Podcasts about samstundes

  • 17PODCASTS
  • 38EPISODES
  • 52mAVG DURATION
  • 1MONTHLY NEW EPISODE
  • Oct 9, 2024LATEST

POPULARITY

20172018201920202021202220232024


Best podcasts about samstundes

Latest podcast episodes about samstundes

Diakonalgang
OM BRØYTESTIKKER OG DIAKONI

Diakonalgang

Play Episode Listen Later Oct 9, 2024 20:10


Eg vert jamt litt lei når dei raude brøytestikkene kjem på plass. Då er det haust. Samstundes veit eg og at eg kjem til å vera takksame ein blåsande vinterdag, til dei som sette opp desse stikkene, og som berga meg frå å køyre ut. Velkomen til denne utgåva av Diakonalgang, som snakkar litt om brøytestikker, men mest om gleda i diakonien.

om br samstundes velkomen
Diakonalgang
Å FÅ VERA SEG SJØLV I FELLESKAPEN

Diakonalgang

Play Episode Listen Later Jul 17, 2024 20:09


Konfirmantopplegget Ønsket og Elsket i Øvre Telemark prosti har mange engasjerte leiarar. Ei av dei er Tone Susanne Kvasjord (26) frå Fyresdal. VG sitt Helgemagasin vigde nett seks sider til Tone Susanne sin veg mot nye mål.  Ved sida av vera ein aktiv Senterungdom er ho og leiar i Ungdomsrådet i Agder og Telemark Bispedøme. Gjennom hjelp frå Rehabiliteringssenteret AIR i Rauland har ho funne ny tryggleik. Samstundes takkar ho også Ønsket og Elsket: «Der finner jeg den største gleden. Hva handler det om? Få være meg selv og være en del av felleskapet.»

Wunderdog
Norwegian episode: Ingvild Bræin og ai-trøbbel for barnebokkritikk.no

Wunderdog

Play Episode Listen Later Mar 26, 2024 52:04


Ein kommentar på nettsida www.barnebokkritikk.no vart illustrert med bilete genererte av Microsoft Ai Copilot. Eit bortimot samla korps av norske illustratørar og teikneserieskaparar hoppa inn på Barnebokkritikk sine facebooksider for å skjelle ut valget, deriblant eg. Ansvarleg redaktør Ingvild Bræin tok kontakt for å få lufta litt kva ho hadde tenkt, og sidan eg også hadde tankar å lufte, og temaet er litt uhandterleg, lagde vi berre ein podcast av det. Dette bringer neppe diskusjonen til noka avslutning, og kanskje heller ikkje vidare, men kort oppsummert er vel mi meining at aktørar som ynskjer framstå som seriøse ikkje bør bruke AI-genererte bilete, fordi prosessen med å kverne milliardar av bilete opp til statistikk, anonymiserer menneska som har skapt den originale kunsten, og dermed kuttar over koblinga frå menneske til menneske som er det som gjer kunst til kunst. Samstundes er eg klar over at dette er ei litt høgttravande, pretensiøs forklaring, men det er meir ærleg og presist enn "det er stygt" eller "det stjeler frå oss" eller "det tek jobbane våre", som alle er meir populære og, for meg, mindre presise grunnar. Elles tenker eg jo at det også demokratiserer evna til biletskaping, og dermed puttar "visuelle superkrefter" i hendene på folk med handikap, folk med lite tid, og folk med mangel på ressursar. Prisen vi betaler for det er meir visuell støy og meir skrot, men det har alltid vore tilfelle når evner som har vore begrensa til ein elite vert distribuert ut til "massene" - akkurat som bloggar og facebookstatusar byrja konkurrere med trykte media. Det er ofte heslig å sjå på, men totalt sett synest eg likevel denslags er eit gode. Og akkurat som seriøse aviser kanskje ikkje bør trykke bloggpostar eller facebook-utbrudd (men likevel gjer det), bør ikkje seriøse aviser trykke AI-illustrasjonar. Det er dårleg smak, uavhengig av om produktet er fint eller stygt. Nettopp det at det kanskje til slutt berre handlar om smak er vrient å svelge for oss som teiknar og gjerne vil kunne forhandle hardt på pris, men akkurat no kjem eg ikkje på meir "konkrete" motargument, men kjem heller ikkje unna at det ER dårleg smak.

