Firdaposten sin offisielle podcastside!
Tempopodden fortset sin Florø-turné, og har denne gangen lagt anker i vakre Vågastubben. På altanen til tiårets keeper i FK Tempo, er nysigneringa Simen Reksten Solheim på besøk, for å preike om laust og fast i kveldssola. I dagens episode får lyttarane eit eksklusivt innblikk i Florø Fotballs «last dance» i OBOS, erfaringar frå byens mest tradisjonsrike fotballturneringar, historia om då Simen pensjonerte Eirik Bakke, og mykje meir! I tillegg får ein svar på dei etterlengta spørsmåla: Kven selde sjela si for ein glass-Cola? Kva skjedde eigentleg når Ole rauk korsbandet? Og kven var denne urmannen som blotta seg til Keltisk musikk i Fagerdalen?
I dagens episode, er Florøs most wanted invitert inn til sheriffens landsby på Amfisenteret. Det blir gastronomisk innspeling på byens beste saloon, utlysing av dusørpremie på ein dommer i Breimsbygda, og Tempos største mjauer blir satt i gapestokk. Siste pennestrøket på tiårets lag skal settast, med ein third act twist som sjølv M. Night Shyamalan må ta av seg hatten for. Tiårets trenar skal kårast, og vi får ein grundig gjennomgang av karriera til Dani Winther. I tillegg blir det nye forviklingar frå bingen, råd mot underlivsproblemer, Teddy Sheringhams møte med ein ufyseleg nordmann, og mykje meir!
Tradisjonen tru, har byens mest prominente innbyggjarar samla seg på Florø stadion når nasjonaldagen lir mot kveld. Apropos tradisjon, må det sjølvsagt rettast opp i feil frå forrige podcast. Det bydast også på kontroverser, samt den faste dosen med generell pisspreik. Denne gangen er det krumtappen i eit kvart lag, nemleg angrepet, som skal kårast i anledning tiårets lag for FK Tempo. Her er det sylskarp konkurranse blant notoriske måljegera og påståtte tilretteleggjera. Blir det som i glansdagane, der det i realiteten berre var sju ledige plassa å kjempe om, eller har Tempomafiaen stempla ut siste ruta i klippekortet? Kven av kandidatane har gått frå sexylubben til tynn, og omvendt? Kven har måtte finne seg i å vike plass for ei tidlegare Bodø Glimt-legende? Kven har som fast kamprituale å smuge på sidelinja før kamp? Dette, og mykje meir, får du svaret på i dagens episode! I tillegg til dette, blir det velkjente sleivspark oppover, oppsummering frå Tempohistoriens første pandemi-tilrettelagte fotballtrening, oppdatering frå Breivika og kanskje litt meir.
I dagens episode, har Kristian sett seg lei av rolla som podcastens nikkedukke, og tar bladet frå munnen for å dele ut noken pisselunkne kraftsalver. Benjamin kjem med siste nytt om passion-prosjektet han har omtalt som sitt fjerde barn (les: ballbinge i Breivika), og like sikkert som at julafta kjem kvert år, blir det også oppklaringar av faktafeil frå forrige episode. Jakta på kven som har gjort seg fortent til ein plass i midtbanefiraren på tiårets lag, blir grundig gått etter i sømmane, så om du er ein av dei som synes at både oppvask for hånd, gjennomgang av skattemelding og tørrprat med svigers framstår som meir fristande enn å høyre ein nøye gjennomgang av 34 heilt OK fotballspelera, er nok ikkje dette episoden for deg. Vi kan dòg freiste med at det sniker seg inn både gode historier og juicy gossip iløpet av evalueringsprosessen. Veit du til dømes kven av kandidatane Kristian angjeveleg har prøvd seg på søstera til, eller kven av dei som har sletta Benjamin som venn på Facebook? Svaret får du her! Avslutningsvis vart det akkurat tid til nokre kritiske ord om Florø fotball, før krampetrekkinga meldte seg i både sete- og snakkemuskulaturen
Etter ei dramatisk uke med interne intriger og høglytt kjekling (over internett), er det blitt røyka fredsipe og harmonien har returnert til Tempopodden. Tiårets lag velger seg ikkje sjølv, og denne gangen er det forsvarsfiraren som står for tur. Er du over gjennomsnittleg interessert i å høyre oppramsing av navn, er dette episoden for deg! Den prominente lista over aktuelle kandidater, inneholder mellom anna kongen av Sjøboden, Bulmer-poeten, Dingsen og Sigøynerkongen. I tillegg til dette, blir det sendt eit par stikk i retning Florø fotball sine siste krumspring på sosiale medier den siste tida, tilbakemeldinger på innsatsen til forrige ukes gjester og Benjamin tar seg ein tur opp på såpeboksen for å dele ut ris i "Korona vs fotball" -debatten.
