DAG OG TID podkast

Follow DAG OG TID podkast
Share on
Copy link to clipboard

Podkasten til vekeavisa DAG OG TID. Kvar veke snakkar vi med ein gjest om ein utvald artikkel frå avisa.

dagogtid


    • Sep 1, 2023 LATEST EPISODE
    • monthly NEW EPISODES
    • 25m AVG DURATION
    • 113 EPISODES


    Search for episodes from DAG OG TID podkast with a specific topic:

    Latest episodes from DAG OG TID podkast

    DAG OG TID lydavis: Det militante demokratiet vaknar i USA

    Play Episode Listen Later Sep 1, 2023 10:04


    Trass i dei alvorlege skuldingane er Trump framleis den mest populære presidentkandidaten hos republikanarane. I midten av august dukka det opp eit juridisk skjer i sjøen som kan snu opp ned på alt for Trump. Lytt til kommentaren «Det militante demokratiet vaknar i USA» i denne vekas podkastepisode. Kvar veke les me inn eit utval artiklar som abonnentane våre kan lytte til. Vil du og prøve? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.

    Melkøya og elektrifisering som klimatiltak

    Play Episode Listen Later Aug 26, 2023 32:54


    Regjeringa har bestemt at Equinor-anlegget Hammerfest LNG skal elektrifiserast frå land. Det vil kutte 850.000 tonn i årlege CO2-utslepp frå gassturbinane på øya. Kva ligg bak denne avgjerda og er det eit godt klimatiltak? Bård Lahn er gjest. Han har forska på norsk og internasjonal klimapolitikk, ressursforvaltning og oljepolitikk. Kva meiner han om elektrifisering som klimatiltak? Og kjem me til å nå klimamåla for 2030?

    DAG OG TID lydavis: Eit nytt Midtausten

    Play Episode Listen Later Jul 14, 2023 15:22


    Opp frå krigsruinane stig ein anna Midtausten enn det vi kjenner. Du skal denne veka få høyre ein kommentar av Cecilie Hellestveit. Kvar veke les me inn eit utval artiklar til lydavisa vår. Vil du lytte til fleire? Ting eit gratis prøveabonnement med automatisk stopp på dagogtid.no/prov. DAG OG TID podkasten tar sommarferie og er tilbake i august.

    nytt vil ting opp kvar cecilie hellestveit lydavis
    Siri Helle om mat, praktisk arbeid og distriktspolitikk.

    Play Episode Listen Later Jun 30, 2023 29:35


    Siri Helle er fast skribent i Dag og Tid, agronom, snikkar, forfattar og mykje meir. Har ho funne sitt ideelle liv? Og kan ein vere rastlaus og likevel slå seg ned med hus, mann og åker? I denne episoden blir du betre kjent med Siri. Me er innom tema som matproduksjon, praktisk arbeid og distriktspolitikk.

    DAG OG TID lydavis: Den som kviskrar på torget

    Play Episode Listen Later Jun 16, 2023 7:08


    Dersom alle mistenkjer motstandarane for å vera løgnarar og kjeltringer, blir det ikkje noko fellesskap av semja, det blir borkarkrig, skriv Jan Inge Sørbø. Høyr heile kommentaren hans på lyd i podkastkanalen vår denne veka. Me les inn eit utval artiklar kvar veke, og er du nysgjerrig på lydavisa vår eller kva DAG OG TID skriv om, ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov. 

    dersom torget lydavis
    Kva skjer i Sudan?

    Play Episode Listen Later Jun 9, 2023 39:42


    Gunnar M. Sørbø er sosialantropolog og tidlegare direktør ved Chr. Michelsens Institutt. I denne episoden fortel han om interessa si for Sudan, bakgrunnen for den pågåande konflikten og kva konsekvensar han kan få. Kvifor er det som skjer i Sudan så viktig for området rundt? Sørbø vart intervjua i Dag og Tid 28. april, les artikkelen her. Er du nysgjerrig på Dag og Tid? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov. Abonnementet stoppar automatisk etter tre veker. 

