Radio Stryn med Sport und Spaß

Follow Radio Stryn med Sport und Spaß
Share on
Copy link to clipboard

Radio Stryn er ein nærradiostasjon eigd av Fjordingen, lokalavisa i indre Nordfjord. I denne podcasten kan du høyre sendingane til Sport und Spaß, i tillegg til litt andre innslag. Sport und Spaß kan du også høyre direkte på Radio Stryn, annankvar onsdag, på FM-bandet eller som nettradio. Nettradio:…

Radio Stryn med Sport und Spaß


    • May 28, 2025 LATEST EPISODE
    • monthly NEW EPISODES
    • 1h 5m AVG DURATION
    • 129 EPISODES


    Search for episodes from Radio Stryn med Sport und Spaß with a specific topic:

    Latest episodes from Radio Stryn med Sport und Spaß

    #65 Sport und Spaß: Stryn sine "Gutta på tur"

    Play Episode Listen Later May 28, 2025 62:33


    Mannsterk sending der vi har besøk av Nils Petter Hauge, Terje Walaker, John Rasmus Sæbø og Hallvard Skrede. Ein kameratgjeng som møtes til turar kvar onsdag - og litt til. Vi får også innside-informasjon om "skjeggestuntet på Stryn stadion" av hovudpersonen sjølv, Frank Hool.

    Gjesteprogram: Minner frå krigsåra

    Play Episode Listen Later May 9, 2025 73:24


    Kåre Rake (90) og Egil Solheim (81) gir eit lite innblikk i krigsåra i indre Nordfjord. Rake var sjølv 5 år då krigen braut ut, og far til Solheim, Magnus Solheim, var fenrik og deltok i krigshandlingar i Valdres. I samtalen fortel dei om historier han delte; bombingar i Valdres, fangenskap og rollebytet då freden kom.

    #64 Sport und Spaß: Bemer, bibel, Bø og litt Kirkeeide

    Play Episode Listen Later Feb 20, 2025 54:33


    Eivind Skjerven er i studio og demonstrerer Bemer-matte. Klemet Bø er med på telefon frå VM i skiskyting i Lenzerheide og Sigbjørn Kirkeeide har det travelt med å både førebu NC på Ullsheim og følge med på dottera Maren i VM.

    #63 Sport und Spaß, 22.januar 2025

    Play Episode Listen Later Jan 23, 2025 63:28


    NRK og TV2 kommentator Ole Kristian Stoltenberg er hovudgjest. Utanrikskorrespondent Inge Brynestad er med frå Anterselva og "Thor Gotaas" svingar innom.

    Jabbing om jobb #9: Bonderebellen Silje Åsnes Skarstein

    Play Episode Listen Later Dec 10, 2024 32:25


    Silje Åsnes Skarstein skulle aldri bli bonde. I dag er ho ikkje berre bonde på fulltid, ho har også blitt bønder sitt talerøyr med engasjerande innlegg i sosiale media og i aviser. Bli betre kjent med den frittalande kvinna frå Fjaler som no er busett i Olden.

    #62 Sport und Spaß 4.desember med Espen R. Nakstad

    Play Episode Listen Later Dec 5, 2024 56:28


    Kveldens gjest er sjølvaste 71 grader Nord-vinnaren, Espen R. Nakstad! Norges tøffaste kjendis fortel om turen gjennom Stryn og Hornindal, forholdet til dei andre deltakarane og det å halde deltakinga skjult for kollegaer og vener. Han blir også utfordra på ei dialektoppgåve. I sendinga ringer vi også opp Månadens lyttar og det blir spalten "Ka i alje dage"?

    Jabbing om jobb #8: Jan Fjellkårstad om verda som marknad

    Play Episode Listen Later Dec 2, 2024 31:31


    Jan Fjellkårstad (45) frå Blakset er økonomidirektør i måløyverksemda Coast Seafood. Dei omset fisk og sjømat for milliardar og har store deler av verda som marknad.

    Jabbing om jobb #7: Landsbylegen Marius Solbakken

    Play Episode Listen Later Nov 17, 2024 33:49


    I den 7. episoden kan du bli betre kjent med Marius Solbakken. Austlendingen som kunne tenkt seg å bli snikkar, men som enda opp som kommuneoverlege i Stryn.

