Intervjuer, programmer og andakter produsert av Radio Sunnmøre

Søndagens tekst 4. oktober her henta frå Matteus 18, 1-6. Den handlar om Himmelriket og dei små. I ein samtale med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, tek vi ein prat om kva denne teksta handlar om og kva betydning den kan ha i dag. Høyr Søndagens tekst med Karl Johan Bjørge, Ragnhild Kristine Vartdal Espelund og Randi Fagerhol Lauvås.

Helga 16. og 17. oktober blir det Pit Stop på Ellingsøy bedehus. Martha Bjørge og Ester Molnes sit i styret i den lokale ungdomsforeininga Seinfredag som er medarrangør, saman med Imf Ung Sunnmøre og NLM Ung Nordvest. Bjørge og Molnes håpar at 200 ungdomar frå heile Sunnmøre tek turen til Ellingsøya denne helga. -Fyrste dagen skal vi ha opningsmøte, kiosk og sosialt. Og laurdagen blir det workshops med Funbattle, dans, aktiv og kor. Det blir også Grill en kristen, og gratis middag til alle, seier Martha Bjørge. - Det blir også Pitfest, legg ho til. - Det blir også Raveparty med DJ og glowsticks, fortel dei. - Eg gler meg til å vere med mange folk frå andre plassar, og lære meir om Gud og Jesus og sånn, seier Molnes. Høyr heile intervjuet med Martha Bjørge og Ester Molnes. Sjekk ut meir om Pit stop på Imf Ung Sunnmøre.

På ei litt dårleg telefonlinje frå ein kafe på Flesland flyplass i Bergen, tek vi Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes i dag. Ho er på veg til Bedehuskanalen for innspeling av nytt bøneprogram, og for ei møtehelg på Betlehem i Bergen. Vi får høyre litt om kvar bøneemna kjem frå til programmet, og Krokeide Alnes deler også eit lite ord med oss mot slutten.

Vi har tatt ein telefon til Te`ena Ben Haim i Israel for å høyre litt om korleis kvardagen er i landet, etter nokre år med terror, krig og urolegheiter. Høyr den lengre samtalen Arild Ove Halås har med Te`ena Ben Haim.

For så elska Gud er tittelen på Ord til ettertanke denne veka. Det er Peder Almedal som delar ord til ettertanke om alt det gode Gud har å gi. Han er i haust ny leiar i Harilastiftelsen, og vi får også høyre om det nye arbeidet han har gått inn i. Høyr heile intervjuet med Peder Almedal og hans ord til ettertanke denne veka.

Ord til ettertanke 21. september av Peder Almedal

Ord til ettertanke 22. september av Peder Almedal

Ord til ettertanke 23. september av Peder Almedal

Ord til ettertanke 24. september av Peder Almedal

Ord til ettertanke 25. september av Peder Almedal

Torsdag 1. oktober blir det basar på Vigra bedehus for Radio Sunnmøre. Eli Remme og damegruppa Radioaktive damer på Vigra, inviterer til basarkveld. Elkana frå Godøya skal synge, Linda Austnes skal halde andakt, og Remme lovar skikkeleg basarstemning. Høyr heile intervjuet med Eli Remme om basaren på Vigra bedehus torsdag 1. oktober kl. 1900.

I søndagens tekst høyrer vi om Peters svigermor og andre sjuke. Teksta er henta i frå Matteus 8, 14-17 og vi samtalar om teksta med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti.

Tradisjonen tru blir det Gla`sang på Frænabu også denne hausten. Else Karin Jacobsen er brennande engasjert i helga, og håpar at også sunnmøringane tek turen og blir med. Høyr Else Karin Jacobsen fortelle om programmet i eit intervju på Radio Sunnmøre.

Denne helga var Marit Stokken Berland og Jarle Berland i Bremanger og haldt møter, saman med ein gjeng songarar. Ho fortel at ho denne helga fekk nytt mot, akkurat slik Paulus fekk i Apostelgjerningane 28, 15. Høyr heile kvardagspraten med Marit Stokken Berland.

Støperiet i Ålesund vart starta etter initiativ frå Joakim Solbakken for over tre år sidan. Solbakken fortel at det er ein ung gjeng som samlast til smågrupper og samlingar og finn fellesskap i alderen 20-30 åra. Fredagar er det gudsteneste i Støperiet i Ålesund og Solbakken ynskjer endå fleire velkomne. Høyr meir om korleis det går i Støperiet i intervjuet med Joakim Solbakken.

Tysdag 29. september inviterer Misjonssalen Ålesund til ein temakveld med Andreas Kjøndal. Ta av maskene for å elske kvarandre er temaet for kvelden. Kjøndal er lærar ved KVS vidaregåande i Lyngdal. Andreas vil fortelle historien til "Krigerne og søstrene". Samtidig vil han fokusere på at vi er satt fri til å forandre verden, og då må vi ta av maskene slik at vi kan elske kvarandre i menighetene og utover menighetene. Høyr heile intervjuet med Andreas Kjøndal om tysdagkvelden i Misjonssalen Ålesund.

