Podcasts about tidlegare

  • 17PODCASTS
  • 29EPISODES
  • 32mAVG DURATION
  • ?INFREQUENT EPISODES
  • Dec 11, 2024LATEST

POPULARITY

20172018201920202021202220232024


Best podcasts about tidlegare

Latest podcast episodes about tidlegare

Radio Sunnmøre
Kjønnstru-kampen om verkelegheita

Radio Sunnmøre

Play Episode Listen Later Dec 11, 2024 35:39


-Det er vanskeleg å argumentere mot ei trusforestilling, seier Anne Kalvig. Ho er samfunnsdebattant, religionsprofessor og kvinnesaksaktivist frå Stavanger. Kalvig har doktorgrad i religionsvitenskap, grunnfag i sosialantropologi og to semesteremne i kjønnsstudiar. Tidlegare åtvara ho mot å lytte til "kristen-reaksjonære", men så kom transdebatten. I 2023 kom ho ut med boka "Kjønnstru - kampen om røynda", og i dag tek ho kampen, saman med dei kristen-reaksjonære om at det er kun to biologiske kjønn. Vi har tatt ein lengre prat med Anne Kalvig for å høyre hennar tankar rundt den nye kjønnsideologien, som ho samanliknar med ein ny vekkelse. Høyr heile intervjuet med Anne Kalvig, forfattar av boka Kjønnstru-kampen om røynda.

kj kampen stavanger tidlegare anne kalvig
Radio Sunnmøre
Nær ein million kroner i underskot for IMF Sunnmøre

Radio Sunnmøre

Play Episode Listen Later Nov 29, 2023 3:35


Rekneskapet til IMF Sunnmøre viser per 31. oktober at krinsen kjem til å lande på eit underskot nær ein million kroner i utgongen av året. Krinsleiar Johan Halsne viser til høgare kostnader, auke i lønsvekst og meir forsiktige givarar i ei krevjande tid. Tidlegare har det kome inn større gåver, sal av eigedom eller testamentariske gåver på slutten av året, som har gjort at underskotet ikkje har vore så stort som det er i år. Likevel ser krinsleiar Halsne ikkje mørkt på framtida, men seier at ein må fylgje med og sjå kva endringar ein eventuelt må gjere. Høyr intervjuet med Johan Halsne.

likevel kroner sunnm tidlegare halsne
DAG OG TID podkast
Sverre Tusvik om Hauge-dagbøkene

DAG OG TID podkast

Play Episode Listen Later May 4, 2023 28:34


Olav H. Hauge skreiv dagbok i 70 år, frå 1924 til 1994. Nokre år seinare vart bøkene gitt ut på Samlaget. Etter avtale med Bodil Cappelen og Samlaget trykker Dag og Tid no utdrag frå dagbøkene. Tidlegare redaktør i Samlaget, Sverre Tusvik, er gjest i podkasten vår denne veka og fortel om Olav H. Hauge. Kva er det som gjer dagbøkene hans så unike?

Læring
Ny episode kjem snart og tips!

Læring

Play Episode Listen Later May 2, 2023


Læring er snart tilbake med nye episodar! Enn så lenge kan du lytte til episodane UV-fakultetet har laga for podkastserien Universitetsplassen, der vi straks publiserer ein om demokratiopplæring. Tidlegare i år gjorde vi eit Tett på-intervju med leseforskar Ivar Bråten. I tillegg er vi ihuga tilhengarar av podkastserien Det virker! om spesialpedagogikk. God lytting! 

