POPULARITY
Ingmar Søreide er rørleggjaren frå Sagvåg som har gjort lidenskapen for rør, vatn og baderom om til eigen arbeidsplass gjennom Søreide Rør AS.Me pratar om vegen inn i rørleggaryrket, korleis det er å starte for seg sjølv, kvifor han elskar rehabilitering av bad, og kvifor han meiner fleire unge bør bli rørleggarar. Og ikkje minst - kvifor han har ein draum om å kjøpe ein brannstasjon. Du får òg høyra gode historier frå læretida, møte med ein takknemleg kunde med vaflar og fyr i peisen – og du får konkrete tips til kva du bør tenkja på med røyr og bad, spesielt no når kulde, jul og ribbefett nærmar seg.Sponsor: Aarskog Elektro ASAarskog Elektro – kvalitet du kan stole på. I meir enn tre tiår har Aarskog Elektro levert elektroinstallasjonar av høg kvalitet i heile Sunnhordland. Med kontor på Fitjar og oppdrag på Stord, Fitjar, Bømlo og Tysnes, står Aarskog Elektro klare til å hjelpe – uansett om det handlar om service, rehabilitering eller nybygg.Aarskog Elektro legg stor vekt på godt handverk, tryggleik og løysingar som er tilpassa kunden sine behov.Difor er kundane alltid i fokus.Frå bustader til næringsbygg og industri – Aarskog Elektro er ein stødig samarbeidspartnar som møter opp, leverer kvalitet og bryr seg om lokalsamfunnet.Aarskog Elektro – erfaring, tryggleik og ekte fagstoltheit.
I år skal Sagvåg verkeleg skinna i adventstida. Julegato i Sagvåg blir større enn nokon gong – med aktivitetar kvar søndag i advent, boder, musikk, lys, og overraskingar for både små og store. Bak mykje av engasjementet finn me Margrete Lauksund Almås, leiar for Sagvåg Forum, småbarnsmamma og organisasjonskonsulent ved Høgskulen på Vestlandet.I denne episoden får du møta Margrete – ei varm, initiativrik dame som brenn for lokalsamfunnet. Ho deler korleis Julegato Sagvåg har vakse fram, kvifor dugnadskulturen her betyr så mykje, og korleis eit lite mysterium med forsvunne julelys nesten skapte trøbbel for årets pynting.Me snakkar òg om oppvekst, engasjement, lærarstudiet, draumejobben og korleis ho har hamna i rolla som «ho som får ting til å skje». Du får høyra både humoristiske historier frå barndommen og innsikt i korleis ho balanserer jobb, små ungar og frivillig arbeid – og kvifor ho elskar Excel-ark litt meir enn dei fleste. Sponsor: SagvågshagenDagens episode er sponsa av Sagvågshagen – ein heilt ny, grøn oase midt i Sagvåg sentrum.Her kjem det opp til 35 nye leilegheiter fordelt på seks bygg, frå ca. 45 til 90 kvadratmeter. Perfekt enten du vil ha noko lettstelt, eller treng litt meir plass – men likevel vil bu sentralt og godt i Sagvåg.Sagvågshagen er det første bustadprosjektet i Stord kommune som følgjer den nye utomhusnorma frå 2024. Det betyr kvalitetsrike uteområde med leikeplass, gode sitjeplassar med og utan tak – og ein gjennomført grøn trivselprofil.Mange av leilegheitene får høg sol- og utsiktsfaktor, særleg mot utløpet frå Storavatnet – der du kan nyta stillheit, ettermiddagssol og utsikt mot hamnebassenget.Det blir skikkeleg støyskjerm mot hovudvegen, moglegheit for innglassa balkong som gir deg ei ekstra “stove”, og fleire løysingar for parkering: ute, i carport eller i felles garasje.Vil du vite meir, sjå sagvaagshagen.no – kanskje er din neste heim midt i Sagvåg sentrum.
