Stao no Pao

Follow Stao no Pao
Share on
Copy link to clipboard

Stao no Pao er ein podkast produsert i samarbeid mellom Sogndal Fotball og Saftkokaradn. Dette er podkasten om Sogndal Fotball frå breidde til A-lag. Den perfekte podkasten for deg som likar å følgje Sogndal Fotball og for deg som har interesse for meir enn berre A-laget. Sogndal FK Damer vil også vere blant innhaldet i enkelte episodar.

Martin Salbu


    • Jan 31, 2024 LATEST EPISODE
    • infrequent NEW EPISODES
    • 41m AVG DURATION
    • 52 EPISODES


    Search for episodes from Stao no Pao with a specific topic:

    Latest episodes from Stao no Pao

    S3 E1 Terje Skjeldestad

    Play Episode Listen Later Jan 31, 2024 44:12


    Sportssjef Terje Skjeldestad har vore gjest i podkasten vår, og prata om spelarlogistikk inn mot 2024-sesongen. Han har også svara på alle spørsmåla frå lyttarane om mange varierte tema. Alt frå spelarlogistikk med spelarar inn og ut til ambisjonen for 2024-sesongen blir prata om.

    S2 E14 Martin Natvig

    Play Episode Listen Later Dec 5, 2023 31:28


    Martin Natvig har vore gjest i den nyaste episoden av podkasten. Her fortel han om alt frå si eiga fotballkarriere til tida i Sogndal Fotball og den nye jobben som hovudtrenar for Sogndal FK Damer frå 2024. Han har dei siste 3 åra jobba i utviklingsavdelinga til Sogndal Fotball, men skal frå og med 2024 vera hovudtrenar for Sogndal FK!

    S2 E12 Tommy Øren

    Play Episode Listen Later Nov 2, 2023 75:09


    Tommy Øren er på besøk i studio. Han fortel om karriera si og om rolla si i klubben i dag. Høyr detaljar frå kampen mot Vålerenga i 2000 og om opprykket i 2010. Skaden han fekk i 2001 er også tema. I tillegg kan du høyra meir om NG19 sin siger mot Vålerenga og mykje meir!

    skaden
    S2 E11 Julie Slattum Pettersen

    Play Episode Listen Later Oct 12, 2023 34:13


    Endeleg ny episode, og denne gangen er det Julie Slattum Pettersen frå Sogndal FK Damer som er gjest! Angrepsspelaren fortel om karriera til no, kvifor ho valgte Sogndal, kva lag ho heiar på og mykje anna! STAO NO PAO!

    S2 E10 Sondre Holmlund Ørjasæter

    Play Episode Listen Later Aug 17, 2023 46:44


    Sondre Holmlund Ørjasæter er gjest i den nyaste episoden av podkasten! Bli betre kjend med Sondre når han fortel om tida før Sogndal, årets sesng og svara på lyttarspørsmål!

    S2 E9 Andreas Hoven

    Play Episode Listen Later Jul 7, 2023 51:36


    Andreas Hoven er månadens spelar i juni kåra av Saftkokaradn. Her gjestar han podkaststudio og fortel om karriera si, tida i Sogndal, årets sesong og mykje meir. Du får også høyra korleis Martin Ødegaard, Trent Alexander Arnold og Mason Mount høyrer heima i denne episoden. God lytting!

    S2 E8 Geir Inge Heggestad

    Play Episode Listen Later May 11, 2023 34:15


    Geir Inge Heggestad er arrangementsansvarleg i klubben og fortel om Stooka-festivalen, kampdagsarrangementa med 16. mai i fokus og litt om status for Lerum Cup! Det kjem også eit par gode historiar frå tida hans i klubben. Me er også innom dei to episodane med hjartestans på Fosshaugane og litt om rolla til Geir Inge på landslaget.

    S2 E7 Maia Lindesteg Øen og Emma Sæbø

    Play Episode Listen Later May 5, 2023 28:51


    Denne veka har me besøk av to spelarar frå Sogndal FK Damer, Maia Lindesteg Øen og Emma Sæbø. Dei fortel litt om seg sjølv, litt om den imponerande 2022-sesongen og om kampane i årets sesong. Fristen for å melda seg på borteturen til Åsane er 7. mai. Påmeldingsinformasjon finn du på sogndalfotball.no eller saftkokaradn.no. For å vera med i trekninga av 2 kinobillettar til filen: Birk og Magna - Gruvens mørke hemmelighet må du finna innlegget om denne podkastepisoden på Facebook-sida til Sogndal Fotball og kommentere "kinobillett".