The dead speak! Tempopodden er stått opp frå dei døde, dryge to veker etter Jesus. Back to basic: to mann i studio, berre ein omgang, og nesten nede i haldbar lengde. I denne episoden, kickstartast jakta på tiårets lag i FK Tempo, og keeperplassen skal først i elden. Det blir gjennomgang av alle som har teke på seg seg ut på den utakksame oppgåva med å stå bak eit vaklevore sjettedivisjonslag dei siste ti åra, med betraktningar, vurderingar, og tilhøyrande anekdotar. I tillegg til dette, blir det current news frå Breivika, ein sensurert telefonsamtale, og gjestevisitt frå to av det norske landslagets mest meritterte menn.
Andre omgang av Tempopdden si omfangsrike påskespesial Etter to uker i karantene, er Tempopodden endeleg tilbake med gjester i ein heidundrandes påskespesial. Ingen ringare enn Bjarte Nesheim og Børge Nordal, frå den ærverdige Tempomafiaen, satte sine bein i det nykomponerte studioet, tilrettelagt for sosial distansering og voksenbruskonsumering. I anledning at Crème de la crème er på besøk, tar dei denne gangen for seg Bjarte sin tidlegare klubb, Anga FK. Det blir forteljinga om tidenes assist på Eikefjord stadion, utdeling av albuer, forbrødring og mimring om tidlegare legender i Førde sitt svar på FK Tempo. Utover dette, blir det historier om drapsforsøk på årsfest, spelera som forlata bana i protest, skodespelarprestasjona på Bollywood-nivå, livet som trenar i 6. divisjon, og mykje meir.
Etter to uker i karantene, er Tempopodden endeleg tilbake med gjester i ein heidundrandes påskespesial. Ingen ringare enn Bjarte Nesheim og Børge Nordal, frå den ærverdige Tempomafiaen, satte sine bein i det nykomponerte studioet, tilrettelagt for sosial distansering og voksenbruskonsumering. I anledning at Crème de la crème er på besøk, tar dei denne gangen for seg Bjarte sin tidlegare klubb, Anga FK. Det blir forteljinga om tidenes assist på Eikefjord stadion, utdeling av albuer, forbrødring og mimring om tidlegare legender i Førde sitt svar på FK Tempo. Utover dette, blir det historier om drapsforsøk på årsfest, spelera som forlata bana i protest, skodespelarprestasjona på Bollywood-nivå, livet som trenar i 6. divisjon, og mykje meir.
Nytt utstyr, bedre lyd og ingen gjester. Dagens utgåve av Tempopodden er tilbake til ei meir edruelig lengde, men inneholder fortsatt like mykje pisspreik. I denne episoden er Kristian og Benjamin meir dagsaktuelle enn noken gang, og levera "hot takes" på dei mest brennheite artiklane til Firdaposten. Øverst på dessertmenyen over divisjonskollegaer, står det denne gang "Askvoll/Holmedal". Som med alle andre lag, har Benjamin såklart ein nemesis. Det blir også servert historier om eit nesten-havari på veg til bortekamp, og kampen som fekk ein Tempo-trenar til å ta sin hatt å gå. Utover dette, blir det ein gjestevisitt frå Tore André Flo, mimring frå Benjamin sin fortid som frontmann i diverse Power Ballad-bands, langflatlegging, overgangsrykter, og såklart litt obligatorisk plapring om Florø Fotball.