Han er litt over snittet interessert i politikk – og kjent for å vere kjapp både i hovudet og i replikken. I denne episoden møter du Reinert Svanberg. Me snakkar om oppvekst i Sagvåg, fagbrev og ingeniørstudier, kvifor han kallar seg «kontrær av natur», og korleis både arbeidsliv, internasjonale erfaringar og lokal industri har prega synet hans på politikk og samfunn.Personleg fridom og ansvar – ønsket om minst mogleg statleg styring og overstyring i folks liv.Økonomisk vekst og verdiskaping – behovet for å skape lønnsame arbeidsplassar utan å tape av syne miljø og lokalsamfunn.Formuesskatten – kvifor FrP ønskjer å fjerne den, og kva konsekvensar han meiner den har for norske bedrifter.Kompromiss i politikken – kvar grensene går for kva han er villig til å forhandle om, og kva han meiner ein ikkje bør fire på.Lokalpolitikk og arealsaker – erfaringar med dispensasjonar, reguleringsplanar og kritikk av statsforvaltaren si rolle.Internasjonal erfaring – lærdom frå å pendle og jobbe i Polen og Singapore, og korleis det påverkar synet på økonomi og samfunn.Hordfast – sett som den største framtidige moglegheita for Stord og Sunnhordland.Arbeidsliv og respekt for fagkompetanse – verdien av både fagarbeidarar og ingeniørar, og korleis dette formar politikken hans.-----Denne episoden har ingen sponsor.Heldigvis er det ei lita gjeng som støttar podkasten gjennom eit frivillig abonnement – noko eg set stor pris på!Om du òg set pris på Sunnhordlandpodden og vil bidra til at me kan halde fram med å heie fram gode folk i regionen vår, så er dagens utfordring til deg:Bli med på laget og teikn eit abonnement – det kostar berre 29 kroner i månaden, altså under ti kroner per episode.Hiv deg med her: https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe
I denne episoden får du høyra historia bak Erko Settefisk i Sagvåg – eit moderne settefiskanlegg bygd på ny teknologi og framtidsretta drift. Me får òg bli betre kjent med daglig leder, Rune Sandvik, ein jordnær og engasjert leiar frå Fitjar. Rune deler om reisa med å byggja opp anlegget, utfordringar og stolte augeblikk, og ikkje minst tankar om havbruket si framtid.Sponsor: Alde AkvaAlde Akva er eit rådgivingsmiljø med 15 tilsette som byggjer eit sterkt kompetansehus innan akvakultur.Alde Akva har hovudkontor på Stord og kontor i Haugesund, Trondheim og Tromsø.I år feirar dei 5-årsjubileum!Med spisskompetanse innan planlegging og gjennomføring av prosjekt i fiskeri- og havbruksnæringa, tilbyr Alde Akva prosjekteringstenester som sikrar optimale og kostnadseffektive prosessar –frå forprosjekt og detaljprosjekt til ferdig godkjent og idriftssett anlegg.Sjå nettsida http://aldeakva.no for meir informasjon.Stor takk til Alde Akva for at dei ville sponse denne episoden!
Våren er i lufta, og mange vurderer å pussa opp – men kva bør du eigentleg gjera med terrassen, huset eller fargevalet i år? Øystein Hillestad, dagleg leiar for Fargerike Malerboden deler sine beste tips. Dette er ein episode full av praktiske tips, lune skråblikk og gode historier – om alt frå nisemaling og ristemaskin-kaos, til fotball, familiebedrift, rekecocktail med makaroni og terrortrussel i Spania. Sponsor: Erko Settefisk ASErko Settefisk AS – eit selskap med base i Sagvåg på Stord, og ein del av Hauglandgruppen i Bergen. Erko Settefisk produserer smolt og postsmolt til Erko Seafood sine matfiskanlegg, og har eit moderne og framtidsretta RAS-anlegg, i tillegg til sitt eige klekkeri. Her blir rognen klekka, og fisken får tett oppfølging gjennom heile produksjonsløpet – heilt til den er klar for sjøen. Erko Settefisk produserer smolt heilt opp mot 1 kilo, og er stolte av å bidra til ein bærekraftig og ansvarleg sjømatnæring. Du finn dei i Grunnavågsvegen 81 i Sagvåg, og vil du vite meir, kan du blant anna lesa den årlege rapporten i tråd med Åpenhetslova – tilgjengeleg på nettsida deira. Takk til Erko Settefisk for at dei ville sponse denne episoden av Sunnhordlandpodden!
Kven står bak det som kanskje er Vestlandets koseligaste festival? Bli med når me slår av ein god prat med festivalsjef Britt Heidi Værøy om Fest i vest, som går av stabelen i Sagvåg 27.-28. Juni 2025. Her blir det snakk om ekte dugnadsånd, artistar og sjørøvershow!Du blir og betre kjent med Britt Heidi Værøy som har hjarte for bygda, blikk for detaljar og ei imponerande CV frå både butikkgolv og festivalrigg. Du får og høyra om eit uventa møte med ein tarantell!