Fredagspanelet
14.10.2022 Fredagspanelet

Fredagspanelet

Play Episode Listen Later Oct 14, 2022 14:10


Filmregissør Ulrik Imtiaz Rolfsen. Tidlegare kulturminister - no partner og rådgjevar i Footprint, Trine Skei Grande. Forskningsjournalist Nina Kristiansen. Hør episoden i appen NRK Radio

footprint nrk nrk radio trine skei grande filmregiss tidlegare ulrik imtiaz rolfsen fredagspanelet
Radio Sunnmøre
Hukommelseskveld med tidlegare verdsmeister i hukommelse på Parken Kulturhus

Radio Sunnmøre

Play Episode Listen Later Sep 29, 2022 5:15


Torsdag 6. oktober inviterer Pinsekirka Sentrum og Laget heile byen til ein hukommelseskveld på Parken kulturhus. Forfattar, foredragshaldar og tidlegare verdsmeister i hukommelse, Oddbjørn By, vil undervise i husketeknikk og hukommelse. -Vi vil gjere noko for byen vår som er positivt og bra, seier Børre Pedersen, pastor i Pinsekirka Sentrum. Saman med Laget inviterer dei studentane i byen og andre som er interesserte til ein kveld med Oddbjørn By på Parken Kulturhus. Han er kjend frå Norske Talenter, Puls, Dagsrevyen, Newton, og har vore på frukost-tv i alle dei nordiske landa. Høyr intervjuet med Børre Pedersen, pastor i Pinsekirka Sentrum, som saman med Laget inviterer til hukommelseskveld med tidlegare verdsmeister i hukommelse.

Radio Stryn med Sport und Spaß
Vekas utvalde med Sven Flo 31.august

Radio Stryn med Sport und Spaß

Play Episode Listen Later Sep 1, 2022 50:15


Tidlegare ordførar Sven Flo om nedtrapping i lokalpolitikken, draumen om bondeyrket, tida i Forsvaret og planar framover. Vi beklagar tidvis noko dårleg lyd!

sven forsvaret tidlegare vekas
Radio Nordvest
Oystein-Meling-del-to.mp3

Radio Nordvest

Play Episode Listen Later Jan 11, 2022 7:08


Magne Arild Torgersen var i heimen til Øystein Meling i Stavanger i oktober 2021 og gjorde eit lengre intervju med Øystein Meling. I dei to første delane kan du høyre om Øystein sine første år som kristen og korleis han som ungdom begynte etterkvart å vitne og fortelle om Jesus.Tidlegare krinssekretær i Sunnmøre og Romsdal krins av Misjonssambandet, Øystein Meling, i samtale med Magne Arild Torgersen, del 1 og 2

Radio Nordvest
Oystein-Meling-del-en.mp3

Radio Nordvest

Play Episode Listen Later Jan 11, 2022 9:12


Magne Arild Torgersen var i heimen til Øystein Meling i Stavanger i oktober 2021 og gjorde eit lengre intervju med Øystein Meling. I dei to første delane kan du høyre om Øystein sine første år som kristen og korleis han som ungdom begynte etterkvart å vitne og fortelle om Jesus.Tidlegare krinssekretær i Sunnmøre og Romsdal krins av Misjonssambandet, Øystein Meling, i samtale med Magne Arild Torgersen, del 1 og 2

DAG OG TID podkast
Kviterussland: Bølla i internasjonal politikk

DAG OG TID podkast

Play Episode Listen Later Nov 19, 2021 22:14


Kviterussland har i det siste fått mykje merksemd. Først på grunn av demonstrasjonane i samanheng med presidentvalet i 2020, og no på grunn av migrantane og flyktningane som står på grensa mellom Kviterussland og Polen. Tidlegare styreleiar i Raftostiftelsen, Martin Paulsen, er gjest denne veka. Han fortel om Lukasjenko, sanksjonane mot Kviterussland og tilhøvet mellom Kviterussland og Russland. Kva ansvar har me for flyktningane og migrantane som no står ved grensa til Polen? Redaktør i Dag og Tid, Svein Gjerdåker, skreiv i Dag og Tid 12. november ein leiar om temaet, som du kan lese her. I same avis vart Eirik Christophersen frå Flyktninghjelpen intervjua. Les intervjuet her (for abonnentar).  Vil du lære meir om Kviterussland? Den 30. september var Ane Tusvik Bonde gjest i Dag og Tid-podkasten og fortalde om menneskerettssituasjonen i landet. Søk opp «Ein klappjakt mot journalistar» i podkastappen din.

