Stord-Podden

Follow Stord-Podden
Share on
Copy link to clipboard

Stordpodden, ein podkast der du får møta spanande personar med ein eller anna tilknyting til øya Stord. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen, i samarbeid med Sunnhordland - di lokalavis. Har du innspel til kven me skal intervjua på Stordpodden? Då er det berre å ta kontakt på redaksjonen@sun…

Kjetil Fyllingen


    • Feb 23, 2026 LATEST EPISODE
    • weekly NEW EPISODES
    • 43m AVG DURATION
    • 401 EPISODES


    Search for episodes from Stord-Podden with a specific topic:

    Latest episodes from Stord-Podden

    Andreas Fjellandsbø - om Ekspedisjonsreiser, Safarispesialisten og kva som skal til for å nå toppen av Kilimanjaro

    Play Episode Listen Later Feb 23, 2026 38:49


    Han er eventyraren som trivst både over skyene og midt i vill natur – men som alltid vender heim att til fjord, fjell og kvardagsro i Kvinnherad. I denne episoden blir vi betre kjende med Andreas Fjellandsbø , gründer av Ekspedisjonsreiser og Safarispesialisten.Sidan 2016 har han sendt nordmenn ut på turar utanfor allfarveg – til Kilimanjaro, Himalaya, Inka-stien og andre ikoniske destinasjonar. I 2023 starta han Safarispesialisten, der draumereiser til Afrika blir skreddarsydde for familiar, bryllaupspar og eventyrlystne reisande. For Andreas handlar det ikkje berre om å nå ein topp, men om meistring, fellesskap og å realisere draumar! Vi får høyre om den første backpackerturen som opna verda, om dramatiske opplevingar på over 7000 meter i Nepal, om møte med fjellgorillaer i Uganda – og om kvifor sjølv dei tøffaste kan felle ei tåre på toppen av Kilimanjaro ved soloppgang.Samtidig er han ein heilt vanleg familiefar på Husnes, som balanserer gründerliv, risiko og reiselyst med småbarnsliv og heimlengsel. Korleis overlever ein pandemi når heile bransjen stoppar opp? Kva lærer du av milliontap, permittering og usikker verdssituasjon? Og kva skal eigentleg til for at du – ja, du – kan klare Kilimanjaro?Dette er ein samtale om mot og marginar, om å tore å starte før alt er perfekt, om å skape arbeidsplassar i Afrika – og om kvifor det kanskje er betre å angre på det du gjorde enn det du aldri våga.Sponsor: Stord Tannregulering Har du vurdert å gjøre noe med smilet ditt?De fleste voksne pasienter får i dag behandling med nesten usynlige plastskinner som skånsomt flytter tennene – helt uten tradisjonelle klosser limt på tennene. Diskré, komfortabelt og tilpasset en travel hverdag.Nå får de 5 første pasientene over 20 år som bestiller time, gratis konsultasjon.Oppgi rabattkoden «Sunnhordlandpodden» når du bestiller.Stord Tannregulering tilbyr moderne kjeveortopedisk behandling på Stord, og har også klinikk på Husnes én dag i uken.Les mer og bestill time på: stordtannregulering.com

    Simen Skarpnes Røyrøy - om Fitjar, Fotball og FpU

    Play Episode Listen Later Feb 16, 2026 24:52


    Han er ung – men engasjementet for Fitjar, fotball og politikk er stort. I denne episoden møter vi Simen Skarpnes Røyrøy frå Fitjar: ungdomspolitikar, fotballentusiast og ein tydeleg stemme i samfunnsdebatten.Vi snakkar om kvifor han har valt å engasjere seg politisk, korleis det er å vere med i FpU, og kvifor ungdomsrådet faktisk spelar ei viktig rolle.I tillegg blir det prat om fotballglede, sterke comeback, Fitjar som heimstad – og kva som driv ein 15-åring til å ville påverke framtida.Ein engasjert og ærleg samtale om fellesskap, meiningar og motet til å stikke hovudet fram.Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: ⁠⁠https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe ⁠

    Ingvild Eikeland – fotterapi, fothelse og kvardagen som fotterapeut i Stord Helsepark

    Play Episode Listen Later Feb 9, 2026 47:25


    Føter ber oss gjennom heile livet – likevel er fothelse noko mange tek på alvor altfor seint. I denne episoden møter du Ingvild Eikeland, autorisert fotterapeut og gründer bak Eikelands Fothelse, med klinikk i Stord Helsepark.Vi snakkar om kvifor så mange slit med fotplager, kva sko eigentleg har å seie for kroppen vår, og kvifor problem i føtene kan forplante seg heilt opp til kne, hofte og rygg. Ingvild deler praktiske råd om alt frå inngrodde negler og hard hud til barnesko, arvesko og kva du bør sjå etter når du kjøper nye sko.Du får òg høyre historia hennar – frå oppvekst på Huglo, via ei dramatisk utdanningsreise, til kvardagen som fotterapeut med full timebok og lang venteliste. Ei ærleg og lærerik samtale om fothelse, fagstoltheit og livet som sjølvstendig næringsdrivande.Ei episode for deg som vil ta betre vare på føtene dine – og kroppen elles.

    Uttara Mari og Terje Andreassen - om Bømlo Hundepensjonat og Miriams Gard og Hav

    Play Episode Listen Later Feb 2, 2026 45:55


    Kva skjer når to som er litt over snittet glad i hund – og litt over snittet opptatt av gode råvarer – bestemmer seg for å satse skikkeleg?I denne episoden møter du Uttara Mari og Terje Andreassen. Dei driv Bømlo Hundepensjonat, med plass til både hund, katt og smådyr – og fortel om kvardagen i ein “hundebarnehage” der trivsel, tryggleik og hundespråk står i sentrum. Du får òg høyra om seriøst oppdrett av labrador, kva dei ser etter hos nye eigarar – og kvifor dei meiner det nesten burde vore “sertifikat” for å ha hund.Som om ikkje det var nok, har dei starta Miriams Gard og Hav, der målet er å gjera det lettare å få tak i rein mat og ekte råvarer – frå hjort og storfe til torsk og sjøkreps. Me snakkar dyrevelferd, lokalmat, fellesskap – og store draumar for Bømlo.Nettsider: bomlohundepensjonat.no og miriams.no (dei finn du òg i sosiale medium).Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe

    Kristoffer Reimers – om å byggje livet på nytt, Energy Fitness og å hjelpe andre

    Play Episode Listen Later Jan 26, 2026 36:59


    Energy Fitness opnar på Stord – og bak satsinga står Kristoffer Reimers og Malene Hauge.I denne episoden får du bli betre kjend med Kristoffer, ein av gründerane bak det nye treningssenteret som opnar på Leirvik i april, i gamle Sporttreff-lokala. Kva er det som gjer Energy Fitness annleis? Kva kan dei tilby – og kvifor satsar dei så stort?Vi snakkar om kvalitetsutstyr (ja, «Ferrarien» av treningsutstyr), gruppetrening, PT-rom for dei som ønskjer tryggare rammer, og planar for både unge, eldre – og kanskje vaffelfredag.Men dette er òg ei historie om livet. Kristoffer deler ope om oppveksten i Vikedal, vegen inn i rus, å bygge livet opp – og rive det ned igjen. Om behandling, ny kurs, og kvifor han i dag brenn for psykisk helse, meistring og for at fleire skal få det betre – både i kropp og sinn.Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: ⁠https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe ⁠

    Når barnet ditt lærer “for fort”: Her er eit tilbod få kjenner til - Talentsenteret i realfag – Satellitt Sunnhordland

    Play Episode Listen Later Jan 19, 2026 45:05


    Kva gjer vi med dei elevane som lærer raskt, spør mykje og ofte ligg fleire år føre fagleg – men som likevel kan bli understimulerte i ein vanleg skulekvardag? Eitt svar er Talentsenteret i realfag – Satellitt Sunnhordland, der elevar frå heile regionen samlast på HVL fleire gongar i året for to intense dagar med problemløysing, programmering, kreativitet og samarbeid.I studio møter du Maria Støle Mjønes og Åsmund Natås – to engasjerte fagfolk som står midt i arbeidet.Vi snakkar om kven desse elevane er, kvifor det betyr mykje å møta «likesinna», korleis samlingane er bygde opp i praksis – og kvifor tilpassa opplæring ikkje berre handlar om dei som slit, men òg om dei som treng meir utfordring.Er du forelder, lærar – eller berre nysgjerrig på skule, realfag og framtida i regionen? Då er denne episoden for deg.For meir info: https://www.vilvite.no/skole-og-barnehage/talentsenter-i-realfag/talentsenter-i-realfag-satellitt-sunnhordland/ Sponsor: Høgskulen på VestlandetSjekk ut: https://www.hvl.no

