Diakonalgang

Follow Diakonalgang
Share on
Copy link to clipboard

Eilev og Ivar har vore diakonar i Den Norske Kyrkja i over sytti år. No går Ivar av etter 43 år i Sauherad. I denne podkast-serien reflekterer dei to diakonane over kva diakoni er, om utfordringar ved å leie det kyrkjelege omsorgsarbeidet , men ikkje minst om glede: «Det er rein nåde å få lov å ver…

Eilev Erikstein


    • Feb 8, 2025 LATEST EPISODE
    • monthly NEW EPISODES
    • 30m AVG DURATION
    • 27 EPISODES


    Search for episodes from Diakonalgang with a specific topic:

    Latest episodes from Diakonalgang

    SIRI 2.0

    Play Episode Listen Later Feb 8, 2025 30:56


    For eit år sidan var Siri SeltveitDanielsen (39) frå Rauland med i denne serien. Då handla det om at ho var nyvigsla diakon i Skien kyrkjelege fellesråd.Sist haust oppdaga ho ein kul på halsen.Det synte seg å vera kreft. Behandlinga gjekk bra ho er no frisk.-Eg valde  å vera mest mogleg opne om sjukdomen. For ein munnleg « bearbeidar» som meg, funka det godt. No er det Siri 2.0.

    PROSTIDIAKONMØTE

    Play Episode Listen Later Jan 7, 2025 32:56


    Prostidiakonar er noko for seg sjølve, men gjer likevel mest som andre diakonar.  Likevel i større område, og med litt fleire sokn og stabar å samarbeide med. I denne episoden er det Atle Eikeland (62) prostidiakon i Søndre Follo prosti dei siste åtte år som fortel om gleder og sorger i teneste, og korleis diakonien kan hindre ein i kynisme.

    FRÅ DIAKONFORBUND TIL SPIR

    Play Episode Listen Later Dec 4, 2024 29:12


    Det vert skrive diakonihistorie om dagen. Det gamle Norske Diakonforbund (DNDF) , stifta i 1915, slår seg saman med med Presteforeininga (PF) og Kirkelig Undervisningsforbund ( KUFO) til Spir. Frå 1 januar 2025 er Diakonforbundet er DNDF historie. I denne Diakonalgangen fortel leiar for Diakonforbundet Asbjørg Sagstad ( 66) om sine tankar om samanslåinga, om gleder, sorger og utfordringar.

    spir sagstad
    DIAKONI ER HÅP

    Play Episode Listen Later Oct 30, 2024 43:20


    Møt Per Emanuelsen (72). Han var landets fyrste prostidiakon. I Vest- Telemark i 1985. Seinare starta han same type stilling i Otredalen og Aust- Nednes. Truleg var Per født diakon, men den formelle sjukepleier og diakonutdanninga fekk han på Diakonhjemmet. Per har hatt spesielle evner som ein kreativ og nyskapande diakon. Få trudde at slike stillingar kunne fungere.   Den raude tråden i diakoniarbeidet er relasjonar. Diakoni er håp, seier han i denne samtala. Norsk diakoni har mykje å takke denne nyskapande og uredde tenaren.

    norsk diakonhjemmet
    OM BRØYTESTIKKER OG DIAKONI

    Play Episode Listen Later Oct 9, 2024 20:10


    Eg vert jamt litt lei når dei raude brøytestikkene kjem på plass. Då er det haust. Samstundes veit eg og at eg kjem til å vera takksame ein blåsande vinterdag, til dei som sette opp desse stikkene, og som berga meg frå å køyre ut. Velkomen til denne utgåva av Diakonalgang, som snakkar litt om brøytestikker, men mest om gleda i diakonien.

    om br samstundes velkomen
    Å FÅ VERA SEG SJØLV I FELLESKAPEN

    Play Episode Listen Later Jul 17, 2024 20:09


    Konfirmantopplegget Ønsket og Elsket i Øvre Telemark prosti har mange engasjerte leiarar. Ei av dei er Tone Susanne Kvasjord (26) frå Fyresdal. VG sitt Helgemagasin vigde nett seks sider til Tone Susanne sin veg mot nye mål.  Ved sida av vera ein aktiv Senterungdom er ho og leiar i Ungdomsrådet i Agder og Telemark Bispedøme. Gjennom hjelp frå Rehabiliteringssenteret AIR i Rauland har ho funne ny tryggleik. Samstundes takkar ho også Ønsket og Elsket: «Der finner jeg den største gleden. Hva handler det om? Få være meg selv og være en del av felleskapet.»

