Radl om badl, Sogn Avis sin podcast om lokalfotball i Sogn.
Eirik Bakke og Marius Bøe er gjester i denne utgåva av Radl om badl. Her fortel Bakke om sin nye kvardag som fotballekspert for Viaplay si Premier League-satsing og tida etter Sogndal Fotball. Marius Bøe har teke sats og har starta sitt eige selskap. No mimrar duoen tilbake til dagane på grasmatta og deler sine tankar om dagens situasjon.
Radl om badl episode 26. Denne gongen har me med oss Sogndal Fotball sin assistenttrenar, James Simmonds i studio.
Sogndal-trenar Tore Andre Flo er gjest i denne episoden av Radl om badl. Her får me høyra meir frå Brasil-dødaren om profflivet, tida i skal vi danse, livet som Sogndal-trenar og så mykje meir.
Endeleg er Radl om badl tilbake med ny episode. Denne gongen er det ingen ringare enn Kristian Fardal Opseth som er gjest. Storscoraren frå Skogen kan meir enn å hamra inn mål. Høyr om opphalda hans i Nord-Norge, Tyrkia, Australia og India.
Asle Hillestad har spelt 611 kampar for Sogndal og er ei levande legende i klubben. Tommy Øren kom til Sogndal som 17-åring og var ein av landets største talent, og var på blokka til fleire storklubbar i Europa. Denne herlege duoen er gjester i den 23 episoden av Radl om badl.
Dette er første gongen i Radl om badl at me berre har med oss ein gjest, men når denne gjesten er sjølvaste Ørjan Hopen - ville ikkje fleire ha kome til ordet uansett. 28-åringen fekk gjennombrotet for Sogndal på elitenivå allereie som 19-åring. Venstresleggja kombinert med den kjappe replikken gjorde han raskt til ein favoritt blant publikum og media. Men det gjekk ikkje lang tid før Hopen blei meir kjend for andre ting enn det han sjølv gjorde på bana. I 2012 stod han fram som speleavhengig og i 2017 small det skikkeleg. Ørjan er open om den tunge tida og har også mange røvarhistoriar frå garderoben på lur.
Håvard Flo og Ivan Øy er begge æresgjester i denne episoden. Flo er med for fjerde gong, medan Øy fullbyrdar sitt hat-trick. Dei to spelte saman i Sogndal tidleg på 90-talet, deretter blei Flo stjerne i utlandet, medan Øy blei legende i Årdal. Me snakka med dei to om korleis dei har det i eit fotballfritt liv, det blir mimring frå gamle dagar, og kanskje dukkar det opp fleire historier om Harald Aabrekk og Felix Magath.
Episode 20: Morten Brandsdal og Ole Gunnar Hunderi 2 by Sogn Avis
Denne gongen har me fått med oss to markante spelarar - og ikkje minst typar – på Årdal FK, nemleg toppscorar Truls Hovland og veteran Christian Stedje.
Veitastrond sine to største heltar, Kurt Heggestad og Frank Heggestad, er gjester i denne episoden av fotballpodkasten Radl om badl.
I første episode i sesong tre har programleiarane Endre Romøren og Morten Sortland med seg Sogndal-trenar Eirik Bakke, som går på sin femte sesong som hovudansvarleg for laget, og Terje Rognsø, som snart har fullført tre månader i sin nye jobb som dagleg leiar i klubben. Her blir det snakk om sesongenstarten på søndag, ryddejobben som er gjort vinter og så blir det ei oppramsing av topp 3-sitat med Eirik Bakke, og ikkje minst får me høyra Rognsø fortelja om kvifor båten hans sank grunna manglande vedlikehald og ettersyn.
Endeleg er Radl om badl tilbake med ny podkast, denne gongen med ein far og son-versjon. I den 16. utgåva av fotballpodkasten Radl om badl har programleiar Endre Romøren og sidekick Morten Sortland med seg Ivan Øy og Edin Øy.