    DAG OG TID lydavis: Festspillene i Bergen

    Play Episode Listen Later Jun 2, 2023 5:30


    Kvar veke les me inn eit utval artiklar til lydavisa vår. Denne veka høyrer du Sjur Haga Bringeland lese frå Festspillene i Bergen. Ønskjer du å høyre fleire artiklar på lyd? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov. 

    denne bergen ting kvar festspillene lydavis
    DAG OG TID lydavis: Eit anna menneske

    Play Episode Listen Later May 26, 2023 5:12


    Kvar veke les me inn eit utval artiklar til lydavisa vår. Denne veka får du høyre Frank Tønnesen lese spalta «Kunngjeringar». Ønskjer du å høyre fleire artiklar på lyd? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov. 

    Magnus Håkenstad om forsvar og beredskap i Noreg

    Play Episode Listen Later May 12, 2023 34:53


    Førre veke la Forsvarskommisjonen fram si innstilling og kommisjonen slår alarm: «Det er behov for en omfattende satsing på sikkerhet, forsvar og beredskap.» Dei vil doble forsvarsbudsjettet frå 76 milliardar til 146 milliardar over ein tiårsperiode. Magnus Håkenstad er gjest denne veka og fortel om innstillinga til kommisjonen. Han er forskar ved Institutt for forsvarsstudier og har arbeidd med tema som langtidsplanlegging i forsvarssektoren, det nye totalforsvaret og forsvarsomstilling.  Dag og Tid har skrive om beredskap tidlegare. Les «Det førebudde Finland» om finsk beredskap og intervjuet med Håkenstad «–Forsvaret verkar ikkje» på dagogtid.no. Er du ny lyttar og nysgjerrig på Dag og Tid? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov. Då får du avisa i tre veker. Abonnementet stoppar automatisk. 

    Sverre Tusvik om Hauge-dagbøkene

    Play Episode Listen Later May 4, 2023 28:34


    Olav H. Hauge skreiv dagbok i 70 år, frå 1924 til 1994. Nokre år seinare vart bøkene gitt ut på Samlaget. Etter avtale med Bodil Cappelen og Samlaget trykker Dag og Tid no utdrag frå dagbøkene. Tidlegare redaktør i Samlaget, Sverre Tusvik, er gjest i podkasten vår denne veka og fortel om Olav H. Hauge. Kva er det som gjer dagbøkene hans så unike?

    etter dag tid hauge sverre kva kene dagb tusvik samlaget nokre tidlegare
    Om USA, musikk og litteratur. Intervju med musikkmeldar Øyvind Vågnes

    Play Episode Listen Later Apr 28, 2023 31:48


    Øyvind Vågnes er professor ved Universitetet i Bergen, forfattar og musikkmeldar i Dag og Tid. Han skriv for det meste om amerikansk musikk, eit land han også har budd i. I denne episoden fortel han om opphaldet i USA, den nyaste romanen si «Ei verd utan hestar» og rolla som musikkmeldar. Vågnes les også inn meldingane sine til lydavisa. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov. 

    DAG OG TID lydavis: Tønnemeisteren

    Play Episode Listen Later Apr 21, 2023 15:39


    Ikkje noko tek vare på edle ropar som gamalt treverk. Men føresetnaden er at nokon veit korleis det skal handsamast. Dag og Tid er med folk på jobb. I denne episoden får du høyre Siri Helle lese artikkelen om bøkkaren Arne-Jøran Øyen. Han lagar tønner til akkevittproduksjon. Fleire av artiklane om yrkesliv kan du lese på dagogtid.no. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement med automatisk stopp på dagogtid.no/prov.

    men ting dag tid arnej ikkje siri helle fleire lydavis
    Kva gjer teater med oss? Intervju med teatermeldar Bent Kvalvik

    Play Episode Listen Later Mar 31, 2023 35:46


    På kva måte har teateret endra seg dei siste tiåra? Bent Kvalvik har meldt teater i 30 år og er gjest hos oss denne veka.  Les teatermeldingane til Bent Kvalvik i DAG OG TID. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov. 

    DAG OG TID lydavis: Geitene på Kvist

    Play Episode Listen Later Mar 24, 2023 7:54


    Framtida til ein flokk frittgåande geiter ved Sognefjorden vart brått eit tema på høgt politisk nivå. Argumenta for å la geitene på Kvist leve vidare som villgeiter handlar ikkje særleg mykje om dyrevelferd, skriv veterinær Arve Nilsen. Høyr han lese spalta «Dyrisk». Kvar veke les vi inn eit utval artiklar som abonnentane våre kan lytte til. Vil du høyre fleire artiklar? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov. 

