Tru og meining i gammal tid

Follow Tru og meining i gammal tid
Share on
Copy link to clipboard

Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendommen og før naturvitskap og psykologi? Vi skal særleg snakke om førkristen norrøn religion, samisk religion og det som blir kalla folketru, gjerne med ei eksistensiell vinkling. Eg som står bak er Eldar Heide, professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. Det blir samtalar mellom meg og lekperson Gry Offernes og intervju med forskarar frå dei ulike faga som dekker feltet. Vi vinklar det mot forsking og held oss tett på kjeldene. eldar.heide@gmail.com

Eldar Heide


    • May 4, 2025 LATEST EPISODE
    • every other week NEW EPISODES
    • 1h 7m AVG DURATION
    • 88 EPISODES


    Search for episodes from Tru og meining i gammal tid with a specific topic:

    Latest episodes from Tru og meining i gammal tid

    88. Norrøn mytologi juridisk forstått. Samtale med historikar Anne Irene Riisøy

    Play Episode Listen Later May 4, 2025 83:34


    I vårt samfunn er det eit skarpt skil mellom religion og rettssystem. Men vi skal ikkje langt tilbake før vitne skulle sverja ved Bibelen. I førkristen tid var rettsstellet nært kopla til religionen. Lovene var gjevne av nornene, gudane søkte til tings når vanskar oppstod, og fredsavtalar kunne sverjast ved religiøse gjenstandar eller gudane, og dei juridiske leiarane var òg kultleiarar. Dette heng saman med eit evig spørsmål: Korleis kan du binde folk til å snakke sant eller oppføre seg slik dei seier?

    87. Håvamål. Samtale med norrønfilolog Mikael Males

    Play Episode Listen Later Apr 20, 2025 74:09


    Håvamål er eit av dei mest kjende eddadikta. Men kva er det for eit dikt? Kor gammalt er det? Er det dikta av éin eller mange? Kva var diktaren eller diktarane ute etter? Kvifor legg han / dei orda i munnen på Odin? Passar levereglane i diktet vår tid? Kor tidleg bør du eigentleg stå opp dersom du skal drepa nokon?

    86. Tunkallar og huldrefolk i Nordhordland. Samtale med illustratør og landskapsforvaltar Kjersti Isdal

    Play Episode Listen Later Apr 6, 2025 78:31


    Kva skapningar måtte folk tilpasse livet etter i det førmodernejordbrukssamfunnet? Her ser vi på dette i naturmytiske segner frå ein region på Vestlandet. Det blir tunkallar og huldrefolk, magisk felespel og feite huldrekyr, stålkasting, flatbrødbrenning, pining av spedbarn, sensur, huldreelsk, schizofreni og utruskap, jordmor hos dei underjordiske og tjørekrossar over døra. Men kva funksjon hadde desse førestillingane?

    85. Lynkurs i namnetolking. Samtale med namnegranskar Peder Gammeltoft

    Play Episode Listen Later Mar 23, 2025 68:05


    Korleis går du fram for å tolke stadnamn? Finst det ein metode? Ja. Er den handverk eller vitskap? Ja. Kanskje pseudovitskap? Nei. Men vanskeleg. Bli med på ein tur gjennom eit landskap fullt av snubletrådar.

    84. Ty, solulvar og vårjamdøgn

    Play Episode Listen Later Mar 9, 2025 63:39


    Ty blir tradisjonelt oppfatta som gud for himmelen og dagslyset – fordi namnet knyter han til indoeuropeiske himmelgudar og ord for himmel. Men dei norrøne tekstane seier kanskje heller at Ty var krigsgud. Kan begge delar stemme? Ja, det ser ut som krigsgudrolla har samanheng med sola og vårjamdøgn. Vidare skal vi innom solslukande ulvar i eit vêrfenomen på himmelen, stjernebiletet Ulvekjeften, og fimbulvinteren på 500-talet. Ikkje minst blir det ei heilt ny forklaring av guden Vidar. Andre stikkord: Bisol / parhelion, krigsguden Mars, tidsrekning, vekedagsnamna, tysdag / tysdag, ringborger / trelleborger,Trundholmvogna / Trundholmvognen, Tysnes, Fenrisulven, Hyades, Auriga, stjernehimmelen, gandreið, solkross / solkors, klimakrise, astrologi, Mesopotamia, Týr.

    83. Orddanning gjennom 5000 år. Samtale med filolog Kristin Fridtun

    Play Episode Listen Later Feb 23, 2025 87:55


    Korleis oppstår ord? Kva slag tankegang og tankeprosessar ligg bak? Her skal vi gå gjennom ein haug med døme frå dei siste 5000 åra, opp til dagen i dag. Eller, dagen i fjor. Mekanismane er ganske like dei vi såg i stadnamn i episode 40.Innspela på Ås 7.3.2024.

    82. Horg i stadnamn, landskap og førkristen kult

    Play Episode Listen Later Feb 9, 2025 66:08


    Kva var ein horg i førkristen tid? Vi kjenner ordet frå fjellnamn og gardsnamn kringom i landet, men det var òg ein type kultstad og kultbygning i gammalgermansk religion. Kva det var for noko, har det vist seg vanskeleg å finne ut av. Eg gjev mi forklaring i ei vitskapleg bok som kjem ut no, og her får du høyre kva som står i den. Eg har undersøkt landskapet rundt alle stader som heiter noko medhorgi Norden for å finne det eg meiner er svaret.Figurane vi kommenterer i episoden, kan du sjå i pdf-en av boka, som ligg gratis på: https://www.idunn.no/doi/book/10.18261/9788215067810-25

    81. Fordelen med likbrenning. Samtale med arkeolog Terje Østigård

    Play Episode Listen Later Jan 26, 2025 88:37


    Kvifor brende folk dei døde gjennom lange periodar av førhistoria? Kan vi forstå meir av det gjennom å studere likbrenning og tankegang rundt det i andre delar av verda i dag? Kva er mest respektfullt – å brenne liket, grava det ned, søkke det ned i vatn, eller leggja det ut til åtselfuglar? Opnar den eine eller andre måten for fleire rituelle og symbolske mulegheiter enn andre? Terje Østigård har granska kremasjon i Asia i dag, og tolkar kremasjon i førhistoria vår i lys av det.