    Hudlege Judit Kiss: Dette bør du faktisk vite om hud, sol og føflekkar

    Play Episode Listen Later Jan 12, 2026 40:47


    I denne episoden møter du hudlege Judit Kiss – legeutdanna ved Semmelweis Universitetet i Budapest, med spesialistutdanning i hud- og veneriske sjukdommar og doktorgrad (PhD) med fokus på malignt melanom.Judit har jobba som hudlege i Noreg i mange år, mellom anna ved Revmatismesjukehuset i Haugesund. I dag jobbar ho privat, og ein gong i månaden kjem ho òg til Velværetunet på Stord.Me snakkar om:Føflekkar og hudkreft: kva du skal sjå etter – og kvifor endring betyr meir enn storleikSol, solkrem og D-vitamin: kva som faktisk er smartest Barn og solbeskyttelse: kva type solkrem som er best for dei minsteAkne, rosacea og pigmentflekkar: kva som hjelper – og når du bør oppsøka hudlegeOg ein viktig reality check: Korleis for mange produkt (og mykje “hudtrend”-innhald frå sosiale medium) kan bli ein belastning for hudbarrieren og hudfloraenDette er episoden for deg som vil ta betre vare på huda – med trygg fagkunnskap, utan overdriving og utan 15 steg i hudrutina.Sponsor: Velværetunet Treng du eit friminutt i kvardagen? Velværetunet på Stord er staden der ro, velvære og fagkunnskap møtest. Velværetunet ligg idyllisk til like utanfor Leirvik sentrum – i eit fredeleg område med parkering rett utanfor døra.På Velværetunet finn du eit breitt og variert utval av behandlingar: – Hudpleie og spa – Massasje for total avkopling – Makeup, bryn- og vippebehandlingar – Sauna og massasjebadNo har Velværetunet to terapeutar, og kan difor tilby eit endå breiare spekter av behandlingar. Sjå gjerne heimesida⁠ velveretunet.no⁠ for full oversikt over tilbodet.Velværetunet har lang og solid erfaring med ulike hudtilstandar, mellom anna rosacea, og legg stor vekt på fagleg tryggleik, personleg tilpassing og god rettleiing.På Velværetunet møter du: Anne Britt Ottesen, med over 20 års erfaring og eit brennande engasjement for å gi deg velvære for både kropp og sinn. Linn Tove, som er under utdanning i hudterapi, og jobbar på tunet kvar måndag og torsdag (utanom vekene ho er på skule).I dei lyse og romslege lokala til Velværetunet, på 140 kvm, finn du tre behandlingsrom, eige dagspa, butikk og kurslokale – alt lagt til rette for ei heilskapleg og god oppleving.Til slutt vil Velværetunet òg rette ei stor takk til lokale bedrifter som vel å handle lokalt og kjøpe gåvekort til sine tilsette. Det betyr mykje – både for Velværetunet og for lokalsamfunnet.Gi deg sjølv – eller nokon du er glad i – ein velfortent pause. Bestill time hos ⁠Velværetunet⁠ i dag.

    Kurt Grundvold og Per Inge Sætrevik - om Utdanningsmessa på Stord, Rotary - å gagne andre

    Play Episode Listen Later Jan 5, 2026 34:57


    Den 21.–22. januar 2026 blir den 34. utdanningsmessa på Stord arrangert på Vikahaugane – i regi av Stord Rotaryklubb. Men kvifor finst denne messa, og kvifor er ho blitt så viktig for ungdom i heile Sunnhordland?I denne episoden får du bli betre kjend med både utdanningsmessa og Rotary – og med to av dei som står midt i arbeidet: Kurt Grundvold (ansvarleg for utdanningsmessa) og Per Inge Sætrevik (President i Stord Rotaryklubb).Me snakkar om historia bak messa, dugnadsinnsatsen (ja, det er mange timar!), korleis Vikahaugane blir forvandla til ei maurtue av elevar og utstillarar – og kvifor det framleis betyr noko å møtast ansikt til ansikt, sjølv om “alt finst på nett”. Og kvifor må bedriftene ut og “fange” ungdommen? Du får òg høyra om frivillig engasjement, fellesskap og drivkrafta bak Rotary sitt motto: å gagne andre – og korleis utdanningsmessa både hjelper ungdom å finne retning, og gir overskot som kan gå vidare til gode formål lokalt og internasjonalt.

    Kosthald, hormon og motivasjon som varer - med Jeanette Roede og Monica Ur

    Play Episode Listen Later Dec 29, 2025 43:25


    Korleis kan du spele på lag med kroppen – i staden for å kjenne at han saboterer? I denne episoden møter du Jeanette Roede (dagleg leiar i Grete Rode) og Monica Ur (kursleiar på Stord). Vi snakkar om hormon, søvn, stress og cravings – og kvifor mange kjenner på skam når det eigentleg handlar om kroppens mekanismar. Du får konkrete tips til korleis du kan byggje vanar som varer lenger enn til midten av januar, korleis du går frå “eg burde” til ein faktisk plan, og kvifor små endringar ofte er det som gir dei store resultata over tid.Vi er òg innom forsking, frokostmytar, overgangsalder (ja – også for menn), kvardagsaktivitet som fungerer, og korleis Grete Roede-appen og chatboten Grete kan støtte deg i prosessen.Ei episode full av kunnskap, motivasjon og praktiske grep – for deg som vil ta vare på kroppen din på ein måte som faktisk passar i livet. Sponsor: Velværetunet Treng du eit friminutt i kvardagen?Velværetunet på Stord er staden der ro, velvære og fagkunnskap møtest. Velværetunet ligg idyllisk til like utanfor Leirvik sentrum – i eit fredeleg område med parkering rett utanfor døra.På Velværetunet finn du eit breitt og variert utval av behandlingar:– Hudpleie og spa– Massasje for total avkopling– Makeup, bryn- og vippebehandlingar– Sauna og massasjebadNo har Velværetunet to terapeutar, og kan difor tilby eit endå breiare spekter av behandlingar. Sjå gjerne heimesida velveretunet.no for full oversikt over tilbodet.Velværetunet har lang og solid erfaring med ulike hudtilstandar, mellom anna rosacea, og legg stor vekt på fagleg tryggleik, personleg tilpassing og god rettleiing.På Velværetunet møter du:Anne Britt Ottesen, med over 20 års erfaring og eit brennande engasjement for å gi deg velvære for både kropp og sinn.Linn Tove, som er under utdanning i hudterapi, og jobbar på tunet kvar måndag og torsdag (utanom vekene ho er på skule).I dei lyse og romslege lokala til Velværetunet, på 140 kvm, finn du tre behandlingsrom, eige dagspa, butikk og kurslokale – alt lagt til rette for ei heilskapleg og god oppleving.Til slutt vil Velværetunet òg rette ei stor takk til lokale bedrifter som vel å handle lokalt og kjøpe gåvekort til sine tilsette. Det betyr mykje – både for Velværetunet og for lokalsamfunnet.Gi deg sjølv – eller nokon du er glad i – ein velfortent pause.Bestill time hos Velværetunet i dag.

    Kristine Sele – om juleminne, krambu og ei livslang skriveglede

    Play Episode Listen Later Dec 22, 2025 79:16


    Kristine er aktuell med ei heilt fersk bok om Kristian Eidesvik: fiskeskipperen som blei ein sentral næringslivsleiar – og som mange hugsar som ein skikkeleg, varm og driftig mann.Du får høyre om livet til Kristine, frå oppveksten på handelsplassen i Øklandsvågen med krambu, rutebåtar og juleutstillingar i vindauget – til livet som journalist i ei tid då ein skreiv for hand og sende filmrullar med buss.Kristine deler historier frå møte med kongen, reportasjetur til Valdres for å møte Margit Sandemo (og ei svensk «heks»), dramatikk på tokt med Kystvakta, klosteropphald i samband med ein jule-reportasje – og ein god dose varme, humor og livsvisdom.Det blir òg tid til prat om julepynt, reisetips og kvifor det er viktig å halde seg engasjert gjennom heile livet.Restaurant 77, René, BB og Naustet Restaurant!Enten du er ute etter ein rask burger, ein god middag ved sjøen eller ferske bakverk og lunsj midt i kvardagen – finn du det hos oss.BB byr på smaken av ekte kolgrill, René på det vesle ekstra, og Naustet Restaurant på gode smakar i maritime omgjevnader. I 2026 opnar Restaurant 77 – ein heilt ny møteplass i hjartet av Haugesund.Vil du gjere opplevinga komplett, kan du òg overnatte på Quality Hotel Maritim eller Thon Hotel Saga – midt i byen, tett på alt.Fleire konsept, éi felles lidenskap: gode råvarer, ekte matglede og gode opplevingar.Neste gong du skal ut og ete eller bu – vel lokalt. Vel kvalitet. Vel oss.Helsing Caiano

    Tørre auge? Slik får du hjelp – med optikar Arnhild Myklebust

    Play Episode Listen Later Dec 15, 2025 32:08


    Optikar Arnhild Myklebust er tilbake i studio! I denne episoden får du høyre om alt frå korleis Brilleriet planlegg å ekspandere i 2026, til korleis tørre auge har blitt eit stadig større problem.Kjetil deler sine eigne erfaringar med «sandpapir-auger» og korleis ein enkel sjekk hjå optikar kan gjere ein enorm forskjell.Arnhild forklarar kva som faktisk skjer i augo våre, kva som påverkar tårefilmen, kvifor overgangsalderen speler inn, og kvifor skjermbruk gjer fleire plaga enn før.Vi snakkar òg om nye typar behandling – frå varmemaskar og auelokksmassasje til avansert lysbehandling som opnar kjertlar og gir betre komfort.Og sjølvsagt: litt om brilletrendar, litt humor, og eit aldri så lite ordspel eller to.Dette er episoden for deg som slit med tørre auge, ser for mykje på skjerm, er nysgjerrig på synshelsa di – eller berre vil høyre ein inspirerande prat med ein ekte lokal gründer.Samarbeid: Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Brilleriet.

    John Håvard Livden - om draumelivet på gård, juletresal og farlege ting

    Play Episode Listen Later Dec 8, 2025 38:01


    John Håvard Livden har flytta med familien frå Arna til gardsliv på Digernes på Stord – med sauer, juletre, eigne poteter og gutar som bygg trehytter i skogen.I denne episoden får du høyra om korleis han kombinerer livet som bonde og yrkesfaglærar, kvifor han brenn for grindbygg og tradisjonshandverk, og kva han har lært av å ta over slektsgarden.Vi snakkar om livet tett på natur, om ansvar, liv og død på ein gard, om juletresal, Vipps-bod og kvifor det er viktig å la ungar gjere farlege ting – forsiktig.Du får òg nokre praktiske tips om korleis du tek best mogleg vare på juletreet.Sponsor: Brilleriet Livet er for kort til å bruka kjedelige briller!Ta turen innom Brilleriet på Leirvik eller på Heiane, din lokale optikar- og brillebutikk.