BOBcast
Akademisk aften: Krigen i Ukraina - det ukrainske perspektivet

BOBcast

Play Episode Listen Later Feb 24, 2023 36:51


I dette foredraget snakkar Martin Paulsen om kva ukrainarane tenkjer om krigen og framtida. Det har no gått eit år sidan russarane gikk til opent åtak på Ukraina. Det har vore eit år med mykje daud, liding og øydeleggingar for ukrainarane. Samstundes har dei vist at dei står saman mot fienden og dei har fått støtte frå mange land. Paulsen jobbar med russisk, belarusisk og ukrainsk språk og litteratur. Han har nylig omsett eit essay skrive av den ukrainske forfattaren Oksana Zabuzjko i samband med Russland sitt angrep på Ukraina. Det er utgitt i boken Min lengste reise. Foredraget er ein del av serien "Akademisk aften" og er eit samarbeid mellom Bergen Offentlige Bibliotek, Universitetsbiblioteket, NHH og HVL.

Brynepoddene
Turne Brusand

Brynepoddene

Play Episode Listen Later Dec 15, 2022 33:05


Odd Egil Stokkeland er dagleg leiar i Brusand IL. Samstundes lakkar han golvet i hallen kvart år, og då me kom innom hadde han steikt over 400 fiskekaker frå eigensløya fisk. Dei gjer ting annleis der sør.

dei turne samstundes
Nokon må gå
Pengedryss over Vestlandet, skillingsbolle på ein snurr og infantile studentar

Nokon må gå

Play Episode Listen Later Dec 1, 2022 39:56


Det er semje om statsbudsjettet, og SV har sikra pengar til viktige vegar og prosjekt her vest. Samstundes får regjeringspartia stadig nye skrekkmålingar. Kan det henge saman? I Bergen har studentane erklært utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) persona non grata, noko som har skapt intern strid i podden. Det same har vår tids viktigaste bakst- og bollespørsmål, og NMG-gjengen tar debatten. Programleiarar: Morten Myksvoll, Jens Kihl og Eirin Eikefjord Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK

Radio Sunnmøre
Militærteneste og val i Israel - Nytt frå Jerusalem del 30

Radio Sunnmøre

Play Episode Listen Later Nov 14, 2022 9:10


Te'en ben Haim har håp om ei rolegare tid i politikken i Israel etter valet som nett er over. Samstundes er ho spent på kor mykje dei  ytterliggåande partia som no støttar Benjamin Netanyao vil påverke politikken i landet. Ektemannen Seth er inne til sin årlege militærteneste, noko som også gjer at han må delta i skarpe militæraksjonar. I denne episoden av Nytt frå Jerusalem får vi også høyre korleis det var for Te'ena og familien da ektemannen så vidt overlevde eit terrorangrep mot militæravdelinga han tenestegjorde i for nokre år sidan. 

Brynepoddene
Brynepoddene EP127

Brynepoddene

Play Episode Listen Later Sep 29, 2022 50:06


Torger Mogan Bjørnstad har lang fartstid i Skeid. Samstundes har han òg skrive bøker om idrettar som mest er gløymde, som bandy og landhockey. Han har òg ein del å seie om anleggssituasjonen i hovedstaden. Føre Bryne - Skeid, no til helga, tok me ein prat med han, men sidan sonen Mikkel står på sidelinja til Bryne, var han ikkje heilt klar på kor sympatien ligger ved avspark.

Radio Sunnmøre
Erik Furnes sluttar som generalsekretær i Indremisjonsforbundet

Radio Sunnmøre

Play Episode Listen Later Sep 22, 2022 8:02


Etter 13 år som øverste leiar i Indremisjonsforbundet (ImF) er tida moden for å gje seg som generalsekretær seier Erik Furnes til Radio Sunnmøre. Han er først og fremst takksam for dei mange ting han har fått vore med på gjennom desse åra, og nevner mellom anna arbeidet med å hente barne- og ungdomsopplegget AWANA til Noreg. Samstundes er det ikkje til å legge skjul på at det i ei slik stilling også er mange krevande saker ein må ta tak i. For Furnes har det ytre kallet han i si tid fekk til å bli generalsekretær vore eit godt fundament i krevende tider. Han skal fortsette som generalsekretær fram til 1. mars 2023.