    80. Gand før ganding. Trolldom, sjelsførestillingar og primitiv dominans

    Play Episode Listen Later Jan 12, 2025 46:10


    I Trøndelag og Nord-Noreg er det mange i dag som kjenner ganding som ei form for trolldom, som særleg blir tilskriven samane. Å gande skal vera heilt abstrakt å kaste vondt over nokon. Då har det endra seg veldig frå gand i mellomalderen, som er dagens tema. Då var ein gand fyrst og fremst ein trolldomsutsending, gjerne i dyreham, som skaffa opplysningar eller slost med andre gandar. Men faktisk var gand eit kryssingspunkt for mange kompleks av førestillingar.

    79. Tidsrekning 2: Døgnet, livet, historia og terminologien. Samtale med kulturformidlar Jarle Øvrehus

    Play Episode Listen Later Dec 29, 2024 76:05


    Korleis heldt folk styr på klokka før dei hadde klokke? Korleis såg arbeidsdagen ut? Når kom 24-delstimen? Kva rolle spela stjernehimmelen som klokke? Visste folk kor gamle dei var før det fanst prestar som skreiv det opp i kyrkjeboka? Kor langt historieperspektiv hadde folk? Kva er tanken bak dei ulike nemningane vi brukar i omtale av tida? Og – finst det heilt andre tidsoppfatningar enn vi har?

    78. Tidsrekning 1: årsinndelinga og høgtidene. Samtale med kulturformidlar Jarle Øvrehus

    Play Episode Listen Later Dec 15, 2024 85:27


    I dag har vi ei tidsrekning som er globalt synkronisert på hundredelssekundet, og vi meiner universet er 14 milliardar år gammalt. Men det finst naturfolk som ikkje har tidshorisont på meir enn nokre månader. Korleis var det her i Norden i førkristen tid? Kva slag tidsoppfatning hadde folk? Korleis delte dei inn året, og korleis heldt dei styr på høgtidene sine Dei tykte det nok det var ergerleg at sola og månen var i utakt. Kva gjorde dei med det? Og kvifor har veka sju dagar?

    77. Samiske trommer. Samtale med religionsvetar Konsta Kaikkonen

    Play Episode Listen Later Dec 1, 2024 73:20


    I samisk kultur har dei rituelle trommene stått sentralt og hatt stor symbolverdi. Å få konfiskert eller uskadeleggjort dei vart ei hovudsak for misjonærane på 16-1700-talet, og i dag er det krav om å få tilbakeført gamle trommer til samiske miljø. Men korleis vart trommene brukte i den gamle kulturen? Kva rolle spela dei? Og kva opplysningar har vi eigentleg om desse tinga? – Innspela i HVLs Medielab 22. oktober 2024.

    76. Oseberg-teppa: gløtt inn i førkristen førestillingsverd. Samtale med arkeolog Marianne Vedeler

    Play Episode Listen Later Nov 17, 2024 79:15


    Biletteppa frå Oseberg-funnet er fascinerande på mange måtar. Det er sprøtt at dei har overlevd i jorda i over 1000 år. Konserverings- og rekonstruksjonsarbeidet er imponerande. Scenane ein har klart å få fram, gjev eit eineståande gløtt inn i førkristen førestillingsverd. Men det som slår meg mest, er kor tungt vi har for å forstå det vi ser. Det kan minne oss om at fortida er eit framandt land. Korleis tolkar vi eigentleg fortida?   Fleire stikkord: Gravferdsprosesjon, svart katt, hekser på kosteskaft, seiðr / seid, Gislesoga, Överhogdal, Hekneveven, Darraðarljóð / Darradarljod, oppstadvev, skjolddikt, Gudrunkvida / Gudrunkvadet, hengings-scenen hos Adam av Bremen, Håvamål, vardøger / hug / fylgje, dyreham, skjoldmøy / kvinnekrigarar, Bodvar Bjarke, oljelampe, Heimdall, Tåtten om Gunnar Helming, store forteljingar, Snoldelevsteinen, tolkingsmetode.

    75. Skirnesmål: mytologisk kjærleiksdrama. Samtale med norrønfilolog Nina Stensaker

    Play Episode Listen Later Nov 3, 2024 74:23


    I eddadiktet Skirnesmål får guden Frøy sjå ei møy heilt borte i jotunheimane. Ho heiter Gerd, og Frøy blir så forelska at han får ein knekk. Han sender tenaren sin, Skirne, for å fri til henne. Skirne lokkar Gerd med makelause skattar, men ho vil ikkje. Han trugar henne med våpen, før han går over til forbanning. Fyrst når han trugar henne med uuthaldeleg lyst som ikkje kan sløkkast, gjev ho seg. Men Frøy hadde gjeve frå seg sverdet sitt, og kvifor reiste han ikkje sjølv? Er han i grunnen ein tufs?