    Ingmar Søreide – rørleggar, gründer og draumen om ein brannstasjon

    Play Episode Listen Later Dec 1, 2025 50:21


    Ingmar Søreide er rørleggjaren frå Sagvåg som har gjort lidenskapen for rør, vatn og baderom om til eigen arbeidsplass gjennom Søreide Rør AS.Me pratar om vegen inn i rørleggaryrket, korleis det er å starte for seg sjølv, kvifor han elskar rehabilitering av bad, og kvifor han meiner fleire unge bør bli rørleggarar. Og ikkje minst - kvifor han har ein draum om å kjøpe ein brannstasjon. Du får òg høyra gode historier frå læretida, møte med ein takknemleg kunde med vaflar og fyr i peisen – og du får konkrete tips til kva du bør tenkja på med røyr og bad, spesielt no når kulde, jul og ribbefett nærmar seg.Sponsor: Aarskog Elektro ASAarskog Elektro – kvalitet du kan stole på. I meir enn tre tiår har Aarskog Elektro levert elektroinstallasjonar av høg kvalitet i heile Sunnhordland. Med kontor på Fitjar og oppdrag på Stord, Fitjar, Bømlo og Tysnes, står Aarskog Elektro klare til å hjelpe – uansett om det handlar om service, rehabilitering eller nybygg.Aarskog Elektro legg stor vekt på godt handverk, tryggleik og løysingar som er tilpassa kunden sine behov.Difor er kundane alltid i fokus.Frå bustader til næringsbygg og industri – Aarskog Elektro er ein stødig samarbeidspartnar som møter opp, leverer kvalitet og bryr seg om lokalsamfunnet.Aarskog Elektro – erfaring, tryggleik og ekte fagstoltheit.

    med nder ingmar stord tysnes sunnhordland difor draumen ingmar s sagv
    Margrete Lauksund Almås - om Julegato Sagvåg, tradisjon, dugnad og ekte engasjement

    Play Episode Listen Later Nov 24, 2025 31:10


    I år skal Sagvåg verkeleg skinna i adventstida. Julegato i Sagvåg blir større enn nokon gong – med aktivitetar kvar søndag i advent, boder, musikk, lys, og overraskingar for både små og store. Bak mykje av engasjementet finn me Margrete Lauksund Almås, leiar for Sagvåg Forum, småbarnsmamma og organisasjonskonsulent ved Høgskulen på Vestlandet.I denne episoden får du møta Margrete – ei varm, initiativrik dame som brenn for lokalsamfunnet. Ho deler korleis Julegato Sagvåg har vakse fram, kvifor dugnadskulturen her betyr så mykje, og korleis eit lite mysterium med forsvunne julelys nesten skapte trøbbel for årets pynting.Me snakkar òg om oppvekst, engasjement, lærarstudiet, draumejobben og korleis ho har hamna i rolla som «ho som får ting til å skje». Du får høyra både humoristiske historier frå barndommen og innsikt i korleis ho balanserer jobb, små ungar og frivillig arbeid – og kvifor ho elskar Excel-ark litt meir enn dei fleste. Sponsor: SagvågshagenDagens episode er sponsa av Sagvågshagen – ein heilt ny, grøn oase midt i Sagvåg sentrum.Her kjem det opp til 35 nye leilegheiter fordelt på seks bygg, frå ca. 45 til 90 kvadratmeter. Perfekt enten du vil ha noko lettstelt, eller treng litt meir plass – men likevel vil bu sentralt og godt i Sagvåg.Sagvågshagen er det første bustadprosjektet i Stord kommune som følgjer den nye utomhusnorma frå 2024. Det betyr kvalitetsrike uteområde med leikeplass, gode sitjeplassar med og utan tak – og ein gjennomført grøn trivselprofil.Mange av leilegheitene får høg sol- og utsiktsfaktor, særleg mot utløpet frå Storavatnet – der du kan nyta stillheit, ettermiddagssol og utsikt mot hamnebassenget.Det blir skikkeleg støyskjerm mot hovudvegen, moglegheit for innglassa balkong som gir deg ei ekstra “stove”, og fleire løysingar for parkering: ute, i carport eller i felles garasje.Vil du vite meir, sjå sagvaagshagen.no – kanskje er din neste heim midt i Sagvåg sentrum.

    Magnus Hillesvik Valvatna og Ian Kolstad - om Konsert, Håp og ny kulturstove på Stord

    Play Episode Listen Later Nov 19, 2025 35:22


    Magnus Hillesvik Valvatna og Ian Kolstad inviterer til konserten Håp på VikjoScenen laurdag 22.11. Med støtte frå Subshore får 40 ungdommar gratis billett, og kvelden byr på både nyskriven musikk, musikkvideo-premiere og support frå unge Lola Linda Poder.Gjennom praten får du vite meir om historia bak låten Håp, korleis samarbeidet med Stord VGS vart til, og kvifor Magnus brenn for å gi ungdom ein plass å høyre til.Ian fortel òg om visjonen bak VikjoScenen – ein ny, lågterskel og profesjonell kulturarena der unge og etablerte kunstnarar kan møtast, skape og utvikle seg. Støtta frå lokale aktørar gjer dette mogleg, og mykje spennande står på programmet.Sjekk ut: https://www.facebook.com/events/722555850807832 Sponsor: SubshoreSubshore tror på kraften i å bry seg. Små handlinger kan skape store ringvirkninger – enten det handler om å støtte andre, dele kunnskap eller ta initiativ. Bygget på verdiene: vær positiv, støtt andre, ta initiativ, del kunnskap og gi anerkjennelse, står Subshore for fellesskap, utvikling og samhold.  Vi er sterkere sammen – når vi heier på hverandre, bygger vi et samfunn der flere får muligheten til å skinne. Det er derfor Subshore er med på å støtte initiativer som Sunnhordlandpodden, som fremmer mennesker som utgjør en forskjell.  Husk: Det betyr noe å bry seg! 

    Ingelin Røssland - om Min julefest! - sånn cirka alt du trenger å vite om jul!

    Play Episode Listen Later Nov 17, 2025 49:15


    Forfattar, journalist og Tysnes-patriot Ingelin Røssland er tilbake på heimlege trakter – med juleglede på full guffe. I denne episoden snakkar vi om den nye boka hennar «Min julefest», ei leiken og lærerik julebok for dei mellom 10–100 år. Vi får òg høyre om skriveprosjektet «Pass dine eigne saker» laga saman med tiandeklassingar på Tysnes, og kvifor blautkokte egg og Bjørn Eidsvåg stadig dukkar opp i universet hennar.Ingelin deler ope frå livet som forfattar: frå Newton-åra i NRK og møtet med veggen, til kjærleiken i Stockholm, bonusfamilieliv på Lidingö.Ho heiar høgt på unge forfattarrøyster, avslører korleis ho «gerilja-plasserer» bøker i bokhandelen, og gjev konkrete tips til å finne tilbake barndommens julemagi (inkludert stygg, heimelaga julegenser).Du får høyre om:korleis «Min julefest» let deg lage di eiga julebokFalturiltu, Tysnes-samarbeid og skrivegleda som smittartru, tilhøyring og julefeiringkvifor temaet «å bli elska» går igjen i bøkene hennarLytt – og få inspirasjon til din eigen julefest.Denne episoden har ingen sponsor.Heldigvis er det ei lita gjeng som støttar podkasten gjennom eit frivillig abonnement – noko eg set stor pris på!Om du òg set pris på Sunnhordlandpodden og vil bidra til at me kan halde fram med å heie fram gode folk i regionen vår, så er dagens utfordring til deg:Bli med på laget og teikn eit abonnement – det kostar berre 29 kroner i månaden, altså under ti kroner per episode.Hiv deg med her: ⁠⁠https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe⁠

    Liv Kari Eskeland - om å byggje Samfun, Hage og Hordfast

    Play Episode Listen Later Nov 10, 2025 52:03


    I denne episoden møter vi Liv Kari Eskeland – arkitekt av fag, tidlegare ordførar på Stord og stortingsrepresentant for Hordaland Høgre. Ho er “over snittet” glad i politikk, Hordfast og hage, og fortel om vegen frå studietid og tidlege arkitektprosjekt til å stå i front for lokal utvikling og nasjonal politikk. Vi får høyre om kvifor Hordfast betyr så mykje for Vestlandet, korleis grøn skipsfart og sirkulær økonomi kan gje ny fart til industrien, og kva ho lærte av å byggje samfunn – både frå rådhuset og frå Stortinget.Liv Kari deler òg personlege smakebitar: gjenbruksglede, drivhus, tomatar i fleng, restaurering av den gamle lensmannsgarden på Fjellberg, og eit par overraskande oppdrag – frå krandåp til filminnspeling. No ser ho framover og vurderer kva dei neste ti arbeidsåra skal romme: fast jobb, styrearbeid eller nye prosjekt som byggjer framtida på Vestlandet?Dette er ein episode for deg som bryr deg om samfunnsbygging i praksis – om vegar, verksemder, verdiar og menneske. Sponsor: Alde AkvaAlde Akva er et rådgivermiljø med 15 ansatte som bygger et sterkt kompetansehus innen akvakultur. Alde Akva har hovedkontor på Stord og kontorer i Haugesund, Trondheim og Tromsø. I år feirer de 5-årsjubileum!Med spisskompetanse innen planlegging og gjennomføring av prosjekter innen fiskeri- og havbruksnæringen, tilbyr Alde Akva prosjekteringstjenester som sikrer optimale og kostnadseffektive prosesser – fra forprosjekt og detaljprosjekt til ferdig godkjent og idriftsatt anlegg.Sjå nettsida http://aldeakva.no for meir informasjon. 