Kva gjer du når eventyrlysta tek overhand, og du hamnar midt i ein av dei største naturkatastrofane i moderne tid? Cecilie Tingvoll Hope frå Sagvåg fekk backpackersekk til konfirmasjonen, reiste åleine til Thailand som 20-åring – og enda opp som snorkelguide. Så, ein dag i desember 2004, vakna ho til eit mareritt: Tsunamien.Høyr om:
Hannah Valen Hafsmo har starta opp Hafsmo Tattoo - Ventablack_ink i Sagvåg. Men korleis blir ein tatovør? Høyr om gründerreisa til Hannah og lær litt meir om kva som er lurt å tenke på når ein skal ta ein tatovering. Du får svar på: Kva er dei mest smertefulle stadene å få tatovering på? Kan ein tatovering bli fjerna? palmar https://www.instagram.com/ventablack_ink/ --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message
Stein Braathen fortel om korleis det var å drive Sykkel & Sport i 31 år og om livet som engasjert pensjonist. Stein er leiar for Sagvåg Bygdalag og brenn for aktivitet i Sagvåg. Ved fleire høve har dei fått god støtte frå Sparebanken Vest sitt Ildsjelfond. Han er og styreleiar i Stiftinga "Fest i Vest". Stein er og ein aktiv jeger og deler glimt frå hjortejakta. Veit du forresten kva du må gjera om du køyrer på ein hjort? Det får du svaret på i episoden. Til slutt kjem vi og inn på den store kjærleiken og nokre gode ekteskapstips.
Svein Jonasen dreiv butikk i Sagvåg i mange år. I denne episoden får du høyra litt om korleis det var å veksa opp i Sagvåg på 1930-talet, om krig og bomber, og om butikkdrift før og no. Sponsor: Rema 1000 Sagvåg Den 25. november er Rema 1000 i Sagvåg 5 år. Den fredagen inviterer Gunnlaug Almås til kaffi og kake.
Sindre Halland Thorbjørnsen er regjerande noregsmeister i handbak med både høgre og venstre hand. Han er muligens den sterkaste pappaen i hele Sunnhordland! I denne episoden får du høyra om ei litt rampete ungdomstid i Sagvåg. Korleis Sindre lærte seg Breakdance med hjelp av bøker fra biblioteket og video på VHS. Og ikkje minst korleis han blei interessert i handbak. Sponsor: Subshore - https://subshore.no
Roger Sagvåg har lang erfaring i Heimevernet. Nå er han for siste gang inne på trening som etterretning og sikkerhets offiser. Kva har vært det beste med livet i heimevernet og har det noko å ta med inn i det sivile liv? Det får du svar på i denne episoden.
Stordpodden tek turen innom nokre butikkar på Stord for å høyra om korleis det går, og om kva dei har gjort for å møta endringar i folk sine handlemønster. Nina Lovise Langeland i Galleri Giga sel kunst på Instagram. Odd Gunnar Larsen hos Sport 1 har aldri seld så mange kompass som no. Øystein Vik hos Kiwi i Sagvåg kan melda om auka omsetnad. Hedda Pedersen og Malene Grov Almås på Noble har flotte sommarklede klare til trufaste kundar. Tor Helge Valvatne fortel om korleis Valvatne-gruppa møter utfordringar i byggebransjen.
Då Jørn Olav Myhre vaks opp i Sagvåg, skulle ein helst ikkje visa at ein spelte i band, iallfall ikkje overfor jenter. Difor kom han og kompisane på skrøner som at dei skulle til sløyden og jobba litt, når dei eigentleg skulle på øving. Olsen & Jensen inviterte seg sjølv til beste vestkant – på nyopna Heistårnet Pub – for å bli betre kjend med den smilande bassisten. Det blei ei tvers gjennom hyggeleg stund.
Temasamling på Sagvåg Bedehus v/ Anne Karin Rudjord Unneland
Johnn Hardang taler over temaet "Den Hellige Ånd i mitt liv". Del 4 Opptak fra Sagvåg Bedehus
Johnn Hardang taler over temaet "Den Hellige Ånd i mitt liv". Del 3 Opptak fra Sagvåg Bedehus
Johnn Hardang taler over temaet "Den Hellige Ånd i mitt liv". Del 2 Opptak fra Sagvåg Bedehus
Johnn Hardang taler over temaet "Den Hellige Ånd i mitt liv". Opptak fra Sagvåg Bedehus