POPULARITY
Haust og vinter er høgsesongen for det kristne reiseselskapet Plussreiser. Leiar for Plussreiser, Kurt Andre Henriksen, fortel om at reiseselskapet har ganske god påmelding på dei planlagte turane no til hausten og vinteren. Den første turen til Israel, etter krigen, er også satt til november. Høyr heile intervjuet med Kurt Andre Henriksen, leiar i Plussreiser.
Ny dagleg leiar er tilsett på Orreneset Misjonssenter. Sondre Bårnes har takka ja til stillinga frå 1. august 2026. Han er son til Anbjørg Bårnes, som går av som pensjonist i sommar, og fortel på Radio Sunnmøre at han har vakse opp på leirstaden. I 2018-2021 var Sondre Bårnes tilsett på Orreneset Misjonssenter før han og familien flytta til Egersund. Etter eit år kom dei heimatt til Sykkylven og han har dei siste åra vore tilsett i Møre Trafo. Bårnes er utdanna bakar, og han ser fram til å starte som dagleg leiar på Orreneset Misjonssenter 1. august. Høyr heile praten med den nye daglege leiaren, Sondre Bårnes, på Radio Sunnmøre.
Ein i klassa (Johannes) har vore på Syden-ferie (Roma) og no må resten (Amund og Quang) lage presentasjon om kor han har vore. Dei fire store har visst ikkje noko med Kielland å gjere for romarane, romersk sitronbrus er (ikkje) heilt annleis frå vanleg sitronbrus, og den mest leskande snacksen etter eit halvmaraton er olivenoljekjeks.Av og med: Amund Glad Østensen, Johannes Nyborg, og Thien Quang Le (teknikk)
Etter tre månader i leiarstolen for Indremisjonsforbundet (ImF) har Jarle Haugland allereie vore med på ei nedbemanning i organisasjonen. I desember såg ImF ut til å få eit underskot på fire millionar kroner, og tiltak måtte til. Det er hovedsakleg Awana sin satsning i Europa og forkynnarar i deltidsstillingar som har blitt nedbemanna, og i tillegg er det andre kutt som har måtte bli gjort. Tross krevande kutt ser den nye leiaren, Jarle Haugland, lyst på 2026 og arbeidet vidare i Indremisjonsforbundet. - Det er ein organisasjon eg er glad i. Eg er glad i folket og i oppdraget, seier Haugland. - Eg er framleis i læringsmodus og har tenkt å bruke dei fyrste månadane til å lytte, legg han til. Lytt til intervjuet med Jarle Haugland, leiar for Indremisjonsforbundet, om hans tankar rundt organisasjonen for framtida.
MIFF Sunnmøre inviterte Kolvikbakken ungdomsskole til ei temasamling onsdag 8. oktober halde av Henrik Beckheim, om temaet "Er det plass til jødar i Noreg etter 7. oktober?". Svaret Marit Heggen Stokke, leiar for MIFF Sunnmøre, fekk på invitasjonen frå ein avdelingsleiar ved skulen, rysta henne, og ho la svaret ut på MIFF Sunnmøre sine facebooksider. Avdelingsleiaren ved Kolvikbakken ungdomsskole anmeldte Heggen Stokke og saka er no blitt henlagt av politiet. Høyr heile intervjuet med Marit Heggen Stokke.
Helga 17. -19. oktober blir det Pit Stop på Emblem bedehus. Årets tema er Logos og helgas taler er Anette Fredly. Leiar for Imf Ung Sunnmøre, Miriam Mulelid, inviterer alle ungdom på Sunnmøre til denne helga. Høyr intervjuet med Miriam Mulelid. Helga er eit samarbeid mellom Imf Ung Sunnmøre og NLM Ung Nordvest.
I haust starta Ole Petter Stenberg(36) som Ung-leiar for Misjonssambandet Region Nordvest. Han er frå Averøya, men bur på Stranda med kone og to barn. Etter vidaregåande skule på Vestborg, bibelskule, og arbeid i barnehage i Sykkylven som førskulelærar er han no klar for ny jobb. Han fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at han har eit brennande engasjement for at born og unge skal få høyre om Jesus.