    MED PILEGRIM PÅ TIMEPLANEN

    Play Episode Listen Later Jun 18, 2024 30:59


    - Pilegrim er ein metafor og metode for livsmeistring, seier lærar ved Kvitsund Gymnas Hamish Moor. Sidan 2018 har pilegrim stått på timeplanen ved skulen i Kviteseid. Gjennom tre år får går elevane vestover mot Røldal. Kvart år har sine ulike tema. Fyrste året handlar det om bli kjend og bygge felleskap, andre året om å tole livet, medan tredje året handlar om framtida og livet etter Kvitsund.

    Å ARBEIDE MED DØDEN GJER EIN MEIR GLAD I LIVET

    Play Episode Listen Later May 16, 2024 31:15


    Det er ei diakonal glede er å ha mange gode folk å samarbeide med. Det minkar og einsemda i jobben, og sikrar betre kvalitet. I denne utgåva av Diakonalgang møter de Silje Merete Småbrekke, kreftkontakt i Tokke i Vest- Telemark som fortel om sitt arbeid og kor viktig tverrfagleg samarbeid for å gjera avslutninga på livet beste mogleg.

    Å KOME HEIM- Diakonalgang nummer 19

    Play Episode Listen Later Mar 27, 2024 29:03


    I denne utgåva av Diakonalgang møter me Siri Seltveit Danielsen ( 38) frå Rauland. No i mars var ho vigsla til diakon i Nenset. Med denne vigslinga går ein fjorten år gamla draum om å bli diakon i oppfylling. Høyre hennar tankar om jobb og liv, og kjensla av diakonien har vore som å kome heim.

    OM DIAKONI OG SÅNN

    Play Episode Listen Later Feb 9, 2024 30:31


    Ein kald vinterdag på Gjøvik, vert utruleg mykje varmare når ein har fått ein god prate med diakon Kari Karsrud Korslien. Mange kjenner henne som høgskulelektor på VID/ Diakonhjemmet. Men de seks siste åra har arbeidd som diakon ved Diakonihuset i Gjøvik. Her har ein samla mange resssursar, som samarbeider og aldri er i beit for idear.

    KVA SKJULER SEG BAK ABV?

    Play Episode Listen Later Jan 27, 2024 19:10


    ABV er ikkje eit nytt bremsesystem, eller ei løyndomsfullt fellesskap i den Norske Kyrkja.  Men vegleiing som kan gje  prestar, diakonar, kateketar, kantorar og andre tilsette høve til å reflektere over eigen praksis i ei tverrfagleg gruppe.   I denne utgåva av Diakonalgang får de møte Lars Peder Holm (52) , til dagleg  sokneprest på Tromøya, men også fagleg ansvarleg for ABV i Agder og Telemark bispedømmet.  

    USYNLEGE HENDER LEIER OSS

    Play Episode Listen Later Jan 19, 2024 30:28


    USYNLEGE HENDER LEIER OSS Kven er det som har gjort av me er dei med er? Kven har vore førebileta våre ? I denne utgåva av Diakonalgang er den gamle og gode, no pensjonerte Sauherad- diakonen Ivar Solbu (72) attende for ein prat om desse usynlege hendene, med Jon Foss sine ord, som leier oss. 

    ALDRI ALEINE

    Play Episode Listen Later Dec 19, 2023 33:28


    ALDRI ALEINE I haust byrja Hanne Salvesen(39) som generalsekretær i Det Norske Diakonforbund. Diakonforbundet er eit fagforbund som organiserer diakonar og diakoniarbeidar. I denne podkasten fortel ho om sin veg fram til å bli diakon, og sitt ønske om at Diakonforbundet skal hjelpe diakonar til å kjenne seg mindre aleine i arbeidet, Hanne Salvesen er den åttande generalsekretæren, og overtok for Leiv Sigmund Hope, som hadde jobben i over 20 år.

    SELFI MED SORGA

    Play Episode Listen Later Oct 27, 2023 19:15


    SELFI MED SORGA Helgemesse er blitt ein stadig viktigare dag i vår kyrkje. Frå vera ein rein minnedag for helgenar, er dagen no også ein minnedag for dei døde. I denne utgåva av Diakonalgang   får de bli med på  refleksjonar over sorg og liv ved Helgemesseleite. Mitt namn er Eilev Erikstein, 63, år diakon som deler tankar om sorg, liv og von mellom gravstyttene på kyrkjegarden i Bø.    