Radio Sunnmøre
Trusopplæring har blitt heimen sitt ansvar

Radio Sunnmøre

Play Episode Listen Later Oct 4, 2021 6:18


Trusopplæring har blitt heimen sitt ansvar, meiner David Haddeland, dagleg leiar i Ny Generasjon. Saman med Pinse Ung har Ny Generasjon gått saman i eit tettare samarbeid der dei ynskjer å arbeide om skulemisjon. Tidlegare hadde Ny Generasjon skulelagsarbeid også på Sunnmøre, men dei har ingen lag i området per dags dato. Ny Generasjon har fleire skulelag i Sør-Noreg og på Vestlandet, og meinar at det har skjedd ei endring innanfor trusopplæring. Tidlegare hadde ein kristendomsundervisning på skulen, men no er dette heimen og kyrkja sitt ansvar. Høyr intervjuet med David Haddeland.

Radio Sunnmøre
Barnevakten 2021_Kris Munthe

Radio Sunnmøre

Play Episode Listen Later May 19, 2021 5:21


Eit tips til foreldre kan vere å sjekke foreldreinnstillingane på YouTube der borna ferdas på anten nettbrett eller telefon. No har Youtube opna for at born kan nytt "vaksenversjonen" om ikkje anna blir innstilt av foreldra sjølve. Tidlegare hadde Youtube ei aldersgrense på 13 år for å logge inn med ein konto på videostrømmetenesta. Dette stod då i brukarvilkåra.  Kris Munte, rådgjevar i Barnevakten, fortel om dei nye endringane i eit intervju med Radio Sunnmøre.

DAG OG TID podkast
Ottar Grepstad om den nye språklova

DAG OG TID podkast

Play Episode Listen Later Mar 10, 2021 25:35


Kva er eigentleg ei språklov? Og er det berre i Noreg me har ei slik lov? Tidlegare har Stortinget vedteke språklover i 1930 og i 1980, og no, etter tre lovutkast på åtte år, skal ei ny språklov bli behandla i Stortinget. Nytt denne gongen er at urfolksspråk, minoritetsspråk og teiknspråk òg er med i lovteksten – i tillegg til nynorsk og bokmål. Nynorskmiljøet har sagt tydeleg frå om at lova svekker vilkåra for nynorskbrukarane. Ottar Grepstad er med som gjest. 

Radio Volda
Morgensending fredag 05.03.21

Radio Volda

Play Episode Listen Later Mar 5, 2021 19:54


Siste sending denne veka! Tidlegare elev ved musikklinja på Volda vgs kom heilt til MGP-finalen. Bustadprisane har auka betrakteleg samanlikna med same tid i fjor. Live-reporteren vår snakkar med seksjonsleiar ved fødeavdelinga på Volda Sjukehus for å finna ut av korleis det blir lagt til rette for å ha med partner under fødselen. I tillegg får du siste nytt av Sigrid Moa. Programleiar: Kristine Sandnes Nyhetsoppleser: Sigrid Moa Live-reporter: Ida Kloppen Reportere: Carolyn Hannigan, Iris Katrine Hamre og Lotte Solheim Johannessen Produsent: Jenny Førland Ansvarlig redaktør: Jørgen Warvik Lyngvær

Politisk kvarter
- Ikkje send dottera di til Trøndelag Ap, seier tidlegare Auf-leiar

Politisk kvarter

Play Episode Listen Later Aug 27, 2020 15:01


I Politisk kvarter møter du den tidlegare Auf-leiaren i Trondheim som seier ho burde ha sagt frå ei rekke gongar. Stortingsrepresentanten som meiner det vil svekke Ap som likestillingsparti om Trond Giske blir vald og han som ønskjer seg Giske som ny fylkesleiar i Trøndelag.

nrk trondheim seier giske ikkje trond giske tidlegare leiar politisk kvarter i politisk
Tempopodden
Bortvist frå garden av søstera til tidlegare Facebook-venn