    Slankemedisiner kan gi raske resultater – men for Nina ble livet tyngre

    Play Episode Listen Later Nov 3, 2025 40:37


    Nina Maria Seljestad Bakke er en av mange som har brukt vektreduserende medisiner. Det førte til en dramatisk vektnedgang – men også til at livet kom helt ut av balanse. Faktisk gikk det så langt at hun ble innlagt på distriktspsykiatrisk senter for å lære å spise igjen. Nina Marias historie er en av mange. I 2024 brukte over 170 000 nordmenn vektreduserende legemidler ifølge FHI. I dag har mellom 60 og 70 prosent av den voksne befolkningen i Norge overvekt eller fedme, noe som påfører samfunnet store kostnader.For mange oppleves medisinen som en ny start. Kliniske studier viser at disse medisinene gir langt bedre effekt enn de eldre alternativene, men i disse studiene får deltakerne tett og strukturert oppfølging med livsstilsendringer – som handler om å spise sunnere og være mer fysisk aktiv i hverdagen.Sponsor: Grete RoedeGrete Roede har vært markedsledende i Norge på kosthold og livsstil i hele 50 år, og hjelper hvert år mange tusen nordmenn ned i vekt. På kurs hos dem lærer du hva du må gjøre for å få kontroll på vekten, og for å stabilisere kroppen på den nye vekten etterpå.De jobber med kalorikontroll, sunt kosthold og de legger stor vekt det på mentale som en viktig del av prosessen. Dine tanker blir til dine handlinger, og det å jobbe med hodet er en vesentlig del av kursopplegget."Slanking foregår i hodet, og ønsker du et varig vekttap, må du gjøre endringer du kan leve med på sikt. Derfor passer et kurs hos Grete Roede enten du er på vektmedisin eller ikke," sier kursleder Monica Ur.På Stord finner du Grete Roede i Velværetunet sine lokaler på Heio 7 hver onsdag og kursleder Monica Ur har "slanket bort" mange tonn hos sine deltakere gjennom sine 19 år som kursleder på full tid.I tillegg til lokale kurs tilbyr hun også kurs på Teams 1-1 eller i grupper, samt skriftlige nettkurs.Sjekk ut: https://www.roede.com

    Hjertefred på Tysnes – om sorg, håp og det å finne ro

    Play Episode Listen Later Oct 30, 2025 33:01


    Når livet plutseleg blir snudd på hovudet, og ein mistar nokon ein er glad i – korleis lever ein vidare med det? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Jannike Alvær Lie og Ingebjørg Alvær Lie, som sammen med Jannicke Bjørnevik står bak Hjertefred på Tysnes – ei minnemarkering for alle som har opplevd sorg og sakn.Søndag 2. november inviterer dei til ei varm og inkluderande stund på OnarTun, der lys, musikk og fellesskap gir rom for både tårer, smil og håp. I samtalen deler dei si eiga historie – om å miste broren sin, om sjukdom, organdonasjon og om korleis smerte kan forandre måten vi møter andre på.Dette er ei sterk og håpefull forteljing om å leve vidare, om takknemlegheit, og om krafta i fellesskap når livet gjer vondt.Sponsor: Stord Begravelsesbyrå Stord Begravelsesbyrå er ei familiebedrift i tredje generasjon som bistår ved dødsfall i heile Sunnhordland.Erfaringa til Stord Begravelsesbyrå er di tryggleik.Byrået har kontor sentralt på Leirvik, i Fitjar sentrum, på Sæbøvik i Kvinnherad og på Våge på Tysnes.Hos Stord Begravelsesbyrå blir du møtt med varme av trygge og profesjonelle medmenneske, der målet er å leggja til rette for fine og verdige gravferder. Kva det vil seia, er ulikt frå person til person – og dette finn ein ut saman.Visjonen til Stord Begravelsesbyrå er å vera ein veg­ryddar – ein medhjelpar og medvandrar i sorga sitt landskap, eit lite stykke på vegen.Ein kan ikkje ta bort sorga, men Stord Begravelsesbyrå kan leggja til rette for at det praktiske vert handtert på ein god og ryddig måte.I tillegg til gravferd hjelper Stord Begravelsesbyrå med oppussing av gravstein og sal av nye gravsteinar. Dei har fine gravsteinutstillingar på alle kontora sine.Stord Begravelsesbyrå – ditt lokale gravferdsbyrå i heile Sunnhordland.

    Britt Kjellesvik Rage - om Bringeklutar, Drakthistorie og Levande Kulturarv

    Play Episode Listen Later Oct 27, 2025 48:26


    Britt Kjellesvik Rage brenn for gamle tekstilar, folkedrakter og historia dei fortel. I denne episoden deler ho frå arbeidet med å kartleggja drakttradisjon på Tysnes, boka om bringeklutane, og livet som «viking» i Gudvangen. Vi får høyra om dokkeskulpturane som har reist verda rundt, korleis ho byggjer ein lokal drakt-database, og kvifor tekstilar er mykje meir enn pynt – dei er kulturarv, handelshistorie og levd liv.Sponsor: Tysnes gjev meirsmakTysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande. ⁠⁠https://www.visittysnes.no⁠⁠

    Andreas Lavik Frøkedal - Livet med Epilepsi

    Play Episode Listen Later Oct 20, 2025 38:57


    Korleis er det å leve med epilepsi – ein sjukdom som for mange er både usynleg og tabubelagt? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter vi Andreas Lavik Frøkedal frå Tysnes. Han deler ope om korleis livet endra seg då han fekk sitt første anfall berre ni år gammal, og kva for utfordringar han har møtt i oppveksten, ungdomstida og som vaksen.Andreas fortel om både dei tøffe periodane, misforståelsar i skulekvardagen og kampen for å finne rett behandling. Samtidig deler han varme historier om familien som alltid har stått ved sida hans, hunden Fanny som blei ei viktig støtte, og korleis frivillig arbeid, politikk og jobb har gitt livet retning og meining.Sponsor: SvingenPuls Treningssenter I dag er episoden sponsa av SvingenPuls Treningssenter – midt i Våge på Tysnes!Her får du 700 kvadratmeter med treningsglede – alt frå styrkestudio med topp moderne Technogym-utstyr, kondisjonsapparat og frivekter, til eigen sykkelsal og ein aerobicsal med mange ulike gruppetimar.Hos SvingenPuls kan du trene når det passar deg – dei har ope 365 dagar i året, nesten døgnet rundt med nøkkelkort.Om du er fastbuande eller berre på ferie, har dei tilbod som passar for deg. Og treng du ekstra oppfølging, tilbyr dei både rettleiing og personleg trening.I bygget finn du òg fysioterapeut Geir Austvik om du treng fagleg hjelp – og på nyåret flyttar enda ein fysioterapeut inn hos dei på Svingen!Så – kva ventar du på?Få opp pulsen hos SvingenPuls!Les meir på svingenpuls.no eller følg dei på Facebook.

    Anne Margrethe Otterå – om Nål & Tråd, Stofflanging og Gründerliv

    Play Episode Listen Later Oct 13, 2025 58:27


    Ho kallar seg sjølv den største «stofflangaren» på Stord – men heldigvis er stoffet hennar heilt lovleg! I over 55 år har Anne Margrethe Otterå vore hekta på nål og tråd, og i dag driv ho butikken Nål & Tråd med både symaskiner, stoff og garn.I denne episoden får du høyra om eit liv fylt med skaparglede, flytteprosjekt, pendling frå Austevoll – og kvifor både sying og strikking kan vera ekte terapi. Me snakkar òg om gründarlivets oppturar og nedturar, og kvifor ein aldri blir heilt ferdig med å samle på stoff.Og kva er eigentleg poenget med å sy sin eigen BH?Vil du bli med på syhelg?Sjekk ut denne sida Sponsor: Verdig GravferdHjå Verdig Gravferd skal du kjenna deg godt tatt hand om og få tatt ein verdig og personleg avskjed med dine kjære. Verdig Gravferd har kontor og samtalerom i Stord, Fitjar og Bømlo, men tilbyr sine tenester i heile Sunnhordland. Besøk nettsida ⁠verdiggravferd.no⁠ for meir informasjon og tilbakemeldingar frå tidlegare kundar. Verdig Gravferd leverer gravminner frå Eide Stein og veileder i prosessen frå skisse til ferdig montert gravminne. 

    Caroline Steinsland - om Reisa frå Brasil til Bømlo, Instagram og Karate

    Play Episode Listen Later Oct 6, 2025 43:21


    Korleis endar ei livsglad kvinne frå Brasil opp på Bømlo – og blir ein Instagram-ambassadør for norsk natur og kultur? Caroline Steinsland har budd i fleire land, men fann kjærleiken og livet sitt på Vestlandet. I dag deler ho tips og inspirasjon til tusenvis av følgjarar på Instagram, der ho viser fram både kjende og ukjende perler i Noreg.I denne episoden av Sunnhordlandpodden fortel Caroline om oppveksten i Brasil, kontrastane mellom Sør-Amerika og livet på ei vestlandsøy, og om kvardagen som trebarnsmor, prosjektkoordinator – og snart svartbelte i karate! Ho brenn for å vise fram det enkle, vakre og ekte i norsk natur og kvardagsliv, og ho meiner Bømlo er «den magiske øya».Sponsor: Verdig GravferdHjå Verdig Gravferd skal du kjenna deg godt tatt hand om og få tatt ein verdig og personleg avskjed med dine kjære. Verdig Gravferd har kontor og samtalerom i Stord, Fitjar og Bømlo, men tilbyr sine tenester i heile Sunnhordland. Besøk nettsida verdiggravferd.no for meir informasjon og tilbakemeldingar frå tidlegare kundar. Verdig Gravferd leverer gravminner frå Eide Stein og veileder i prosessen frå skisse til ferdig montert gravminne.