    Jabbing om jobb #6: Petter Arnt Løvdahl - 74 åring med pensjonistangst

    Play Episode Listen Later Nov 13, 2024 25:38


    Petter Arnt Løvdahl har alltid hatt mange jern i elden, og har sjeldan nøya seg med berre ein jobb om gongen. Vaktmeister, lærar, PPT-konsulent, bussjåfør og fjellførar er berre noko av det den allsidige 74-åringen har sysla med.

    #61 Sport und Spaß 6. november 2024

    Play Episode Listen Later Nov 6, 2024 54:46


    Stortingspolitikar og storspringar Alfred Bjørlo og skiskyttar Simon Hjelmeset Kirkeeide er gjester i dagens sending. Og vi ringer opp "Månadens abonnent", Andre Flo.

    Gjesteserie: Jabbing om jobb #5: Dama med samfunnsplanen - Oline Horten

    Play Episode Listen Later Oct 29, 2024 23:23


    Oline Horten er ei ung oslokvinne som enda opp som prosjektleiar for Stryn kommune sin samfunnsplan. Høyr korleis året i Stryn har vore og kva tankar ho gjer seg om livet i ein liten vestlandskommune.

    Gjesteserie: Jabbing om jobb #4 Mariann Rosa og scena som arbeidsplass

    Play Episode Listen Later Oct 22, 2024 34:28


    Mariann Rosa, eller Thomassen som døypenamnet er, hadde stor suksess som vokalist og frontfigur i bandet Surferosa i perioden 2000-2009. I dag lev ho også av musikk, som DJ og med eige bookingbyrå for kvinnelege DJ-ar. I denne episoden kan du høyre korleis det er å ha scena som arbeidsplass.

    #60 Sport und Spas 9.oktober 2024

    Play Episode Listen Later Oct 10, 2024 62:46


    Sending nummer 60! Med oss i studio er energibomba Siri Linn Opsahl. Ho er treningsinstruktør, formann i idrettslaget, gründer og fritidskoordinator. Jon Terje Tjellaug gir siste status om Stryn fotball før dei to siste og avgjerande kampane i Kretsligaen, og vi får høyre om Randabygda sin nye landslagsspelar - i rugby!

    Gjesteserie: Jabbing om jobb #3: Supersjef Tom Øyvind Solheim

    Play Episode Listen Later Oct 9, 2024 40:13


    Tom Øyvind Solheim er supersjef i Nordfjordkompaniet, som blant anna jobbar med rekruttering, lærlingar og bulyst i Nordfjord.

    jobb solheim nordfjord
    Gjesteserie: Jabbing om Jobb #2: Bedriftsutvikling med Arild Bødal

    Play Episode Listen Later Sep 25, 2024 43:08


    Høyr kva den erfarne bedriftsleiaren, styreleiaren og investoren tenkjer kring bedriftsutvikling og organisasjonsbygging.

    NY SERIE: Jabbing om jobb #1: Gründer Elisabeth Flo

    Play Episode Listen Later Sep 19, 2024 37:14


    Jabbing om jobb er ein ny serie på Radio Stryn der vi møter personar frå ulike bransjar og kategoriar, og med ulike roller, i arbeidslivet. I den første episoden kan du bli betre kjent med gründer Elisabeth Flo (30) som driv Seniortrim.

    #59 (1 sesong 8) Sport und Spaß 11.september 2024

    Play Episode Listen Later Sep 11, 2024 59:54


    Gjester i studio er Jørgen Trøsken frå Stryn sitt herrelag i fotball, som pratar om kampen for tilværet i Kretsligaen, og handballtrenar Roy Veamyhr som er klar for nok ein sesong med handballdamene. I tillegg har vi med rekord-paret frå Skarsteinsetra Opp, Trond Håkon Trondsen og Synnøve Torp.

    #58 Sport und Spaß 17.juni 2024

    Play Episode Listen Later Jun 18, 2024 67:48


    Sommaravslutning! Vi snakkar med Torbjørn Hatledal om den nye 18 hols frisbeegolfbana på Ullsheim. Vi tek også ein prat med tidlegare norgesmeister i frisbeegolf, Jostein Håland. Og ikkje minst; truleg norges beste på å imitere sportsprofilar, Vidar Higraff, byr på både seg sjølv og ei rekkje imitasjonar. God sommar frå oss i SS!