    Kva er ein god bassist? Intervju med Ellen Brekken

    Play Episode Listen Later Mar 17, 2023 43:46


    Ellen Brekken er musikar og komponist. Ho fortel om korleis ho enda opp med å spele både tuba, elbass og kontrabass. Me diskuterer rikskonsertane og kva ho lærte etter eit semester i Cape Town. Kva er verdien av ein musikar - og ikkje minst, rolla til bassinstrumentet? Du får også høyre smakebitar på to av låtane frå plata Ambush. Bandet er A Tonic for the Troops.  Brekken vart også intervjua i papirutgåva av DAG OG TID. Les intervjuet her. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov. Musikk frå Ambush av A Tonic for the Troops: The Capitulation of Alexandria 1 Welgelegen Road

    Ida Gilbert: Tute med de ulver som er ute

    Play Episode Listen Later Mar 10, 2023 26:14


    Ida Gilbert er gjest denne veka. Ho er filosof, skribent og kommunikasjonsrådgivar. I 2020 gav ho ut boksingelen «Rekkeviddeangst» og er no aktuell med romanen «Tute med de ulver som er ute» på Flamme forlag. Romanen har fått gode tilbakemeldingar. I Dag og Tid skriv Oddmund Hagen at «Ida Gilbert skriv både poengtert og treffsikkert om keisarens nye klede, og ho har framfor alt sans for humor og situasjonskomikk». I romanen følger me Aslaug som arbeider som kommunikasjonsrådgivar i organisasjonen Framtid med Visjon før ho flyttar til bygda og byrjar som journalist i ei lokalavis. Og det er mykje humor i romanen både om by- og bygdefolket - og ulven.

    Mellom to kulturar: Susanne Hætta om besteforeldra sine i Siebe

    Play Episode Listen Later Mar 3, 2023 33:28


    Susanne Hætta, forfattar, fotograf og biletkunstar, spør kven ho er, gjennom portrett av besteforeldra og foreldra sine, samiske og norske. Ein oppvekst mellom to kulturar, sett gjennom eit hundreår. I denne episoden tek me utgangspunkt i første del i portrettserien. Hætta fortel om dei samiske besteforeldra sine som budde i Siebe. Me kjem også innom Fosen-saka. Les meir på dagogtid.no. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov 

    Krigen i Ukraina: Halvor Tjønn om året som har gått

    Play Episode Listen Later Feb 24, 2023 37:35


    Det er gått eitt år sidan Russland gjekk til fullskala krig mot Ukraina. Mykje har endra seg det siste året. Halvor Tjønn ser tilbake på året som har gått. Korleis har krigen endra Russland, og kva med oss, Europa? Vil det framleis vere krig om eitt år?  DAG OG TID skriv denne veka fleire artiklar om krigen i Ukraina. Les kommentaren til Halvor Tjønn her (abo). Alle artiklane våre finn du på dagogtid.no. Ikkje abonnent? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov. 

    Detaljene: intervju med Ia Genberg

    Play Episode Listen Later Feb 18, 2023 14:17


    Vinnaren av Augustprisen 2022, Ia Genberg, er gjest hos oss denne veka. Ho fortel om den nyaste boka si Detaljene som kom ut på norsk i år. 

    intervju vinnaren augustprisen
    DAG OG TID lydavis: De åtte fjellene

    Play Episode Listen Later Feb 10, 2023 4:13


    «De åtte fjellene er ei slags maskulin ønsketenking», skriv filmmeldar Brit Aksnes. Høyr ho lese meldinga si i denne podkastepisoden.  Kvar veke les vi inn eit utval artiklar som abonnentane våre kan lytte til. Vil du høyre fleire artiklar? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov. 