I Region Nordvest av Misjonssambandet har det i aust kome ein ny leiar for ungavdelinga, nemleg Ole Petter Stenberg. Han tek over etter Geir Henning Tunheim, som i haust starta som leiar for Misjonssambandet sin forsamling i Ålesund, Misjonssalen. Stenberg er frå Nordmøre og bur på Stranda. Han ynskjer at flest mogleg born - og unge skal bli kjendt med Jesus. Høyr heile intervjuet med Ole Petter Stenberg, ny leiar for NLM-Ung i Region Nordvest.
I haust har ImF Ung Sunnmøre fått ny leiar. Miriam Mulelid starta 1. august i full stilling og fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at ho no er godt i gong med å sette seg inn i arbeidet. - Det er veldig spennande og litt skummelt, sidan eg har høge forventningar til meg sjølv. Litt utfordrande sidan det er ein ny organisasjon å sette seg inni, og mange kjekke kolleger å samarbeide med, fortel Mulelid. Ho kjem frå jobben som ungdomsarbeidar i Det Norske Misjonsselskap, og er utdanna lærar. I eit intervju på Radio Sunnmøre får vi også høyre om ulike større arrangement ungavdelinga skal arrangere i haust, som til dømes ulike leirar.
Ny leiar er på plass for NLM Ung. Andreas Furnes, frå Godøya, har lang erfaring innanfor barne -og ungdomsarbeid i misjonen, og har både visjonar og ynskjer for unge i dag. Vi har tatt ein prat med den nye leiaren på Radio Sunnmøre.
Frå 1. august får Imf-Ung Sunnmøre ny leiar ved Miriam Mulelid. Då ho fekk vite at stillinga skulle lysast ut kjende ho at det var drøymejobben. Ho gler seg veldig mykje til å starte i jobben. I eit intervju på Radio Sunnmøre fortel ho at ho ynskjer at endå fleire born skal få høyre om Jesus og bli utrusta til å leve med Han.
I november arrangerer ImF Sunnmøre ei regional leiar- og misjonskonferanse på Sunnmøre med fokus på leiarutvikling. Seminar om ulike tema og storsamlingar skal arrangerast gjennom helga, og krinsleiar Johan Halsne fortel at dette er ei satsning Sunnmøre no vil prøve ut for første gong 5.-7. november.
-Det har vore veldig spanande og veldig givande, fortel Aud Kindervåg Halsne om sin tid som dagleg leiar for Plussreiser til Radio Sunnmøre. Aud Kindervåg Halsne, som fyller 62 år i oktober, gir seg som leiar etter eige ynskje i Plussreiser. Ho held fram i selskapet som reiseleiar og prosjektmedarbeidar. Aud starta i selskapet i 2014, og har sidan då vore ei viktig drivkraft i selskapets utvikling. Ho har blant mykje anna stått i bresjen for ei stor samanslåing av dei tre reiseselskapa SI-Reiser, Sabra Fokusreiser og Ravinala Reiser til merkevara Plussreiser. Styreleiar Karl Arne Austnes takkar henne for ein formidabel innsats gjennom både koronakrisen og no sist då av deler av marknaden fall bort som følge av Hamas sitt terrorangrep og påfølgande krig. - Aud har saman med ein dyktig stab sørga for å finne nye marked og likevel klart å oppretthalde god omsetning. Det er eigarane svært takknemlege for, seier Austnes. Han legg til at Aud vil bli sakna, både for sine evner til å sjå moglegheiter og sin klokskap i møte med kundar, tilsette og reiseleiarar. - Tilbakemeldingane vi får frå kundane er gode. Aud har alltid hatt kunden i fokus og sørga for at våre tenester har halde høg kvalitet. Hennar leiarskap har vore prega av profesjonalitet og engasjement. Vi er svært takknemlege for hennar innsats over fleire år, seier Austnes. - Eg ser tilbake på ti meiningsfulle og spanande år, seier Aud, som gler seg til å halde fram i ei ny rolle for reiseselskapet ho er så glad i. - Stillinga som dagleg leiar i Plussreiser er no lyst ut, og vi ser fram til å finne ein etterfølgar som kan bygge vidare på det solide grunnlaget Aud har lagt, avsluttar Austnes. Høyr heile intervjuet på Radio Sunmøre.