    Livepod frå Bømlakonferansen 2025 med Martin Laurhammer

    Play Episode Listen Later Sep 29, 2025 28:48


    Han er mannen som alltid får ting gjort. Martin Laurhammer har fått både Næringsforeningen på Haugalandet sin bragdpris og Haugesund kommunes ærestegn«De fykende måker»,  for innsatsen sin. Ein mann med handlekraft, stå-på-vilje – og ei imponerande evne til å finne løysingar der andre ser problem.I denne live-episoden frå Bømlakonferansen 2025 får du høyre Martin dele om oppveksten på småbruk, korleis arbeidsmoral og dugnadsånd vart forma tidleg, og historia om korleis far hans overtydde han om å flytte heim til Bømlo: «Du skal komme heim og hjelpe folk å få til noko.»Laurhammer fortel òg om viktige prosjekt som vannverksutbygging, Trekantsambandet, Moster Amfi og Haugesund lufthamn – og om verdien av å stå på når byråkratiet seier nei. Han deler óg ærlege glimt frå sjukdom, livet som pensjonist (utan å legge arbeidsiveren heilt på hylla) – og ikkje minst råd til unge om integritet og korleis ein kan få ting til i dag.

    livepod haugesund haugalandet
    Bonusepisode - Mr. Halloween

    Play Episode Listen Later Sep 26, 2025 3:43


    Her får du ein smakebit av musikken du kan oppleva i Mr. Halloween sin magiske butikk

    Erik Jørgensen - om Musikken, Galskapen, Dugnadsånda og Mr. Halloween sin magiske butikk

    Play Episode Listen Later Sep 22, 2025 39:59


    Erik Jørgensen – ei ekte eldsjel i kulturlivet på Stord. Han har skrive og sett opp musikalar og teater i fleire tiår, og no er han aktuell med stykket Mr. Halloween sin magiske butikk.Vi snakkar om oppvekst, bandlivet på 70- og 80-talet, korleis Askepott-rocketeateret vart til, og kvifor han aldri har gitt seg med å skape noko nytt. Her får du høyre om galskapen, dugnadsånda og gleda som driv fram store prosjekt – og kvifor han meiner at du må elske det du gjer, elles kan du berre gløyme det.Dette er historia om ein mann som har sett djupe spor i kulturlivet – med mykje humor, kreativitet og varme!Kjøp bilett til Mr. Halloween sin magiske butikk her!Sponsor: Peppes Pizza Stord Peppes Pizza Stord finn du i Hamnegata 4 på Leirvik – ein samlingsplass for alle som elskar ekte pizzaglede!Her får studentar og vernepliktige 20 % rabatt.Peppes handlar om lidenskap for smaken – og smaken startar alltid med råvarene. Difor er dei stolte av å bruke dei beste kvalitetsingrediensane på alle pizzaliner. Alle pizzaane blir laga for hand og toppa med nøye utvalde kombinasjonar som gir den ekte Peppes-smaken, likt og delt i over 50 år.Er du bedriftskunde? Då kan du få eigne fordelar som kundenummer, betaling på faktura, ingen utlegg – og leveringsgaranti.Send ein e-post til peppes@peppes.no for å opprette bedriftskonto i dag.Peppes Pizza Stord – smaken av lidenskap, midt i hjartet av Leirvik.

    Håkon Rydland Sæbø - om Fellesskap, Fiskehelse og Padling i Fitjarøyane

    Play Episode Listen Later Sep 15, 2025 61:47


    Han hadde budd i 13 hus før han fylte 12 år, hoppa på ski i Nord-Noreg, budde lenge i Odda, men landa til slutt på Fitjar. I dag er han veterinær med fokus på fiskehelse, styreleiar i idrettslaget på Fitjar og engasjert i alt frå fellesskap, gardsliv og venelaget for Longøyo. I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Håkon Rydland Sæbø – ein mann med mange jarn i elden, eit smittande engasjement og god formidlingsevne.Sponsor: Fitjar KraftlagFitjar Kraftlag er ein lokal straum- og breibandsleverandør som er eigd av fitjarbuen sjølve, og av andre som er medlemer i kraftlaget.Fitjar Kraftlag bidreg òg til verdiskaping i lokalsamfunnet gjennom sponsormidlar til ulike lag, foreiningar og arrangement på Fitjar.Målet til Fitjar Kraftlag er å vera ein viktig bidragsytar i lokalsamfunnet og leggja til rette for vekst på Fitjar.Fitjar Kraftlag feirar 90 år i 2025, og laurdag 27. september inviterer dei til jubileumsfeiring med familieaktivitetar, konsert og fest. Les meir på www.fitjar-kraftlag.no.Stor takk til Fitjar Kraftlag for at dei ville sponsa denne episoden!

    Lena Christensen - Når bicepsen ryk: identitetskrise, rehab og nye mål

    Play Episode Listen Later Sep 8, 2025 53:00


    Ho har løfta tyngre enn dei fleste, teke gull i Noreg og Norden – og drive treningssenter gjennom både pandemi og krevjande år. Så smeller det: biceps ryker i konkurranse, og livet blir snudd på hovudet. I denne episoden fortel Lena Christiansen om vegen frå pall til operasjonsbord, om identitetskrise, rehabilitering og det beinharde mentale arbeidet som må til for å kome tilbake. Vi snakkar òg om kvifor eit treningssenter kan vere livline for folk flest, korleis du kjem i gang utan å «kunne alt», og kvifor ro, fjellstiar og ein treningspark på ei lita gresk øy blei redninga.Sponsor: Bømlo StorsenterPå Bømlo Storsenter, midt i Svortland sentrum, finn du mange fine butikkar der du vert tatt imot av imøtekomande tilsette!Her er òg bedrifter som Nemus, bank, tannlege, rekstenesteførar, BUA m.m.Mot torget finn du den koselege kaféen HiSio.Ved sida ligg den velrenommerte klesbutikken Østensen – som har kledd opp menn og damer i alle aldrar i fleire generasjonar.Lilly på Såpehuset produserer og sel dei lekraste såpene og badesalta.Likar du å trene, er Sporty Bømlo plassen å gå.Bømlo Storsenter har flotte kjedebutikkar som Princess, Nille, Mekk, Sport Outlet og Cubus.Apotek 1 Bømlo har alt du treng av medisinar og hudpleieprodukt.Treng du ein hårklipp, spør Isam Frisør.Hos NMS Gjenbruk finn du brukte skattar i ein stor og fin butikk, med ny avdeling for klede.Rema 1000 Bremnes set si ære i å tilby kundane ein velfylt butikk til einkvar tid.I nærleiken finn du Vinmonopolet.Hos Bømlo Velværesenter får du både hudpleie, hudpleieprodukt samt vakre klede og tilbehøyr.I oktober opnar Bømlo Storsenter Sams kontorfellesskap, der mange spanande bedrifter flyttar inn.Velkomen til ein triveleg handel på Svortland!

    Ulvar Akselsen: Frå Stord-politikk til stortingsambisjonar

    Play Episode Listen Later Sep 1, 2025 47:18


    Kva driv ein 23-åring til å stå i lange møte, banke på dører – og sikte mot Stortinget? I denne episoden får du møte Ulvar Akselsen (Ap), lokalpolitikar på Stord og sjettekandidat i Hordaland. Vi snakkar om kvardagen i utval for rehabilitering, helse og omsorg, lærdom frå oppveksten og samtalane heime med pappa Olav Akselsen, og korleis det er å kombinera studieliv, samboarskap og valkamp.Ulvar deler tankar om velferdsstaten, skatt og små forskjellar, unge på Stortinget, kampen mot utanforskap, og korleis me kan rigga Sunnhordland for framtida – frå industri og havvind til Hordfast. Du får òg høyra korleis dørbanking faktisk kjennest, og kvifor breie kompromiss av og til er vanskelegare enn dei ser ut.Ein open og energisk prat om politikk som rører ved kvardagen vår – lokalt og nasjonalt.-----------Denne episoden har ingen sponsor.Heldigvis er det ei lita gjeng som støttar podkasten gjennom eit frivillig abonnement – noko eg set stor pris på!Om du òg set pris på Sunnhordlandpodden og vil bidra til at me kan halde fram med å heie fram gode folk i regionen vår, så er dagens utfordring til deg:Bli med på laget og teikn eit abonnement – det kostar berre 29 kroner i månaden, altså under ti kroner per episode.Hiv deg med her: ⁠⁠https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe⁠⁠

    Reinert Svanberg om Personleg Fridom og Ansvar, Formuesskatten og Økonomisk Vekst

