«Operasjon: Generasjon» er den lettbeinte podcasten som tar opp alt som opptar generasjon prestasjon. Kva er det som former oss, kva engasjerar oss, kva provoserar oss og kva inspirerer oss? Med våre gjestar tar vi opp eit tema som vi skal snakke om, hylle eller hate, og kanskje komme til bunns…
I kjølvatnet av 17. mai tar vi praten om Monarki! Bør vi ha det? Er det til nytte, eller bere til pynt?
Camilla Laache er film/serieanmelder og dukkar ofte opp i God Morgen Norge og Nyhetskanalen på TV2. Camilla elskar Game of Thrones, som oss, og kva er vel betre enn å lade opp til siste (SISTE!) episode av Game of Trones med en god og djup samtale om GoT!? Fan teoriar, høgdepunkt og våre favorittar er noko av det vi går inn på i dag! OBS! Spoilers! Sjå alt før du hører på oss ;-) God Søndag! Og ser du noken du syns er søt... så sei det da vel!
Det er 17. mai og vi vil være med på feiringa! Skru på denne spesial episoden medan du finpussar bunadskoa, pyntar den sista kaka, opnar den første champagne-flaska, eller kva det måtte vær! Vi tar for oss 17. mai med kløktige observasjonar og gode fakta som du kan briefe med utover dagen! Og du - ha ein strålande dag, og GRATULERER SÅ MYKJE MED DAGEN! HIPP HIPP!
I episode 11 har vi Martin Lepperød på besøk. Til tross for temaet døden - var det ein fest å ha Martin på besøk! Martin Lepperød er komiker og skodespelar, og har i år vore aktuell med Kongen av Gulset med Jonis Josef, og saman med sistnevnte har dei to, i lag med Henrik Farley programmet Karakter på NRK P3. Men grunnen til at vi inviterte Martin er først og fremst podkasten "Hamsteren min ble spist av en hund" (sjekk ut!). Så i dagens episode er temaet døden, skule, kva type menneskekjøtt kunne du ete (om du måtte..) og mykje meir..! Legg igjen en omtale og stjerne i iTunes - det sette vi pris på! God søndag
Vi tar praten om narkotika. Kor vanleg er det? Kor kjem det i frå? Meir om det, Sylvi Listhaug, Ole Gunnar Solskjær og sing off! God søndag (eller kva dag det skulle vær!) PS! Vi har trekt ein vinnar!
Vi har gjennomført Sentrumsløpet og dedikera ei episode til det og litt snakk om trening og myter! Kva blir neste eventyr, neste utfordring?! Kva ligg i horisonten? Har du et forslag? Siste sjanse for konkurransen no! Gi oss stjerne og ein kommentar i iTunes (evt. podcast appen på mobil) og du kan vinne!
Vi er heime på Nordfjordeid, og nærare bestemt heime hos Aleks. Det er ei lita veke igjen til Sentrumsløpet, og nervene har meldt sin ankomst! Vi tar for oss litt nyheter og ikkje minst (!), så tar vi en tur i fjøset! Og KONKURRANSEN går! Gi oss stjerne i iTunes og legg igjen en kommentar - så kan du vinne ein finfin premie!
Vi tar ein påske spesial med prat om våre favorittar i påska, påske fakta og meir!
Denne veka tar vi for oss det evigunge temaet likestilling. Kvifor er det så viktig å snakke om det? Er feminisme og likestilling det samme? Er det viktig å ikkje stigmatisere kvite menn over 50? Vi tar for oss mange av dei spørsmåla her, og fleire i denne vekas episode. Og korleis går det med forberedelsane til Sentrumsløpet? Lytt, lik og del - og rate i iTunes!
I episode #5 snakkar vi om forbilde. Kva er eit forbilde? Kven er våre forbilde? Vi snakkar om ansvaret eit forbilde har, og ikkje minst om alle kvardagsheltane der ute! Vi treng alle forbilde, store som små. Korleis går det med vårens vakkraste eventyr, Sentrumsløpet? Følg med!
Denne veka snakkar vi om kropp! Om kroppsdebatten som har rast på TV og i media i det siste, om trening, om mat, BMI-skalaen, fun facts om kroppen og sjølvsagt litt nyheter. Marte har og gitt Aleksander ei utfordring..
Årets første gjest er sjølvaste Tom Egeland! Vi tar opp mange spennande tema om nordmenns lesevaner, om korleis det var på Grünerløkka før og som alltid et knippe nyheter og litt fjas! Abonner og gi stjerner i iTunes!
Denne veka snakkar vi om dating! Korleis er nordmenn på dating fronten? Er det 500.000 nordmenn på dating-appar? Kva er dei beste byane for en one-night-stand? Vi svarar på alle dine spørsmål og meir i denne vekas pod! Husk å gi oss noken stjerne i iTunes, då blir vi gla!
Sesongstart! Vi er tilbake, og klar for vår & ny sesong! Vi er tilbake med nye spalte som "good news", og sjølvsagt vekas tema! Det blir eit nytt tema kvar veke, og i denne episoda tar vi kort og kaotisk for oss norsk ungdom! Lik oss på facebook, følg oss på instagram og gi oss 5 stjerner i iTunes, om du vil!
Er det Leonardo DiCaprio?! Nesten, det er kongen av Instagram! Vi hylla Ada Hegerberg, lure på om man kan forsikre krigsutstyr, har et par solide gründer idea, og mykje anna prat! Vi blei heilt sjarmert av gladgutten Espen, hør episoda og gi oss noken stjerne i iTunes!
Denne veka er "førfattaré" Are Kalvø på besøk! Han er aktuell med "Hyttebok frå helvete" og delar sine tankar om si tid i militæret, juletida, og meir! Vi veit ikkje om han er imponert over våre sunnmørskarakterar, men vi kosa oss! Høyr episoda med "lækjaren, trubaduré og førfattaré no! Gi oss nokre stjerner og ein omtale i iTunes.