Tempopodden

Play Episode Listen Later May 12, 2020 78:41


I dagens episode, har Kristian sett seg lei av rolla som podcastens nikkedukke, og tar bladet frå munnen for å dele ut noken pisselunkne kraftsalver.Benjamin kjem med siste nytt om passion-prosjektet han har omtalt som sitt fjerde barn (les: ballbinge i Breivika), og like sikkert som at julafta kjem kvert år, blir det også oppklaringar av faktafeil frå forrige episode.Jakta på kven som har gjort seg fortent til ein plass i midtbanefiraren på tiårets lag, blir grundig gått etter i sømmane, så om du er ein av dei som synes at både oppvask for hånd, gjennomgang av skattemelding og tørrprat med svigers framstår som meir fristande enn å høyre ein nøye gjennomgang av 34 heilt OK fotballspelera, er nok ikkje dette episoden for deg. Vi kan dòg freiste med at det sniker seg inn både gode historier og juicy gossip iløpet av evalueringsprosessen. Veit du til dømes kven av kandidatane Kristian angjeveleg har prøvd seg på søstera til, eller kven av dei som har sletta Benjamin som venn på Facebook? Svaret får du her!Avslutningsvis vart det akkurat tid til nokre kritiske ord om Florø fotball, før krampetrekkinga meldte seg i både sete- og snakkemuskulaturen Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Tempopodden
Bortvist frå garden av søstera til tidlegare Facebook-venn

Tempopodden

Play Episode Listen Later May 12, 2020 78:52


I dagens episode, har Kristian sett seg lei av rolla som podcastens nikkedukke, og tar bladet frå munnen for å dele ut noken pisselunkne kraftsalver.Benjamin kjem med siste nytt om passion-prosjektet han har omtalt som sitt fjerde barn (les: ballbinge i Breivika), og like sikkert som at julafta kjem kvert år, blir det også oppklaringar av faktafeil frå forrige episode.Jakta på kven som har gjort seg fortent til ein plass i midtbanefiraren på tiårets lag, blir grundig gått etter i sømmane, så om du er ein av dei som synes at både oppvask for hånd, gjennomgang av skattemelding og tørrprat med svigers framstår som meir fristande enn å høyre ein nøye gjennomgang av 34 heilt OK fotballspelera, er nok ikkje dette episoden for deg. Vi kan dòg freiste med at det sniker seg inn både gode historier og juicy gossip iløpet av evalueringsprosessen. Veit du til dømes kven av kandidatane Kristian angjeveleg har prøvd seg på søstera til, eller kven av dei som har sletta Benjamin som venn på Facebook? Svaret får du her!Avslutningsvis vart det akkurat tid til nokre kritiske ord om Florø fotball, før krampetrekkinga meldte seg i både sete- og snakkemuskulaturen See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.

Firdaposten
Bortvist frå garden av søstera til tidlegare Facebook-venn

Firdaposten

Play Episode Listen Later May 12, 2020 78:52


I dagens episode, har Kristian sett seg lei av rolla som podcastens nikkedukke, og tar bladet frå munnen for å dele ut noken pisselunkne kraftsalver. Benjamin kjem med siste nytt om passion-prosjektet han har omtalt som sitt fjerde barn (les: ballbinge i Breivika), og like sikkert som at julafta kjem kvert år, blir det også oppklaringar av faktafeil frå forrige episode. Jakta på kven som har gjort seg fortent til ein plass i midtbanefiraren på tiårets lag, blir grundig gått etter i sømmane, så om du er ein av dei som synes at både oppvask for hånd, gjennomgang av skattemelding og tørrprat med svigers framstår som meir fristande enn å høyre ein nøye gjennomgang av 34 heilt OK fotballspelera, er nok ikkje dette episoden for deg. Vi kan dòg freiste med at det sniker seg inn både gode historier og juicy gossip iløpet av evalueringsprosessen. Veit du til dømes kven av kandidatane Kristian angjeveleg har prøvd seg på søstera til, eller kven av dei som har sletta Benjamin som venn på Facebook? Svaret får du her! Avslutningsvis vart det akkurat tid til nokre kritiske ord om Florø fotball, før krampetrekkinga meldte seg i både sete- og snakkemuskulaturen