    S2 E6 Kasper Skaanes

    Play Episode Listen Later Apr 20, 2023 37:36


    Her får du moglegheiten til å bli betre kjend med Kasper Skaanes! Kasper signerte før denne sesongen og har no vore i klubben i litt over 1 månad. Her får du vita alt i frå kva spelartype han er til kva han synst om firkantfar!

    S2 E5 Håvard Flo om overgangsvindauget

    Play Episode Listen Later Mar 30, 2023 36:31


    Me er tilbake etter nokre veker pause, og denne veka er det Håvard Flo som er gjest! Han fortel om rolla si i klubben og om korleis han jobbar for å kjøpe og selge spelarar. Han fortel også om overgangsvindauget 2023 og fortel om planane for troppen vidare. Til slutt fekk me tid til eit par gode historiar.

    S2 E4 Tore André Flo

    Play Episode Listen Later Mar 2, 2023 31:00


    I denne episoden er det Tore André Flo som er gjest. Han fortel om sesongoppkøyringa, treningsleiren i Spania og treningskampane. Du kan også høyra kva han tenker om cupkampen mot Lillestrøm 12. mars og kva førebuingar laget har gjort før den. Me snakkar også litt om sesongen 2023 og svarar på spørsmåla som har vorte sendt inn av lyttarane. 

    S2 E3 Supporterkoordinator Therese Langeland

    Play Episode Listen Later Feb 16, 2023 29:58


    Supporterkoordinator i Sogndal Fotball, Therese Langeland, er på besøk i denne episoden av Stao no Pao podkasten. Ho fortel om kva ein supporterkoordinator er, kva oppgåver ho har og litt om dei rollene ho har. Me snakkar også litt om det siste nye i klubben som nysigneringen Martin Andre Sjølstad, landslaguttak for fleire av våre unge og treningsleiren.

    S2 E2 Terje Teigen og marknadsavdelinga

    Play Episode Listen Later Feb 3, 2023 40:20


    Terje Teigen er gjest i den fyrste episoden i nytt studio. Episoden er for fyrst gong tilgjengeleg som videopodkast i tillegg til den ordinere lydpodkasten. Her kan du høyra om korleis marknadsavdelinga klarte seg i 2022 og om planar og tankar om 2023. Få eit innblikk i korleis kvardagen er for Terje og korleis denne viktige delen av klubben vert drifta.

    S2 E1 Ny sesong

    Play Episode Listen Later Jan 26, 2023 33:04


    Årets fyrste episode og det er klart for ein ny sesong med Stao no Pao-podkasten. Martin og Sondre er tilbake i studio og introduserer året med å gå igjennom det siste nye rundt klubben. Ny spelar, kamp mot Florø, oppkjøringa og terminlista. I tillegg svarar me på spørsmål frå lyttarane.

    S1 E37 Årets siste

    Play Episode Listen Later Dec 7, 2022 28:49


    Årets siste episode med Sondre og Martin. Tilbakeblikk på året med podkasten og avslutning av denne sesongen. God jul og godt nyttår til alle lyttarar! Me høyrest igjen i 2023!

    S1 E36 Sesongoppsummering med Fykse, Krosshaug og Natvig

    Play Episode Listen Later Nov 24, 2022 55:16


    Nok ein sesongoppsummering. Denne gong med utviklingsavdelinga til Sogndal. Utviklingsansvarleg Erling Ola Fykse, Sogndal 2 trenar Nils Tore Krosshaug og trenar Martin Natvig er vekas gjestar. Her får du ein oppsummering av sesongen for G16, G18 og Sogndal 2. Dei har også nokre tankar om neste sesong.

    S1 E35 Sesongoppsummering med Tore André og Per Egil Flo

    Play Episode Listen Later Nov 17, 2022 104:42


    I denne episoden fekk me besøk av Tore André og Per Egil Flo. Me gjekk igjennom den fyrste sesongen med Tore André som hovudtrenar frå start til slutt. Høyr kva både han og Per Egil tenker om dei ulike høgdepunkta og dei tunge periodane. Me snakkar også mykje om kva som skal skje til neste år og kva tankar og forventningar dei har til neste sesong.

