Olsen & Jensens visepod

Olsen & Jensens visepod

Follow Olsen & Jensens visepod
Share on
Copy link to clipboard

Endre OIsen og Terje Jensen i Olsen & Jensens viseklubb på Stord drøser om musikk - og litt anna.

Olsen & Jensens viseklubb


    • Oct 23, 2017 LATEST EPISODE
    • infrequent NEW EPISODES
    • 40m AVG DURATION
    • 11 EPISODES


    Search for episodes from Olsen & Jensens visepod with a specific topic:

    Latest episodes from Olsen & Jensens visepod

    I Vågen hos Erik Moll

    Play Episode Listen Later Oct 23, 2017 46:24


    Erik Moll tar oss med langs sitt livs musikalske landeveg, frå Wisconsin på 50-talet til Hornelandsvågen i dag. Me stoppar mellom anna i Bergen, San Fransisco, København og Austin TX, helsar på Jerry Garcia og Willie Nelson og opplever calypso-feber på Torgallmenningen.

    Heime hos Solgull Rennemo

    Play Episode Listen Later Sep 22, 2017 37:42


    Dei aller fleste som har eit forhold til musikk i fysisk format på Stord, har også eit forhold til platebaren til Solgull Rennemo. Det starta på Narvesen i 1974, før ho fekk sin eigen platebar på Stord senter i 1985. Visepodden tok turen til Haga for å høyra meir om Solgull si historie. Me var mette og blide då me gjekk derifrå.

    Heime hos Ole Jacob Hystad

    Play Episode Listen Later Aug 30, 2017 38:18


    Verdas hyggelegaste saksofonist kjem frå Stord. Ole Jacob Hystad tok godt imot Olsen & Jensen heime i øvingsrommet på loftet i Aslaksvikjo. Her kan du høyra resultatet.

    I Sagvåg med Jørn Olav Myhre

    Play Episode Listen Later Feb 1, 2017 56:18


    Då Jørn Olav Myhre vaks opp i Sagvåg, skulle ein helst ikkje visa at ein spelte i band, iallfall ikkje overfor jenter. Difor kom han og kompisane på skrøner som at dei skulle til sløyden og jobba litt, når dei eigentleg skulle på øving. Olsen & Jensen inviterte seg sjølv til beste vestkant – på nyopna Heistårnet Pub – for å bli betre kjend med den smilande bassisten. Det blei ei tvers gjennom hyggeleg stund.

    På Kringlo med skohandlaren

    Play Episode Listen Later Oct 10, 2016 28:09


    Denne nye, spontane sendinga er frå Kringla konditori i Borggata på Stord. Olsen gjekk frå Springsteen-bootsa sine på eit lugubert hotell i Bergen i samband med Paul McCartney-konserten tidlegare i sommar. Me har hanka inn skohandlar Einar Hillestad – som tok med seg boots-katalogen – for å skaffa Olsen nytt fottøy. Visste du forresten at Hillestad er den einaste mopparen i landet som har blitt utvist? PS! Carola har fylt 50 år sidan sist.

    Sommarregn på Osvald pub

    Play Episode Listen Later Jul 28, 2016 33:57


    I ei intens regnbye onsdag kveld, sat Olsen & Jensen i den innerste kroken på Osvald pub og drøste fram ny episode: Olsen & Jensens spontane (og relativt innhaldslause) sommarpod. Utan gjest – men med "ringer en venn". Her får du høyra litt om musikarar som opptrer som tjuvar, karusellane på Tusenfryd, laksefiske i Matreelva og litt om storleiken på ballane til spermkvalen. God sommar vidare!

    Heime hos Roald Kaldestad

    Play Episode Listen Later Jun 21, 2016 43:27


    Det blir servert fyrstekake på Kattatveit når Olsen & Jensen kjem på besøk. Heile Stord sin heavygitarist Roald Kaldestad har spelt i minst 115 band, trur me. Og me gjer eit forsøk på gå gjennom kvar og eitt band. Dette er episoden om musikaren Roald Kaldestad - frå tidleg oppvekst og vegen fram til i dag. Om kameratskap, musikalske førebilde, rare bandnamn, platekontrakt og japanturné. Og forresten har både Cher og Bonnie Tyler hatt rund dag sidan sist.

    Heime hos Jørgen Sandvik

    Play Episode Listen Later May 15, 2016 48:49


    Her kjem ei relativt spontan sending, viss det går an å seia sending i podcastbransjen. Femårsjubileum står for døra om få dagar, og me har invitert oss heim til den første artisten som blei booka inn til viseklubben i 2011. Me snakkar om Jørgen Sandvik, og me er i Grovaåsen på Stord. Her lærer me at Sandvik eigentleg kjem frå Fredrikstad. Og han lærer oss at ein ikkje treng Lillebjørn Nilsens gitarbok for å bli ein habil gitarist. I tillegg til mykje, mykje meir om både Sandvik og Real Ones. Me får også litt input om korleis ein Guinness skal tappast. I serien "Olsen og Jensens ringer en venn" møter me ein stjernevokalist som hausa opp banjospelaren Jørgen Sandvik framfor eit forventningsfullt publikum sør på kontinentet for sikkert 12 år sidan.

    Heime hos John Ståle Eldøy

    Play Episode Listen Later Apr 3, 2016 43:15


    Olsen & Jensens visepod har fått audiens i det største rockebandet på Stord gjennom tidene si storstove i Hornelandsvågen, i eit rom kledd i Guns N' Roses-plakat, Kiss-plakat og med eit rocka Marshall-kjøleskap. Sjefen sjølv, John Ståle Eldøy, er gjest. Og visepoden ringer ein spesiell venn, som har ei spesiell historie om ein annan venn, som møtte Bob Dylan der borte i Oslo. Hanne Krogh har fylt 60 og viseklubben har investert i slike boots som Bruce Springsteen lett kunne ha gått med.

    Heime hos Ian Kolstad

    Play Episode Listen Later Jan 21, 2016 44:33


    Andre episode er endeleg her. Olsen og Jensen feiarar bursdagar, Neil Young er den store snakkisen og ei ny spalte skal presenterast. Denne episoden er spelt inn i kjellarstudioet til gjesten vår Ian Kolstad, i Kviteluren på Stord, blant knappar, instrument, kablar, ølflasker og levande lys.  

    På Dylan-konsert med Kyrre Myklebust

    Play Episode Listen Later Oct 15, 2015 27:07


    Første episode blei spelt inn på eit hotellrom i Oslo sentrum, med utsyn mot Postgirobygget (bygget, ikkje bandet). Oslo-aktuelle Bob Dylan står på dagsorden, og Kyrre Myklebust frå Sula kommune er gjest. Her forklarer han kvifor «Rolling Thunder Revue» er tidenes live-album. 

    Claim Olsen & Jensens visepod

    In order to claim this podcast we'll send an email to with a verification link. Simply click the link and you will be able to edit tags, request a refresh, and other features to take control of your podcast page!

    Claim Cancel