Nokon må gå
Bergen i bybanekaos, lærarsympati og ræveskaret opp

Nokon må gå

Play Episode Listen Later Sep 15, 2022 35:38


Regjeringa har nettopp kasta Bergen ut i meir bybanekaos. For skal dei likevel ikkje betale 70 prosent av banen? Blir det då meir bompengar? Samstundes er det gått ein månad sidan elevar skulle starta på skule, og foreldre begynner å gå laus på streikande lærarar. I vekas «Å Vestland» handlar det om manndomsprøven Stoltzekleiven opp, eller Ræveskaret opp som det eigentleg skulle heitt. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Hans Mjelva og Jens Kihl Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK, TV2

bergen blir tv2 vestland regjeringa samstundes
Brynepoddene
Brynepoddene EP124

Brynepoddene

Play Episode Listen Later Sep 8, 2022 47:00


Kåre Ingebrigtsen har ein ting og to å sei om manglande fotballkunnskap i media. Samstundes er me innom det meste frå Lerkendal, Maine Road, Stavanger og Bergen. Kort sagt: Kåre I er ein fri mann som seier kva han meiner.

Brynepoddene
Brynepoddene EP122

Brynepoddene

Play Episode Listen Later Aug 25, 2022 52:35


Terje Skjeldestad vokta buret i Sogndal i ein mannsalder. Etter den tid har han hatt ulike roller i klubben, kor han i dag er er sportssjef. Samstundes har han vore ei viktig brikke på U21 landslaget som i år kvalifiserte seg for EM i 2023. Det er berre to norske lag før dei som har klart den bragden. Skjeldestad ser difor norsk fotball både frå utkanten og sentralt. Korleis er stoda?

Brynepoddene
Brynepoddene EP113

Brynepoddene

Play Episode Listen Later Jun 23, 2022 57:31


Stian Røisland er ein av arkitektane bak Ryger, den nye handballsatsinga i Stavanger. No går dei gamle handballstorleikane, SIF og Viking, saman inn i framtida. Men kven er han? Det er ein mann med mange jarn i elden. Samstundes har han meiningar om kvifor ein bør engasjere seg i lokalmiljøet og idretten, og ikkje berre vente på at noko skal skje. 

Brynepoddene
Brynepoddene EP105

Brynepoddene

Play Episode Listen Later Apr 28, 2022 80:13


Me tok turen til Tau og laga livesending med Gunn-Rita Dahle og Hallgeir Hinna som oppvarming. Samstundes sjekka med trykket i Midtbygdens IL og Staal. 

tau staal samstundes
Nyhetsmorgen
19.04.2022 Nyhetsmorgen

Nyhetsmorgen

Play Episode Listen Later Apr 19, 2022 89:39


"Slaget om Donbass" har starta i ifølgje den ukrainske presidenten. Zelenskyj hevdar at ein stor del av den russiske hæren er sett inn heilt aust i Ukraina. Det kjem meldingar om harde kampar i gatene i Luhansk-regionen - vår første gjest skal hjelpe oss å forstå kva som skjer. Her heime merkar dei fleste godt at prisane har gått opp, både på mat, straum og drivstoff. Verst er det for dei som lever på økonomisk sosialhjelp - no vil fleire parti gjera noko med det. Talet på born med autisme går oppover. Samstundes søkjer fleire enn før om å få spesialundervisning i Oslo. Nyheitsmorgon denne tysdagen får du med Silje Sande og Katrine Nybø i studio. ********************* Hør episoden i appen NRK Radio

Lagapodden
Vågan i mellomalderen

Lagapodden

Play Episode Listen Later Dec 26, 2021 22:13


Vågan i Lofoten låg rett vest for der Kabelvåg ligg i dag, og var den nordlegaste av dei stadene vi reknar for byar i Norge i mellomalderen. Samstundes er det den byen ein veit minst om. Vågan vart eit viktig fiskevær og også eit handelssentrum for området. Eksport av fisk herifrå til kontinentet over Bergen går i alle høve tilbake til 1100-talet. Aktiviteten var store vår- og sommartid, medan vintertid mista Vågan mykje av bypreget sitt. Dette skuldast òg at plassen ikkje var eit kyrkjeleg sentrum, som i staden låg lenger nord på Trondenes ved dagens Harstad. Nedgang i handel etter Svartedauden og påfølgjande pestar gjorde at handelen i Lofoten vart trekt sørover til Trondheim og ikkje minst Bergen, og Vågan forsvann heilt som handelssentrum i løpet av 1400-talet. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.