Nasjonalbiblioteket
Arbeidernes Leksikon og arbeidarrørsla

Nasjonalbiblioteket

Play Episode Listen Later Apr 14, 2020 44:13


Korleis har arbeidarrørsla historisk teke plass i den norske og svenske offentlegheita? I Noreg kom «Arbeidernes leksikon» ut i åra 1932–1936. Leksikonet skulle vere ei motvekt til dei borgarlege konversasjonsleksikona og hadde ein uttalt klasseståstad. Ambisjonen var å opplyse arbeidarrørsla ut frå rørsla sin «egen opfatning av samfundsutviklingen og samfundsforholdene». Førelegget var det store sovjetleksikonet, men elles er «Arbeidernes leksikon» eineståande i verdsmålestokk.Men kvifor fann denne utgjevinga stad akkurat i Noreg, og ikkje til dømes i Sverige? Fanst det liknande ambisjonar om opplysningsarbeid i Sverige? Korleis såg i så fall desse ambisjonane ut? Den svenske historikaren og forfattaren Åsa Linderborg møter fagforeiningsmannen og skribenten Jonas Bals til samtale. Tidlegare redaktør i Klassekampen, Bjørgulv Braanen, leier samtalen. See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.

men bj sverige noreg korleis linderborg klassekampen leksikon jonas bals tidlegare braanen
Radio Stryn med Sport und Spaß
Sending 22 Sport und Spaß 4. mars 2020

Radio Stryn med Sport und Spaß

Play Episode Listen Later Mar 5, 2020 88:38


Hallvard Skrede er på besøk i studio og mimrar om då han ei kort stund var prisa høgare enn sjølvaste Tore Andre Flo. Tidlegare ekspertkommentator i NRK, Åge Skinstad, er vekas blodfan og fortel om sitt forhold til Stoke. Og vi gratulerer Inge Asbjørn Haugen som æresmedlem i Hornindal IL. Ord og uttrykksspalte, og det blir også lagt litt ekstra i konkurransepotten!

Serienett
Julehefter 2019 - Moderne norske

Serienett

Play Episode Listen Later Nov 25, 2019 24:54


I Serienetts sjette julepodcastsending ser panelet vårt på det som alle(?) har venta på, nemlig dei moderne norske seriane. Denne gjennomgangen er ikkje tematisk komplett. Tidlegare har panelet sett på Kollektivet (veldig bra), Rutetid (bra, men overflødig) og Nemi (ikkje fullt så bra). Då sit ein igjen med Pondus, Snøfall, Lunch, Ruter, Radio Gaga, og Storefri. Nye striper og nye karakterar høgnar nivået for Pondus, mens Snøfall gir assosiasjonar til forsøket med Stompa julehefte. Og kva skjer med Ruter når Rutetid går tilbake til Egmont i 2020? Det spørsmålet er kanskje meir interessant enn julehefta deira. Høgdepunkter: Pondus, Lunch og Radio Gaga er alle anbefalte i år. Men til neste år forlangar panelet noko nytt frå heimefronten, nærmare bestemt eit julehefte frå Therese G. Eide.

Radio Stryn med Sport und Spaß
Sending 13 Sport und Spaß 25. September 2019

Radio Stryn med Sport und Spaß

Play Episode Listen Later Sep 26, 2019 120:19


Maraton-grossist Inge Asbjørn Haugen. Anja Bertine Tomasgård og Emma Sæbø frå Stryn fotball. Tidlegare spydkaster Mathias Lilleheim. Skiskyttaress Tarjei Bø. Orienteringsløpar Isak Bergset. Kveldens blodfan er Roger Olsen, Blackburn-supporter.