Silje Vatne Ersland fortel om korleis det går med Kattnakken, om oppturar og utfordringar. Korleis er det å kombinere gründerliv og mammarollen? Korleis prega pandemien sal av regntøy? Og kor går vegen vidare for Kattnakken? Styreleiar for Kattnakken, Tor-Olav Sunde, er og med i episoden og fortel om si rolle i Kattnakken. Akkurat no er Kattnakken på jakt etter ein ny dagleg leiar. Vil du vidareutvikle ei av Noregs leiande merkevarear innan regntøy? Då er kanskje denne jobben noko for deg. Høyr meir om stillinga og kva moglegheiter som ventar. Episoden er laga i kommersielt samarbeid med Human AS. Les meir om stillinga her: https://human-as.no/ledig-stilling/376411/dagleg-leiar/r --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message
Ny dagleg leiar er på plass i North South Partnership Aid. Anders Myrene, frå Haddal på Sunnmøre, starta 1. januar i den nye jobben og har ikkje hatt så mange dagane på å sette seg inn i sine nye oppgåver. I eit intervju på Radio Sunnmøre fortel Myrene at han har fleire års erfaring innanfor bistandsarbeid i andre organisasjonar, og han vil ta med seg desse erfaringane inn i sin nye jobb. Han er imponert over det lokale engasjementet som er rundt organisasjonen sitt arbeid på Sunnmøre og gler seg til å besøke arbeidet i Kenya i starten av februar. På spørsmål om korleis det er å ta over leiarjobben i NSP Aid etter Gunnar Hamnøy, som starta organisasjonen og har leia den til no, så seier Myrene; - Det blir sagt det er store sko å fylle og då seier eg at eg har med mine eigne sko. Vi må tilpasse arbeidet til eigen kvardag og eigen livssituasjon.
Mandag feira Jesuskvinner Ålesund 20 års jubileum med reker, kake, lovsong og tilbakeblikk. Jorunn Godø, saman med tre andre damer, starta det tverrkyrkjelege konseptet lokalt for 20 år sidan etter å ha blitt svært engasjert og berørt under ei Jesuskvinner -konferanse i Oslo. Sidan då har Godø vore leiar i Ålesund, men mandag 5.juni under jubileet gav ho leiarstaven vidare til Ingrid Rødset (36). Rødset fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at då ho gjekk på vidaregåande fekk ho ein profeti om at ho ein gong skulle leie ei gruppe med jenter. På den tida var det heilt fjernt frå ho, sidan ho likte mest å henge med gutar. Mandag tok ho over leiarstaven for Jesuskvinner Ålesund og Radio Sunnmøre har tatt ein prat med henne om dette.
Ho er oppvaksen i Hjørungavåg på Nord-Vestlandet men busett i Sunnhordland. Ho har eit sterkt engasjement for næringslivet i regionen vår, - og er såleis ein perfekt match med stillinga som leiar for Invest In Sunnhordland. I denne podkasten får du vite meir om kva Lene arbeider med, kven ho samarbeider med, - og me har sjekka litt ut kven ho er på privaten. Absolutt verdt å låne øyra til! Har du spørsmål? Ta kontakt med Lene, Leiar for Invest in Sunnhordland: 481 51 050 lene@atheno.no Denne episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Atheno. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message
Dei kristne folkehøgskulane i Norge er samla i NKF (Norges Kristelige Folkehøgskolelag). Dette er ein organisasjon som skal ta vare på både praktiske, juridiske, økonomiske og idiologiske ting som gjeldt skulane og det arbeidet dei står i. Helge Kjøll er no valdt til ny leiar for NKF, og vi har snakke med han om kva dette innebær. Kjøll har dei siste 25 åra vore rektor ved Molde Folkehøgskole.
Frå 1. september startar Asle Steinbru som ny leiar for IMF Ung. Han har dei siste åra vore styreleiar for IMF Ung og vore med i prosessen å tilsette ny leiar etter at Andreas Evensen gav beskjed om at han skal starte som rektor ved Bildøy bibelskule. Steinbru kjem frå ei stilling som ungdomleiar i Den norske kirke, og kjenner arbeidet til IMF Ung svært godt gjennom vervet i Barne -og ungdomsnemda. Steinbru fortel at han er svært takksam for moglegheita å leie IMF Ung vidare, og han har eit ynskje om å vere med å bygge vidare på visjonane og strategiane styret har satt for arbeidet framover.