Ny uke, nytt lokale, nytt utstyr, ny episode, ingen gjester og ny time med breddefotballsnakk for spesielt interesserte. I dagens episode er Kristian og Benjamin enda meir navlebeskuande enn vanleg, og forteller om sine rike og innholdsrike fotballkarrierer. Laget som står i fokus denne gang, er ingen ringare enn Høyang 2. Her blir det historier om både nedskalling av barn og mentale sammenbrudd i møte med den eldre garde. Det blir også, som alltid, dedikert eit par minutt til snakk om stoda i Florø fotball. I tillegg til dette, blir det også servert ei rørande historie om korleis ein brettspelkveld snudde livet fullstendig på hodet for to svorne fienda.
Etter ukevis med iherdig kamp, er håndduken kasta. Podcasten har standardisert seg som ein timelang affære. Denne gangen har podcasterane til FK Tempo løfta blikket opp frå nasetippen, og invitert ein gjest frå utforbi klubben. På "besøk" i studio, er ingen ringare enn journalisten, podcastaren og den prisvinnande bloggaren Arne Hjorth Johansen. I dagens episode er det Førde sitt tredjelag i 6.div som skal under lupen. Det blir også delt erfaringar rundt den historiske rivaliseringa med nabobyen i aust, og den sedvanlege kritikken av Florø fotball. I tillegg til dette, får ein lære at Benjamin ikkje er åleine om å være idiot på bana, at det er store likhetstrekk mellom to av dei tre i studio, at ein potensiell date er i emning, og at det er grobunn for nye og spennande overgangssagaer i tida framover.
Korleis kan vi forstå, og korleis kan vi forebygge radikalisering? Det er slikt Elisabeth Harnes frå Ressurssentra om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS) jobbar med. Denne veka var ho i Florø for å være med inkluderingskonferanse i regi av Kinn ressurs og utdanningssenter, og vi var heldige å fekk lurt ho med oss inn i podcaststudio for ein prat.
Etter at forrige ukes podcast utfordra grensa for kor lenge den gjengse mann i gata gidder å høyre anekdoter om eit 6.divisjonslag, vart antall gjester denne gangen redusert frå to til ein. På tross av nedskjæring i antall gjester, og heftig klippevirksomhet, endte podcasten likevel opp med å bli ein endå lengre enn sist. Dagens gjest, er ingen ringare enn quizmaster og yogaentusiast, Jon Håvard Strømsnes. Som tidlegare leder av Stimen, blir det i dagens podcast retta eit ekstra stort fokus på stoda i Florø fotball. Kort oppsummert, vil neste podcast sannsynlegvis starte med at Kristian og Benjamin nok ein gang må legge seg langflate på oppfordring frå øverste leder i Florø Fotball. Det blir sjølvsagt også ein heil del snakk om FK Tempo, treningskampen mot Tambarskjelvar, divisjonskollega Hyllestad og siste nytt i den neglebitande Book-sagaen.
Benjamin Mellingen Thuen, Magnus B. Nygaard og Arne Hjorth Johansen er podcastpanelet i Firdaposten denne veka. Tema er veldig laust denne gongen. Framtid, flaut og dikt til Florø er berre noko av det vi er innom denne gongen.
Etter braksuksessen med Ole-Kristian i studio forrige uke, vart det i dinna episoden fullstendig overtenning, med to pratesjuke Tempo-legender på visitt i Firdaposten sine lokaler. Det blir framføring av Limerick, til svært blanda mottagelse, anekdoter om då norgesmeisteren i biljard måtte abdisere, kjendisfest og ein skokk med andre røverhistorier. I ein episode der redigeringsansvarleg måtte jobbe overtid for å få pressa materialet til under ein time, tar dei også for seg Tambarskjelvar, Florø fotball og siste vending i den nervepirrande Book-sagaen.
Er det nokon skilnad på julemarsipan og påskemarsipan? Og er det eigentleg nokon skilnad på Ina og Dina, om ein ser bort ifrå den eine bokstaven? Det får du svar på i vekas podcast, der ungdomspolitikarane Ina Martine Brendø og Dina Bovim er gjester. Dei fortel dårlege vitsar. Dei fortel om kor vanskeleg det er å lære ungdomspolitikarar frå Måløy om forholdstal. Dei fortel kor vanskeleg det er å ta båten til Måløy. Og kven er eigentleg deira politiske forbilde? Ta ein lytt på vekas podcast og bli betre kjend med to av byens mest sentrale ungdomspolitikarar.