    Gjestesending: 20 år sidan Landsfestivalen for kor i Stryn

    Play Episode Listen Later May 23, 2024 72:13


    20.-22. mai 2004 var vesle Stryn arrangør av den store Landsfestivalen for kor. Arrangementet samla 1.500 songarar frå nærare 50 kor frå heile landet. Margaret Venøy Flo og Tanja Selbervik Hage var med i arrangementskomiteen og deler minner frå tre dagar med fire årstider.

    Sport und Spaß sending 57, 15.mai 2024

    Play Episode Listen Later May 16, 2024 56:50


    Vi har besøk av Trio Triathlon; Are Njøten, Anders Maurset og Jon Gudbrand Kveen Øvre-Flo.

    Jubileumssending: Stryn Ping Pong Club (SPPC) 20 år

    Play Episode Listen Later Apr 26, 2024 93:00


    I april 2004 såg guteklubben Stryn Ping Pong Club dagens lys. Ganske tilfeldig og utan vidare plan for kva dette skulle utvikle seg til å bli. Kåre Tonning, Arve Aaning, Åge Rustøen og Christer Lunde Solberg er på plass i radiostudio for å mimre om 20 år med galskap og kameratskap. I tillegg bidreg Kim Rune Flo, Torstein Breivik, Jan Egil Flo og Robin Vonheim i sendinga.

    Sport und Spaß sending 56, 17. april 2024

    Play Episode Listen Later Apr 18, 2024 57:02


    Vi snakkar med produsenten av serie-suksessen Alt for Årdal, Torstein M. Haug. Stryningen Kjell August Ytre-Eide har 20-årsjubileum som dommar og Hans Petter Galtung gir oss Oldestafettens ABC!

    Sport und Spas sending 55, 20. mars 2024

    Play Episode Listen Later Mar 20, 2024 60:05


    Jan Erik Sandbakk er gjest og fortel meir om Loen-Vikane sin gledelege retur til seriefotballen. Den nye utvisingsregelen blir også grundig omtala i spalta Ka i allje daga!

    Sport und Spaß sending 54, 14.februar 2024

    Play Episode Listen Later Feb 15, 2024 52:21


    Gjest i studio er Svein Ørjasæter, utegåande reporter i VM skiskyting Nove Mesto er Inge Brynestad.

    Del 3/3: 20 år sidan Junior VM 2004. Konkurransane.

    Play Episode Listen Later Feb 6, 2024 42:52


    Vi tek ein prat med VM-kongen Petter Tande og han som var det lokale håpet, Ronny Hafsås. Gjester i studio er Ola Ødegård, rennleiar hopp i 2004, Olav Rune Seljeset, rennleiar kombinert, og Torstein Tvinnereim som var utegåande speaker på Ullsheim under junior-VM.

    Del 2/3: 20 år sidan junior-VM i Stryn. Kultur og mediedekning.

    Play Episode Listen Later Feb 1, 2024 45:50


    Frode Bakken, Berit Hisdal Lunde, Sigrid Moldestad, Helge Sunde og Hans Holmøyvik er gjester i del to av mimreserien om junior-VM i Stryn 2004.

    Sport und Spaß sending 53, 24. januar 2024

    Play Episode Listen Later Jan 25, 2024 56:21


    Gjester: Stolt og fersk EM-vinnar-pappa, Sigbjørn Kirkeeide, fysioterapeut og gründer Kristian Brynestad og junior-VM-klare Torje Seljeset.

    Del 1/3: 20 år sidan junior-VM i Stryn. Bakgrunn og organisering.

    Play Episode Listen Later Jan 24, 2024 37:43


    I denne første sendinga ser vi tilbake på korleis det heile starta og korleis vesle Stryn rigga seg for gigantarrangementet i 2004. Gjester i studio er Oddvin Vonheim og Inge Fænn.

    Førjulskos Radio Stryn 21. desember 2023 (NY og betre versjon)

    Play Episode Listen Later Dec 23, 2023 115:14


    GJESTER: Holko & Hauge, Linda Gytri, Anders Victor Kvile, Arne P. Sunde, Anne Merete Erdal og Marit Almenning.

    Sport und Spaß sending 52, 13. desember 2023

    Play Episode Listen Later Dec 14, 2023 63:03


    Gjester er Simon Hjelmeset Kirkeeide og Stig Roger Eide.