    DAG OG TID lydavis: Kongelaksen i Columbia

    Play Episode Listen Later Feb 3, 2023 17:20


    Høyr ein av lydartiklane våre i DAG OG TID podkasten. Hans Morten Sundnes leitar etter laksen og urfolket som nesten forsvann då Columbiaelva i USA blei moderne. Dette er del tre i ein serie på fire delar. Det er Sjur Haga Bringeland som les. Vil du lytte til fleire av lydartiklane våre? Ting eit gratis prøveabonnement med automatisk stopp på dagogtid.no/prov  

    Arne Henning Årskaug om «Skap og sørg: eksessar om gørra vi ber på»

    Play Episode Listen Later Jan 27, 2023 34:43


    «Boka er berre på vel 120 sider, med luft mellom tekstane, men likevel sit ein att med inntrykk av at ho inneheld enormt mange ord, og at forfattaren har funne på dei fleste sjølv.» Dette er noko av det bokmeldar Odd W. Surén skriv om boka Skap og sørg – eksessar om gørra vi ber på. Høyr forfattar og bibliotekar Arne Henning Årskaug fortelje og lese frå boka.

    DAG OG TID lydavis: Kva kan du om marsvin?

    Play Episode Listen Later Jan 20, 2023 6:28


    Marsvin er dagaktive og nysgjerrige og har også eit rikt kroppsspråk, eit marsvin i godt humør kan hoppe rundt i ekstase (også kalla popkornspretting). Dei har eit godt utvikla språk og kan kommunisere med innfløkte pipe- og brummelydar. Vil du vite meir? Høyr veterinær Arve Nilsen lese spalta si Dyrisk i podkastkanalen vår denne veka.  Kvar veke les vi inn eit utval artiklar til lydavisa vår. Vil du høyre fleire lydartiklar? Ting eit gratis prøveabonnement med automatisk stopp på dagogtid.no/prov.   

    dei vil ting kvar marsvin lydavis
    Kåre Dahl Martinsen om økonomisk krigføring

    Play Episode Listen Later Jan 13, 2023 37:22


    Økonomisk krigføring, kva er det? Er Noreg ein del av det? Kåre Dahl Martinsen forskar på tryggingspolitikk og er aktuell med ei bok om økonomisk krigføring. Me er innom sanksjonane mot Russland - fungerer dei?, rolla til Kina, Wandel durch Handel-strategien. Kan ein framleis seie at det var ein god strategi? Og kva er eigentleg forskjellen mellom handelskrig og økonomisk krigføring?  

    Energiåret 2022 med Jon Hustad

    Play Episode Listen Later Dec 23, 2022 53:01


    Dag og Tid ser tilbake på energiåret 2022. Torv blir selt på svartebørsen i Irland og det føregår ulovleg hogst i Tyskland. Kva har konsekvensane av dei høge straum- og gassprisane vore? Korleis kjem neste år til å sjå ut? Me tar og ein snartur innom klima og Russland. Journalist i Dag og Tid, Jon Hustad, er gjest.

    DAG OG TID lydavis: Høyr May Linn Clement lese reportasjen sin «Det kjende i det ukjende»

    Play Episode Listen Later Dec 16, 2022 9:03


    May Linn Clement sjekkar inn i barndomsheimen til diktaren Jacob Sande og skriv om det i serien «Fjorten dagar i Fjaler». Høyr ho lese første del i reportasjeserien. Ønskjer du å gje Dag og Tid i julegåve? Mottakaren får avisa i fire månader. Les meir på dagogtid.no. Er du ikkje abonnent, men nysgjerrig på Dag og Tid? Bestill eit gratis prøveabonnement med automatisk stopp på dagogtid.no/prov.

    Historia om spelekvinnene med Benedicte Maurseth

    Play Episode Listen Later Dec 9, 2022 47:53


    Korleis har rolla til spelekvinnene endra seg opp gjennom åra? Og korleis er det å vere spelekvinne i dag? Det fortel musikar og komponist Benedicte Maurseth om i denne episoden. Ho har skrive boka Systerspel. Maurseth vart også intervjua i Dag og Tid, les intervjuet her. Musikk: Prillarguri, Mari Eggen Fykeruds farvel til Amerika, Kristiane Lund Huldreslått frå Vang, Sarah-Jane Summers Gløymer dag og stund, Helga Myhr Frå samleplata «Systerspel»

    Niels Christian Geelmuyden om «Når de døde våkner»

    Play Episode Listen Later Dec 2, 2022 25:19


    Å intervjue døde personar – er det mogleg? Statsvitar, journalist og forfattar Niels Christian Geelmuyden har gjort nettopp det i den nyaste boka si «Når de døde våkner». I denne episoden fortel han korleis det har vore å bli kjent med desse døde personane og kva han har lært av dei.

    niels geelmuyden
    Dyrisk: Kva er eit dyr?