    Play Episode Listen Later Aug 25, 2025 64:49


    Han er litt over snittet interessert i politikk – og kjent for å vere kjapp både i hovudet og i replikken. I denne episoden møter du Reinert Svanberg. Me snakkar om oppvekst i Sagvåg, fagbrev og ingeniørstudier, kvifor han kallar seg «kontrær av natur», og korleis både arbeidsliv, internasjonale erfaringar og lokal industri har prega synet hans på politikk og samfunn.Personleg fridom og ansvar – ønsket om minst mogleg statleg styring og overstyring i folks liv.Økonomisk vekst og verdiskaping – behovet for å skape lønnsame arbeidsplassar utan å tape av syne miljø og lokalsamfunn.Formuesskatten – kvifor FrP ønskjer å fjerne den, og kva konsekvensar han meiner den har for norske bedrifter.Kompromiss i politikken – kvar grensene går for kva han er villig til å forhandle om, og kva han meiner ein ikkje bør fire på.Lokalpolitikk og arealsaker – erfaringar med dispensasjonar, reguleringsplanar og kritikk av statsforvaltaren si rolle.Internasjonal erfaring – lærdom frå å pendle og jobbe i Polen og Singapore, og korleis det påverkar synet på økonomi og samfunn.Hordfast – sett som den største framtidige moglegheita for Stord og Sunnhordland.Arbeidsliv og respekt for fagkompetanse – verdien av både fagarbeidarar og ingeniørar, og korleis dette formar politikken hans.-----Denne episoden har ingen sponsor.Heldigvis er det ei lita gjeng som støttar podkasten gjennom eit frivillig abonnement – noko eg set stor pris på!Om du òg set pris på Sunnhordlandpodden og vil bidra til at me kan halde fram med å heie fram gode folk i regionen vår, så er dagens utfordring til deg:Bli med på laget og teikn eit abonnement – det kostar berre 29 kroner i månaden, altså under ti kroner per episode.Hiv deg med her: ⁠https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe⁠

    Astrid-Cecilie Flisram – Friluftsglede for Små og Store i Barnas Turlag

    Play Episode Listen Later Aug 18, 2025 42:26


    Ho er over gjennomsnittet glad i både ungar og tur, og no er ho leiar for Barnas Turlag Stord–Fitjar. I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Astrid-Cecilie Flisram, som deler både humoristiske turopplevingar, tips for å få med barn på tur – og kvifor turleiarar og frivillige er så viktige for fellesskapet.Vi snakkar om alt frå knekt tann på crossfit-fest, til å gå ned på «feil side» av Utslettefjellet, til magiske hengekøyturar ved sjøen. Astrid-Cecilie fortel òg om komande arrangement, kano-utleige, topptrimkort og kvifor ein sjokolade kan gjere underverk på tur.Høyr om friluftsglede, dugnadsånd og små og store opplevingar i naturen – for heile familien.Sponsor: Fargerike MalerbodenI dag er episoden sponsa av Fargerike Malerboden – din lokale ekspert på farge, golv og interiør.I over 40 år har familieverksemda Fargerike Malerboden på Heiane levert kvalitet, fagkunnskap og god service til folk i Sunnhordland.Her finn du alt frå maling, tapet og solskjerming, til golv, fliser og verktøy – i tillegg til tenester som fargerådgjeving og handverkshjelp, for å nemne noko.Med Miljøfyrtårn-sertifisering tek dei òg ansvar for klima og miljø.Stikk innom Fargerike Malerboden – vegg i vegg med Rema 1000 på Heiane – og få hjelp til å skape ditt draumeheim.Kontakt: malerboden@fargerike.no Nettside: https://www.fargerike.no/fargehandel/stord 

    Rune Valvatne Ask og Olav Tveiten - om Sunnhordland Kampsportklubb, Gratis sjølvforsvarskurs for damer og treningstilbod for ungdom

    Play Episode Listen Later Aug 16, 2025 54:29


    I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter vi Olav Tveiten og Rune Valvatne Ask frå Sunnhordland Kampsportklubb. Dei brenn for kampsport og sjølvforsvar – ikkje berre som ein sport, men som eit verktøy for tryggleik, meistring og fellesskap. Her får du høyre korleis klubben blei til, kvifor dei no satsar på ungdomstrening og gratis sjølvforsvarskurs for damer, og kva kampsport har lært dei om disiplin, respekt og livserfaring.Vi snakkar om alt frå mytar om sjølvforsvar til korleis treninga kan byggje sjølvtillit, førebygge mobbing og gjere deg betre rusta til å handtere vanskelege situasjonar.Høyr om Fenris Street Protection, Kali Silat Evolution og bli inspirert! Sjekk ut Sunnhordland Kampsportklubb på Facebook: https://www.facebook.com/profile.php?id=61571581160389---Denne episoden har ingen sponsor.Men heldigvis er det ei lita gjeng som støttar podkasten gjennom eit frivillig abonnement – noko eg set stor pris på!Om du òg set pris på Sunnhordlandpodden og vil bidra til at me kan halde fram med å heie fram gode folk i regionen vår, så er dagens utfordring til deg:Bli med på laget og teikn eit abonnement – det kostar berre 29 kroner i månaden, altså under ti kroner per episode.Hiv deg med her: https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe

    André Eide - frå Mobbeoffer til Pianostjerne

    Play Episode Listen Later Aug 11, 2025 38:09


    André Eide er ein pianist med følgjarar frå heile verda – snart 400 000 på Facebook – og blodfansen reiser langt for å høyre han spele. Men han har og ei historie, med mobbing i oppveksten. Og han har utfordringar med svindlarar som misbrukar namnet hans på nett. I denne episoden av SunnhordlandPodden fortel André ope om livet som pianist, kvardagen med konsertar og sosiale medium – og kvifor han vel å bruke historia si for å setje fokus på mobbing. Altfor mange born opplever mobbing, og det får store konsekvensar.Oppmodinga er klar – bry deg!Sponsor: Elie VerkstadMidt i hjartet av Leirvik på Stord ligg Elie Verkstad – ein blomsterbutikk litt utanom det vanlege.I den detaljerike / Innholdsrike butikken i Sæ finn ein alltid eit stort utval ferske, vakre blomster og planter.Elie Verkstad hjelper kundane sine med alt frå brudebukettar og borddekorasjonar til blomar til gravferd – alltid med omtanke og kvalitet.Dei ønskjer å gjere både dei store og dei små dagane vakre – anten det er bryllaup, sorg, bursdag eller ein heilt vanleg tysdag.Ønsker du å bestille, kan du kontakte Elie Verkstad på telefon 970 92 615, eller sende ein e-post til elieverkstad@gmail.com.Elie Verkstad – blomster til livet, i sorg og i glede.

    Helen Daae Frøyseth - om et skriveliv, refusjonar, nettroll og livet på Tysnes

    Play Episode Listen Later Aug 4, 2025 57:23


    I 2024 debuterte Helen Daae Frøyseth med boka Et skriveliv. I denne episoden av Sunnhordlandpodden får du høyra ei sterk og ærleg historie om å våga, skriva – og om å bli møtt av både heiarop og motstand.Vi snakkar om skrivelyst, kjærleik til poesi, litterære refusjonar, overgangen frå byliv i Bærum til bygdeliv på Tysnes – og ikkje minst: korleis det kjennest når boka endeleg er ute, og verda skal meine noko om det du har skrive.Helen deler òg opent frå tida som redaktør i Bladet Tysnes – inkludert korleis det var å bli råka av nettroll på ein liten plass.Du får òg høyra kva som kan gjera henne adrenalinsint …Dette er episoden for deg som…drøymer om å skriva, men lurer på om du er god nokhar kjent på både skrivelyst og skrivesperrevil høyra korleis det er å debutera med boker nysgjerrig på livet som redaktør i lokalavishar opplevd nettroll og kjenner på behovet for mot og grenserlikar poesi, nynorsk og ærleg refleksjonvurderer å flytta frå by til bygd – eller har gjort dettreng ein påminnar om at det å stå i motstand òg er ein del av livsreisaSlå følgje med Helen på Instagram: https://www.instagram.com/haldefram/ Boka, Et skriveliv, kan du kjøpe her: https://www.ark.no/produkt/boker/skjonnlitteratur/et-skriveliv-9788281633162 Sponsor: Tysnes gjev meirsmakTysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande. ⁠https://www.visittysnes.no⁠

    Gunvald Ottesen og Runa Våge Krukhaug - om  The Sound of Music, Nynorsk, Edelweiss og litt Matematisk Forvirring

    Play Episode Listen Later Jul 28, 2025 57:06


    I denne episoden får du møte Gunvald Ottesen og Runa Våge Krukhaug, to sentrale personar bak Bømlo Teater si storsatsing The Sound of Music – for aller første gong på nynorsk og på utescene i majestetiske Moster Amfi. Me snakkar om strekk og sveitte, myggar (altså mikrofonar – ikkje insekt), oversetjingar som både må høyrest fine ut og vere gode å synge, og kvifor Edelweiss fekk gamle karar til å bryta ut i mannskor på aldersheimen.Me får høyre om kvifor det å bygge scenografi i Amfiet er som å bygge eit hus (som straks skal rivast), og kvifor det faktisk kan vere heilt greitt. Og kvifor åtteåringar som står timevis i solsteiken, får Gunvald til å skjerpa seg. Her blir det smil, inspirasjon og ekte teatermagi – ispedd litt matematisk forvirring om kor gamal filmen eigentleg er...Dette er episoden for deg som:elskar musikallurer på kva «strekk» betyr i teaterverdaog som kanskje (bittelitt) vurderer å bli frivillig neste gong Bømlo Teater ropar ut! NB: Billettane går fort! Sponsor: Finnås KraftlagFinnås Kraftlag er eit allmennyttig samvirke, eigd av medlemmene sine.Målet er å fremja interessene til innbyggjarane og verksemdene i konsesjonsområdet.Dette gjer dei ved å driva med produksjon, distribusjon og sal av energi, tilby breibandstenester gjennom attraktive produkt frå Altibox, og ved å dela ut gåver til allmennyttige tiltak i lokalsamfunnet.Medlemmene får også kjøpsutbytte basert på samhandel med selskapa i konsernet.Finnås Kraftlag er ein lokal aktør som er genuint oppteken av utvikling og trivsel i nærmiljøet til kundane sine.Ein stor takk til Finnås Kraftlag for at dei sponsar denne episoden!