    Reklame for ny sending av Sport Und Spaß 13. desember

    Play Episode Listen Later Dec 5, 2023 1:06


    Reklame for ny sending av Sport Und Spaß 13. desember by Radio Stryn Podcast

    Sport und Spaß sending 51, 15. november 2023

    Play Episode Listen Later Nov 16, 2023 61:57


    Sesong 7! Frank Hool, Thomas Thaule og Roy Aron B. Myklebust er tilbake etter to års pause. Gjester er Stryn fotball sin toppscorar Emma Dorthea Lødemel og tidlegare VG-TV journalist Jamel Rake. Sistnemnde fortel om sin nye jobb og kjem dessutan med snacks-tips. I sendinga høyrer du også nye spaltar; "Ka i allje daga"? og "Jan Kveens Treningstips".

    Førjulskos Radio Stryn

    Play Episode Listen Later Dec 23, 2022 93:06


    Gjester i studio, helsingar og masse god julemusikk! Sendt 22. desember på Radio Stryn. Programvertar er Ove Andre Aarskog og Roy Aron Brenvik Myklebust.

    Reklame for Sport und Spas Julekalender

    Play Episode Listen Later Nov 28, 2022 1:20


    Kvar dag fram til jul trekk Frank Hool, Thomas Thaule og Roy Aron B. Myklebust ut eit nytt lydklipp med ein tidlegare gjest, og utfordrar deg til å vere med og gjette kven personen er. Nokre hint på vegen vankar det også. Ei ny lyd-luke vert sendt på Radio Stryn kvar dag fram til julaftan. Den vert også lagt ut på Fjordingen si nettside, slik at du kan høyre den når det høver deg best. Vinnarar og svar blir også offentleggjort på nettsida.

    25. Vekas utvalde med Kristin Hatledal 23.11.2022

    Play Episode Listen Later Nov 23, 2022 38:47


    Kristin Hatledal har lagt bak seg 10 år som biblioteksjef i Stryn. 39-åringen har ei lang akademisk utdanning bak seg, har gitt ut bok om motstandskvinner under krigen og kan også skilte med ei brukbar langrennskarriere som junior og ung senior. Ho trakterer dessutan hjullaster og gravemaskin!

    stryn vekas
    24. Vekas utvalde med Simon Hjelmeset Kirkeeide

    Play Episode Listen Later Nov 16, 2022 24:43


    Simon Hjelmeset Kirkeeide er ein av våre unge, lokale skiskyttarar som skal ta opp arven etter Bø-brørne. Grunnlaget legg 22-åringen på Lillehammer, der han bur saman med andre hardtsatsande utøvarar frå Markane og Hardbagg.

    23. Vekas utvalde med Johann Sigurdsson

    Play Episode Listen Later Nov 9, 2022 51:06


    For Johann Sigurdsson har ein stor del av livet handla om fotball, både som spelar, trenar og gjennom jobb. No er derimot strynedrakta og fotballen bytt ut med strikkegenser og troll, når han skal ta familiebedrifta i souvenir-bransjen vidare.

    22. Vekas utvalde med Heidi Holmlund

    Play Episode Listen Later Nov 2, 2022 51:29


    Heidi Holmlund er ernæringsfysiolog som har samarbeidd tett med nokre av verdas beste langrennskvinner, der iblant Marit Bjørgen og Therese Johaug. Etter 16 år i Olympiatoppen har kvinna frå Narvik no innleia eit tett samarbeid med eigen mann, Svein Ørjasæter, i utviklinga av Stryn Aktivitetslodge.

    21. Vekas utvalde med Ketil Rasmussen 26. oktober 2022

    Play Episode Listen Later Oct 27, 2022 43:21


    Bli betre kjent med musikaren frå Nordkapp som enda opp som kulturskulerektor i Stryn. Ketil Rasmussen har vore solist i SKRUK, opptredd på TV og turnert i utlandet.

    20. Vekas utvalde med Stryn Fotball 100 år

    Play Episode Listen Later Oct 19, 2022 48:14


    I denne sendinga set vi fokus på Stryn fotball som fyller 100 år, og har invitert Per Sætre, Harald Vartdal og Evy M. Rossetvik til studio. Dei sit i arbeidsgruppa for jubileet. Jostein Flo er med på telefon.

    dei fotball stryn per s vekas
    Vekas utvalde med Ole Bergesen 12. oktober

    Play Episode Listen Later Oct 13, 2022 41:40


    Ole Bergesen er fitjarbuen som tok revynorge med storm i 1995, då han entra scena på Høylandet med Ferjedirigenten. Eit nummer som representerte noko heilt nytt, og som gjekk rett heim hos publikum. Sidan då har han hatt eit innhaldsrikt sceneliv og vore primus motor for sommarrevyen på Fitjar i 22 år. Bli betre kjent med humoristen og "strynevenen" frå Fitjar!