    Håp i ein skog - Diakonalgang 13

    Play Episode Listen Later Sep 13, 2023 33:59


    HÅP I EIN SKOG   Eivind Aalborg (62)  har jobba i Kirkens Nødhjelp i over 25 år. Dei siste sju åra som leiar for arbeidet i Etiopia. Kirkens Nødhjelp er store og verdsette i internasjonal diakoni. I denne samtala fortel Eivind om håp og gleder i arbeidet, kvar han finn mot og von i arbeidet. Her er det ikkje berre von i hangande snøre, men også i dret å plante tre. Opptaka er gjort under ein studietur til Etiopia i november 2022.

    Episode 12 - Å få løfta sitt åsyn

    Play Episode Listen Later Jun 8, 2022 29:41


    Som prosjektleiar for «Omsorg ved Livets Slutt», støtta av Kyrkjerådet, trengte diakon Silje Sjøtveit nokon som kunne lage ein promoteringsfilm. Ho fann Knut Inge Solbu og Fenomen Film. Knut Inge Solbu har mellom anna vore produsent for suksessen Rådebank. Solbu vart i tillegg til honorar tilsett som diakonimedarbeider i en kort periode (i eit lite diakon- vikariat) i Tinn for å få gjennomført filmen. Diakon-CV`en var litt tynn, men han var absolutt son av sin far diakon Ivar Solbu, med 43 års teneste i kyrkja, og det hjalp. I denne utgåva av Diakonalgang får me høyre Silje fortelje om prosjektet og Knut Inge reflektere rundt arbeidet med filmen, kvifor dei sa ja, og ønske om å sende ei velsigning ut med filmen. Den tre minutt lange filmen har alt hausta flere priser på diverse internasjonale filmfestivalar.

    Episode 11 - Sorgstøtta

    Play Episode Listen Later Mar 14, 2022 30:35


    Diakon Ole Hafell i Vestfold er ei verkeleg sorgstøtte for mange unge. Gjennom prosjektet Ung Sorg leier han sorggrupper og underviser om tema i skular. Gjennom kunnskap og fellesskap blir barn og unge med sorgerfaring betre i stand til å leva vidare med det triste. Sorggrupper tek ikkje bort det vonde, seier diakonen, men ein blir mindre aleine.

    Episode 10 - Å google seg fram til diakon

    Play Episode Listen Later Feb 14, 2022 38:45


    Det fins mange vegar til bli diakon. Åsne Gotuhus Køhn(35) og Helene Sele(25) googla seg fram, likte det dei fann, og har utdanna seg i faget. Eit yrke som ikkje alltid er så lett å forklare, men er viktig i samfunnet. Møt Åsne som er ny diakon i Sauherad og Nes i Midt-Telemark kommune, og Helene som vert ferdig utdanna ved Diakonhjemmet/MF til sommaren.

    Brubyggjar

    Play Episode Listen Later Sep 7, 2021 42:10


    I august gjev Silje Sjøtveit seg som diakon i Tinn. Gjennom elleve år har ho vore ein kreativ og aktiv brubyggjar mellom kyrkje og samfunn her. No blir ho leiar av seksjon for friviljug arbeid i Det Norske Misjonselskap (NMS). I denne episoden blir me meir kjent med Silje og hennar mange diakonale prosjekt. Daghøgskulen, pilegrimsvandringar rundt Tinnsjøen, Cafe Lorentz og diakonale ritual ved livets slutt. Så her er det ikkje berre diakonalgang, men her må ein også springe for å halde følgje.

    Å vandre sorga mindre

    Play Episode Listen Later Mar 25, 2021 35:53


    På mange vis har etterlatne etter sjølvmord det ekstra vanskeleg. Gjennom prosjektet «Vandring for forandring» har ein testa ut pilegrimsvandring i sorgarbeidet. Å ta sitt eige liv er eit av våre siste tabu. Ei pilegrimsvandring handlar om å legge frå seg det som tynger. Om det skjer på ei slik vandringa, kan ein berre vone. Men det er sikkert at det er god von i å dele tankar med kvarandre. I denne utgåva av Diakonalgang møter ein Øyvind Dåsvatn, seniorrådgjevar ved RVTS Sør, og prostidiakon Eilev Erikstein som tek oss med opp på Haukelifjell til vandring og refleksjon. Vandring for forandring. I år var berre menn som var invitert. Ein mann vart med på vandring mot pilegrimskyrkja i Røldal. Men ein podcast gjer at mange fleir kan vera med. Velkomen til pilegrimsvandring!