    S1 E34 Sesongoppsummering med Robert og Kristine Hovland

    Play Episode Listen Later Nov 10, 2022 112:34


    Ein lang og god episode med trenar Robert Hovland og kaptein Kristine Hovland. Her får du ein fullstendig og grundig sesongoppsummering med alt du treng å vita om 2022-sesongen til Sogndal FK Damer! Du får sjansen til å bli betre kjend med Kristine. Robert og Kristine delar sine tankar om enkeltkampane gjennom sesongen og korleis heile sesongen har vore. Sett av to timar og kos deg med vår lengste episode til no!

    S1 E33 Vidar Vadseth

    Play Episode Listen Later Oct 27, 2022 81:48


    Denne veka har Martin og Sondre besøk av Øyvind Heimset Larsen og Vidar Vadseth. Ein lang og god prat om Vidar, litt historie for Saftkokaradn, NSA og aktuelle saker pluss mykje meir.

    S1 E32 Opprykk for Sogndal 2

    Play Episode Listen Later Oct 20, 2022 23:56


    Øyvind Heimset Larsen er vikar for Sondre. Me snakkar om opprykket til Sogndal 2 og dramatikken i kretsligaen, Sogndal sin kamp mot Grorud og andre aktuelle ting. Ein litt kortare episode innimellom fleire lange og innhaldsrike.

    S1 E31 Sebastian Kaldestad

    Play Episode Listen Later Oct 13, 2022 84:21


    Den lengste episoden i podkasten til no. Sebastian Kaldestad, dagleg leiar og sportsleg leiar i Sogndal FK Damer er vekas gjest. I denne episoden kan du bli betre kjend med han og arbeidsoppgåvene hans, alle dei ulike rollene han har hatt innan fotballen og korleis han enda opp i Sogndal FK Damer. Me snakka også mykje om den imponerande sesongen dei har hatt, og oppsummerte sesongen opp mot måla ein hadde satt seg. Me snakka også mykje om klubbdrift generelt og korleis Sogndal FK Damer skal byggja stein for stein i den vidare satsinga på damefotballen i Sogn. Sjekk den ut!

    S1 E30 Månadens spelar: Daniel Gjerde Sætren

    Play Episode Listen Later Oct 6, 2022 73:04


    Vekas gjest er månadens spelar for september, Daniel Gjerde Sætren. Den 16 år gamle keeperen har overteke plassen til ein skada Renze Fij og levert varene godt. Spesielt 2-0 kampen var eit høgdepunkt, og i denne episoden kan du høyre Daniel fortelje om nervene og korleis kampen gjekk. Du får også innsyn i kvardagen med fotball og skule, livet som landslagsspelar, og sesongen Daniel har hatt. Ein lang og god episode med mykje prat om interessante tema.

    S1 E29 Johan Flo

    Play Episode Listen Later Sep 22, 2022 36:03


    Vekas gjest var Johan Flo, son av Tore André, og ein del av medieavdelinga til klubben. Han har hovudansvar for plattformane Facebook, Instagram og TikTok og fortel litt om rolla hans i klubben. I tillegg har han mykje å finne på utanom jobb og spelar blandt anna fotball for Fjøra. Du får også litt inside om korleis Tore André er i heimen, og om perioden når det vart klart at han skulle overta hovudtrenaransvaret i Sogndal. I tillegg kan du høyre den vanlege oppdateringen på alle dei ulike laga. Til slutt snakka med om allmøte som vart arrangert og om nokre av tinga det vart snakka om der. Grundigare referat kjem.

    S1 E28 Andrea Henjesand

    Play Episode Listen Later Sep 15, 2022 33:42


    Denne veka fekk me besøk av Sogndal FK damer sin kaptein, Andrea Henjesand. Ho fekk dessverre ein stygg skade i bortekampen mot Frigg, og er ute resten av sesongen. Me snakka litt om kva som skjedde og korleis det går med ho no. Du kan også høyra om vegen hennar frå Syril via Kaupanger og til å vere ei viktig brikka i den nyaste satsinga på damefotballen i Sogn. I tillegg snakka me om sesongen som har vore, og om dei siste kampane som kjem denne sesongen.

    S1 E27 Oppdatering på alle dei ulike laga og siste overgangsdag i Norge!

    Play Episode Listen Later Sep 1, 2022 28:29


    Ein ny episode med oppdatering på alle dei ulike laga. I tillegg til ein liten oversikt og oppsummering av overgangsvindauge som no er avslutta.