bergen dette norge trondheim lofoten harstad eksport svartedauden aktiviteten samstundes kabelv
Nyhetsmorgen
29.11.2021 Nyhetsmorgen

Nyhetsmorgen

Play Episode Listen Later Nov 29, 2021 89:57


De fleste som får maks-støtte til strømsparing er høytlønnede. Samstundes har dei aller rikaste drege frå resten av oss, og ulikskapen i inntekt har auka kraftig utover 2000-talet. Dét viser at det er meir skattepengar å hente, meiner Raudt. Det er svært spent langs grensa mellom Ukraina og Russland. Ukrainas president sier han frykter både en russisk invasjon og kuppforsøk.. Langs norskekysten finnes det strender med så mye plastsøppel at insekter byggjer hus av mikroplast - fordi det gir best kamuflasje. Hør episoden i appen NRK Radio

Nyhetsmorgen
20.08.2021 Nyhetsmorgen

Nyhetsmorgen

Play Episode Listen Later Aug 20, 2021 89:57


Klimasaken engasjerer mange. Klimaaktivister planlegger storaksjon. Samstundes har PST åtvara mot potensiell radikalisering hos klima-aktivistar. Gruppa som aksjonerte i går, seier at dei vil avvisa folk med radikale haldningar. Evakuerte fra Afghanistan skal etter planen lande i Norge i dag. Utenriksministeren er i studio hos oss. Ein del av oss blir liggande på sofaen dagen etter koronavaksinering.. Korfor reagerer vi ulikt på de same vaksinene? Det skal forskarar finna ut av. Nyhetsmorgen med Silje Sande og Silje Kathrine Bjarkøy.

afghanistan norge nrk samstundes utenriksministeren nyhetsmorgen
Nyhetsmorgen
13.07.2021 Nyhetsmorgen

Nyhetsmorgen

Play Episode Listen Later Jul 13, 2021 57:00


** Det blir ommøblert i grenseområdet mot Sverige. Folk kuttar ned tre og flyttar steinar for å kunna ta seg gjennom skogen og over grensa utanom dei lovlege overgangane. ** Mange gravide er i tvil om dei skal ta koronavaksine eller ikkje. Samstundes går talet på vaksinerte oppover og koronasmitten nedover her i landet.. Vi spør korleis kvardagen vår blir vidare? ** Du har kanskje sett ein og annan bil med utanlandske skilt? Dei ivrigaste tyske turistane er tilbake for å feriera her i landet.

dei folk sverige mange nrk samstundes nyhetsmorgen
Nokon må gå
– Eg trur ikkje noko på at Sp ikkje vil i regjering

Nokon må gå

Play Episode Listen Later Jun 3, 2021 39:45


Vedum har repetert og repetert at Sp ikkje bryr seg om makt og posisjonar. Men så kom fylkeslaga hans og ville gjere han til statsministerkandidat. Samstundes er det strid om vegmilliardane på Vestlandet. Og dei siste daganes knallsol i vest tvingar fram spørsmålet: Kan ein bade i Bergen? Programleiarar: Jens Kihl, Gerd Margrete Tjeldflåt og Morten Myksvoll. Produsent: Henrik Svanevik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Lydklipp: NRK, Nettavisen, Frp

Nyhetsmorgen
03.06.2021 Nyhetsmorgen

Nyhetsmorgen

Play Episode Listen Later Jun 3, 2021 89:59


Dei som rusar seg på stoff som amfetamin og heroin må oftera sona sjølv korte straffer i fengsel. Samstundes er det høg risiko for at dei døyr av overdose når dei slepp ut. Etter 12 år nærmest uten utfordrere er Benjamin Netanyahus dager som statsminister i Israel talte - det er enigheten om en ny koalisjonsregjering i landet Ut med hip hop og elektronisk musikk. Rocken og elgitaren er på vei tilbake i popmusikken. Også huggormer elsker sol og varme, og når vi i tillegg er mer ute i naturen - er det ikke så rart at flere blir bitt av orm, sier biologen som er på vei til oss.