    74. Gamle vêrmerke – vås eller fornuft? Samtale med seglar Vegard Heide

    Play Episode Listen Later Oct 20, 2024 82:56


    Stemmer det at det blir mykje snø når det er mykje rognebær? Njä. Mange gamle vêrmerke er vel berre tull og tøys? Ja. Men korleis oppstod ideane då, og korleis kan sånne idear halde seg seigliva inn i vår meteorologiske tid? Det kan nok forklarast ut frå tendensar og behov i menneskepsyken. Og så er det massevis av gamle vêrmerke som er presise og nyttige den dag i dag. Faktisk kan vi, i gammal tradisjon, laga nye og nyttige vêrmerke baserte på skyfenomen som ikkje har eksistert før (!).   Andre stikkord: Vêrmerke / værtegn, meteorologi, segling, gandreið / ganfer / gandferd, bisol / parhelion, primstaven / runstaven, katolske messedagar, merralår / linseskyer, parodi, stjernehimmelen, Ørnulf Hodne, romarane, Langfjella / Kjølen, tabu, hundedagane, Sirius, Egypt i antikken. Innspela i Rissa 21.09.2024.

    73. Bygdeborgene – mangetydige nøkkelanlegg. Samtale med arkeolog Ingrid Ystgaard

    Play Episode Listen Later Oct 6, 2024 82:46


    Korleis skal vi forstå bygdeborgene? Det etablerte synet er at dei er forsvarsanlegg. I episode 60 argumenterte Jan-Henrik Fallgren for at dei er kultanlegg, med utgangspunkt i Öland. Kor godt høver dette på norske forhold? – eller på resten av Sverige? Kvifor heiter bygdeborgene ofte slikt som Tjuvåsen, Røverkollen eller Slottet? Seier dette noko om funksjon i førhistorisk tid? Er eigentleg bygdeborg éin ting? Andre stikkord: Tanemsåsen, Hoøya i Selbusjøen, Ytraberget i Hafrsfjord, Lisjstenen, Vardåsen, Tjuvenborgen / Tjuvenborn, Steinberget i Eidfjord, Stein, liminale stader, Sverresoga, Snorre Sturlason, Bornholm, Odensala prästgård, Oluf Rygh, Michael Olausson, Hanne Lovise Aannestad, Anders Bornfalk Back, Tirpitz, Maginotlinja.

    72. Gresk-romersk, norrøn og samisk religion i kontrast til kristendomen. Samtale med religionshistorikar Christian Hervik Bull

    Play Episode Listen Later Sep 22, 2024 105:23


    Gresk-romersk, norrøn og samisk religion reknar vi som etniske religionar. Kva har dei felles? Og på kva måtar skil dei seg frå kristendomen, som erstatta dei? Avstanden er større enn ein skulle tru, på nær sagt alle område, for det dreiar seg om heilt ulike religionstypar.

    71. Rusmiddel i gammal tid. Samtale med kulturformidlar Eirik Storesund

    Play Episode Listen Later Sep 8, 2024 114:18


    Kva slag rusmiddel brukte folk i Norden i gammal tid? I kva situasjonar brukte dei rusmiddel? Kva samfunnsgrupper var det som brukte rusmiddel? Kvifor brukte folk rusmiddel? I denne episoden prøver vi å svara på desse spørsmåla basert på dei dataa vi har. Episoden er ikkje noko innlegg til støtte for rusmiddel. Stikkord: Øl, mjød, etymologi, honning, vin, bjor, alu, urnordiske runeinnskrifter, spytt, brygging, vanekrigsmyten, Kvase / Kvasir, lut, fiskeslo, cannabis, Oseberg, fleinsopp / nøgenhat / toppslätskivling, flugesopp, bulmeurt / bolmört / villrot, samisk noaide / noaidi / nåejtie, Håvamål 138-139, Isaak Olsen, joik / juoiggus, tromming, transe. Innspela i Bergen og New Jersey 2. september 2024.

    70. Sakrale stadnamn og religiøst landskap

    Play Episode Listen Later Aug 25, 2024 108:51


    Mengdevis av stadnamn vi har rundt oss i dagleglivet vitnar om tru og kult i førkristen tid. Dei fortel om ei religiøs tolking av landskapet – det same landskapet som vi lever i i dag. Bli med på ei reise gjennom dette religiøse landskapet – eller gjennom litt av tankegangen som skapte det.

    69. Nornene: Spennande på ein annan måte enn vi trudde. Samtale med formidlar Karen Bek-Pedersen

    Play Episode Listen Later Aug 11, 2024 126:44


    I norrøn mytologi er det ei gruppe på tre kvinner som blir kalla nornene og som representerer fortid, notid og framtid, og som spinn og vev lagnad / skjebne / öde for menneska. Det er i alle fall det vi har lært, det som står i bøkene og på nettet. Grunnlaget er for det synet er dessverre spinkelt når vi sjekkar mot kjeldene. Men nornene er spennande lell. Dei er klårt knytte til fødsel og fødselshjelp, som dei samiske akka-ene. Samtidig overlappar dei med valkyrjene, som rid i krigsmundur over slagmarka og plukkar ut dei som skal falle. Juridisk terminologi dominerer omtalen av dei. Dei feller dom over deg og meg. Men kvifor er lagnaden kvinneleg?   Andre stikkord: Tekstilarbeid, spinning, veving, seid / seiðr, blodhemn, kvinnemakt, skjoldmøy, folkemeininga, omdømme, heltedikt, samfunnsnormer, lov og rett, juridiske metaforar, etymologi, islendingsoger, Soga om laksdølane / Laxdǿla saga, Gudrun Usvivsdotter / Kjartan / Bolle, Njålssoga, slaget ved Clontarf, Maadter­aahka, Saarahka, Oksaahka, Joeksaahka, sørsamisk religion, greske moirai, gresk mytologi, diser / dísir, fylgjer / fylgjur, folketradisjon, folkloristikk / etnologi, Urdr / Urd, Verðandi / Verdande, Skuld, nornagreytur, nonegraut, nornablettur, weird.   Karen Bek-Pedersen har doktorgrad i etnologi / folkloristikk frå University of Edinburgh, med tema nornene i norrøn mytologi, og er forfattar, føredragshaldar og omsetjar.   Innspela i Bergen 5. august 2024.