    Play Episode Listen Later Nov 25, 2022 62:15


    Kva skil dyr frå andre levande skapningar? Og kva er eigentleg eit dyr? Dette er første del i podkastserien "Dyrisk" med veterinær Arve Nilsen. Gjestar er Ragnhild Sollund, kriminolog og forfattar, og biolog Gry Anita Eriksen. Denne episoden vart først publisert 22. april 2022.

    DAG OG TID lydavis: Før elektrisiteten kom, var jordkjellaren kjøleskap og grønsaklager

    Play Episode Listen Later Nov 18, 2022 8:54


    Denne veka kan du lytte til ein av lydartiklane våre. Vil du høyre fleire? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov og last ned DAG OG TID-appen!

    Dagfinn Nordbø: Eg lagar aldri mat etter oppskrifta

    Play Episode Listen Later Nov 11, 2022 17:53


    Denne veka blir du betre kjend med Dagfinn Nordbø. Han skriv om mat og reiser i spalta «Matmonsen».  Treng du inspirasjon til neste middag? Kanskje lam på marokkansk vis? Les førre artikkel her. (abo)

    Banksvindel: Per Anders Todal fortel

    Play Episode Listen Later Nov 4, 2022 24:21


    Har du nokon gong blitt svindla eller forsøkt svindla? Då kjenner du kanskje til både spoofing og phishing. Phishing-åtak er ei næring i sterk vekst. Gjesten vår denne veka, Per Anders Todal, vart svindla for eit stort beløp. Han fortel kva som skjedde og kva han meiner ein sjølv og bankane kan gjere for å førebygge svindel. Todal har også skrive ein artikkel om dette. Les «Usikkert som banken» her (abo).

    phishing gjesten per anders todal
    DAG OG TID lydavis: Rauland

    Play Episode Listen Later Oct 28, 2022 20:06


    I år fer Håvard Rem i Langfjella, frå Dovre i nord til Agder i sør, for å utforska livet i fjella som kløyver Sør-Noreg i mål-, vass- og vêrskilje. Denne veka er han i Rauland. Høyr han lese del 6 av reportasjeserien, «Rein i fjell og bronse». Kvar veke les me inn eit utval artiklar som abonnentane våre kan lytte til. Er du nysgjerrig på lydavisa vår, kan du bestille eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.

    Shirin Tinnesand om erfaringer frå Moria-flyktningleiren den polsk-ukrainske grensa

    Play Episode Listen Later Oct 21, 2022 27:24


    Shirin Tinnesand jobbar som flyktning- og migrantkoordinator og er gjest i podkasten denne veka. Ho fortel om arbeidet sitt på Moria-flyktningleiren på Lesvos og ved grensa mellom Polen og Ukraina. Kvifor er ho skeptisk til både friviljuge bistandsarbeiderar og norsk media?

    Aage Sivertsen om Rinnanbanden

    Play Episode Listen Later Oct 14, 2022 31:57


    Aage Sivertsen er gjest i podkasten denne veka. Han har skrive bok om Rinnanbanden, ei gruppe nordmenn som støtta tyskarane under krigen. Sivertsen har skrive mange bøker om 'skammens historie'. Kvifor er han så oppteken av slike mørke tema?  

    aage sivertsen kvifor
    Kim Hiorthøy om boka «Knivtid»

    Play Episode Listen Later Oct 7, 2022 21:37


    Kim Hiorthøy er aktuell med boka Knivtid, ei bok med femti korte forteljingar. I denne episoden fortel og les han frå boka. Kva er det han synest er interessant med å skrive? 

    DAG OG TID lydavis: Høyr Sjur Haga Bringeland lese spalta «Klassisk»

    Play Episode Listen Later Sep 30, 2022 5:15


    Phantasm får fram einskildtrådane i Bachs mangslungne musikalske vev, skriv Sjur Haga Bringeland. Denne veka får du høyre han lese spalta si «Klassisk». Bringeland er musikar, musikkviter og fast musikkmeldar i Dag og Tid. Kvar veke les me inn eit utval artiklar til lydavisa vår. Vil du høyre fleire artiklar? Bestill eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.