    S1 E26 Tonje Norheim Tangerud om juniorsvingen

    Play Episode Listen Later Aug 25, 2022 41:13


    I denne episoden hadde me besøk av Tonje Norheim Tangerud. I tillegg var Geir Marcus tilbake etter ei stund med jobb og skule. Me snakka om juniorsvingen og dei ulike verva til Tonje. I tillegg tok me ein grundig oppsummering av publikumsfesten mot Brann og kampen som dessverre enda med tap. Me snakka også om den neste kampen mot Fredrikstad, Sogndal 2 sin kamp mot Stryn og Sogndal 2 sin neste kamp mot Fjøra. Me var også innom både G16 nasjonal og G18 nasjonal. I tillegg snakka me om Sogndal FK damer som vann sin forrige kamp, og toppkampen mot Grei på laurdag. Vekas episode er med andre ord ein god måte å halde seg oppdatert på alle laga rundt Sogndal!

    S1 E25 Månadens spelar: Emanuel Grønner

    Play Episode Listen Later Aug 18, 2022 48:15


    Månadens spelar for juli, Emanuel Grønner, er vekas gjest! Han fortel om karriera, vegen til Sogndal og sesongen til no. Me fekk også svar på kva han synst om Bergen og me snakka om kampane hans i juli. Den førte til 6 mål og 1 målgjevande der mesteparten av måla kom mot "oslolag". Det røper han også at han var ekstra nøgd med. Du får også høyra litt frå garderoben og om ambisjonane hans som fotballspelar. Til slutt ga me han nokre dilemma som han svarte på. Enjoy!

    S1 E24 Nye signeringar, statusrapport, Brannkampen og meir

    Play Episode Listen Later Aug 11, 2022 35:28


    Øyvind Heimset Larsen var i denne episoden med som vikar. Her får du ein statusrapport for Sogndal, Sogndal FK og Sogndal 2. Me snakka også om dei kommande kampane for Sogndal inkudert lokaloppgjeret mot Brann 20. august. Du får også ein rapport på dei siste overgangane rundt Sogndal. Kryger og Blårud har gått ut, Isaac Twum og Alejandro Diaz har kome inn. 

    S1 E23 Jørgen Johnsen

    Play Episode Listen Later Aug 4, 2022 37:59


    Denne veka fekk me besøk av Jørgen Johnsen. Han fortel om vegen frå Nøtterøy til Sogndal via både Strømsgodset og Vålerenga. Han fortel også om korleis kvardagen som andrekeeper er og om planane for framtida. Høyr også eit par historiar frå tida på aldersbestemte landslag og frå garderoben i Sogndal!

    S1 E22 Månadens spelar: Jónatan Jónsson

    Play Episode Listen Later Jul 28, 2022 52:26


    Månadens spelar for mai, Jonatan Jonsson, var denne vekas gjest. Her fortel han om karriera, korleis han enda opp i Sogndal, om sesongen til no og mykje anna.

    S1 E21 Renze Fij

    Play Episode Listen Later Jul 21, 2022 57:15


    Denne veka var Renze Fij på besøk i studio. Her får du nesten ein heil time med prat om karriera hans, sesongen til no, kampane i juni og mykje meir.

    S1 E20 Spesialepisode: Håvard Hetle

    Play Episode Listen Later Jul 5, 2022 40:47


    I denne episoden er Håvard Hetle på besøk i Stao no Pao podkasten. Han fortel her om si historie, og intervjuet vert gjort av dagleg leiar i Sogndal Fotball, Lars-Olav Hausberg og Rune Timberlid.

    S1 E19 Månadens spelar og siste oppdatering på Sogndal 2 og Sogndal FK

    Play Episode Listen Later Jun 16, 2022 26:32


    I denne episoden får du eit lite intervju med Jonatan Ingi Jonsson som har vorte kåra til månadens spelar for mai. Me tek også ein oppdatering på dei siste kampane til Sogndal 2 og Sogndal FK. Du kan høyra siste nytt om dei neste borteturane og ein oppsummering av sesongen til Sogndal til no.

    S1 E18 Robert Hovland og Sogndal FK

    Play Episode Listen Later Jun 9, 2022 31:07


    I denne episoden fekk me besøk av Robert Hovland. Me vart litt betre kjent med han, snakka om opprettinga av den nye klubben, korleis sesongstarten har vore og litt om kva som skal skje framover.