    68. Lejre: Arkeologi og segnhistorie. Samtale med kulturformidlar Krister Vasshus

    Play Episode Listen Later Jul 28, 2024 103:34


    Korleis heng arkeologiske funn og tekstar saman når det gjeld den eldste historia i Norden? I dag ser vi på tilfellet Lejre, som ser ut til å ha vore sete for danske kongar frå folkevandringstida til 900-talet. Kva slag historier kan litteraturen fortelja om denne eldste historia vår? Og korleis oppstod ein stad som Lejre? Kvifor akkurat der? Er det noko med landskapet? Geografien? Finst det kanskje stadnamn som kan fortelja om det? Innspela i Lejre 18. juli 2024.

    67. Medtaking til fiske. Samtale med tradisjonsberar, folkeminnesamlar og namnegranskar Finn Myrvang

    Play Episode Listen Later Jul 14, 2024 52:11


    Korleis fann folk fram dit fisken stod ute i sjøen før i tida? Og korleis fann dei tilbake til ein god fiskeplass? No har vi både ekkolodd og GPS, men før det? Jo, dei utforska landskapet på både land og sjø, og dei krysspeila mot punkt i landskapet. Rundt dette er det mykje artig tradisjon, både om stadnamn og fiskeplassar frå huldrefolket. Andre stikkord: Fiskelykke, fiskeplass, tabuspråk, hemmeleghald, huldrefolket, marmel / marmennil, medvers, Grímsmið, Soga om Bård Snæfellsås / Bárðar saga Snæfellsáss, Andøya, Vesterålen, Grytøya, Toppsundet, det er andre stadnamn når ein er på havet; klakk, skalle, grunne, snag. Innspela i Follo 21.12.2023.

    66. Voluspå. Samtale med norrønfilolog Nina Stensaker

    Play Episode Listen Later Jun 30, 2024 91:42


    Voluspå er den viktigaste kjelda vi har til norrøn mytologi. Mange eddadikt gjev eit vell av viktige opplysningar om mytologien, men berre Voluspå set opplysningane saman til ei kosmisk  verdshistorie, frå skapinga av verda i grå fortid til undergangen langt der framme – og heilt til den nye verda atter stig av havet. I denne episoden gjev vi bakgrunn for diktet og går gjennom teksten nesten strofe for strofe.   Andre stikkord: Handskriftgransking, pergament, skriftkultur, Codex Regius, Snorre Sturlason, gudedikt, heltedikt, Ragnarok, apokalypse, gullaldermyte, brettspel, syklisk tidsoppfatning, jotunen Yme, vanekrigen, dvergane, Ask og Embla, verdstreet Yggdrasil, misteltein, Balder, Mime, Odin, Tor, Fenrisulven, Midgardsormen, Frøy, Vidar, Loke, Surt, kristendomen, Heimdall, iransk endetidstradisjon.   Innspela i HVLs Medielab 18. juni 2024.

    65. Solkult i Noreg? Samtale med lokal entusiast Torill Kobberstad Eide

    Play Episode Listen Later Jun 16, 2024 103:24


    Solkulten i det gamle Egypt er godt kjend, med Ra som segla over himmelen om dagen og tilbake gjennom underverda om natta, og tempel der sola skin inn gjennom korridorane til altaret to gonger i året. I Irland og på Orknøyane er det gravhaugar frå steinalderen der sola på vintersolkverv skin heilt inn ein gang til botnen av gravkammeret.   Har vi noko liknande hos oss? Ja, vi har norrøne mytar som liknar dei egyptiske, om transport av sola over himmelen. Og i fleire tilfelle er arkeologiske monument plasserte på det punktet som sola i samspel med landskapet prikkar inn med konsentrert stråle på vinter- eller sommarsolkverv eller siste og fyrste soldagen, kanskje med ekstranummer etter at sola fyrst har gått ned. Her skal vi drøfte dei mest interessante tilfella av dette som vi kjenner, med forankring i Gloppen i Nordfjord, der dette er utforska. Det er det ikkje elles i landet, så vi vil gjerne ha deg med på ein dugnad for å få kartlagt slike ting. Gjest er Torill Kobberstad Eide, som er frå Gloppen og er ein lekperson med mykje kunnskap og entusiasme.   Innspela i Gloppen 15. juni 2024.

