Vindkast

Follow Vindkast
Share on
Copy link to clipboard

Ein podkast frå Medvind Næringshage. FOR og OM næringslivet i Etne og Vindafjord.

Medvind24


    • Nov 18, 2022 LATEST EPISODE
    • monthly NEW EPISODES
    • 34m AVG DURATION
    • 20 EPISODES


    Search for episodes from Vindkast with a specific topic:

    Latest episodes from Vindkast

    Poker, puslespel, og skit onda teppe

    Play Episode Listen Later Nov 18, 2022 29:30


    - Vonde ting er jo heilt forbanna normalt! Kvifor har menn havna så langt bakpå når det gjeld pskykisk helse? Og kva kan eigentleg gjerast med det? Fastlege Karsten Hatteland og psykisk helse-entusiast Henning Aarekol har ein del dei skulle ha sagt om dette. Her får me det på under 30 minutt: Om poker, puslespel, og skit onda teppe.

    Vindafjord-benken

    Play Episode Listen Later Sep 1, 2022 38:02


    Tre på tinget! Terje Halleland, Tove Elise Madland og Lisa Marie Ness Klungland om sine to fellesnemnarar: Vindafjord og Stortingspolitikk (og E134, naturlegvis...)

    Snakk om det - det kan redde liv

    Play Episode Listen Later Sep 8, 2021 29:16


    Slit du med vonde tankar, depresjon eller psykisk tunge periodar, kan det vera nok å snakka med nokon om det for at det skal bli betre. Kommunelege Terje Kleiven, leiar i Etne og Vindafjord Mental Helse, og erfaringsmedarbeidar Wenche Evensen om depresjon, sjølvmordstankar og korleis ein kan hjelpa seg sjølv og andre ut av det.

    Treng me 8. mars?

    Play Episode Listen Later Mar 8, 2021 32:38


    Kvifor? Kvifor ikkje? Kva bør kvinner sjølv gjera for å redusera skilnadane? I denne episoden av Vindkast møter du tidlegre politikar og nå styregrossist, Thorhild Widvey, og advokat i Advokatfirmaet Elden, Ingrid Lauvås, som er med å diskutere kvinnedagen 2021.

    8 mars kva kvifor treng thorhild widvey
    Karrieremessig avsporing

    Play Episode Listen Later Feb 12, 2021 26:11


    Kva skulle du bli når du blei stor? Det lokale næringslivet er fullt av brei kompetanse, mykje erfaring, interessante (og gjerne litt kronglete) utdanningsvegar. I denne Vindkast-episoden møter du politien som nå rekrutterer og tilbyr konsulentar, og administrasjonsmedarbeidaren som blei betongteknikar!

    Levere og overleve

    Play Episode Listen Later Dec 18, 2020 32:50


    Betalingsmur, abonnentar, papiravis og nettsaker. Grannar spelar, som mange lokalaviser, ei viktig rolle. Korleis har året vore sett frå Grannar si side? Dagleg leiar Arve Skogen og redaktør Arne Frøkedal fortel om redaksjonen, bedriftsdelen, BA desken og kva gladsaker dei ønskjer seg i 2021.

    Detta gjere me berre

    Play Episode Listen Later Dec 4, 2020 40:41


    Høyr oss snakka med Sandeidspatriotane Tore Solberg og Stian Furseth om skapartrang og det å sette i gang nye prosjekter, bryte opp dører, bygge arbeidsmiljø, fredagsvafler, sirkeltrening og skapa gode møteplasser. Og ikkje minst - URPREMIERE på ein splitter ny Sandeidssong! God lytting!

    Spør meir

    Play Episode Listen Later Oct 9, 2020 41:03


    Psykisk helse er noko me alle har, men kva er det og korleis ta vare på den? Temaet for årets verdensdag for psykisk helse er «spør meir» eller «spør meir med alle sansane» som Sølvi Eide Lunde og Ingeborg Gussiås frå Etne og Vindafjord Mental Helse seier. Me høyrer gode råd om å støtte og vise omsorg til dei rundt oss i møte med psykisk lidelse.

    Det finst berre moglegheiter

    Play Episode Listen Later Aug 28, 2020 26:32


    Høyr om hans lange reis tur-retur Etne, vegen frå ingeniør til hotellsjef, opplæring under Fru Utne, og problemet med bil utan takluke. Møt Nils Einar Steinstø, ny dagleg leiar i Fikse Næringsforening.