Etter å ha bergtatt 3% av Florøs befolkning med debuten som podcastera, er gutta frå Tempo tilbake med ein ny episode. Denne gangen er Ole-Kristian gjest i studio, og deler sine erfaringa i Tempo, med mafiaen og sin forkjærleik dei alltid tidsriktige klesplaggene stilongs og sixpence. Episoden inneholder også Kristians krampeaktige debut som poet, og Benjamins forsøk på å komme i Guinness rekordbok for hyppigst bruk av ordet "yes" i ein norskspråkleg podcast. I ein episode der 20% måtte klippast vekk og sensuren vart tatt i bruk for første gang, tar dei også for seg Gaular fotball, kor vidt Kristoffer Booka bussbillett til Eikefjord, samt eit par tygger med humble pie etter ein reprimande frå øverste hold i Florø fotball.
Link til speleliste på Spotify: HER
Truls Einar Johnsen og Magnus B. Nygaard er gjester i denne vekas utgåve av Firdaposten si vekevise podcast. Det blir prat om Oslo-makta og Florø-patriotisme. Og mykje anna.
I denne flunkande nye podcasten om FK Tempo, tar to av klubbens største ringreva, i moderne historie vel å merke, på seg oppdraget med å snu supply and demand-prinsippet fullstendig på hovudet, og tvinge fram eit behov blant Firdapostens lesarar til å halde seg oppdatert på kva som skjer i ein ganske middelmåtig 6. divisjonsklubben kvar veke. Første episode startar med at vi, i all vår audmjuke, kastar lys på våre eigne innslag i lokalavisa, på godt og vondt. Kvifor dukka ein noksagt som Kristian Vårdal plutseleg opp i Twitter-feeden til blant anna Bernt Hulsker, Bård Tufte Johansen og Ole Rolfsrud? For ikkje å snakke om den gangen Benjamin Eggen, med ein kastearm byen ikkje har sett makan til sidan Magne Føleide sine velferdsdagar på 60-talet, klarte å skape store overskrifter med nøkkelorda «sparkesykkel» og «russebuss». Utover i episoden, snakkar vi om våre kjære naboar og 6. divisjonskollegaer, Eikefjord IL. Her blir det eit par nye turar ned memory lane, også denne gong på godt og vondt. Blant anna om den gongen det brennheite lokalderbyet, sannsynlegvis for første og siste gang, var å finne på oddsen. Vi tek også føre oss problematikken med at Eikefjord til stadigheit klarar å lokke til seg spelarar frå FK Tempo, og kva dette kan komme av. Avslutningsvis snakkar vi også litt om Sunnfjords flaggskip på fotballbana, Florø Fotball. Kva synest eigentleg folk, og kanskje spesielt vi då, om utviklinga i Florø Fotball om dagen? Innimellom alt dette, kjem det så klart ein heil del digresjonar og avsporinga. Forhåpentlegvis til glede for lyttarane.
I Podcasten denne gongen blir Per Øyvind og Hjorthen ufrivillige deltakarar i ein sosialantropologisk studie som Maren har kokt saman. Vi er framleis litt usikre på korleis deg gjekk, men vi håpar at ho framleis vil vere med og leike med oss. Vi «bjudar» på oss sjølv, og vi snakkar sjølvsagt om dei sakene som har vore mest lesne i Firdaposten den siste veka.
Fredag kveld står Susanne Larsen Kvamme på scena for å varme opp for stand up-komikar Roar Brekke. Dagen før debuterte ho i Firdaposten sitt podcast-studio. Det same gjorde Benjamin Mellingen Thuen. Nyinnflytta florøværing som også likar seg på scena. Praten går laust og ledig om korleis det er å vere ny i Florø. Om korleis det blir å stå på scena i heimbyen, og kanskje litt om korleis ein kan skaffe seg kjæreste?