israel dei ogs etter nrk rocken samstundes nyhetsmorgen
LittPod
Dagleglivet på Vestlandet 1600-1700 – Del 4: Naboskap og statsborgarskap

LittPod

Play Episode Listen Later May 21, 2021 32:04


God naboskap var på vegen til velstand i Dagleglivet på Vestlandet på 1600- og 1700-talet. Før jordbruket vart maskinelt var ein heilt avhengig av hjelp i sitt daglege virke. Samstundes budde folk tett på kvarandre. Behovet for samarbeid var dermed stort samstundes som konfliktpotensialet var det same. Å elska si neste var dermed ikkje ideologi, men heilt nødvendig. Difor var dårleg naboskap knytt til både hinmannen sjølv og trolldom – det måtte vera djevelskap involvert når noko så viktig og naturleg gjekk til grunne. For å sikra godt naboskap vart det difor laga ordningar som grannestemne og gardsfut, og det vart laga reglar og avtalar som regulerte alt frå vegrettar og gjerdehald til stølsdrift og festinvitasjonar. Den som ikkje ville tilpassa seg naboane, vart erklært å ikkje vera nabohev – å ikkje vera skikka til å vera nabo – og måtte reisa sin veg.

god behovet vestlandet p vestlandet samstundes difor
Heimelaga
Mandag 30 Mars 2020 - Samstundes

Heimelaga

Play Episode Listen Later Mar 30, 2020 69:04


Ny episode med selvsikkert fjas fra kjellerstua, underholdningsbransjen, ufrivillig ejakulering, likestilling og urinering er noe av det som tas opp. Vask henda og ta vare, kjærleik på alle...

Heimelaga
Mandag 30 Mars 2020 - Samstundes

Heimelaga

Play Episode Listen Later Mar 30, 2020 69:04


Ny episode med selvsikkert fjas fra kjellerstua, underholdningsbransjen, ufrivillig ejakulering, likestilling og urinering er noe av det som tas opp. Vask henda og ta vare, kjærleik på alle...

LittPod
LitFestBergen 2020 - Foredrag, kvar dag: Tyskland etter Merkel

LittPod

Play Episode Listen Later Feb 9, 2020 32:37


Angela Merkel har regjert i Tyskland sidan 2005, men har no trekt seg som partileiar og stiller ikkje til attval. Samstundes som hennar eige parti er i leiarkrise, er sosialdemokratane på veg mot avgrunnen, og fram stormar både Dei grøne og høgrepopulistane. Korleis ser den tyske partipolitikken ut i dag? Og kor vanskeleg blir det for den som skal ta over etter Merkel? Ingrid Brekke er forfattar og journalist busett i Berlin. I dette foredraget snakkar ho korleis endringane i Tyskland vil prege Europas framtid. På norsk. På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.

LittPod
LitFestBergen2020 - Foredrag, kvar dag: Tyskland etter Merkel

LittPod

Play Episode Listen Later Feb 8, 2020 32:37


Angela Merkel har regjert i Tyskland sidan 2005, men har no trekt seg som partileiar og stiller ikkje til attval. Samstundes som hennar eige parti er i leiarkrise, er sosialdemokratane på veg mot avgrunnen, og fram stormar både Dei grøne og høgrepopulistane. Korleis ser den tyske partipolitikken ut i dag? Og kor vanskeleg blir det for den som skal ta over etter Merkel? Ingrid Brekke er forfattar og journalist busett i Berlin. I dette foredraget snakkar ho korleis endringane i Tyskland vil prege Europas framtid. Foredraget er på norsk.

LittPod
Redaksjonsmøtet: Står NRK i vegen for mediemangfaldet?

LittPod

Play Episode Listen Later Feb 4, 2020 89:35


Med Sindre Vik Helgheim, Mari Velsand, Trond Olav Skrunes og Sigvald Sveinbjørnsson. NRK er landets suverent største mediehus. Men gjer statskanalen det vanskelegare for andre aviser å skaffe inntekter? Nyleg fekk Schibsted gjennomført ei undersøking som viste at svært mange ungdomar ikkje trur dei vil betale for nyhende framover, og at grunnen er NRKs rike tilbod. Kan NRK rett og slett vere eit trugsmål mot mediemangfaldet? Samstundes viste ein stor rapport frå Medietilsynet det heilt omvendte biletet: NRK bidrar positivt til mediemangfoldet – ingen vesentlig konkurransebegrensning for andre, konkluderte direktør Mari Velsand. Det er på tide å ta debatten. Til Redaksjonsmøtet kjem: Sindre Vik Helgheim, nyhendesjef i NRK Vestland Mari Velsand, direktør i Medietilsynet Trond Olav Skrunes, nyhenderedaktør i Bergens Tidende Sigvald Sveinbjørnsson, sjefredaktør i Bergensavisen

men nrk nrks schibsted nyleg medietilsynet samstundes redaksjonsm sigvald sveinbj
LittPod
Redaksjonsmøtet: Står NRK i vegen for mediemangfaldet?