    Krigen i Ukraina: ein samtale med Andrej Kurkov

    Play Episode Listen Later Sep 23, 2022 20:32


    «Eg er imot å publisere mine eigne bøker på russisk fram til slutten på krigen», seier den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov. Han er gjest hos oss denne veka og er aktuell med «Dagbok frå ein invasjon» om tida før og under invasjonen. Intervjuet vart gjort 20. september.  Er du nysgjerrig på Dag og Tid? Bestill eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.  

    Alt som skranglar: Erlend Skjetne fortel og les frå den nyaste boka si

    Play Episode Listen Later Sep 16, 2022 26:46


    Korleis er det å skrive bok om ei dotter som ikkje har språk? Er det greitt? Høyr forfattar Erlend Skjetne fortelje og lese frå den nyaste boka si, Alt som skranglar, i denne episoden av DAG OG TID- podkasten. 

    Teaterregissør Kjersti Horn om «Kristin Lavransdotter»

    Play Episode Listen Later Sep 9, 2022 30:05


    Trilogien om Kristin Lavransdatter er kanskje dei mest kjende bøkene til Sigrid Undset. Laurdag 10. september er det premiere på «Kristin Lavransotter» på Det norske teatret. Kjersti Horn har regien. I denne episoden fortel ho om korleis det har vore å arbeide med eit teaterstykke som varer i 8 timar. Kvifor har ho valt å skilje publikum og skodespelarane med ein plastfilm?  26. august hadde DAG OG TID på trykk ein reportasje om «Kristin Lavransdotter». Les artikkelen her (for abonnentar). 

    sigrid undset kvifor kristin lavransdatter kjersti horn
    Kan demens førebyggjast? Høyr nevrokirurg Haldor Slettebø lese spalta si «Medisinsk»

    Play Episode Listen Later Sep 2, 2022 10:08


    Denne veka får du høyre ein av lydartiklane våre i podkastkanalen. Nevrokirurg Haldor Slettebø skriv om medisin ein gong i månaden, og denne veka er tema demens. «Demens, det er skrekken», sa Drillo då han nyleg runda 80 og fekk spørsmål om alder og død i eit intervju. Han har eit poeng: Demens kan vere skremmande. Den som er råka, døyr langsamt to gonger, blir det sagt: først i sinn, så i skinn.  Er du ikkje abonnent og ønskjer å prøve lydavisa? Ting eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov.

    I kor stor grad har kroppsøving endra seg dei siste åra? Idrettspedagog Maren Bø fortel

    Play Episode Listen Later Aug 26, 2022 17:54


    I denne episoden blir du betre kjent med idrettspedagog Maren Bø som skriv spalta «Sport før og no» i Dag og Tid. Tema denne veka er kroppsøving. Du får også høyre Bø lese spalta si som denne veka handlar om skruknottar.

    Ansvar for dei sjukaste. Jan Inge Sørbø om psykisk helsevern

    Play Episode Listen Later Jul 15, 2022 25:35


    I 1973 var det nesten 14.000 sengeplassar i norsk psykiatri. I 2020 var talet litt over 3000. I seinare tid har ein satsa mykje på førebygging. Gjest denne veka, Jan Inge Sørbø, meiner skuggesida av dette er at ein ser på dagligdagse problem som sjukdom. Les kommentaren hans her. 

    Kva betydning har London pub for det skeive miljøet?

    Play Episode Listen Later Jul 8, 2022 31:28


    «Ikkje berre ein pub», skriv Kristin Fridtun om London pub i DAG OG TID 1. juli. Denne veka er ho gjest i podkasten vår og fortel om sine eigne erfaringar som skeiv i Noreg. Kva betydning har London pub for det skeive miljøet? Og har Pride blitt for seksualisert? Kommentaren kan du lese her (for abonnentar).

    Dyrisk: Kva er ein veterinær?