    64. Kvifor fascinerer historia? Intervju med journalist Øyvind Arntsen, ex "Museum"

    Play Episode Listen Later Jun 2, 2024 49:11


    Kva er det som fascinerer oss med historia, fortida, korleis folk levde før, kva dei gjorde, tenkte og trudde i gammal tid? Dagens svar kjem frå ein som jobba som journalist med sånne tema i 20 år. Øyvind Artnsen deler nokre høgdepunkt og tankar frå denne perioden med oss. Innspela på Ås 22.12.2023

    63. Plantar i gammalnordisk medisin, kult og myte. Samtale med arkeobotanikar Jens Heimdahl

    Play Episode Listen Later May 19, 2024 104:09


    Mat må vi ha for å leva, og mykje mat får vi frå plantar, både vi og husdyra våre. Men plantar har òg ei rolle i kult, medisin og myte. Korleis dette var i Norden i gammal tid, får du høyre litt om her. Stikkord: Lækjeurter, læknisgras, medisinplante, romarane, krydder, groblad, ryllik, kamille / kamomill, bulmeurt / villrot / bolmört, ølbrygging, pors, skvattram, humle, røsslyng / ljung, mjødurt, lauk / lök, kvitlauk / vitlök, knollhestehavre / knylhavre, lin / hør, grønsaker, hagebruk / trädgårdsbruk, fruktdyrking, planteforedling, epletre, eplemost, Oseberg-grava, valnøtter, hassel, misteltein, tistel, þistill – mistill – kistill, gullsigd, flògrogn / flygrön, tysbast / tibast, kvann, blokkebær / odon, solbær / distron / tistron / svarta vinbær. Innspela i Stockholm 26.4.2024

    62. Språkmøte på vikingferder. Samtale med språkhistorikar Kristin Bech

    Play Episode Listen Later May 5, 2024 81:59


    Kunne vikingane snakke med folk i landa dei kom til, i vest, sør, aust eller nord? Forstod folk i dei landa nordisk? Kunne vikingane andre språk? Eller var det språk som var gjensidig forståelege? Framstiller litteraturen det kanskje som om språkbarrierar ikkje eksisterte? Andre stikkord: dǫnsk tunga, lingua franca, fransk, latin, frisisk; nordiske vikingtidslånord i engelsk, irsk, fransk og russisk; samisk, Bjarmeland, Ottar frå Hålogaland, kong Alfred, urnordiske lånord i finsk, nordiske stadnamn i England, Kongsspegelen, Kongespeilet, Soga om Gunnlaug Ormstunge, Leiðarvísir, Odd munks soge om Olav Tryggvason, Grágás, fornaldersoger, vendarane, babelfisk, the Hitchikers Guide to the Galaxy, kontrafaktisk historie, slaget ved Edington 878, Stamford Bridge 1066, Harald Hardråde, Matthew Townend. Innspela i HVLs Medielab 4. januar 2024.

    61. Samisk offertradisjon som framleis lever. Intervju med tradisjonsberar Tom Kappfjell

    Play Episode Listen Later Apr 21, 2024 120:57


    Samane vart offisielt kristna på 16-1700-talet. Men i skjul levde mykje av religionen vidare ei tid, i visse miljø, og visse element i religionen har overlevd til i dag. Det er særleg offertradisjon. Den snakkar vi om i denne episoden, med ein som står i tradisjonen. Stikkord: Sørsamis religion, levande offertradisjon, landskap, offersteinar, heilage fjell, takkeoffer, samemisjonen, religionsfridom, reindrift, fornorsking. Innspela på Ås 7. november 2023.

    60. Var bygdeborgene kultanlegg? Intervju med arkeolog Jan-Henrik Fallgren

    Play Episode Listen Later Apr 7, 2024 81:33


    Vi har alltid lært at bygdeborgene var forsvarsanlegg som folk i omlandet kunne søke tilflukt i når det kom ufred - så kunne dei forsvara seg der. Men kanskje var det snarare kultanlegg, samlingsstader for byda, litt som kyrkjene i seinare tid? Her får du høyre eit innlegg for det synet. Andre stikkord: Öland, Eketorp, Ismantorp, Skedemosse, Hjerteskeppet, Odensala prästgård, Torshälla, hillforts, Irland, England, Kontinentet, Cæsar, Alesia, Delphi, ringforma tunanlegg, Sandtorg, tingstader, hesteløp, skeid, fågelskådning. Innspela 5. mars 2024.

    59. Barneleik før og no. Samtale med kulturhistorikar Audun Kjus

    Play Episode Listen Later Mar 24, 2024 116:38


    Kva er leik? Kva funksjon og meining har leik, i livet og samfunnet vårt? Korleis blir leikar overførde til nye generasjonar? Korleis oppstår leikar? Kor gamle er dei sentrale leikane våre? Kva skilnad er det på barne- og vaksenleik? Finst det leikforsking? Kva seier i så fall den? Og…korleis går det med tradisjonell leik i dag? Innspela på Bygdøy 6. mars 2024.

    58. Lars Mytting om segner og mytar i Hekne-trilogien

    Play Episode Listen Later Mar 10, 2024 103:57


    Hekne-trilogien om liv, kjærleik og tragedie i Gudbrandsdalen gjennom tre hundre år trollbind lesarane og er trykt i store opplag. Men kvifor valde Lars Mytting å bygge denne historia på segner og mytar? – Og kvifor skreiv han nokre av dei sjølv? Kvifor meiner han fortida er viktig? Romantiserer han fortida? Her får du nokre svar. Andre stikkord: Stavkyrkje, ragnarok, dommedag, Midgardsormen, nornene, biletvev, skriveprosess, forteljetradisjon, fantasylitteratur, villrein. Innspela i Oslo 14. februar 2024.

    57. Draug, segling, bølgjer og mainnskit. Samtale med historikar Mariann Mathisen

    Play Episode Listen Later Feb 25, 2024 101:41


    Draugen er ein dauding som seglar i halv båt og varslar uvêr og forlis, eller han prøver å dra deg uti sjøen når du er i fjæra ved naustet ditt. Skal du skremme han bort, så bruk mainnskit. Korleis har førestillingane om draugen oppstått? Kan det vera fysiske og sosiale fenomen på sjøen som ligg bak? Andre stikkord: Stavkyrkje, ragnarok, dommedag, Midgardsormen, nornene, biletvev, skriveprosess, forteljetradisjon, fantasylitteratur, villrein.