LittPod

Play Episode Listen Later Feb 4, 2020 89:36


Med Sindre Vik Helgheim, Mari Velsand, Trond Olav Skrunes og Sigvald Sveinbjørnsson. NRK er landets suverent største mediehus. Men gjer statskanalen det vanskelegare for andre aviser å skaffe inntekter? Nyleg fekk Schibsted gjennomført ei undersøking som viste at svært mange ungdomar ikkje trur dei vil betale for nyhende framover, og at grunnen er NRKs rike tilbod. Kan NRK rett og slett vere eit trugsmål mot mediemangfaldet? Samstundes viste ein stor rapport frå Medietilsynet det heilt omvendte biletet: NRK bidrar positivt til mediemangfoldet – ingen vesentlig konkurransebegrensning for andre, konkluderte direktør Mari Velsand. Det er på tide å ta debatten. Til Redaksjonsmøtet kjem: Sindre Vik Helgheim, nyhendesjef i NRK Vestland Mari Velsand, direktør i Medietilsynet Trond Olav Skrunes, nyhenderedaktør i Bergens Tidende Sigvald Sveinbjørnsson, sjefredaktør i Bergensavisen

men nrk nrks schibsted nyleg medietilsynet samstundes redaksjonsm sigvald sveinbj
P2-serier
Debatt i P2 31 jan.: Sentralisering. Skal me legge ned bygda?

P2-serier

Play Episode Listen Later Jan 31, 2020 54:10


I Noreg bur innbyggjarane spreidd over heile landet, i alle krikar og krokar. Den siste tida har ein mellom anna sett at kommunar og fylker har blitt slått saman, bunadsgeriljaen har kjempa for tilgjengelege fødetilbod over heile landet, og bedrifter si verksemd vert flytta til byen. Regjeringa ynskjer eit levande lokalsamfunn i heile landet, med moglegheit til å leva eit godt liv med god velferd der folk bur. Samstundes ser ein for seg at sentraliseringa, som har vore ein klar tendens dei siste tredve åra, vil fortsetja i framtida. Skal ein fortsette å legge til rette for at folk skal bu over alt i landet eller byrjar det å bli eit spørsmål om me berre burde legge ned bygda?

skal legge nrk debatt bygda regjeringa samstundes
Desse dagar
50 år med oljen: kva var vel livet utan oljen? Desse dagar med Håkon Haugsbø.

Desse dagar

Play Episode Listen Later Dec 22, 2019 56:18


50 år etter det første funnet av olje på Ekofisk-feltet, held det norske oljeeventyret fram. Samstundes vil Norge vera ein klimaleiar. Kva hadde Norge vore utan oljen og gassen? Dette er tema i aktualitetsprogrammet Desse dagar med programleiar Håkon Haugsbø.

LittPod
Lånte fjær: Plagiat på 1700-tallet

LittPod

Play Episode Listen Later Sep 19, 2019 64:05


Med Anne Beate Maurseth, Erlend Liisberg, Thomas Slettebø og Inga H. Undheim. Ved inngangen til 1700-talet var kompilasjon framleis ein akseptert skrivepraksis. På midten av hundreåret vart statusen til kompilatorane derimot utfordra. Innan estetisk tenking vart originalitet etter kvart det dominerande kravet. Samstundes fortsette kompilatorane som aldri før på 1700-talet: I aviser og tidsskrift vart tekstar resirkulerte, omsett og vidareformidla på tvers av landegrenser – ofte utan opplysningar om opphav. Skribentar som Holberg og Diderot lånte til dømes ivrig frå andre forfattarar. Ja, sjølv opplysningstidas kanskje mest ikoniske prosjekt, den franske Encyklopedien, var i stor grad ein kompilasjon. Kva skjedde eigentleg med kompilatorane? Kvifor vart originalitet så viktig i 1700-talets skriftkultur? Dreiv Holberg med plagiat? Eller går det kanskje an å vere ein original kompilator? Anne Beate Maurseth, Erlend Liisberg, Thomas Slettebø og Inga H. Undheim går i denne samtalen plagiatets rykte og historie etter i sømene.