    Helene Torkelsen - om Leire, Skaparglede og Keramikk

    Play Episode Listen Later Jul 21, 2025 42:39


    Helene Torkelsen frå Moster både brenner for leira – og brenner leira. Ho har skapt sitt eige atelier og univers av vakre bruksgjenstandar i keramikk, midt i ein travel kvardag med tre små ungar og fulltidsjobb som lærar. I denne episoden får du bli betre kjend med Helene, som deler historia si om å gå frå kreativ lærar til sjølvlært keramiker med eige brennerom, eigen nettbutikk – og draumen om å leve av det ho elskar å skape.Vi snakkar om estetikk og inspirasjon, kvifor det er viktig å skape sjølv om det ikkje blir perfekt, og korleis det er å stå på marknad med baby på armen. Du får òg høyra om hytta dei har bygd i hagen – som no husar gjestar frå heile verda via Airbnb!

    Svein Arne Sørgård – om Sommerfestivalen Espevær, Gründerliv og Teknologi

    Play Episode Listen Later Jul 14, 2025 47:31


    Svein Arne Sørgård har fartstid frå verdsleiande selskap som Sony, Universal og UFC, og har jobba tett på teknologi, musikk og business i storbyar som Las Vegas og Nanjing. No har han landa midt i havgapet – på den vesle perla Espevær– og byr på sommarens hyggelegaste festivaloppleving!I denne episoden tek han oss med frå barndommen i Kirkenes og DJ-jobb på 80-talet, til livet som gründer, utviklar og no festivalskapar.25. og 26. juli 2025 inviterer han heile familien til Sommerfestivalen Espevær – ein inkluderande folkefest fylt med musikk, god mat, aktivitetar, fellesskap og ekte øystemning.

    Henriette Alsaker – Frå Karateslag til Løpesko: Eit liv i full fart

    Play Episode Listen Later Jul 7, 2025 86:45


    I denne episoden møter du Henriette Alsaker, ei energibombe frå Stord.Som åtteåring blei ho hekta på karate, og allereie som 12-åring tok ho svart belte – den første i Noreg som klarte det i så ung alder.Ho reiste heilt til VM i Japan som 13-åring, og fekk seg ein karriere full av trening, NM-gull og tøffe kampar.Du får høyre historia om kraniebrotet som snudde alt, og kvifor Henriette valde å satse på løping i staden.No jaktar ho nye mål saman med løpetrener Lars Lunde, og drøymer om å springe mila på under 35 minutt.Ho deler óg frå audition-opplevingane sine i The Voice, kvardagen som dagleg leiar for Ark på Stord Amfi, kjærleiken til søstera si – og livet midt i oppussing og familieliv.

    Anja Hope – om Stabilt Blodsukker, Gründerreise og Naturleg Hudpleie

    Play Episode Listen Later Jun 30, 2025 42:51


    Anja Hope er litt over snittet glad i dyr – og mykje meir enn gjennomsnittet oppteken av kosthald, blodsukker og helse.I denne episoden av Sunnhordlandpodden deler ho si inspirerande reise frå økonom til gründer av Nourish – naturleg hudpleie med produkt baserte på talg frå økologisk storfe.Vi snakkar om IBS, ekte mat, biohacking, katten Kokos, ein protest mot elefantar på sirkus – og om kvifor ho valde å hoppe ut av ein trygg jobb for å satse på hudpleieprodukt og helsehjelp til andre.Vi kjem òg innom:Ultraprosessert matBlålysbrillerSøvnoptimaliseringKontinuerleg glukosemålingElektrolyttarDigitale kursLivsstilsendringSjekk ut:nourishme.noanjahope.noFølg gjerne: @anjahope.no på InstagramSuperstate – nettbutikken som blei starta fordi dei rett og slett var lei av billige og dårlege kosttilskot.Superstate ønskjer å tilby produkt dei faktisk kan stå inne for – med ingrediensar som er gode for kroppen og testa av dei sjølve.No i sommar vil Superstate tipse deg om SALTE elektrolyttar – 100 % reine elektrolyttar med god smak, heilt utan sukker og fyllstoff.Faktisk brukte Superstate nesten eitt år på å få til den rette formelen, fordi dei ville lage eit produkt som verkeleg fungerer – og som dei er stolte av å selje over heile Europa i dag.SALTE elektrolyttar passar perfekt:– Når du er på ferie i varmen og vil unngå å bli dehydrert– På eller etter flyreisa – lufta i kabinen tørkar ut kroppen raskt– Før og etter eit glas vin eller to – for å unngå hovudverk og bakrus– Etter trening – for å fylle på viktige salt og unngå krampar– Og om du skulle vere uheldig og bli sjuk med oppkast eller diaré – då er elektrolyttar gull verdtSjekk ut superstate.no og les meir om SALTE og andre produkt som faktisk gjer godt for kroppen din!

    Trine Bekkenes – 25 år med Pepper Hårstudio: ei reise i frisørfaget, fellesskap og lidenskap

    Play Episode Listen Later Jun 23, 2025 43:05


    I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Trine Bekkenes, frisøren som i 25 år har bygd opp Pepper Hårstudio til å vere ein salong som handlar om meir enn hår. Trine deler historia om oppstarten, gleda i faget, og korleis ei god hårklipp kan bety langt meir enn berre det ytre.Ho fortel om hårshow, utfordringar og gleder, om å sjå folk og skape tryggleik – og om korleis håret nokre gonger speglar livets oppturar og nedturar.Trine deler òg tankar om rekruttering til frisørbransjen, kva som gjer ein frisør god, og gir gode råd til deg som vil ta vare på håret i sommarsola. Bli betre kjent med ei kvinne som brenn for folk, fellesskap og frisørfaget!Sponsor: Velværetunet Trenger du et friminutt i hverdagen?

    Ronny Furre – om Motocross, livet som Elektrikar og Redsla for Hundar

    Play Episode Listen Later Jun 16, 2025 38:53


    I denne episoden får du bli kjent med Ronny Furre – fagleg ansvarleg i Årskog Elektro, og ein mann som held garasjen like rein som crosssyklane sine. Me snakkar om korleis det er å vere elektrikar i Sunnhordland, kvifor han valde handverksfaget, og kva som gjer baderomsprosjekt ekstra spennande.Ronny deler òg historier frå oppveksten, draumen om å bli snikkar, redsla for hundar og kva eit godt samarbeid i byggebransjen betyr. Velkommen til ein prat – om arbeidsglede, ansvar og kvifor det å bli elektrikar kanskje er det beste yrkesvalet du kan ta!Sponsor: Søreide Rør – Din lokale røyrleggjar

    Vegard Røsland - om Fönt Häär, Sjølvmål, Bolsing og Bømlo Profil

    Play Episode Listen Later Jun 9, 2025 39:28


    Møt ei ekte eldsjel frå Rubbestadneset: Vegard Røsland – fotograf, musikar, fotballtrenar og dagleg leiar i Bømlo Profil. Me snakkar om alt frå AI-genererte bursdagssongar og sjølvmål i Etne Cup, til bolsing, gitarjam og gründerliv i Bømlo Profil.  Klar for ein god dose lokalt pågangsmot, humor og ekte engasjement? Sponsor: Martech Marine AS – Ekspertar på kompositt!Martech Marine reparerer alt som er laga i glasfiber og karbonfiber – raskt, solid og løysingsorientert. Anten det gjeld hurtigbåtar, oppdrettsbåtar eller anna utstyr og fartøy, står dyktige fagfolk klare til å hjelpa.Martech Marine har ei reiseavdeling som dekkjer heile Noreg med fullt utstyrt verkstadbil – dei kjem dit jobben er!I tillegg sel dei polyester, glasfiber og alt anna du treng viss du vil byggja eller reparera sjølv.Martech Marine kombinerer lang erfaring med høg presisjon – og dei likar utfordringar!Stor skade eller lita jobb? Martech Marine fiksa det!

    Christian Fitjar Dahl – om Sunnhordland Adventure, Fjordeventyret og Cruiseturisme

    Play Episode Listen Later Jun 2, 2025 40:09


    Christian Fitjar Dahl brenn for å vise fram det beste Sunnhordland har å by på. Han er ein av dei som står bak både  Sunnhordland Adventure og Fjordeventyret. No er han i ferd med å lose dei første cruiseturistane i land på Lervik og rundt i Sunnhordland. I denne episoden får du høyre om korleis det heile starta med eit uformelt møte på MS Sunnhordland og utvikla seg til eit omfattande samarbeid mellom lokale aktørar. Christian deler ærleg om spenninga knytt til logistikken, draumen om å skapa regional verdiskaping – og kvifor han har jobba dugnad med dette prosjektet i to år.Du får også høyre meir om:Favorittperlene i Sunnhordlands vakre skjærgårdKorleis ein god RIB-tur blir til (og kva ein RIB eigentleg er)Tips til deg som vil ut på sjøen i sommar – og korleis du bør førebu degEngasjementet hans i Redningsselskapet og etableringa av Sjøkompetanse ASKva cruiseturistar faktisk skal få oppleva når dei går i land på StordBli kjent ei ekte eldsjel, full av entusiasme, lokal stoltheit og praktisk gjennomføringsevne. Ein episode som garantert vil gi deg nye perspektiv på kor mykje spennande som skjer – og kor mykje potensial som ligg i vår region.Og hugs: Smil og sei hei til turistane som kjem på besøk!Sponsor: Stord Apartments Stord Apartments er ein leiande aktør innan bustadutleige for bedrifter i Sunnhordland. Sidan starten i 2021 har Stord Apartments bygd opp ein portefølje på over 100 bustader, og meir enn 50 ulike bedrifter stolar på deres overnattingsløysingar. Stord Apartments er for tida på jakt etter nye, sentralt plasserte bustader på Stord. Med Stord Apartments som leigetakar blir utleigeprosessen både enkel og effektiv – dei tek ansvar for heile prosessen frå A til Å.Sjekk ut https://stordapartments.no/ for meir info. 

