fagrørsla og trepartssamarbeidet, hjå den tradisjonsrike plogfabrikken Kverneland i Rogaland. 45-åringen arbeider som teamleiar for vedlikehald og verktøyskonstruksjon og har erfart i kvardagen kva rørsla har å seie for gutta på golvet. Høyr meir om kvifor Jone er sosialdemokrat her. (Merk at episoden er spelt inn før koronapandemien braut ut.)

    #11: Arne Pedersen

    Play Episode Listen Later May 10, 2020 12:03


    Arne Pedersen er ein sterk røst frå Vestre Jakobselv. Mange kjenner han som leiar i Kystfiskarlaget, ein organisasjon som representerer 700 medlemmar langs heile kysten. Høyr korleis han meiner organisasjonsliv og fiskekvotar kan skildre kampane sosialdemokratiet står overfor i dag. Merk at opptaket med Arne var gjort før koronapandemien braut ut.

    #10: Zaineb Al-Samarai

    Play Episode Listen Later May 1, 2020 32:53


    Zaineb Al-Samarai er fyrste vara til Stortinget frå Oslo Arbeiderparti, og leiar for Oslo Arbeidersamfunn - det største arbeiderpartilaget me har! 32-åringen har arbeidserfaring frå ferskvaredisken hjå Meny, som avisbud, advokatfullmektig og rådgjevar. I mange år spelte ho fotball på høgt nivå - og no er ho styremedlem i Norges Idrettsforbund. Denne spesialutgåva av «Derfor er jeg sosialdemokrat» er eit liveopptak frå vår 1. mai-prat.

    #9: Elin Dahlseng Eide

    Play Episode Listen Later Apr 28, 2020 12:46


    Elin Dahlseng Eide er den fyrste som tok høgare utdanning i familien til far sin. I dag bur ho i Rana, og er PPT-rådgjevar hjå Polarsirkelen vidaregåande og gruppeleiar i Rana Arbeidarparti. Då ho som 13-åring ville melde seg inn i AUF måtte ho gjennom eit kryssforhør med foreldra sine om kvifor ho meinte ho var sosialdemokrat. Høyr Elin fortelje om kva sosialdemokratar bør gjere meir av framover, i denne episoden av «Derfor er jeg sosialdemokrat».

    #8: Øystein Grønning

    Play Episode Listen Later Apr 13, 2020 11:34


    Øystein Grønning (70) bur på Bjølsen i Oslo. Han er arkitekt. «Min private velstand er avhengig av offentleg velstand» seier han til meg. Han er nok den einaste eg har møtt som ville sagt nei til å verte millionær sjølv. Grønning har erfaring som tidlegare rådgjevar for palestinerane sitt planleggingsministerium etter Oslo-avtalen, han har vore rådgjevar for PLOs Negotiations Support Unit, betalt av British Council, og har leia eit stort byfornyingsprosjekt i Muscat, Oman. Ved sida av å undervise ved NTNU og KhiO, har han hatt fleire verv i fagrørsla. Dagen etter 22. juli melde han seg inn i Arbeiderpartiet. Her kan du verte betre kjent med kvifor Grønning er sosialdemokrat.

    #7: Roy Inge Nilsen

    Play Episode Listen Later Feb 5, 2020 11:21


    Roy Inge Nilsen har jobba hjå tradisjonsrike Rosenberg Verft, i dag WorleyParsons, i Stavanger sia 1985. På nært hald har han sett kva tillitsmannsapparatet har å seie for vanlege arbeidsfolk når det har vore tøffe tider på verfta. Dei siste 12 åra har han vore klubbleiar for hundrevis av medlem hjå Rosenberg. I fjor gav han seg i vervet. Han meiner at politikarar bør kommunisere mykje meir direkte med folk. «Politikara gløymer at dei er vald av folket og skal vere for folket», seier han. Høyr Roy Inge sine erfaringar og krav til sosialdemokratiet her.

    #6: Amal Abdinur

    Play Episode Listen Later Jan 24, 2020 8:02


    Berre 10 år gammal vart Amal Abdinur (25) sosialdemokrat! Grunnen? Skatt! Høyr historia til den taleføre geografistudenten, oslojenta, ny-trøndaren og tidlegare restaurantsjefen, Amal. Ho snakkar så godt om kva fellesskap er, kva skatt betyr og kvifor me treng kvarandre.

    #5: Sandra Åberg Kristiansen

    Play Episode Listen Later Jan 16, 2020 12:20


    Sandra Åberg Kristiansen (23) er ei som bryt ny veg for andre: Ho vart den fyrste kvinnelege klubbleiaren i Elektroarbeidernes fagforening i Trøndelag, i tillegg til ved elektromontørbedrifta Vintervoll – ei av dei største i Midt-Norge. Ho opplevde møtet med arbeidslivet som «brutalt». No vil ho representere kolleger og andre arbeidsfolk gjennom politisk arbeid i bystyret i Trondheim. «Me må snakke så folk forstår, og me må forstå folk betre», seier ho. Høyr Sandra si historie og utfordringar til sosialdemokratar i dag i ei ny episode i podcasten.

    #4: Richard Storevik

    Play Episode Listen Later Dec 18, 2019 14:49


    Du kjenner kanskje Richard Storevik som ein hardslåande fagforeningsmann frå Fellesforbundet og klubbleiar ved Leirvik verft. Han har meldt seg ut av Ap og han har meldt seg inn igjen. Men visste du at det var #thuglife som gjorde han til sosialdemokrat? Thug life er å ha alle odds mot seg og likevel lande på beina. Høyr kva Richard fortel om livet sitt, og kva råd han har til sosialdemokratar i dag.

    #3: Tilde Broch Østborg

    Play Episode Listen Later Aug 27, 2019 5:27


    Overlege Tilde Broch Østborg vet hvordan vårt offentlige helsetilbud settes på prøve av kommersielle helsegiganter. Hun snakker med Hadia om dette, og mye mer.

    #2: Jonas Bals

    Play Episode Listen Later Jun 19, 2019 13:33


    Høyr Jonas Bals fortelje korleis me kan sørge for at revitaliseringa av sosialdemokratiet skjer på innsida, og ikkje frå utsida av partiet. Bals er malar og historikar, og nestemann ut i serien «Derfor er jeg sosialdemokrat». Dette er ein serie med korte podcastar, der du vert kjent med personlege og politiske historiar frå den breie arbeiderrørsla.

    #1: Tonje Randisdatter Tunstad

    Play Episode Listen Later Jun 3, 2019 5:53


    Tonje Randisdatter Tunstad vet hva det vil si å gå på en smell, og så reise seg opp igjen. Her kan du høre henne fortelle om hva «fellesskap» betyr i praksis.

    Claim Derfor er jeg sosialdemokrat

    In order to claim this podcast we'll send an email to with a verification link. Simply click the link and you will be able to edit tags, request a refresh, and other features to take control of your podcast page!

    Claim Cancel