    56. Seiðr, spinning og ku-lokk

    Play Episode Listen Later Feb 11, 2024 86:34


    Den viktigaste forma for trolldom i norrøn kultur var seid. Med den kunne ein dra til seg personar eller ressursar, ein kunne skaffe opplysningar, eller spå. Seid var helst for kvinner, og det var perverst på ein eller annan måte, særleg dersom menn dreiv med det. Men korleis ein gjorde det, det seier kjeldene ingen ting om. Då må vi gjera nokre uvanlege metodegrep. Andre stikkord: seidstav, rokkehovud / distaff, vikingtidskvinnegraver, ekstatisk trolldom, rituelle spesialistar, samiske noaidar, hekser, sopelime, fisken seid, smørkatt, tjuvmjølking, vindtrolldom, gand, folketradisjon, folkloristikk, metode, hyperkritikk.

    55. Estetikken i norrøn skaldedikting. Intervju med Bergsveinn Birgisson, norrønfilolog og forfattar

    Play Episode Listen Later Jan 28, 2024 91:17


    Dagens kultur er gjennomsyra av ein gresk-romersk estetikk som kom med kristendomen. Det fanst ein førkristen estetikk som var markant annleis, og den har vi best tilgang til gjennom den norrøne skaldediktinga, som er Nordens mest originale bidrag til verdslitteraturen. Den har eit barokt system av poetiske omskrivingar og eit a-naturalistisk stilideal som heng saman med ein minneteknikk vi kjenner frå mange munnlege kulturar. Bergsveinn Birgisson har doktorgrad på desse temaa. Innspela i HVLs Medielab 19. oktober 2023.

    54. Samisk religion. Samtale med religionsvetar Konsta Kaikkonen

    Play Episode Listen Later Jan 22, 2024 85:28


    Kva veit vi om den førkristne religionen til samane? Likna han den norrøne religionen? Tja, han likna på ein del måter, og var ulik på andre måtar, og vi kan sjå at det var kontakt mellom religionane. Kjeldesituasjonen er vanskeleg i begge tilfella, men på ulike måtar. Kanskje er det misvisande å snakke om samisk religion? Innspela i HVLs Medielab 16.11.2023.

    53. Samlivsråd i vikingtida. Samtale med familiepsykolog Frode Thuen

    Play Episode Listen Later Dec 29, 2023 86:19


    Kva slag samlivsproblem hadde folk i vikingtida? Kva råd kunne vi ha gjeve til folk som stod i sånne problem – ut frå normene i dag, og normene den gongen? Kva var for resten normene den gongen, og korleis skilde dei seg frå dagens? Andre stikkord: Kjønnsroller, perversjon, utruskap, blodhemn, ære, status, fredløyse, snikmord, islendingsoger, kongesoger, Soga om laksdølane, Soga om Gisle Sursson, Njålssoga, Olav Tryggvason, Sigrid Storråde, Slaget ved Svolder

    52. Ståle i Setesdal og Stállu hos samane – greiner av utgammal julebukktradisjon

    Play Episode Listen Later Dec 18, 2023 59:40


    Over store delar av Nord-Europa har det vore tradisjon for at barn og unge særleg i romjula kler seg ut og går frå hus til hus og gjer spikk og vil ha julemat og drykk. Hos oss no kallar dei fleste dette for å gå julebukk. Men i tradisjonane blir eit slikt følgje òg kalla julesveinar, julegeit og mykje anna, og det er både eit overnaturleg følgje og eit følgje av menneske utkledde som det overnaturlege. I Setesdal kan leiaren for eit slikt følgje kallast for Ståle. Det ser ut til å vera same ord som samisk Stállu, og i så fall viser det eit urgammalt samband i tradisjonane.

    51. Mosegrodde forteljingar i dag. Samtale med forteljar Heidi Dahlsveen

    Play Episode Listen Later Dec 3, 2023 92:33


    Kan mosegrodde forteljingar som eventyr og segner ha nokon viktig plass i dagens samfunn? Ja, det er til og med viktig at dei har det. Men korleis kan dei ha det? Vi spør ein profesjonell forteljar. Andre stikkord: populærkultur, Hollywood, dataspel / dataspill / gaming, barnehage, barneskule, personleg utvikling, toleranse, kreativitet, fantasi, kunstig intelligens, Oskefisen / Oskeladden / Askeladden, munnleg kultur, forteljetradisjon, folkloristikk. Innspela i Oslo 14. oktober 2023

    50. Indoeuropeisk religion. Intervju med religionshistorikar Peter Jackson Rova

    Play Episode Listen Later Nov 19, 2023 111:00


    Dei fleste språk i Europa stammar frå eit indoeuropeisk urspråk som truleg vart snakka på steppene nord for Svartehavet 3-4 tusen før Kristus. Ganske mykje av det urspråket kan vi rekonstruere. Men kva kan vi rekonstruere av religionen eller ideologien til dei som snakka det språket? Andre stikkord: Vedisk religion, Rigveda, sanskrit, Homer, Illiaden, Odysseen, iransk religion, gammalgresk, Håvamål, steppefolk, Ukraina, Sør-Russland, indoeuropeisk språk, komparativ historisk språkvitskap, rekonstruksjon, Dumézil, Kurgan, jamnakulturen (yamnakulturen), Zevs / Zeus, Ty / Týr, Dievas, Dievs, Perkunas, Fjǫrgyn / Fjǫrgyn, hirdskald. Innspela i Stockholm 29.09.2023.