Kven har vore den beste keeperen i Florø Fotball dei siste ti åra? Tommy Løkkebø, Knut Kvammen, Nicklas Frenderup, eller kva med Jakob Storevik, Renze Fij eller Mark Jensen? Kanskje Robert Winogrodzki? I denne utgåva av Firdaposten sin podcast er det fotball som er temaet. Programleiar Arne Hjorth Johansen har samla dei to klubblegendene Bengt Solheim-Olsen og Per Øyvind Helle, saman med sportsjournalist og Florøfan Dag Frøyen for å bale med nettopp slike spørsmål. Kven skal inn i ein ellever om tiårets beste Florø-spelarar skal kårast. Ikkje uventa blir laget prega av spelarar frå opprykkslaget i 2016, og dei påfølgande åra i OBOS-ligaen, og panelet blir til slutt overraskande einige.
Den første podcasten i 2020. Den første podcasten i Kinn. Vi snakkar om nyttårsforsett, julegåver Maren sine psykopatiske tendenser, og kva varmt er det eigentleg Hjorthen likar å ha handa rundt?!?
Juleølsmaking har vore ein lang tradisjon i Florø, og i Firdaposten, særleg gjennom aktiv og entusiastisk deltaking frå journalistlegendene Harald J. Stavang og Knut Magnussen. No tek podcast-gjengen, denne gongen representert med Fredrik Helland, Per Øyvind Helle og Arne Hjorth Johansen opp hansken. I denne podcasten smakar dei på ni sortar øl, og kårar ein vinnar. Dette gjer dei samtidig som dei snakkar om kva saker som har vore mest lest i Firdaposten den siste veka, og gjer ei oppdatering på kåringa av tiårets florøværing. Vi håper du har det like kjekt når du høyrer på som dei hadde då dei spelte det inn. Dette var årets siste podcast, men vi definerer denne hausten som ein suksess og satsar på å vere tilbake igjen på nyåret.
Denne gongen er det Fredrik Helland og Per Øyvind Helle som er med Arne Hjorth Johansen i studio. Praten går om Kinn kommunestyre, byen som skal heite Florø, uværet som har herja dei siste dagane, og dei lurar litt på kven som har vore tiårets florøværing. Her vil panelet gjerne ha tips fra deg. Hvem er egentlig tidenes floræværing?!?
Vi oppsummerar burgertesten og kårer ein noko overraskande vinnar. Elles blir det snakk om slikt folk er oppteke av. Bursdagen til Britney Spears, fotballhallen som kanskje blir utsatt, eller avlyst? Turleiar med hoggormskrekk og ikkje minst: Er parkeringssjef Jan Harald Arnesen eigentleg Jesus? Burde han ikkje sagt det litt før i så fall?
Link til speleliste på Spotify: HER Pernice Brothers - Spread The Feeling Scud mountain boys, new Mendicants, Roger Lion, Chappaquiddick Skyline Med Pete Yorn og Neko Case Big Thief Hallelujah The Hills – I’m You Boston Ryan H. WalshI’m Fine But I’m Not OK Dream syndicate Steve Wynn Van Morrison Big Thief – Two Hands Øya 2019 Great Grandpa – Four Of Arrows indie Morfar Johannes Høstflot Klæbo americana emo poprock Fra vestkystens egen countryhovedstad Seattle Tim Barry – The Roads to Richmond Country folk Dean Alexander – Devil Man’s Blues Blues countryrock Todd Snider The Menzingers – Hello Exile Punk Scranton, Pennsylvania. Dunder Mifflin Steve Carell Michael Scott Dwight Schrute Frank Burns MASH North Mississippi Allstars – Up And Rolling Cody Luther Dickinson, superprodusent Jim Dickinson Replacements Green On Red slacker Americana Mavis Staples Jason Isbell Spirit Family Reunion – Ride Free bluegrass Chuck Prophet High As Johnny Thunders The Make-Out Room San Francisco Aaron Lee Tasjan. Joe Henry The Gospel According To Water Jazz/rock Madonna Sweet Relief II Vidar Vang - Mann Fra Nord americana-inspirert Spellemannsnominerte «Rodeo» Geir Sundstøls «Studio Intim» i Oslo Sundstøl Erland Dahlen Bjørn Holm Mikael Lindqvist Lise Voldsdal Frank Hammersland - Atlantis Pophelt Bergen Pogo Pops Popium Evig Din For Alltid Syntax-e The Love Connection Øyrehagen – Nordland Haavebua-favorittene sommeren 2011, Tyyl Visepop, 80-tallets postpønk, Kent, powerpop True Lies - Hoarse Rock Powerpop Malmø Sverige The Jay Vons - The Word regning sound minus vokalist greg cartwright soul Jack Berntsen Meat Loaf Halvdan Sivertsen Årdal Redaktør Vee
Burgertesten går mot slutten. Denne gongen er det burgarane på Circle K og Bistro To Kokker som blir testa av panelet. Så er det som vanleg snakk om ting vi har vore opptatt av sidan sist. Ikea, Pasta Sentral, Casa Rognsø og sikkert mykje meir. Høyr sjølv då vel!
