Karpodden er podcasten for deg som har fått ein kar-relatert diagnose, for deg som er pårørande, og for deg som skal bli eller er helsearbeider. Vi tar for oss diagnoser, behandling, og korleis livet med ein karsjukdom kan vere.Podcasten er produsert av dei flinkaste fagfolka Helse Bergen HF innanfor karkirurgi og -sjukdom. Det meiner vi i alle fall sjølv.Ansvarlig redaktør er kommunikasjonsdirektør Erik Vigander, fagansvarlig er avdelingssjef og overlege i karkirurgi Espen Tyse Gubberud. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Pasienten vi har besøk av i denne episoden fortel om dei dramatiske dagane då han fekk beskjed om at hovudpulsåra var i ferd med å sprekke. I all hast blei han operert - mens vi tilfeldigvis var til stades og observerte det heile frå utsida. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Endelig har Helse Bergen både fått nok podkaster, og klart å få samla gjengen til ein fellesepisode! I denne tverrfaglige bonusepisoden, utgitt den siste dagen i oktober like før sukkeret tar fullstendig overhand, oppsummerer karkirugane, ortopedane, infeksjonsmedisinarane og anestesi- og soveekspertane korleis vi har kome til det vi kjenner som moderne sjukehus og behandling. Som du gjerne gjetta - det har ikkje vore ei særleg hyggjeleg reise, men skal du lage god omelett så må du knuse nokre... egg. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Kva er lysken, kvifor er han så vanskelig og korleis kan plastikkirurgi plutselig henge saman med blodårer? Vi har fått med oss plastikkirurg Henrik Løvendahl Svendsen til å fortelle om flytting av hud, muskler og andre ting som du kanskje helst vil ha der det høyrer heime. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Veit du kva du skal gjere om du finner nokon på gata, omringa av blod? Eller veit du kva kirurgane gjer når blodårene ikkje held tett? I denne episoden fortel vår åreguru Espen Gubberud om kva som skjer når du har fått ein alvorleg skade på blodårene dine. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Lipødem er ein typisk kvinnesjukdom: Rammer berre kvinner, lite og dårleg forskning, få og dårlege behandlingstilbod. Eksperten vår, overlege i plastikkirurgi Hildur Skuladottir, har teke hand om desse damene og styrer eit nasjonalt forskningsprosjekt der pasientane får eit heilheitleg tilbod med oppfølging og operasjon. Ordforklaringar til denne episoden:Hypertensjon = høyt blodtrykkVaricer = åreknuterØdem = væskeansamlingInflammasjon = betennelseUnderekstremiteter = beinaLymfebaner = samler opp væske fra veveneLymfødem = væskeansamling på grunn av overbelastning av lymfesystemetProgredierende = tiltagendeToksiske doser = Mengde der giftige effekter viser segElektrolyttforstyrrelser = tilstand med ubalanse i salt-og mineralnivå i kroppenAnestesimidler = legemidler som brukes til bedøvelse under operasjoner Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Pasienter med perifer arteriesjukdom – eller røykebein om du vil – har god effekt av noko så enkelt som gangtrening! Strukturert, enkel trening av denne typen kan auke gangdistansen og minke smertene i beina. Høyr kva vår ekspert Elisabeth Bø har av råd om dette. Ho er tilsett i Nasjonal kompetansetjeneste trening som medisin. Lenke til nettsiden deira for meir informasjon:https://stolav.no/fag-og-forskning/kompetansetjenester-og-sentre/nasjonal-kompetansetjeneste-trening-som-medisin Du finn dei òg på Facebook. Gruppa heiter Trening som medisin. Meir om røykebein? Finn frem episode 4. Vi har òg snakka om trening og blodårer i episode 6. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Vi har fått besøk av administrerande direktør Eivind Hansen, og han fortel oss korleis livet på sjukehuset er i jula, og kva han sjølv skal ha på middagsbordet på julaftan. Espen gjer sitt beste for å ikkje punktere gleda når han skildrar kva maten gjer med skrotten til Eivind. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Kva er risikoen med å ha perifer arteriesjukdom og nedsatt blodsirkulasjon i beina? Kan du dø av det? Kass medisiner bør du bruke og korleis virker dei?Gjest i denne episoden er Henrik Hoel, lege i spesialisering i karkirurgi ved Oslo Universitetssukehus. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Doktorgradsstipendiat og LIS i karkirurgi Henrik Hoel fortel om reisa til fullført PhD grad, og om trykkstøvelen han har forska på - som kanskje kan hjelpe pasienter med nedsatt sirkulasjon i beina. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Då karkirurgane vart samla for første gong på over to år var vi tilstades og tok tempen. Kva er stentane som skal halde blodårene åpne laga av? Kvifor sponsar legemiddelfirma desse møtene? Korleis vert karkirugiske operasjonar registrerte? Det, og meir til, fekk vi greie på når vi snakka med:Morten Vetrhus, overlege i karkirurgi Stavanger UniversitetssykehusBernt Harald Berntzen, salgsleder i BD NorwayMartin Altreuther, overlege i karkirurgi, St. Olavs hospitalCeline Harlinn Sørlie, (snart) overlege i karkirurgi, Haukeland UniversitetssjukehusThomas Jebsen, salgsleder i Bayer Norge Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Tette eller forsnevra halspulsårer er skuld i 20 prosent av alle hjerneslag. Karkirurgen kan operere vekk desse forsnevringene, men korleis gjer dei det? Kva er hensikta med eit slikt inngrep? Dette og meir om forsnevra halspulsårer – eller carotisstenose – lærer vi når vi snakker med karkirurg Egil Hafstad Gleditsch i denne episoden.Nyttige begrep:Carotisstenose – forsnevringer på halspulsåren Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Kor mykje du beveger deg, og kva du putter i deg påvirkar blodårene dine så vel som resten av helsa, men kva skal egentlig til for å halde seg frisk i åresystemet? Jonny Hisdal er vår pragmatiske professor i fysiologi, som forklarer oss korleis trening virker på blodårene, og korleis vi som er friske enkelt kan trene for å halde blodårene våre i god stand. "Trenar du tre gonger i veka, då peaker du." Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Åreknutar er veldig vanlig, og er gjerne den delen av karsjukdom dei fleste vert kjend med. Men kva er mekanismane bak utviklinga av åreknuter, og kva inneber moderne behandling av åreknutar? Kven får behandlinga dekka av det offentlege? Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Vi har laga ein podcast som skal handle om karsjukdom, men kva er egentlig karsjukdom? Og kven behandlar desse lidingane i Noreg? Vi har fått besøk av to tidlegare og ein noverande leiar av Norsk karkirurgisk forening som skal prøve å forklare dette for oss – og ikkje minst fortele oss kvifor nokon velger å verte noko så dramatisk som karkirurg. Gjester Shakil Aslam, overlege i karkirurgi ved Sykehuset Østfold og leiar i Norsk karkirurgisk forening Øystein Hovi Rognerud, overlege i karkirurgi ved Sykehuset i Tønsberg og Ullevål Universitetssykehus Nyttige begrep i denne episodenTraumer = Skader som skyldes påvirkning utenfra Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Værsågod, ein heilt gratis bonusepisode der vi presenterer vår hovudsamarbeidspartner Norsk Karkirurgisk Forening.Påtroppande leiar Shakil Aslam og avtroppande leiar Øystein Rognerud tar oss i gjennom kva organisasjonen jobbar med, og kvifor dei har valgt å støtte Karpodden. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Utposing på hovudpulsåra i magen heiter på fagspråket abdominalt aortaaneurisme. Ei slik utposing gjer vanligvis ikkje symptom eller varsel før hovudpulsåra sprekker, og då tel kvart sekund for å redde livet I denne episoden skal overlege i karkirurgi, Espen Tyse Gubberud, ta oss i gjennom årsaker, sjukdom, behandling, og konsekvenser av denne diagnosen. Nyttige begrep Aorta - hovudpulsåra som går gjennom kroppen Arterier – årer som leiar blod ut frå hjartet til kroppen Vener - årer som leiar blodet tilbake til hjartet frå kroppen Aneurisme – utposing på ei pulsåre Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Karpodden er ein fagleg podkast frå Karkirurgisk avdeling og kommunikasjonsavdelinga ved Haukeland Universitetssjukehus. I podcasten vår har vi med dei beste ekspertane i Noreg, og vi diskuterer ulike sjukdomar og tilstandar i blodårane. Vi håper at du som er pasient eller pårørende vil få meir kunnskap om sjukdomen, og om behandlinga med å lytte til podkasten vår. Du som tar ei helsefagleg utdanning, eller som jobbar i helsevesenet vil før eller seinere møte på pasientar med karsjukdom, og du vil ha nytte av denne podkasten. Vi produserer innhald av høg faglig kvalitet, men vi lover å halde eit folkeleg og lett forståeleg språk.Team Karpodden består av: Lydia Johnsen, radiograf med doktorgrad i ultralyd av kar, podkastvert for Karpodden Marius Løbø Fimland, kommunikasjonsrådgiver og produsent Iren Drange Hjellestad, overlege og spesialist i diabetes, med doktorgrad i diabetes og karsjukdom Einar Andre Brevik, overlege i karkirurgi Espen Gubberud, overlege i karkirurgi, avdelingssjef Karkirurgisk avdeling, faglig redaktør Karpodden Ansvarlig redaktør er kommunikasjonsdirektør Erik Vigander ved Haukeland universitetssjukehus. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.