Fjøra-spesial. I denne episoden har me fått med oss to ekte Fjøra-legendar i Jan Rune Årøy og Einar Kvam.
Det er 20 år sidan den største hendinga i norsk fotball nokonsinne, kjend som mirakelet i Marseille. Norge – med fire frå Sogn og Fjordane på bana – slo Brasil 2–1 og tok seg vidare frå gruppespelet i VM. Vår første gjest, Håvard Flo, noterte seg for éin scoring i gruppespelet, og skaut Roar Strand ut av åttedelsfinalen mot Italia med eit presist spark i hovudet. Mot Brasil hadde han sjølvaste Roberto Carlos på si side. No er han gjest for tredje gong i Radl om Badl. Vår andre gjest i denne episoden er dagens redaktør i Sogn Avis. Jan Inge Fardal har vore sportsleg leiar i Sogndal Fotball, er tekstforfattar av sangen «stao no pao» og har dessutan ei fortid som DJ. Han fortel om livet på tribunen og i gatene i Marseille etter den historiske sigeren.
Fotballpodkasten Radl om badl er ute med ny episode, den 13 i rekkja. Denne gongen har programleiarane Endre Romøren og Morten Sortland med seg markante pipeblåsarar frå fylket i Tommy Skjerven og Torstein Kvam.
Marius Bøe og Jan Tore Jåstad i fotballkretsen er gjester i den tolvte utgåva av Radl om badl. Marius Bøe var ei årrekkje ein frykta mann grunn sin noko kompromisslause spelestil. I denne episoden legg kraftpluggen ikkje skjul på at han mislikar spelarar som brukar panneband og rosa fotballsko. Han fortel om den gongen han takla ein fyr ut i ei mursteinrøys under treningskamp i Bergen, om sinne-episodar under tida i Høyang og ein smått legendarisk treningsleir i Danmark. Jan Tore Jåstad snakkar ut om den gongen han vart erklært uønska under Damefotballens Helg, i samband med at han prøvde å henta halve Kaupanger til Avaldsnes. Me får òg vita litt meir om kvifor han ein periode farta rundt til kretslagssamlingar i buss.
Radl om badl er tilbake, denne gongen med sending frå Marbella. Årets første episode av Radl om badl er klar, der me køyrer ein «Flo spesial» frå treningsleiren på Costa del Sol. Me har fått med oss den heimvende son Ulrik Flo, i tillegg er Håvard Flo den første gjesten i podkasten sin historie som er med for andre gong.
Nils Tore Krosshaug og Bjarte Vatlestad er gjester i den tiande utgåva av Radl om badl. Her fortel Vatlestad om proffeventyret i italiensk serie D, der han mellom anna hamna midt i kampfiksingsskandalen som vart rulla opp. Krosshaug har mykje snadder frå fotballen i fylket, og ikkje minst den gongen nokon sneik i ferjekøa, slik at han vart siste bil som ikkje kom med.
Ole Gunnar Hunderi er ei levande legende i årdalsfotballen, både med Jotun og Årdal-drakt på kroppen. Han var ein svært frykta spiss både blant motspelarar og domarar, og i 2002-sesongen scora han inkludert treningskampar smått utrulege 79 mål for Jotun. Henrik Furebotn har omtala han som sin favorittlagkamerat nokon gong, og han gjorde dessutan eit aldri så lite comeback på fotballbana i årets sesong, i 6. divisjon. Morten Brandsdal får også velfortent legendestatus. Bergensaren har til likskap med Hunderi bøtta inn mål for Jotun i ei årrekkje. Han er tidenes toppscorar for U17-landslaget saman med Kjetil Rekdal, han har vore innom Brann og Sogndal. No er fotballen lagt på hylla, men han har store mål om å trappe opp treninga på Årdal Gym.