    49. Kunne Danmark gjeninnført heidendomen i 1864? Samtale om åsatru, shinto og Japan 1868 med historikar Mark Teeuwen

    Play Episode Listen Later Nov 5, 2023 111:16


    På 1800-talet var Japan gjennomgripande buddhistisk. Så vart nasjonen audmjuka av USA i 1868. Då bestemde japanarane seg for å gjeninnføre religionen dei hadde hatt før verdsreligionen kom, i eit patriotisk krafttak – og klarte det, på eit vis. I 1864 opplevde danskane ei liknande nasjonal audmjuking i krigen mot Preussen. Korleis ville Danmark og Norden vore i dag dersom danskane hadde gått same vegen som japanarane? Tankeeksperimentet med Danmark 1864 mest frå 1:22:20. Innspela på Blindern 10. oktober 2023.

    48. Førmoderne, folkeleg pedagogikk. Samtale med Jon Bojer Godal, nestor i tradisjonshandverk

    Play Episode Listen Later Oct 22, 2023 105:57


    I dag er pedagogikk eit kjempestort fag med mange teoriar og retningar og tusenvis av fagstillingar verda over. Men opplæring og kunnskapsoverføring har folk drive med til alle tider. Korleis gjorde folk det på grasrota i førmoderne tid? Kva prinsipp følgde dei? Det skal vi prøve å seia litt om her, ut frå nokre eldgamle handverk som har ubroten tradisjon fram til vår tid. Sentralt stod eit prinsipp om pedagogisk hemmeleghald, i rak motsetnad til dagens idé om læringstrykk. Innspela ved Sillongen på Toten vinternatt 2023.

    47. Offersjø i jarnalderen og nøkk-tradisjon på 1800-talet - kan det ha samanheng? Samtale med arkeolog Torun Zachrisson

    Play Episode Listen Later Oct 8, 2023 91:45


    Finst det tilfelle der folketradisjon frå moderne tid formidlar minne om offerstader i førkristen tid? Tja, det finst i alle fall tilfelle der det er rimeleg å tru. Dagens tema er ein innsjø i Uppland der tradisjon om nøkken frå 1800-talet høver slåande med ofring av dyr og menneske i jarnalderen. Andre stikkord: Bokaren i Uppland, Menneskeoffer, hesteoffer, folketradisjon, Långbacka-Jan, meisterspelmann, hundare, Odin, Frøya, landskapsminne, grense, liminalsone, fossegrimen, näcken, strömkarlen. Innspela i Uppsala 2. oktober 2023.

    46. Slavic religion. Interview with historian of religion Jiři Dynda

    Play Episode Listen Later Sep 24, 2023 83:17


    Our knowledge of Slavic pre-Christian religion is quite limited. This episode gives an overview of what we think we do know – and how.

    45. Kva historiesyn hadde Snorre? Samtale med historikar Sverre Bagge

    Play Episode Listen Later Sep 10, 2023 69:46


    Skal du skrive lesverdig historie, så må du ha ein ide om kva historie er, som strukturerer dei lausrivne dataa du sit med, til meiningsfulle samanhengar. I vår tid kan ein meine at naturgrunnlaget set avgjerande rammer, eller at alt følgjer av økonomi og produksjonssystem, eller av ideologi, eller av viljen og evnene til enkeltpersonar. Kva var den strukturerande ideen til Snorre og dei andre mellomalderhistorikarane?

    44. Menneskeofring. Samtale med religionshistorikar Klas Wikström af Edholm

    Play Episode Listen Later Aug 27, 2023 102:26


    Var det menneskeofring i førkristen tid i Norden? Det har forskarane diskutert lenge, og mange har meint at det ikkje kan vera sant. Men i ei fersk doktoravhandling svarar religionshistorikaren Klas Wikström af Edholm "ja", basert på gransking av alt tilgjengeleg skriftleg og arkeologisk materiale, og han er det vi snakkar med her. Ei popularisert utgåve av avhandlinga, "Vikingatidens människooffer", kjem 1. september. Andre stikkord: Norrøn litteratur, Kjalnesinga saga, Jómsvikinga saga, Håvamål 138, Helge Trauste, Orkneyinga saga, Kristni saga, Íslendingabók, Adam av Bremen, kalendariske offer, kongeoffer, våpenofring, blodørn, hlunnrǫð, Øverland: Du må ikke sove, Skedemosse, Uppåkra, Bokaren, Hederviken, krigslykke, Håkon jarl, jomsvikingane, Hjørungavåg, biletstein Stora Hammars, terminologi, kjeldekritikk, forskingshistorie. Innspela i Stockholm 3. mai 2023.

    43. Dødsrikefjell. Samisk saajve, norrønt Helgafell - og Siggjo, Lyderhorn, Hornelen og Romsdalshorn?

    Play Episode Listen Later Aug 13, 2023 71:38


    Dei fleste kjenner Hel og Valhall som dødsrike i norrøn religion. I tillegg var det førestillingar om at slekta hadde eit felles dødsrikefjell i det lokale landskapet. Den tradisjonen ser det ut til at vi langt på veg delte med samane. Ein del slike fjell kan vi framleis peike ut på Island og langs den norske vestkysten, ikkje minst i samiske strøk. Den som døydde inn i eit slikt fjell, slo i ein viss forstand lag med huldrefolket, kan det sjå ut til, i alle fall hos samane. Andre stikkord: Torolv Mostrarskjegg, Moster, Sunnhordland, Soga om øyrbyggene / Eyrbyggja saga, Landnåmabok, Kaldbakshorn, Mælifell, Heilhornet, Torghatten, Lekamøya, samisk religion, sjøsamar, folkloristikk, tuftekallen / tomten / rudkallen, vitterfolket, alvane, gufihtarat, uldat, gadniha, saajve / sáiva, aemiehaajmoe, saaraahkaaajmoe, kjeldediskusjon, metode.

