Pål og Ane er utdannet skuespillere, men skjems over hvor få filmklassikere de har sett. Det skal de gjøre noe med! I denne podcasten skal de se intet mindre enn ALLE filmklassikere og diskutere dem etterpå. Det blir noen aha-øyeblikk, tidvis snorking, iblant uvennskap, men de blir i det minste lit…
Ein julespesial til alle med knuste hjarter.
Kven er han derre Grinchen alle snakkar om i amerikanske TV-seriar? Vi går til kjerna - teiknefilmen frå 1966 - for å finne ut av det.
Det er straks 20 (!) år sidan denne norske julefilmen såg dagens lys, og Barmen og Bakken sjekkar stoda. Har han haldt seg? Og er Ane så god i stavangersk som ho opplever sjølv?
Ein gammal og god norsk julefilm frå 1940 med sure tanter, eldgamle konfirmantar og snappy bestefedre. Pål har gløymt slutten og Ane ynskjer seg remake.
Sir Sean Connery har forlate oss, og vi heidrar hans minne ved å sjå den aller fyrste Bondfilmen. Ane er i sorg over å ha mista sin imaginære Hollywoodektemann, medan Pål er mest oppteken av dusjscena.
Vi har sett den store norske husmorkomedien frå 1959. "Støv på hjernen" byr på kjærleik, forviklingar, sjukeleg vasking og ei ung og fresh Wenche Foss.
Orson Wells´meisterverk, og verdas visstnok beste film, skal analyserast. Det blir ugrei stemning.
Vi er tilbake, og feirar med å sjå det som er rekna som verdas dårlegaste film: "Plan 9 fra det ytre rom". Romvesen i glinsedrakt, gravsteinar av papp og ikkje ein einaste velskriven replikk: det borgar for ironisk kjærleik. Eller?
Vi sit framleis i isolasjon, Pål er frustrert over systekånene, og Ane frårådar ein serie ho ikkje veit kva er.
Vi elskar Liv Ullmann. Vi føler ikkje heilt det same for Kristin.
Alle sit heime i isolasjon, så Barmen og Bakken kjem med sine beste film- og serietips som får tida til å gå.
Julespesial! Dette er filmen som vekste på oss med åra og som kickstarta Pål si røykekarriere. Her er det altså mykje fint å ta med seg.
Den norske Wam og Vennerød-klassikeren frå 1976 er - som forventa - eit paradis for ikoniske-replikkar-frå-norsk-film-entusiastar - men held resten av filmen mål i dag? Bonus: ei kort innføring i nordfjordske adjektivsbøyingsmønster.
Vår fyrste musikal! Pål syns Wikipedia er knallbra på å recappe, og Ane må innsjå at ho ikkje er eit musikalmenneske.
Ein verkeleg klassiker skal vurderast, og vi skjønar pinadet ikkje greia.
Olsenbanden fyller 50 år, og vi klaskar til og gjev filmserien eit nytt forsøk - etter sterk oppfordring frå fansen.
High school-filmen über alles skal under lupa. Hallo, Brat pack, dansemontasjer og samanteipa rumpekjakar!
Vi opnar ny sesong med ein samisk klassiker. Vi er forelska i Mikkel Gaup, Pål har ein beef med komponisten og Ane leverer tidenes freudianske glipp.
Spesialepisode: Vi har fått besøk av filmeksperten Brita Møystad Engseth! Ho forklarar oss kvifor Rambo er verdas viktigaste antikrigsfilm, kvifor ho gjev Titanic terningkast 5 og kvifor Die Hard burde vere på lista vår. Vi blei cirka 100% smartare. Lytt, le og bli lur, du også!
Vi elskar cirka alt unntatt den norske tittelen. Obs: vi beklagar dårleg lyd i denne episoden. Skru opp og hald ut!
Eyelineren til Johnny, kjeven til Keira og animerte sjørøverlik: har det holdt seg?
Pål elskar Olsenbanden. Det gjer ikkje Ane. Det blir mildt sagt dårleg stemning.
Vi forstår ikkje stort, men èin ting er Pål sikker på: Clintern er homo
Tidenes norske kalkun skal under lupa. Er den så krise som alle skal ha det til? Eller har Aune Sand rett i at den kjennast som "en ungpike som elsker for første gang"?
Sesong 3! Champagne! Hurrarop! Og Pål klagar nesten ikkje over at filmen er lang!
Vi oppsummerar sesong 2: Kva filmar var best? Kva nye referansar har vi lært? Og er det eigentleg greitt å ha med seg høgtalar på stranda?
Sesongavslutning! Den store norske feministfilmen frå 1975 skal analyserast, men både ein og to kamelar må svelgast når terningen blir kasta.
Maskulin mannemann leikar krig i skogen, men må han gjere det med panneband på?
Vårt fyrste møte med ein Wam og Vennerød-film blir djupt forvirrande og ganske kaotisk. Litt som livet sjølv, der altså.
Pål taklar sin fyrste svart-kvitt-film, men berre fordi den er i fargar det meste av tida. Bonus: Barmen og Bakkens interiørtips
Ein av dei mest bejubla norske filmane gjennom tidene skal gjennom Barmen og Bakken-kverna, og Henny Moan inspirerer til namneval på våre framtidige barn.
Kan ein tilgje Richard Gere at han kjøper Julia Roberts i ei veke? Og fun fact: Julia kjem opprinneleg frå ein norsk sørlandsby. Trur vi.
Pål toler ikkje skrekkfilmar, og bryna til Jack Nicholson er det nifsaste av alt.
Ane er nervøs for å få Pål sin dom over hennar Titanic. Hadde han the time of his life?
Ein catchy temasong og Leif Juster i storform - blir det påskekos av sånt?
Ane ammer på fulltid, så Pål oppsummerer sesong 1 med vikar.
Kultklassikeren alle kule folk elsker. Vi er muligens ikke så kule som vi trodde.
Pål lot seg ikkje friste ut av skapet av nittitallets svar på Evak, og Ane vil amme Johan Hult.
Den korteste filmen med den desidert mest kompliserte handlingen. Ane prøver å gjenfortelle, og Pål kjeder seg.
Et slimete romvesen som peser mer enn bikkja til Ane: like gripende nå som i 1982?
Hva er dette hjerteskjærende valget alle griner av, og er det verdt å bruke to og en halv time på det?
Vi går løs på de to største norske julefavorittene: Tre nøtter til Askepott og Reisen til Julestjernen. Er prinsen like kjekk, greven like slesk og stemorshatten like gyselig som i fjor?
Venneskapet trues da Ane ikke lenger er like blendet av Leonardo DiCaprio som Pål.