    S1 E17 Oppdatering på dei siste kampane til Sogndal, Sogndal FK og Sogndal 2

    Play Episode Listen Later Jun 2, 2022 32:15


    Denne episoden tok Sondre og Martin ein oppdatering på dei siste kampane til Sogndal, Sogndal FK og Sogndal 2. Du får også ein liten skadeoppdatering og ellers siste nytt!

    S1 E16 Eirik Bakke om karriera og tida i Sogndal

    Play Episode Listen Later May 26, 2022 78:59


    Den lengste episoden til no. Denne veka fekk me besøk av Eirik Bakke i studio. Me tok ein lang prat om alt i frå spelarkarriera hans, heile trenarperioden og kva som skjer framover for Eirik. Me er innom alt i frå historiar frå karriera hans som spelar og kva erfaringar han har fått som trenar til tankar om åra han har hatt i klubben og framtida. Du kan også høyra litt om dei framtidige generasjonane Bakke med Johan og Mia. Denne er det verdt å få med seg!

    S1 E15 Bortekamp mot KFUM og Start og opning av Fjøra Pub

    Play Episode Listen Later May 19, 2022 21:38


    I denne episoden tek me ein oppdatering på veka som har gått. To bortekampar mot KFUM for Sogndal FK damer og Start for Sogndal. I tillegg har det no vore opning for den nye puben i Sogndal!

    S1 E14 Månadens spelar for april: Andreas van der Spa

    Play Episode Listen Later May 12, 2022 44:00


    I denne episoden fekk me besøk av Andreas van der Spa i studio. Han har nyleg vorte kåra til månandens spelar av Saftkokaradn og fekk utdelt ein liten premie. Her kan du høyra om Andreas si karriere fram til i dag, korleis han opplevde overgangen frå Øygarden til Sogndal, korleis det var på utlån i Arendal og kva som endra seg fram til i dag. Du får og høyre om mykje frå garderoben og korleis Andreas trivst utanfor bana. Han røper også sitt personlege mål for sesongen. Denne bør sjekkast ut!

    S1 E13 Bortekampen mot Brann og Sogndal FK damer sin serieopning

    Play Episode Listen Later May 5, 2022 28:47


    I denne episoden tok Martin, Sondre og Geir Marcus ein prat om bortekampen mot Brann, den fantastiske stemninga på kampen og serieopninga til Sogndal FK damer. Du kan også høyra klipp frå stemninga på Brann stadion og ein oppsummering av runde 4 i OBOS-ligaen.

    S1 E12 Oppsummering av forrige kamp og runden og tankar om storkampen i Bergen

    Play Episode Listen Later Apr 21, 2022 29:06


    I denne episoden gjekk me nok ein gong igjennom vår forrige kamp som enda med seier mot Bryne. Me oppsummerte og resten av OBOS-runden, og snakka om storkampen som kjem på laurdag. I tillegg tok me ein liten statusrapport på troppen og korleis det går med dei som er ute med skade.

    S1 E11 OBOS-ligaen runde 2 og viktig info før Brannkampen m/Sindre Myrvang

    Play Episode Listen Later Apr 14, 2022 35:39


    I denne episoden hadde me besøk av Sindre T. Myrvang. Me snakka om bortekampen mot Stabæk, den andre runden i OBOS-ligaen, Bryne-kampen som kjem på tirsdag og Brann-kampen på laurdag. Sindre har og ein del viktig informasjon i forkant av den kampen som du bør få med deg! God påske!

    S1 E10 3 poeng i serieopninga og anna nytt

    Play Episode Listen Later Apr 7, 2022 30:47


    I denne episoden kan du høyra om vår fyrste kamp denne sesongen. Me vann 2-0 mot Raufoss og fekk ein god start på sesongen. Me snakka også om dei andre kampane i den fyrste OBOS-runden, neste serierunde og bortekamp mot Stabæk, den forrige kampen til Sogndal G18 nasjonal og Sogndal FK damer. 

    S1 E9 Tore André Flo om karriera, 2022 og mykje mykje meir

    Play Episode Listen Later Mar 31, 2022 67:52


    Den lengste og mest innhaldsrike episoden til no. Var det filming når Norge fekk straffe mot Brasil i 98? Kva var den tøffaste perioden i karriera til Tore André Flo? Og er laget i rute før seriestart? Alt dette og mykje mykje meir kan du høyra når me fekk Tore André Flo på besøk i studio. Det vart ein lang og fin prat om heile karriera hans, kva han har gjort etter karriera, korleis han vart Sogndaltrenar og kva han vil gjere for å lukkast som hovudtrenar for Sogndal. Denne bør du sjekke ut!