I haustens fyrste program frå NSP Aid (North South Partnership Aid) har Per Gunnar Hamnøy med seg to elevar frå Spjelkavik vidaregåande skule i studio. Jentene skal bli med til Afrika om to veker, og fortel i intervjuet at dei har kjent til arbeidet til NSP Aid nokre år, og gler seg veldig til å kome til landet for å sjå arbeidet organisasjonen driv for å betre barn og unge sin kvardag. Høyr heile det nye programmet med NSP Aid.

I Ord til ettertanke denne veka deler Andre Sætre svært personleg om ein Gud som svarer på bøn, og om ein Gud som er der i alle situasjonar. Gud svarer ikkje alltid slik vi ynskjer, men Sætre opplever at Gud har vore med i mange tøffe situasjonar. Sætre er leiar for Den Indre Sjømannsmisjon, og har sjølv måtte gå gjennom livet med motgang og tøff sjukdom på nært hald. Han fortel gjennom andaktene om konkrete situasjonar i livet der han har fått kjenne at Gud er med. Høyr heile intervjuet og andaktene med Andre Sætre på Radio Sunnmøre.

I Søndagens tekst er evangelieteksta henta frå Johannes 11,17–29, og handlar om då Lasarus hadde vore død i fire dagar. Marta og Maria er i sorg og forstår ikkje kvifor Jesus ikkje har kome før. Høyr heile teksta og samtalen om teksta med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti.

Denne veka skal Irene Krokeide Alnes til Gimlekollen i Kristiansand og vere med på startskotet til ein ny aksjon. Aksjonen handlar om å hjelpe kristne til å vitne for andre med nytestamenter og hefter som er laga til utdeling. Høyr heile kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

13+ er eit tverrfagleg team av frivillige med relevant utdanning og erfaring innan psykososial omsorg. Teamet består av sjukepleiarar, vernepleiarar, psykolog, helsefagarbeidar, prest og psykotraumatolog. Prest, John Sylte, er også med i dette teamet og fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre om chattetenesta for ungdom 13 + som treng eit slikt tilbod.

Misjonsalliansen feirer 125 år i år, og reiser på gebursdagsturne rundt om i Noreg. Onsdag 16. september kjem dei til Valderøy kyrkje, og markedskoordinator Julie Elena Skjelde fortel til Radio Sunnmøre at dei gler seg til feiringa. Lokale musikkrefter som Øss tre og Trio m/band skal bidra med musikk, og Misjonsallinansen sitt hovedkontor kjem med kake og talar. Høyr heile intervjuet med Julie Elena Skjelde, markedskoordinator i Misjonsalliansen.

I Ord til ettertanke denne veka er det Lars Petter Ødegaard som delar frå Bibelen og frå eige liv, om når livet blir vanskeleg. Høyr alle ord til ettertanke og intervjuet med Lars Petter Ødegaard, krinsleiar i IMF Sunnmøre.

Ord til ettertanke av Lars Petter Ødegaard

Ord til ettertanke av Lars Petter Ødegaard

Ord til ettertanke av Lars Petter Ødegaard

Ord til ettertanke av Lars Petter Ødegaard.

Ord til ettertanke av Lars Petter Ødegaard.

Daniel Lillestøl (22) drøymer om å bli radiostjerne. Han går tredje året på tilrettelagtlinja på Sjøholt folkehøgskule, og har vore i Radio Sunnmøre for å teste ut yrket. Han er glad i musikk og vil synge I Heard it on the radio til lyttarane. Andreas Himmelskip Jakobsen, musikklærar ved Sjøholt folkehøgskule, kom på ideen om å la Lillestøl få prøve seg i Radio Sunnmøre. Vi får også høyre litt om korleis oppstarten ved skulen har vore dette året. Høyr heile intervjuet og songen med og av Daniel Lillestøl, og intervjuet med Andreas Himmelskip Jakobsen.

Søndagens tekst er henta frå teksta Markus 7, 31-37 og handlar om den døve som hadde vondt for å tale. I Søndagens tekst tek vi ein prat med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, om innhaldet i teksta. Det er Randi Fagerhol Lauvås som les teksta.

