POPULARITY
Dagens kultur er gjennomsyra av ein gresk-romersk estetikk som kom med kristendomen. Det fanst ein førkristen estetikk som var markant annleis, og den har vi best tilgang til gjennom den norrøne skaldediktinga, som er Nordens mest originale bidrag til verdslitteraturen. Den har eit barokt system av poetiske omskrivingar og eit a-naturalistisk stilideal som heng saman med ein minneteknikk vi kjenner frå mange munnlege kulturar. Bergsveinn Birgisson har doktorgrad på desse temaa. Innspela i HVLs Medielab 19. oktober 2023.
Torsdag 6. oktober inviterer Pinsekirka Sentrum og Laget heile byen til ein hukommelseskveld på Parken kulturhus. Forfattar, foredragshaldar og tidlegare verdsmeister i hukommelse, Oddbjørn By, vil undervise i husketeknikk og hukommelse. -Vi vil gjere noko for byen vår som er positivt og bra, seier Børre Pedersen, pastor i Pinsekirka Sentrum. Saman med Laget inviterer dei studentane i byen og andre som er interesserte til ein kveld med Oddbjørn By på Parken Kulturhus. Han er kjend frå Norske Talenter, Puls, Dagsrevyen, Newton, og har vore på frukost-tv i alle dei nordiske landa. Høyr intervjuet med Børre Pedersen, pastor i Pinsekirka Sentrum, som saman med Laget inviterer til hukommelseskveld med tidlegare verdsmeister i hukommelse.
Forfattar og skribent Erlend Skjetne er gjest i podkasten denne veka. Han skriv no ein serie essay i DAG OG TID der han reflekterer kring temaet sjølvmord. Her kan du lese første del «Å døy om våren».
Kvifor irriterer me oss over skrivefeil? Har det noko med personlegdomen vår å gjere? Forfattar og filolog Kristin Fridtun pratar om den nye boka si, Kunsten å irritera seg over skrivefeil. Ho er òg fast skribent i Dag og Tid der ho skriv språkspalta "Ord om språk".
I den augneblinken ein unge kjem til verda, blir smertene skylt vekk. Marit Eikemo er forfattar, og har fødd den eine ungen etter den andre. Trass i all uroa rundt om i verda. Trur vi at vi blir sterkare med barnefødslar? At vi blir mindre sårbare? I Sommar i P2 fortel Eikemo om dei gongane ho har sett nytt liv til verda.
Samfunnsforskaren og presten Eilert Sundt var ein pionér i kartlegginga av det norske kvardagslivet og blir rekna som grunnleggaren av norsk sosiologi. Forfattar og kritikar Espen Stueland fortel i dette foredraget om arbeidet sitt med den formfornyande og kritikarroste boka Eilert Sundt-tilstanden – ei forskingsformidling i verseform. På norsk. På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
I Tyvarepublikken i Sibir er sjamanisme offisiell religion. Forfattar, globetrotter og kampsportutøvar MiRee Abrahamsen har reist for å sjå kva rolle sjamanane speler i dag. Gjennom fleire møte fekk ho innsyn i sjamanisme, strupesong og slakteteknikkar. Dette skildrar ho i reiseforteljinga Sjamanen i stjerneregn - en reise til Asias sentrum. Abrahamsen møter Jan H. Landro til ein samtale om å reise og skrive, om sjamanisme i Tyva – og om vår eigen rikssjaman, Durek. Samtalen vil vere på norsk. På Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) gir vi deg internasjonal og norsk litteratur på sitt aller beste. Her oppdagar du ny sakprosa og skjønnlitteratur frå alle verdsdelar.
Samfunnsforskaren og presten Eilert Sundt var ein pionér i kartlegginga av det norske kvardagslivet og blir rekna som grunnleggaren av norsk sosiologi. Forfattar og kritikar Espen Stueland fortel i dette foredraget om arbeidet sitt med den formfornyande og kritikarroste boka Eilert Sundt-tilstanden – ei forskingsformidling i verseform. Foredraget er på norsk.
I Tyvarepublikken i Sibir er sjamanisme offisiell religion. Forfattar, globetrotter og kampsportutøvar MiRee Abrahamsen har reist for å sjå kva rolle sjamanane speler i dag. Gjennom fleire møte fekk ho innsyn i sjamanisme, strupesong og slakteteknikkar. Dette skildrar ho i reiseforteljinga Sjamanen i stjerneregn - en reise til Asias sentrum. Abrahamsen møter Jan H. Landro til ein samtale om å reise og skrive, om sjamanisme i Tyva – og om vår eigen rikssjaman, Durek. Samtale på norsk.
Med Kikki Kleiven, Sigurd Hverven, Agnar Lirhus, Andreas Vermehren Holm og Espen Stueland. Vi ser ei aukande klimauro for kloden vår. I Litteraturhuset nye seriesatsing Klimakritikk vil vi sjå nærmare på den klimaengasjerte skjønnlitteraturen. Er den berre samtidas eksempel på tendenslitteratur, til liks med den politiske litteraturen på 1970-talet – eller er det snakk om eit litterært paradigmeskifte? Og kjem den ofte estetisk orienterte kritikken til kort i vurderinga av økokritiske perspektiv i skjønnlitteraturen? Vi skal i tillegg ta ein kikk på dei litterære naboane våre: Kva blir skrive av økokritisk skjønnlitteratur og poesi i Sverige og Danmark? Forfattar og kritikar Espen Stueland er fast samtaleleiar i serien. Stueland har markert seg som ein engasjert klimaaktivist, mellom anna med essayboka 700-årsflommen. 13 innlegg om klimaendringer, poesi og politikk. Til det første arrangmentet kjem klimaforskar Kikki Kleiven, filosof Sigurd Hverven, forfattar Agnar Lirhus og forfattar, omsetjar og redaktør i tidsskriftet Ny jord Andreas Vermehren Holm. Kleiven vil gi eit riss av klodens tilstand og kva som skjer i klimaforskinga nett no. Deretter blir det ein samtale mellom Hverven, Lirhus, Vermehren Holm og Stueland, der dei vil kartlegge dagens klimakritiske skjønnlitterære prosa, poesi og kritikk.