    S1 E8 Besøk av Endre Kupen

    Play Episode Listen Later Mar 24, 2022 28:35


    I denne veka fekk me besøk av Endre Kupen i studio. Gjennom episoden kan du høyra litt om karriera til Endre, korleis status er for han no og kva tankar han har om 2022-sesongen. Han har blandt anna større tru på oss enn Brann, og målet er klinkande klart: opprykk!

    S1 E7 To nye treningskampar og oppdatering på nyheiter rundt Sogndal Fotball

    Play Episode Listen Later Mar 17, 2022 17:49


    I denne episoden var Martin, Sondre og Geir Marcus samla alle tre for fyrste gong. Det vart ein god prat om dei to siste treningskampane mot Vålerenga og Aalesund. I tillegg kan du høyre ein liten oppdatering på G18 nasjonal og Sogndal FK damer sine siste kampar. Det kjem også litt informasjon om kva som skjer dei neste vekene.

    S1 E6 Treningskamp mot Førde og Stryn, ny signering og resten av pre-season

    Play Episode Listen Later Mar 10, 2022 22:04


    I denne episoden tok Martin og Sondre ein liten prat om dei to siste treningskampane mot Førde og Stryn. Du kan også høyra tankar om vår nye spiss, korleis pre-season har vore so langt og korleis resten av pre-season blir for gutta våre.

    S1 E5 Erling Ola Fykse og utviklingsavdelinga

    Play Episode Listen Later Mar 3, 2022 26:45


    Denne veka var Sondre Bremer fortsatt vikar for Geir Marcus. Han og Martin fekk besøk av Erling Ola Fykse frå utviklingsavdelinga til Sogndal Fotball. Gjennom ein informerande og opplysande prat får du høyre mykje om fotballivet til Erling Ola, og om utviklingsavdelinga i klubben. Her får du eit innblikk i korleis dei jobbar i kvardagen og kva utviklingavdelinga består av.

    S1 E4 Oppsummering av treningsleir og Sogndal FK damer sin fyrste kamp m/Sondre Bremer

    Play Episode Listen Later Feb 24, 2022 21:42


    Denne veka fekk Martin besøk av Sondre Bremer som vikar for Geir Marcus. Dei hadde ein god prat om Sogndal sin kamp mot Strømsgodset, oppsummering av treningsleiren, den neste treningskampen mot Aalesund, Sogndal FK damer sin fyrste offisielle kamp og sesongen deira.

    S1 E3 Terje Teigen og marknadsavdelinga

    Play Episode Listen Later Feb 17, 2022 30:24


    I denne vekas episode har me fått besøk av Terje Teigen i marknadsavdelinga til Sogndal Fotball. Fyrst kan du høyra Martin og Geir Marcus sine tankar om treningskampen mot Kongsvinger. Når Terje kom på besøk til studio hadde me ein god prat om marknadsavdelinga i Sogndal Fotball og kva roller Terje har i klubben.

    S1 E2 Øyvind Heimset Larsen og Saftkokaradn

    Play Episode Listen Later Feb 10, 2022 19:23


    Episode 2 av Sogndal Fotball og Saftkokaradn sin podkast. I denne episoden fekk me besøk av vår fyrste gjest, Øyvind Heimet Larsen, leiar for Saftkokaradn. Me snakka om korleis status er for Saftkokaradn i dag, litt om korleis laget ligg an, kva som skal skje i 2022 og mykje meir. Du får også moglegheiten til å bli betre kjend med Øyvind gjennom ein god fotballprat.

    S1 E1 Fyrste treningskamp og treningsleir på Marbella

    Play Episode Listen Later Feb 1, 2022 13:03


    Den fyrste episoden av podkasten er klar! Du kan høyra om den fyrste treningskampen mot Hødd, kva Tore André tenker om kampen og om dei nye spelarane og litt om treningsleiren på Marbella.

    Claim Stao no Pao

    In order to claim this podcast we'll send an email to with a verification link. Simply click the link and you will be able to edit tags, request a refresh, and other features to take control of your podcast page!

    Claim Cancel