    Vekas utvalde med Arne Sølvberg 5. oktober

    Play Episode Listen Later Oct 6, 2022 51:31


    Denne veka blir vi litt betre kjende med folkemusikaren Arne M. Sølvberg frå Fjelli. Han har gjennom eit langt musikarliv lagt ned ein stor innsats for folkemusikk og folkedans, og har også motteke ei rekkje prisar og utmerkingar for sine prestasjonar. Like fullt har det aldri vore tema å legge vekk bondeyrket til fordel for musikkarrieren.

    Vekas utvalde Siv-Carina Vikestad 28.september

    Play Episode Listen Later Oct 2, 2022 30:53


    Siv-Carina Vikestad (38)driv gravferdsbyrået Fjordferd. Bli betre kjent med den unge kvinna frå Sør-Helgeland, og høyr om den noko utypiske jobben, livet som vestlending når ein er nordlending og om lidskapen for hestar.

    Vekas utvalde med Bjørn Lødemel 21. september

    Play Episode Listen Later Sep 22, 2022 52:09


    Bli betre kjent med den tidlegare ordføraren og stortingsrepresentanten frå Hornindal. 22. september er det 10 år sidan opninga av Kvivsvegen, ei hending Lødemel skildrar som eit høgdepunkt i den politiske karrieren.

    Vekas utvalde med Kim Rune Flo 14. september

    Play Episode Listen Later Sep 14, 2022 38:57


    Kim Rune Flo er ein rappkjefta Floar og Oktoberfest-kardinal. Men han er også ein reflektert pappa og bestefar.

    Vekas utvalde Marita Lindvik 7. september 2022

    Play Episode Listen Later Sep 8, 2022 44:59


    Bli betre kjent med ho som leiar Visit Nordfjord. For Marita Lindvik er det eit poeng at reisemålsutvikling også skal skape bulyst. Ho tykkjer dessutan at resultatkrav triggar meir enn det stressar.

    bli vekas
    Vekas utvalde med Sven Flo 31.august

    Play Episode Listen Later Sep 1, 2022 50:15


    Tidlegare ordførar Sven Flo om nedtrapping i lokalpolitikken, draumen om bondeyrket, tida i Forsvaret og planar framover. Vi beklagar tidvis noko dårleg lyd!

    sven forsvaret tidlegare vekas
    Vekas utvalde med Sonja Øvre-Flo 24. august

    Play Episode Listen Later Aug 25, 2022 35:01


    Sonja Øvre-Flo; Ordførarkandidat og nybakt bestemor. Bli betre kjent med servitøren frå Sunnmøre som har sikta seg inn på ordførarjobben i Stryn.

    Vekas utvalde med Jørn Sønsterudbråten 17. august

    Play Episode Listen Later Aug 17, 2022 44:51


    Jørn Sønsterudbråten er gjennom Fagre Stryn Aktivitetsselskap ansvarleg for organiseringa av Stryn sine to største arrangement; Motorfestivalen og Strynemessa. Bli betre kjent med den tidlegare tømraren og handballspelaren frå Oppsal.

    Vekas Utvalde med Marit Fjell 10. august

    Play Episode Listen Later Aug 11, 2022 42:40


    I denne sendinga har Roy Aron B. Myklebust teke turen ut av studio og besøkt Marit Fjell. Ho fylte nyleg 100 år, og i dette intervjuet fortel ho om eit liv ikkje fritt for dramatikk.

    Vekas Utvalde med Roger Sevrin Bruland 3.august 2022

    Play Episode Listen Later Aug 4, 2022 60:22


    Utvikar og NRK korrespondent, Roger Sevrin Bruland, er gjest i Vekas utvalde. Høyr han fortelje om rustekuse, vegen til korrespondentjobben og korleis det er å rapportere frå eit krigsområde.

    nrk bruland vekas

    Claim Radio Stryn med Sport und Spaß

    In order to claim this podcast we'll send an email to with a verification link. Simply click the link and you will be able to edit tags, request a refresh, and other features to take control of your podcast page!

    Claim Cancel