    Liene Tolka - Kirkens Bymisjon på Stord – 15 år med arbeid for Menneskeverd og Fellesskap

    Play Episode Listen Later May 26, 2025 41:16


    Kirkens Bymisjon på Stord fyller 15 år! Liene Tolka, Tiltakskoordinator Aktivitetshuset Stord, deler både historia til Bymisjonen og si eiga reise frå Latvia via Finnmark – og til Dåfjorden. Ho fortel varmt om kvardagen i Bymisjonen, kvifor møteplassar og arbeidstilbod betyr så mykje for folk, og korleis lysverkstad og gaterydding kan gi ny meining i livet.Sponsor: Stord Tannregulering Stord Tannregulering har no eit tilbod om gratis konsultasjon for vaksne over 20 år – fram til sommaren.Har du vurdert å endra på smilet ditt? Då er det lurt å bestilla time hos Stord Tannregulering i dag.Dei tilbyr usynleg tannregulering med klossar på baksida av tennene, eller nesten usynlege plastskinner som flyttar på tennene.Vel du å gå vidare med behandling, får du med gratis tannbleiking etterpå.Sjekk ut stordtannregulering.com og bestill gratis konsultasjon i dag!

    Rune Sandvik – om Framtidsretta Fiskeoppdrett i Sagvåg, Bondeliv og Leiarskap

    Play Episode Listen Later May 19, 2025 33:56


    I denne episoden får du høyra historia bak Erko Settefisk i Sagvåg – eit moderne settefiskanlegg bygd på ny teknologi og framtidsretta drift. Me får òg bli betre kjent med daglig leder, Rune Sandvik, ein jordnær og engasjert leiar frå Fitjar. Rune deler om reisa med å byggja opp anlegget, utfordringar og stolte augeblikk, og ikkje minst tankar om havbruket si framtid.Sponsor: Alde AkvaAlde Akva er eit rådgivingsmiljø med 15 tilsette som byggjer eit sterkt kompetansehus innan akvakultur.Alde Akva har hovudkontor på Stord og kontor i Haugesund, Trondheim og Tromsø.I år feirar dei 5-årsjubileum!Med spisskompetanse innan planlegging og gjennomføring av prosjekt i fiskeri- og havbruksnæringa, tilbyr Alde Akva prosjekteringstenester som sikrar optimale og kostnadseffektive prosessar –frå forprosjekt og detaljprosjekt til ferdig godkjent og idriftssett anlegg.Sjå nettsida http://aldeakva.no for meir informasjon.Stor takk til Alde Akva for at dei ville sponse denne episoden!

    Tonje Stautland - om Vektnedgang, Sjølvbilde og Balanse i kvardagen

    Play Episode Listen Later May 12, 2025 42:01


    I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Tonje Stautland – kanskje betre kjend som tonje.trener på Instagram. Her deler ho ærleg og ope om livet sitt: om opp- og nedturar, vektnedgang, spontanabortar, sjølvbilde, og kvardagsglede.Det heile starta med ein impuls og eit lite dytt frå ei veninne – og i mai 2023 trykte ho «opprett konto». No har ho skapt ein kanal som har blitt både friplass og fellesskap – og ein inspirasjon for mange. Me får høyra om kva Instagram betyr for henne, korleis ho har jobba med trening og overspising, og kor viktig det er å finne balanse i både kropp, kvardag og kosthald.Tonje fortel òg om kor krevjande det er å vere open utan å bli for privat – og om kvifor ho ønskjer å vere eit ekte og realistisk alternativ til dei «perfekte» profilane der ute.Dette er ei episode full av liv, varme, refleksjon og humor – og me trur du kjem til å bli både rørt, inspirert og motivert.

    Grzegorz Gregor Gorczynski - LEGO, Gründerliv og Nye Eventyr

    Play Episode Listen Later May 5, 2025 43:37


    Grzegorz Gregor Gorczynski reiser land og strand rundt med tusenvis av legoklossar – og ein draum: Å byggje relasjonar, inspirere til kreativitet og spre ekte livsglede. Gregor kom heilt til finalen i Lego Masters Norge, har starta eiga verksemd med "Gregorski Brickworld", og no er han tilbake i studio!I denne episoden får du høyra:Korleis livet endra seg etter Lego MastersKva han drøymer om for framtida (og kva han ville bygd med ubegrensa Lego-budsjett!)Kvifor han satsa på Lego Serious Play – og kva som skjer når vaksne og barn får uttrykkja seg med klossar i staden for ordOm å vere gründer, LEGO-lærar på kulturskule, og bruke Lego i både skule og næringsliKva han lærer av barna han møter – og kvifor han brenn for å løfte neste generasjonSponsor: SubshoreSubshore tror på kraften i å bry seg. Små handlinger kan skape store ringvirkninger – enten det handler om å støtte andre, dele kunnskap eller ta initiativ. Bygget på verdiene: vær positiv, støtt andre, ta initiativ, del kunnskap og gi anerkjennelse, står Subshore for fellesskap, utvikling og samhold.  Vi er sterkere sammen – når vi heier på hverandre, bygger vi et samfunn der flere får muligheten til å skinne. Det er derfor Subshore er med på å støtte initiativer som Sunnhordlandpodden, som fremmer mennesker som utgjør en forskjell.  Husk: Det betyr noe å bry seg! 

    Christian Hope - om Livsstilsendring, Ketose, Viljestyrke og maraton

    Play Episode Listen Later Apr 28, 2025 59:27


    Denne vekas gjest i Sunnhordlandpodden er Christian Hope – ein kar frå Bømlo som verkeleg har gått all in for å legge om livsstilen sin.Vi snakkar om reisa frå overvekt til fullført maraton, om kvifor han valde ketogent kosthald, om viljestyrke, løpeglede – og kvifor Excel faktisk kan vere eit kraftfullt verktøy når du vil endre livet ditt.Christian deler òg erfaringane sine på Instagram der han inspirerer fleire til å ta steget mot ein sunnare livsstil. Slå følge med: https://www.instagram.com/ketochrizzyy/Ein ærlig og inspirerande samtale om å våge å ta grep, stå i motgang, og finne krafta i å velje ei ny retning.Sponsor: SteintøftSteintøft – solide løysingar for ditt uteområde!

    Ingvill Hystad Kyvik - Livet med barn med spesielle behov, inkluderande samfunn og likeverd

    Play Episode Listen Later Apr 21, 2025 52:32


    Korleis er det å vere forelder til eit barn med spesielle behov – med alt frå kvardagsgleder til djupe dalar? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Ingvill Hystad Kyvik, klinikkdirektør i Helse Fonna og mamma til Anders. Ingvill deler ærlig om erfaringar frå kvardagen, overganger, motgang og håp – og korleis små ting, som eit hei på butikken eller ei russejakke, kan bety alt. Dette er ein viktig og varm samtale om inkludering, likeverd og det å finne glede i det som er heilt vanleg. Sponsor: Subshore - https://subshore.noSubshore er en multiindustriell selskapsgruppe med hovedkontor på Stord. Subshore leverer høyt kvalifisert personell og tjenester til både prosessindustrien, skipsverft, skipsindustrien, offshoreverft og elektro, i tillegg til fornybare industrier. Subshore har datterselskaper i Litauen og Romania, der vi har egne prefabrikasjonsverksteder og ingeniøravdelinger.

    Øystein Hillestad - om Malerboden, Vårpuss, Rekecocktail og Terrortrussel

    Play Episode Listen Later Apr 14, 2025 59:34


    Våren er i lufta, og mange vurderer å pussa opp – men kva bør du eigentleg gjera med terrassen, huset eller fargevalet i år? Øystein Hillestad, dagleg leiar for Fargerike Malerboden deler sine beste tips. Dette er ein episode full av praktiske tips, lune skråblikk og gode historier – om alt frå nisemaling og ristemaskin-kaos, til fotball, familiebedrift, rekecocktail med makaroni og terrortrussel i Spania. Sponsor: Erko Settefisk ASErko Settefisk AS – eit selskap med base i Sagvåg på Stord, og ein del av Hauglandgruppen i Bergen. Erko Settefisk produserer smolt og postsmolt til Erko Seafood sine matfiskanlegg, og har eit moderne og framtidsretta RAS-anlegg, i tillegg til sitt eige klekkeri. Her blir rognen klekka, og fisken får tett oppfølging gjennom heile produksjonsløpet – heilt til den er klar for sjøen. Erko Settefisk produserer smolt heilt opp mot 1 kilo, og er stolte av å bidra til ein bærekraftig og ansvarleg sjømatnæring. Du finn dei i Grunnavågsvegen 81 i Sagvåg, og vil du vite meir, kan du blant anna lesa den årlege rapporten i tråd med Åpenhetslova – tilgjengeleg på nettsida deira. Takk til Erko Settefisk for at dei ville sponse denne episoden av Sunnhordlandpodden!

    Britt Heidi Værøy - om Fest i Vest, Dugnadsånd og møte med ein Tarantell

    Play Episode Listen Later Apr 11, 2025 34:54


    Kven står bak det som kanskje er Vestlandets koseligaste festival? Bli med når me slår av ein god prat med festivalsjef Britt Heidi Værøy om Fest i vest, som går av stabelen i Sagvåg 27.-28. Juni 2025. Her blir det snakk om ekte dugnadsånd, artistar og sjørøvershow!Du blir og betre kjent med Britt Heidi Værøy som har hjarte for bygda, blikk for detaljar og ei imponerande CV frå både butikkgolv og festivalrigg. Du får og høyra om eit uventa møte med ein tarantell!

    Claim Stord-Podden

    In order to claim this podcast we'll send an email to with a verification link. Simply click the link and you will be able to edit tags, request a refresh, and other features to take control of your podcast page!

    Claim Cancel