Vi testar burgarane på Odin og på Pizzahjørnet, og snakkar elles litt om ting som har skjedd sidan førre podcast.
Burgertestinga held fram. Denne gongen er det Bolette og Tapas Bar og Burger som får testa sine burgarar. Så er det sjølvsagt snakk om det som folk har vore oppteke av den siste veka. Korleis går det med Terje Rognsø? Har Jenny Følling noko med korleis Flora-vimpelen som dukka opp i India?
Burgarane til Amanda Grill og Kafe Kandis blir testa. Dessutan snakkar vi om kva folk har vore oppteke av den siste veka.
Vi held fram med å kåre byens beste burger, og snakkar om kva som har skjedd den siste veka. Kva saker har blitt mest lest i Firdaposten? Kva meiner vi om Halloween? Slik gjekk det då Fredrik køyrde brannbil. Mellom anna. Velkommen til Firdaposten sin dugnadspodcast!
Vi testar Mix-burgaren, og snakkar om politikarløn, Geir Oldeide, Kinn, Ola Teigen-metoden og nasebor. Høyr då vel!
Link til speleliste på Spotify: https://open.spotify.com/playlist/58OoGOIg4pxN7N1aeXRUd6?si=vl_v0ydtQx6VE-hpf9qUXQ #Dust Of Daylight #Sturgill Simpson #Sunday Valley #Dark Side Of The Moon #Netflix, #samurai, #post-apokalyptisk landskap, #Alex Jones-lignende #John Prine, #Funk rock, #Bobby Emmet, #Roger Bryan and the Orphans #The Replacements, #Husholdningsnavn #Humbird, #Folksy #Americana #Aimee Mann #Chuck Cleaver #Ass Ponys #Wussy #Cincinatti, #Ohio #Jonah Tolchin #Rickie Jones #Little Feat #Jackson Browne #Darrin Bradbury #Margo Price #Singer/songwriter, #satiriker #folk #countrymusikk, #redneck noir. #Justin Peter Kinkel-Schuster #Marie/lepanto, #Water Liars, #enmannsband #Hasil Adkins #Cramps #Peter Bruntnell #Britisk americana #Futurebirds #Indierock/americana #Athens, Georgia #Jeff Kelly #Green Pajamas #europeisk #Fransk #Stranglers i 82, #Cohen, #Britisk 60-tals-psykedelia #Jack Klatt #Americana #Monte Warden #Wagoneers, #Chris Isaak, #honky tonk. #Seint nittitalls Steve Earle. #Klabb og Babb. #Øivind Blunck #Sverre Anker Ousdal #Michaela Anne #Americana-pop #åtgaum #Zachary Lucky #Folkcountry #Saskatoon, #Saskatchewan #Canada. #Guy Clark #John Calvin Abney #John Moreland #Calle Hamre #Butterfly Garden. #Bergensbølgen #Pärra Eriksson #Môra-Per #Perssons Pack #hoodoo gurus #Dan Zanes #del fuegos #Justin bieber #Skien #sportsklubben Brann #Midnight Choir #green cortinas #ken stringfellow #The Posies #R.E.M. #Dead Scouts #Eldkvarn #Kacey Musgraves #Cornflakes #Freddy Holm #Strupetakarne #Tove Bøygard #Halden Electric #henning kvitnes
Arne Hjorth Johansen, Fredrik Helland og Maren Avsnes Klakegg er happy etter å ha laga podcast med godt humør, liten substans og svært lite faktaorientert.
Link til speleliste i Spotify med sangar frå aller artistane vi snakkar om
Intro og outro: Bensound.com Musikken vi snakkar om finn du på denne spelelista: Podcast