    Episode 7 - Å gå imellom

    Play Episode Listen Later Oct 20, 2020 45:19


    Sommaren 2020 var Eilev Erikstein så heldig å få jobbe i Preste- og diakonteneste ved Diakonhjemmet Sjukehus i Oslo. I denne podkasten får de bli med inn på sjukehuset, høyre om det arbeidet som Preste- og diakonteamet gjer. – Det viktigaste er å gå imellom, fylle ut der det trengs, seier leiande sjukehusprest Aud Iren Svartvasmo. Elles får ein høyre korleis Gudmund J. Wisløff opplever å arbeide som sjukehusdiakon.

    Episode 6 - Det ingen andre gjer

    Play Episode Listen Later Apr 17, 2020 40:04


    En definisjon på diakoni kan være «det som ingen andre gjør.» Det var slik det starta da den første prostidiakonen i Vest-Telemark, Per Emanuelsen, tok tak i arbeidet mellom fangene i Kleivgrend i Fyresdal. Eilev Erikstein tar en prat med han og to av de som har holdt visitortjenesten i skogsleiren i gang siden 1996.

    Episode 5 - Siste tur til Kleivgrend

    Play Episode Listen Later Mar 20, 2020 40:52


    Diakon Eilev Erikstein prater med innsatte, ansatte og tidligere justisminister Anders Anundsen, for å bearbeide sorgen over nedleggelsen av Kleivgrend fengsel. I denne episoden får dere bli med inn i et av Norges mest spesielle fengsler. Den vesle skogsleiren i Kleivgrend, langt inne i Fyresdalskogen. En underavdeling av Arendal Fengsel med såkalt åpent soning. Her var det gamle brakker - røde og grønne om hverandre - i naturskjønne omgivelser. Spredd rundt som en slags uregulert tanngard. Nå er leiren nedlagt, temt og regulert, flytta til nye lukka fengsel.

    norges siste anders anundsen
    Episode 4 - Å vandre med håp som pilegrim

    Play Episode Listen Later Nov 15, 2019 20:32


    Det startar alltid med eit steg. Eilev og Ivar har vore diakonar i Den Norske Kyrkja i over sytti år. No går Ivar av etter 43 år i Sauherad. I denne podkast-serien reflekterer dei to diakonane over kva diakoni er, om utfordringar ved å leie det kyrkjelege omsorgsarbeidet , men ikkje minst om glede: «Det er rein nåde å få lov å vera diakon», seier dei.

    Episode 3 - Fri, villig og heit

    Play Episode Listen Later Nov 8, 2019 19:55


    Kyrkja og diakonien stoppar utan frivillige. Eilev og Ivar har vore diakonar i Den Norske Kyrkja i over sytti år. No går Ivar av etter 43 år i Sauherad. I denne podkast-serien reflekterer dei to diakonane over kva diakoni er, om utfordringar ved å leie det kyrkjelege omsorgsarbeidet , men ikkje minst om glede: «Det er rein nåde å få lov å vera diakon», seier dei.

    Episode 2 - Å knekke nakken på fine ord

    Play Episode Listen Later Nov 1, 2019 18:39


    Diakoni er lettare gjort enn sagt. Eilev og Ivar har vore diakonar i Den Norske Kyrkja i over sytti år. No går Ivar av etter 43 år i Sauherad. I denne podkast-serien reflekterer dei to diakonane over kva diakoni er, om utfordringar ved å leie det kyrkjelege omsorgsarbeidet , men ikkje minst om glede: «Det er rein nåde å få lov å vera diakon», seier dei.

    Episode 1 - Diakonen

    Play Episode Listen Later Oct 25, 2019 22:15


    To gamle diakonar snakkar om diakoni, diakonar og sånn. Eilev og Ivar har vore diakonar i Den Norske Kyrkja i over sytti år. No går Ivar av etter 43 år i Sauherad. I denne podkast-serien reflekterer dei to diakonane over kva diakoni er, om utfordringar ved å leie det kyrkjelege omsorgsarbeidet , men ikkje minst om glede: «Det er rein nåde å få lov å vera diakon», seier dei.

    Claim Diakonalgang

    In order to claim this podcast we'll send an email to with a verification link. Simply click the link and you will be able to edit tags, request a refresh, and other features to take control of your podcast page!

    Claim Cancel