    - Eg elske bygd

    Play Episode Listen Later Jun 3, 2020 28:20


    Om å vere russ under koronatida, Etne for alltid, A-lagskampar, studieretningar, avlyst revy og eksamen. Me snakka med unge lovande Johanne Rafdal Lauritsen, Madelen Frøland og Gustav Stople som er russ ved Ølen Vidaregåande skule. Og ja, me fekk russakort.

    Dårlige tider

    Play Episode Listen Later May 6, 2020 37:28


    Festivalar og konsertar har blitt avlyst. Artistar står utan spelejobb, lydteknikarar får ikkje brynt seg på oppdrag, og arrangørar får ikkje stelt i stand til marknad og fest. Likevel rår optimismen og fleire alternative løysningar har funne stad. Me høyrer frå Pakkerskaptein Sveinung Bjelland, styreleiar i ABC Studio Nils Halleland, og festivalarrangør Vidar Lund om deira tankar rundt koronakrisa.

    Du kan ikkje berre ha tuba

    Play Episode Listen Later Mar 7, 2020 32:31


    Saman md Asbjørn Moe i Fikse Næringsforening diskuterer me mangfald, kvifor ein bør ha det i bedrifta og styret, og korleis ein jobbar mot det. Me såg på ferske tal frå næringslivet om korleis det står til med kjønnsfordeling og aldersfordeling i bedriftene i Etne og Vindafjord.

    Bondegutar med regnskap på toppen

    Play Episode Listen Later Feb 14, 2020 41:50


    Dagleg leiar Jarle Haugen, grunder Jarle Tveit og styreleder og forretningsutviklar Jone Tveit deler historier og erfaringar frå 50 år med Tveit Regnskap.

    Det finst ingen supermann

    Play Episode Listen Later Jan 17, 2020 41:10


    Dei sit i komplekse leiarstillingar i endå meir komplekse organisasjonar. Dei styrer formannskap og kommunestyret, og må forhalde seg til både kommunelova og kardemommelova. Høyr ordførarane i Etne og Vindfjord sine tankar om 2019, mål for 2020 og om ordførarjobben!

    Litt bedre enn i fjor

    Play Episode Listen Later Dec 17, 2019 42:46


    Om å få tala til å møtast, utvikling, satsingar og kalde føter. Frå det heile starta ved Bergselva med ei vassdriven mølle til det moderne byggekonsernet dei er i dag, Per og Martin Berge fortel litt frå Berge Sag si 131år lange historie.

    Kunden er kongen

    Play Episode Listen Later Nov 8, 2019 34:11


    Med pluggen i øyra og fredagstacoen på vent. Bjarte Berge frå Circle K Ølensvåg & Jørgen Øyjord frå Sport1 Etne snakkar om service, etterservice, pappa og papen, og korleis kunden er kongen.

    Mot alle odds

    Play Episode Listen Later Oct 23, 2019 42:17


    Korleis få vatn til å renna oppover? Både statistikk og marknadsundersøkingar ville gitt tommel ned for satsingane til Andreas Hustveit, Jan Terje Rafdal og John Karsten Hustveit. Likevel er dei blitt unntaka frå regelen, som har lukkast med nisjeverksemder på landsbygda - mot alle odds.

    Jenter rekk ikkje opp handa

    Play Episode Listen Later Oct 23, 2019 42:13


    Anne Sofie Sandvik, Anette Lauareid Hovda og Merete Vårvik Matre tar praten om mangfald, deltidsstillingar, jegersamfunn og fulle skittentøyskorger.

    Tek-optimistar om rekruttering og karrieredraumar

    Play Episode Listen Later Jan 20, 2019 22:17


    Del 2 av den aller aller første podkasten til Vindkast og Medvind24. Anette Lauareid Hovda, Jone Tveit og Frode Robberstad snakkar om laust og fast januar 2019. Men at dei er forrektige optimistar kan ingen ta frå dei :-D NB! Litt dårlig lyd - det var etter denne vi skjønte at vi måtte ringe en venn

    Teknologioptimistar over ein kopp kaffi

    Play Episode Listen Later Jan 19, 2019 33:57


    Den aller aller første podkasten til Vindkast og Medvind24. Anette Lauareid Hovda, Jone Tveit og Frode Robberstad snakkar om laust og fast januar 2019. Men at dei er forrektige optimistar kan ingen ta frå dei :-D NB! Litt dårlig lyd - det var etter denne vi skjønte at vi måtte ringe en venn

    Claim Vindkast

    In order to claim this podcast we'll send an email to with a verification link. Simply click the link and you will be able to edit tags, request a refresh, and other features to take control of your podcast page!

    Claim Cancel