    42. Ragnarok-myten: Nordisk, kristen eller iransk-nordisk? Samtale med religionshistorikar Anders Hultgård

    Play Episode Listen Later Jul 30, 2023 60:48


    I norrøn mytologi er endetidsmyten blant dei mektigaste. Gudar og jotnar barkar saman, sola sloknar, verda går opp i logar før jorda søkk i havet. Så stig ei ny jord opp og nokre av gudane kjem att til den nye verda. Mange meiner denne myten i stor grad kjem av kristen påverknad. Kva er grunnlaget for det synet, kva er motargumenta, og kva er alternativa? Den som har grave djupast i dette er den svenske religionshistorikaren Anders Hultgård, og han peikar på at gammaliransk mytologi har dei næraste parallellane. Andre stikkord: Forskingshistorie, kulturkontakt, manikeismen, apokalypse, Voluspå, Johannes openberring, sibyllinske orakel, syklisk tid. Innspela 28.4.2023 i Uppsala

    41. Lågteknologisk navigasjon. Til Vinland og Miklagard utan kart og kompass. Samtale med seglar Lena Lisdotter Börjesson

    Play Episode Listen Later Jul 16, 2023 96:51


    I vikingtida og mellomalderen segla forfedrane våre til Istanbul og Amerika – utan kart og kompass, for ikkje å snakke om GPS og kartplottar. Korleis fann dei fram, og kva slag modell av landskapet hadde dei i hovudet? Lena Lisdotter Börjesson har gjort mange praktiske forsøk som tyder på at med konsentrasjon og erfaring, så kan ein krysse Atlanteren med rimeleg presisjon utan noko slag navigasjonsinstrument. Fleire stikkord: Himmelretningar, orienteringssystem, mentalt kart, terminologi, roing, distanseeiningar på land og sjø, vika sjóvar / veke sjøs, rǫst / rast, sjømil, nautisk mil, solstein / sólarsteinn / leiðarsteinn, solkompass, "solskuggefjøl", tidsrekning, sjudagarsveka, Innspela 30.6.2023

    40. Stadnamna rundt oss – tidskapslar frå folk før oss. Samtale med namnegranskar Peder Gammeltoft

    Play Episode Listen Later Jul 2, 2023 93:27


    Namna på stadene rundt oss er tidskapslar som fortel kva folk la merke til og korleis dei tenkte for 200 eller 2000 år sidan. Og namna vi lagar i dag fortel mykje om vår tid og vår kultur. Episoden er ein presentasjon av kva (stad)namn er, grunnleggjande sett, og korleis dei oppstår, korleis dei kan gå tapt og kva namn som lever lengst. Utgangspunktet er namn som uttrykk for korleis mennesket tenkjer, kva vi festar oss ved, kva vi oppfattar som vesentleg. Namn fortel mykje mentalitetshistorie. - Peder Gammeltoft er fagleg leiar av Språksamlingane ved Universitetet i Bergen. Andre stikkord: Orienteringspunkt, språkskifte, språkkontakt, sjølvgrodde namn : vedtekne namn / bottom - up : top - down, oppkallingsnamn, vedtekne namn, gatenamn, uoffisielle namn, stadnamn, personnamn, oppkallingsnamn, sanselege namn, kommunegrå namn, namnedød. Innspela i HVLs Medielab 6.6.2023

    39. Jonsokbål og danseplassar – stader gjenbrukte sidan førhistorisk tid

    Play Episode Listen Later Jun 21, 2023 64:31


    Jonsok / sankthans / midtsommar er ei stor feiring. Men kor gammal er ho, og kva var innhaldet i feiringa i gammal tid? Det får du høyre om her – og om at mange av stadene folk har feira jonsok på i moderne tid, ofte har minne om kult og folkeliv frå førkristen tid.

    38. Med skriftkultur på Europa-reise i mellomalderen. Samtale med Åslaug Ommundsen og Synnøve Midtbø Myking

    Play Episode Listen Later Jun 4, 2023 72:23


    Nordmenn reiser mykje - i dag og i vikingtida. Men kva med den mørke mellomalderen? Då vart det vel slutt? Nei, Noreg heldt fram som dominerande skipsfartsnasjon i Nord-Europa, og kristendomen førde med seg stor internasjonal kontakt, m.a. gjennom ein skriftkultur som har gjeve oss dei viktigaste kjeldene til norrøn mytologi. Den skriftkulturen er dagens tema. Fleire stikkord: Tospråkleg skriftkultur, snakke latin, studere i Paris, internasjonale nettverk, utferdstrong, væringgarden i Miklagard / Konstantinopel / Istanbul, Gamalnorsk homiliebok, preikesamlingar, kristen litteratur, omsett litteratur, fransk litteratur, norrøn litteratur, norrøne handskrifter, tap av handskrifter, reformasjonen, kloster, boktrykkekunsten, Æsops fablar, kongsgarden på Holmen i Bergen, kongskanselliet, Riksarkivet, Nonneseter, Winchester i England, læremiddel.

    Claim Tru og meining i gammal tid

    In order to claim this podcast we'll send an email to with a verification link. Simply click the link and you will be able to edit tags, request a refresh, and other features to take control of your podcast page!

    Claim Cancel