LittPod
Lånte fjær: Plagiat på 1700-tallet

LittPod

Play Episode Listen Later Sep 18, 2019 64:05


Med Anne Beate Maurseth, Erlend Liisberg, Thomas Slettebø og Inga H. Undheim. Ved inngangen til 1700-talet var kompilasjon framleis ein akseptert skrivepraksis. På midten av hundreåret vart statusen til kompilatorane derimot utfordra. Innan estetisk tenking vart originalitet etter kvart det dominerande kravet. Samstundes fortsette kompilatorane som aldri før på 1700-talet: I aviser og tidsskrift vart tekstar resirkulerte, omsett og vidareformidla på tvers av landegrenser – ofte utan opplysningar om opphav. Skribentar som Holberg og Diderot lånte til dømes ivrig frå andre forfattarar. Ja, sjølv opplysningstidas kanskje mest ikoniske prosjekt, den franske Encyklopedien, var i stor grad ein kompilasjon. Kva skjedde eigentleg med kompilatorane? Kvifor vart originalitet så viktig i 1700-talets skriftkultur? Dreiv Holberg med plagiat? Eller går det kanskje an å vere ein original kompilator? Anne Beate Maurseth, Erlend Liisberg, Thomas Slettebø og Inga H. Undheim går i denne samtalen plagiatets rykte og historie etter i sømene.

Desse dagar
Om vikingskipsarven og nye utgravinger.

Desse dagar

Play Episode Listen Later Sep 15, 2019 56:09


For første gong på 115 år grev norske arkeologar ut eit nytt vikingskip. Samstundes slår våre gamle vikingskip sprekker på museum, og kanskje fell dei frå kvarandre før eit nytt museum står ferdig. Kvifor har vi ikkje tatt betre vare på arven frå vikingane? Er det fordi vi skammar oss over ugjerningane deira?

er nrk kvifor samstundes
Desse dagar
Er atomkraft løysinga på klimakrisa? Desse dagar med Håkon Haugsbø.

Desse dagar

Play Episode Listen Later Jul 14, 2019 56:27


Vi må ha meir atomkraft for å nå klimamåla, har FN sitt klimapanel slått fast. Samstundes er miljørørsla kraftige motstandarar av atomkraft. Kan ein både vere uroa for klimaendringane og motstander av atomkraft? Dette er tema i denne vekas utgåve av Desse dagar med Håkon Haugsbø.

P3 Dokumentar
Usett

P3 Dokumentar

Play Episode Listen Later Dec 15, 2016 29:13


– Der var den sendt! No får vi vente og sjå. I CV-en til Lena Gimse står det at ho er 26 år, og at ho har utdanning og leiarerfaring. Ho er utan tvil ein kvalifisert søkjar – problemet er berre at ho er blind. – Det er frustrerande å aldri vite om arbeidsgivaren kvir seg fordi eg er synshemma, eller om eg faktisk ikkje er kvalifisert, seier Lena. På eitt år har ho sendt frå seg femti søknadar. Femti avslag har kome i retur. – Det finst omlag 10.000 praktisk blinde i Norge. Av desse er det nokre tusen som ønskjer seg ut i jobb, anslår Sverre Fuglerud, seksjonsleiar for informasjon i Blindeforbund. Samstundes kjem blinde og synshemma nedst i søknadsbunken, viser ei undersøking gjort blant bedriftar i 2006. Under rullestolbrukarar, døve og tidlegare straffedømte. Fuglerud trur ikkje holdningane har forandra seg sidan den gong. – Mange seier jo at dei ikkje blir kalla inn til intervju dersom dei skriv at dei er blinde. Ein dokumentar av Lars Erik H. Andreassen og Frid K. Hansen.

hansen av norge mange nrk andreassen femti samstundes p3 dokumentar
P3 Dokumentar
Usett