Onsdag 16. september inviterer Løvemammaene Midt foreldre på tur & terapi i Ålesund. Turen er heilt lavterskel og ein må ikkje vere trent for å delta, men turen er utan born. Radio Sunnmøre fekk besøk av to engasjerte løvemammaer, Monica Farstad og Hanne Waage Borgund, som begge har born med ulike hjelpebehov. Dei kom inn i styret i Midt for nokre år sidan, og fortel at det er ein møtestad for foreldre og familier med like utfordringar i kvardagen. Treffpunkta er ein stad å dele både gleder og sorger. Og i tillegg få god støtte og hjelp til ulike utfordringar. Løvemammaene er ein diagnoseuavhengig organisasjon som jobbar med å opplyse om og forbedre rettigheitene til barn og unge med kronisk sjukdom, funksjonshindringar og ulike hjelpebehov. Dei bren for støtte, frihet og likestilling til hele familien. Høyr heile praten med Monica Farstad og Hanne Waage Borgund, løvemammaer som sit i styret til Løvemammaene Midt.

Eyvind Volle er heime på ferie og vi fekk ein prat med han i studio om arbeidet han er med på som pastor i Immanuelkirka i Tel Aviv. Det siste året har dei fått undervise nye kristne og vore med på dåp. Vi får høyre litt om kva ein underviser til nye kristne, og litt om framtidsplanar for ekteparet Volle. Høyr heile praten med Eyvind Volle, pastor i Immanuelkirka i Tel Aviv.

Forrige veke var Marit & Irene på Ellingsøy bedehus og haldt møteveke frå tysdag til søndag. I Kvardagspraten med Marit Stokken Berland får vi høyre korleis det gjekk. Vi får også høyre Stokken Berland dele nokre ord i dagens kvardagsprat. Høyr heile praten med Marit Stokken Berland.

Søndag 13. september blir det konsert med Sveinung Hølmebakk og Elkana på Valderøy bedehus. Hølmebakk har nyleg kome ut med ei ny plate som heiter Nåderegn. Den kom i mars og fleire av songane er arrangert for kor. I helga blir det konsert med både dei nye songane til Hølmebakk og nokre av dei gamle. Høyr heile intervjuet med Sveinung Hølmebakk.

Alma Halse (1907-1969), fødd på Åheim, fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1965 og Alle kvinners ærespris i 1963 for sin kristen humanitære innsats i Alta. Laurdag 26. september skal det vere seminar om denne dama i Pinsekirka på Moa. Høyr intervjuet med Ben Giske fortelje meir om denne dama og seminardagen Pinsekirka på Moa skal halde.

Det starta med ei damegruppe i Herøy og no skal det arrangerast undringkveldar i Herøy kyrkje for damer og unge jenter i haust. Kvelden skal vere ei moglegheit til å snakke om tvil og tru. Denne kvelden leggast det til rette for å stille dei spørsmål ein ynskjer svar på når det gjeld tvil og tru. Det er inspirasjon frå Alphakurset som skal nyttast som inngangsport til samtale. Det heile startar tysdg 8. september i kyrkjekjellaren. Rikke Grevstad Kopperstad er intervjua om undringkvelden i Herøy kyrkje. Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.

Siste helga i august var det tradisjonen tru song -og musikkhelg i Fosnavåg. Denne gongen var det Plussreiser, Bedehuskanalen og P7 som stod som arrangørar. Johan Halsne, som har leia denne helga i alle år, er svært nøgd etter helgas arrangement. Neste år er det tiårs jubileum, og arrangementet blir også då siste helga i august. Høyr heile intervjuet med Johan Halsne.

I dag, torsdag 3. september, markerer Møre barne -og ungdomsskule Ålesund 30 år. Ordføreren i Ålesund kjem, det blir kaker og leiker, og det blir fotballkamp. Høyr intervjuet med rektor Øystein Engås om kva som har skjedd i løpet av desse 30 åra, og korleis feiringa skal foregå.

I ord til ettertanke denne veka er det Torstein Walderhaug som deler sine tankar rundt songen Salige visshet. Han seier at bak kvar einaste linje ligg det Bibelske sanningar. Walderhaug vart sjølv ein kristen som 15-16 åring, og fortel at vissheita har han hatt sidan. Høyr heile intervjuet med Torstein Walderhaug og ord til ettertanke som han deler i veke 36.

Ord til ettertanke av Torstein Walderhaug.

I søndagens tekst for 6. september skal vi få høyre Matteus 5,38–48. Teksta handlar om å gjengjelde det onde med det gode. Høyr teksta bli lest av Randi Fagerhol Lauvås, og samtala om av Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, saman med Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, redaktør i Radio Sunnmøre.

Onsdag 9. september inviterer Awana til region leiarkonferanse i Pinsekirka konferansesenter på Moa. Runar Liodden fortel i intervjuet at det er fleire forsamlingar i regionen Møre og Romsdal som nyttar Awana -opplegget, og at ein no ynskjer å ha ei regional konferanse for leiarane. Det er også ope for dei som er nygsjerrig på konseptet. Høyr heile intervjuet med Runar Liodden frå Awana Norge.