Hans Øyvind Sagen vert ny dagleg leiar i Bryne FK. Han har vore SNV for salg i Akvagroup, og har erfaring som marknadssjef i Viking. Me høyrer med Geir Pollestad om kvifor valet falt på Sagen, og kjem attende seinare i dag med intervju med den nye daglege leiaren.
I 1985 hadde Radio Sentrum, som i dag heiter Radio Sunnmøre, den fyrste sendinga på etaren. Knut Bergheim var radioen sin fyrste daglege leiar, og i eit intervju på Radio Sunnmøre fortel han om tida der ein skulle samle utstyr til å lage studio og planlegge dei fyrste sendingane. Kvalitet var også eit fokus den gongen for 36 år sida, då ein skulle ute med ein viktig bodskap. Det fortel Knut Bergheim i eit intervju gjort av Kolbjørn Gjære. Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.
Det som kjennetegner forbilledlig ledelse. Esther Moe er redaktør i Suldalsposten. Per-Erik Hallin synger "Let it out"
I Politisk kvarter møter du den tidlegare Auf-leiaren i Trondheim som seier ho burde ha sagt frå ei rekke gongar. Stortingsrepresentanten som meiner det vil svekke Ap som likestillingsparti om Trond Giske blir vald og han som ønskjer seg Giske som ny fylkesleiar i Trøndelag.
Då COVID-19 stengte ned verda fekk det store konsekvensar for det kristne reiseselskapet Plussreiser. Dagleg leiar Aud Kindervåg Halsne kan fortelje at dei har kansellert nær 200 turar. Selskapet har tilbakeført 22 millionar kroner til gjestane, eit arbeid som har vore krevjande for dei tilsette og selskapet. Plussreiser har fått økonomisk hjelp frå fleire av hjelpepakkane som har kome frå regjeringa, i tillegg til at selskapet har snudd seg rundt og lagd nye turar i Noreg. Høyr intervjuet med Aud Kindervåg Halsne.
Har du vurdert å ta turen på Den norske filmfestivalen i Haugesund? Her kan du høyra litt om historia bak festivalen og korleis festivalen blir i år.
Leiar i ungdomsrådet Marie Bergheim, medlem av ungdomsrådet Adrian Hovland Våge og SLT-koordinator Stian Olderkjær debatterer ungdomspolitikken på Bømlo.
Denne sommaren sender Politisk Kvarter sommarportrett av ulike aktuell kandidatar rundt om i landet. Denne gongen har vi vore i Stavanger og prata med Frode Myrhol, som er leiar for Folkeaksjonen nei til meir bompenger, både i Stavanger og nasjonalt.
Sommarportrett med Frank Sve, fylkesleiar i Møre og Romsdal Frp.
Mange i Venstre er sterk kritiske til sin eigen leiar. Bør ho trekke seg? Eller er ryktet om Venstre-leiaren sitt fall overdrive?
I vekas utgåve av Nyhetsuka har leiar for Ad Fontes og leiar for DiskuterBar møttast for å debattera mangelen på frivillige i studentbarar. Leiar for Blå Liste, Tobias Otterstad har stilt for å diskutere mangelen på kvinner i studentpolitikk, og vi har intervjua leiar av Velferdstinget om korvidt studentar bør melde flytting til studiekommunen. I studio: Marit Moen Fjeld og Kristin Aakvaag.
Finansministeren og SSB-sjefen havna i konflikt. I dag er det høyring i Stortinget, men kan dei eigentleg finne ut kven som hadde rett? Leiar i kontrollkomiteen Dag Terje Andersen svarar - før han skal spørre. Når inkluderingsdugnad skal vere ei satsingssak frå ei ny regjering; kan vi stole på det? SVs Kirsti Bergstø utfordrar Høgres Heidi Nordby Lunde. Programleiar: Håvard Grønli
I romjula la regjeringa fram nye asylforslag. Leiar i kommunalkomiteen Helge Andre Njåstad frå FrP ventar seg støtte frå forlikspartia på Stortinget. Men Venstre vil ikkje gje noko blankofullmakt til regjeringa. Det seier sentralstyremedlem Guri Melby. Ho varslar motstand mot ei rekke av forslaga. Heikki Holmås frå SV har ikkje forplikta seg og meiner regjeringa sine forslag er uanstendige. Programleiar Astrid Randen.