P3 Dokumentar

Play Episode Listen Later Dec 15, 2016 29:13


– Der var den sendt! No får vi vente og sjå. I CV-en til Lena Gimse står det at ho er 26 år, og at ho har utdanning og leiarerfaring. Ho er utan tvil ein kvalifisert søkjar – problemet er berre at ho er blind. – Det er frustrerande å aldri vite om arbeidsgivaren kvir seg fordi eg er synshemma, eller om eg faktisk ikkje er kvalifisert, seier Lena. På eitt år har ho sendt frå seg femti søknadar. Femti avslag har kome i retur. – Det finst omlag 10.000 praktisk blinde i Norge. Av desse er det nokre tusen som ønskjer seg ut i jobb, anslår Sverre Fuglerud, seksjonsleiar for informasjon i Blindeforbund. Samstundes kjem blinde og synshemma nedst i søknadsbunken, viser ei undersøking gjort blant bedriftar i 2006. Under rullestolbrukarar, døve og tidlegare straffedømte. Fuglerud trur ikkje holdningane har forandra seg sidan den gong. – Mange seier jo at dei ikkje blir kalla inn til intervju dersom dei skriv at dei er blinde. Ein dokumentar av Lars Erik H. Andreassen og Frid K. Hansen.

hansen av norge mange nrk andreassen femti samstundes p3 dokumentar
Nasjonalbiblioteket
Dansk reform. Språk og historie med Erling Sandmo og Agnete Nesse

Nasjonalbiblioteket

Play Episode Listen Later Nov 21, 2016 58:20


Arrangement 20.10.2016 Då reformasjonen kom til Noreg i 1536, fekk kyrkja ei hand på daglegliv, moral og samfunn. Gudstenester og skule fann stad på latin, og dansk blei det administrative språket. Samstundes gjorde boktrykkjarkunsten sitt inntog, bønder lærte å lese og skrive, og kontinentet kom nærare. Erling Sandmo er historikar med dansketida som eit av spesialfelta sine. Han har arbeidd med mange av dei same skriftlege kjeldene som det språkforskar Agnete Nesse har gjort, når ho dei siste åra har jobba med hanseatane og forholdet mellom skrift, tale og samfunn. No snakkar dei med Jens Kihl om korleis språk og identitet endra seg i tida før og etter reformasjonen. Samtalen er ein del av ei arrangementsrekkje om språk og historie på Nasjonalbiblioteket denne hausten: Språk viser kven vi er, og kvar vi kjem frå. Utviklinga av det norske språket er òg historia om Noreg. Korleis har historiske hendingar påverka språket vårt? Og kan måten vi skriv og snakkar på, endre samfunnet? I tre arrangement på Nasjonalbiblioteket i haust møtest ein språkforskar og ein historikar til samtale leia av journalist Jens Kihl om samspelet mellom språk og historie. 22. september kjem Arne Torp og Jón Viðar Sigurðsson for å snakke om Noreg og Island i mellomalderen, 20. oktober fortel Agnete Nesse og Erling Sandmo om dansk og norsk i tida før og etter reformasjonen i 1536, medan Åse Wetås og Mona Ringvej 7. november ser på rolla språket spelte i nasjonsbygginga på 1800-talet og korleis språk kunne gje politisk og demokratisk makt. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.

island reform spr historie wet arrangement dansk samtalen sigur noreg korleis jens kihl samstundes erling sandmo arne torp agnete nesse
Studentersamfunnet
270 År Med Livserfaring // med Ida Blom, Jakob Skarstein og Inger-Lise Skarstein

Studentersamfunnet

Play Episode Listen Later Oct 8, 2016 102:55


Me har mykje å lære av dei eldre, vert det sagt. Samstundes har dei eldre gjerne noko å lære av dei unge. I kveld tek me utgangpunkt i fyrstnemnde påstand. Dei gamle er eldst, slik er det berre. Sjølv om dei rør seg litt treigare med åra, veit me at dei sit på store perspektiv og eit rikt minne med årelange refleksjonar. Dei har sett ei tid og eit samfunn me unge berre har små svart-kvite glimt av. Kva skil menneske som har levd over 80 år frå menneske som har levd knappe 20? Dei over 80 veit faktisk kva dei snakkar om. Studentersamfunnet inviterer til samtale med menneske som til saman har 270 år med livserfaring!

dei sj blom kva skarstein samstundes studentersamfunnet