Kjetil Wæhler og Arve Uglum leverer varene i den åttande episoden av podkasten Radl om badl. Det er ei glede å ønskja velkomen til den åttande episoden av Radl om badl. Temaet i denne episoden er at det er ingen grunn til å frykta 40-åra. Dagens gjester er prakteksemplar på dette. Kjetil Wæhler har bakgrunn som profesjonell fotballspelar i Norge, England, Sverige og Danmark. Han har spelt cupfinale i tre land, blitt mestar i to av desse, han blei seriemeistar med Vålerenga i 2005, har 32 landskampar for Norge og har vore med på å slå Tyskland i Tyskland. Han er kanskje landets best trente 41-åring, har over 5000 følgjarar på twitter, og er truleg den signeringa i årets eliteserie som har hatt størst betydning for sitt lag. Arve Uglum er ikkje mykje dårlegare. Kaupangers store son har vore journalist i Årdal og Lærdal Avis, han har i ei årrekkje vore ein profilert journalist i NRK Sogn og Fjordane, han har blant anna dekka VM i fotball, og er forfattar av boka Grautmål. Han er programskapar av den populære tv-serien fjellfolk, og størst av alt: Han er mannen som tok over etter Oddgeir Bruaset som programleiar for «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Denne karen har respektable 1769 følgjarar på twitter, og til likskap med Wæhler har han eiga wikipedia-side.
Mathias Dyngeland og Bjørn Inge Utvik er gjester i den sjuande episoden av podkasten Radl om badl.
I episode 6 av fotballpodkasten Radl om badl har me teke turen til Vik der me har møtt dei berykta Hovland-brørne. Stig Roar er ein levande keeperlegende i lokalfotballen. Han har vakta buret for Vik i to tiår, han har vore innom Sogndal, er ein berykta mann på mange bortearenaer og har nesten ikkje sleppt inn mål i 4. divisjon i årets sesong. Storebroren til Stig Roar, Robert, er ein av det sterkaste høgrekantane me har sett i lokalfotballen. Han er kompromisslaus som få. Han er også ein dyktig mann på sidelinja, og blei kåra til årets trenar i aldersbestemt fotball under fotballtinget i Førde i fjor.
I den femte utgåva av fotballpodkasten Radl om badl har me nok ein gong ei krutsterk gjesteliste, då me har fått med oss landslagets stopparduo Even Hovland (28) og Gustav Valsvik (23) i studio. Her snakkar me om opprykkskamp i Tyskland, Hovland si fotballframtid, same mann sitt prøvespel i Manchester United, landslaget og – ikkje minst – om då den 15 år unge prøvespelaren Gustav Valsvik nekta å gå i midten under firkantspel på La Manga. Mannen han "diskuterte" med: Den 23 år eldre klubblegenda Håvard Flo.
I den fjerde utgåva av Radl om badl får du vita kvifor Rosenborg-legenden Roar Strand berre fekk 25 minutt på bana før han måtte bytast ut i 8-delsfinalen mot Italia i VM 98. Håvard Flo lettar på sløret og snakkar ut om då han vart kåra til årets mest sexy fotballspelar, kvifor han har mareritt om Harald Aabrekk og ikkje minst, sine vanar om å forvilla seg inn i profesjonelle sykkelritt. Etter ein tung start på sesongen, står Sogndal no med sju poeng på dei siste tre kampane. Skjeldestad uttalar seg om oppturen, kampen mot Brann på laurdag og kva Sogndal har til felles med Atletico Madrid og Chelsea.
Sogndal-legende Tommy Øren og Sogndal-kaptein Henrik Furebotn er gjester i den tredje episoden om Radl om badl.
Til helga er det sesongstart i lokalfotballen. Med oss har me to karar det luftar svidd av. Høyr herlege historiar med Årdal FK-trenar Ivan Øy og Kaupanger-trenar Øystein Lindesteg Rinde.
Høyr Sogndal-trenar Eirik Bakke fortelja om dei elleville historiene frå profflivet i England, og mykje meir snadder i Sogn Avis sin aller første fotballpodkast.