Vidvinkel
Kva er det som skjer på Gaza, og kvifor

Vidvinkel

Play Episode Listen Later May 11, 2018 20:41


For sjuande fredag på rad demonstrerar palestinarar i Gaza, og fleire er drepne etter at Israel har svart med skarpe skot. Kva vil demonstrantane, og kvifor held Israel fram med å svare med så harde middel når dei får kritikk frå fleire hald, deriblant FNs menneskerettssjef? Tidlegare sjef for Kirkens Nødhjelps kontor i Jerusalem, Liv Snesrud, svarer på desse og fleire andre spørsmål i denne ekspertpraten. Der fortel ho også om kva som skjedde då ho vart kasta ut av Israel tidlegare i år.

Ekko
Står Norge som REN idrettsnasjon for fall?

Ekko

Play Episode Listen Later Mar 1, 2017 15:08


Står Noreg som rein idrettsnasjon for fall? Dopingskandalar i norsk vintersport den siste tida har gjort at glansbildet av Noreg som ein rein idrettsnasjon har falma. Kvifor opprører det så sterkt når nokon juksar? Tidlegare proffsyklist Mads Kaggestad blei utbrend av å prøve å henge med i eit gjennomdopa sykkelfelt. Kva tru har den noverande sportskommentatoren i TV2 på at idretten får bukt med ukulturen som gjer at doping blir vanleg?

norge nrk tv2 kva noreg kvifor tidlegare mads kaggestad
Draumeellevaren
DE 5-a-side - Heltemøter

Draumeellevaren

Play Episode Listen Later Mar 18, 2016 10:05


Tidlegare gjester fortel korleis det gjekk då dei møtte Phil Neal, Eric Cantona, Robbie Fowler, Miika Koppinen og Gareth Bale See acast.com/privacy for privacy and opt-out information.

Politisk kvarter
14.01.2015 Politisk kvarter

Politisk kvarter

Play Episode Listen Later Jan 14, 2015 15:00


Tidlegare samarbeidsparti er oppgitt, men regjeringa er ganske nøgd, med Arbeiderpartiet sin nye eldrepolitikk. Og helseministeren må svare for alvorlege skuldingar når han skal inn til høyring om sjukehussaka i Møre og Romsdal.

nrk arbeiderpartiet romsdal tidlegare politisk kvarter
Ukeslutt
Ukeslutt 06.10.2012

Ukeslutt

Play Episode Listen Later Oct 6, 2012 43:43


** Det er LIKE mange prostituerte som er offer for menneskehandel i dag som det var før sexkjøps-lova kom. Ukeslutt vart med politiet på jakt etter horekunder og bakmenn. ** Tidlegare politidirektør Øystein Mæland følte Grete Faremo pressa ham ut av jobben. - Nok ei ripe i lakken for Arbeiderpartiet, meiner kommentator. ** Om to dagar skal finansministeren dele ut over EIT TUSEN MILLIARDER kroner. - Penger er ikkje alt, meiner Sigbjørn Johnsen.

Politisk kvarter
Politisk kvarter 15.05.2012

Politisk kvarter

Play Episode Listen Later May 15, 2012 15:32


Statsinntektene aukar meir enn rekna med, men finansministeren vil ikkje bruke meir pengar. Tidlegare semje om grunnlovfesting av lokaldemokratiet bryt saman i Stortinget.

nrk stortinget tidlegare politisk kvarter
Studentersamfunnet i Bergen
SSPR- Samlebandsjukehusdebatt - INI

Studentersamfunnet i Bergen

Play Episode Listen Later Oct 16, 2011


Helsesektoren står ovanfor enorme utfordringar når eldrebølgja for fullt skyl over landet om få år. Tidlegare har debatten rundt sektoren nesten utelukkande teke for seg finansielle spørsmål. Med bakgrunn i høglytte krav om effektivisering, snur no diskusjonen meir mot dei administrative sidene . Innleiarar i debatten er Anne-Kari Bratten, direktør for arbeidsgivarforeininga Spekter, Jon Helle, leiar for overlegeforeininga, Oddvar Kaarbøe, professor ved Institutt for Samfunnsøkonomi, UiB, og administrerande direktør i Helse Bergen, Stener Kvinnsland.

med institutt uib samfunns spekter tidlegare anne kari bratten