Med Kikki Kleiven, Sigurd Hverven, Agnar Lirhus, Andreas Vermehren Holm og Espen Stueland. Vi ser ei aukande klimauro for kloden vår. I Litteraturhuset nye seriesatsing Klimakritikk vil vi sjå nærmare på den klimaengasjerte skjønnlitteraturen. Er den berre samtidas eksempel på tendenslitteratur, til liks med den politiske litteraturen på 1970-talet – eller er det snakk om eit litterært paradigmeskifte? Og kjem den ofte estetisk orienterte kritikken til kort i vurderinga av økokritiske perspektiv i skjønnlitteraturen? Vi skal i tillegg ta ein kikk på dei litterære naboane våre: Kva blir skrive av økokritisk skjønnlitteratur og poesi i Sverige og Danmark? Forfattar og kritikar Espen Stueland er fast samtaleleiar i serien. Stueland har markert seg som ein engasjert klimaaktivist, mellom anna med essayboka 700-årsflommen. 13 innlegg om klimaendringer, poesi og politikk. Til det første arrangmentet kjem klimaforskar Kikki Kleiven, filosof Sigurd Hverven, forfattar Agnar Lirhus og forfattar, omsetjar og redaktør i tidsskriftet Ny jord Andreas Vermehren Holm. Kleiven vil gi eit riss av klodens tilstand og kva som skjer i klimaforskinga nett no. Deretter blir det ein samtale mellom Hverven, Lirhus, Vermehren Holm og Stueland, der dei vil kartlegge dagens klimakritiske skjønnlitterære prosa, poesi og kritikk. PROGRAM 19.00: Forfattar og kritikar Espen Stueland ønskjer velkommen og presenterer klimakritikkserien 19.05–19.25: Klimaforskar Kikki Kleiven gir eit riss av klodens tilstand 19.25–20.00: Filosof Sigurd Hverven held eit innlegg om menneske og natur basert på boka si Naturfilosofi (2018) 20.00–20.15: Pause 20.15–21.00: Samtale mellom Espen Stueland, forfattar Agnar Lirhus og poet, omsetjar og redaktør i Ny jord. Tidsskrift for naturkritikk Andreas Vermehren Holm Neste arrangement i denne serien: 4. mars.
Kva politiske val har leidd fram til den situasjonen me har i dag, med eit stendig veksande kjøtforbruk, aukande matimport og eit landbruk som kvar dag blir meir sentralisert? Og kvifor er det ikkje større skilnader i det politiske landskapet når det gjeld matpolitikken? Forfattar og journalist Espen Løkeland-Stai gav i 2013 ut boka En nasjon av kjøtthuer. Ni myter og en løgn om norsk landbrukspolitikk saman med Svenn Arne Lie. No tar han oss gjennom landbrukspolitikk for dummies. Foredraget fann sted 1. juni på Litteraturhuset. Litteraturhuset sin podkast presenterer bearbeida versjonar av samtaler og foredrag i regi av Stiftelsen Litteraturhuset. Hold deg oppdatert på Litteraturhuset sitt program. Meld deg på nyhetsbrev.
Korleis har ideen om at menn er det såkalla ”sterke kjønn” fått feste? Er dei biologiske skilnadene mellom kjønna så store som ein skulle tru, eller har vi rett og slett latt oss lure av språket? I boka Inferior – How Science Got Women Wrong and the New Research That’s Rewriting the Story viser forskingsjournalisten og forfattaren Angela Saini korleis forutinntatte haldningar har prega forskinga på biologi og kjønn. Forfattar og lingvist Helene Uri har i si Bragepris-løna bok Hvem sa hva?, undersøkt korleis kjønnsforskjellar blir danna og oppretthaldt gjennom språket. Dei møtest til samtale under leiing av litteraturvitar og kjønnsforskar Kari Jegerstedt.
Forfattar og journalist Torgrim Eggen fortel om David Bowie, mannen med tusen ansikt og ein vrimmel av uttrykk. Lazarus har premiere på Det Norske Teatret 11. mai 2019
Har du høyrt om bygdedyret? Forfattar og journalist Tor Jonsson brukte omgrepet for å skildre ei kjensle av utanforskap i heimbygda si på 1940-talet. Men korleis lever bygdedyret i dag? Er det utrydda, eller har det flytta etter bygdefolket inn til byen? Reporter: Synne Ulltang
Var det eigentleg Martin Luther som spikra tesane opp på kyrkjedøra i Wittenberg for 500 år sidan? Forfattar av ny Luther-biografi Atle Næss trur ikkje det. Han skal gi oss eit innsyn i mennesket Luther.
Treng du hjelp til å sove betre? Flaks for deg at forfattar Eivind Hofstad Evjemo sitt med boka si "Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet" i fonget, og har tatt fram den mjuke kveldsrøysta for å lese deg inn i svevnen og ut i ei verd av drøymer.
Forfattar og æresdoktor Siri Hustvedt fortel om automatskriving, litterære idear og det underbevisste i Salongen i dag. Elise Risnes Eikevik dykkar i myrkret - og møter hai! Dessutan fyller det feministiske tidsskriftet Fett 10 år, og redaktøren får gratulasjonar i studio.