    Play Episode Listen Later Jul 1, 2022 57:31


    Dette er del tre i podkastserien «Dyrisk». Saman med Yngvil Wasteson og Eystein Skjerve, begge professorar ved Veterinærhøgskolen, diskuterer Arve Nilsen kva som er rolla til veterinæren. Kva dilemma møter ein veterinær i arbeidet sitt? Arve Nilsen er veterinær og fast skribent i DAG OG TID. 

    Korleis er situasjonen for LHBT-personar i Aust-Europa?

    Play Episode Listen Later Jun 24, 2022 30:05


    Denne podkastepisoden vart spelt inn før fredag 24. juni. Korleis er situasjonen for LHBT-personar og dei som støttar dei i Aust-Europa? Kan ein gå i Pride-parade i Georgia og Armenia? Artikkelen som har vore inspirasjon for denne episoden, «Pride – eit barometer for fridom», kan du lese her (for abonnentar). Ane Tusvik Bonde, seniorrådgivar i Human Rights House Foundation, og Patricia Kaatee, politisk rådgivar i Amnesty Internasjonal Norge, er med oss i studio. Er du nysgjerrig på DAG OG TID kan du bestille eit gratis prøveabonnement med automatisk stopp på dagogtid.no/prov. 

    DAG OG TID lydavis: Fotballcupsommar 2022 – ikkje tida for å henga med leppa

    Play Episode Listen Later Jun 17, 2022 11:02


    I DAG OG TID kan abonnentane lytte til fleire av artiklane våre, og i tida framover kan du som podkastlyttar få høyre nokre av desse artiklane. Teiknaren vår, May Linn Clement, har vore på fotballcup og les denne veka reportasjen sin «Cuplivet». Trur du lydavisa kan vere noko for deg? Bestill eit gratis prøveabonnement på dagogtid.no/prov. 

    ”Polakkarbeid” og lågstatusyrke: Tømrar Ole Thorstensen om norsk og polsk arbeidsliv

    Play Episode Listen Later Jun 10, 2022 26:43


    Arbeidsinnvandringa svekkjer respekten for praktisk arbeid og undergrev den norske modellen, meiner tømrar Ole Thorstensen. I boka "Bare en jobb" skriv han om polsk og norsk arbeidsliv. I denne episoden fortel han om erfaringar frå då han arbeidde i Polen. Korleis ser han på sitt eige yrke - som av mange blir kalla "polakkarbeid"? Ole Thorstensen vart intervjua i DAG OG TID 3. juni. Les meir her (for abonnentar). 

    TikTok: Eit usosialt medium?

    Play Episode Listen Later Jun 3, 2022 18:57


    TikTok er det raskast veksande sosiale mediet i verda. Når du først er i gang, er det vanskeleg å slutte. Plattforma har blitt skulda for å sensurere innhald, til dømes å ta ut innhald av det dei ser på som «stygge» folk. I tillegg nyttar dei algoritmar til å identifisere kva brukaren likar og er oppteken av, noko som potensielt kan nyttast til å gjere brukaren meir avhengig av appen, men også til politisk påverknad. Jesper Hommefoss Johnsen, journalist i Dag og Tid, har skrive ei sak om denne videodelingsappen og er gjest i podkasten for å fortelje om sine erfaringar med TikTok. Artikkelen hans kan du lese her. 

    På reis i Litauen

    Play Episode Listen Later May 27, 2022 25:24


    Håvard Rem har vore på reis i Litauen. Landet var den første republikken som braut ut av Sovjetsamveldet. I denne episoden fortel Rem om nordisk-baltisk samarbeid, Vilnius, litauisk litteratur og mat. Han fekk også møte litauaren som leidde landet ut av Sovjetsamveldet, Vytautas Landsbergis.  Dei tre første delane av reportasjeserien om Litauen kan du lese i her (for abonnentar).

    Anders Nordstad om norsk landbruk

    Play Episode Listen Later May 20, 2022 29:11


    Denne veka er Anders Nordstad gjest. Han er engasjert i landbrukspolitikk og vart i høve jordbruksoppgjeret intervjua i Dag og Tid 13. mai. I denne podkasten fortel han om kva han meiner er gale med norsk landbrukspolitikk. Artikkelen kan du lese her.  

    Claim DAG OG TID podkast

    In order to claim this podcast we'll send an email to with a verification link. Simply click the link and you will be able to edit tags, request a refresh, and other features to take control of your podcast page!

    Claim Cancel