Desse dagar

Follow Desse dagar
Share on
Copy link to clipboard

I Desse dagar ser journalist Håkon Haugbø nærare på aktuelle saker som opptek oss, på jakt etter dei lange linjene, nye perspektiv og det store biletet.

NRK


    • Apr 5, 2020 LATEST EPISODE
    • infrequent NEW EPISODES
    • 54m AVG DURATION
    • 52 EPISODES


    Search for episodes from Desse dagar with a specific topic:

    Latest episodes from Desse dagar

    Familietid i krise

    Play Episode Listen Later Apr 5, 2020 56:37


    Kva gjer all denne tida me brått har fått med norske familiar og norske barn? For enkelte er tida ei velsigning, for andre ein forbannelse. Det er tema i denne vekas utgåve av Desse dagar med Håkon Haugsbø på NRK P2.

    Omstilling i koronaens tid

    Play Episode Listen Later Mar 29, 2020 56:31


    Krisa er over oss og vil vara lenger. Folk og land er i ei brutal omstilling. Kva endringar vil vare, kva vil gå over og - kva er verdt å ta vare på? Dette er tema i denne vekas utgåve av Desse dagar med Håkon Haugsbø på NRK P2.

    Korona - ei varsla krise?

    Play Episode Listen Later Mar 22, 2020 57:05


    For akkurat eit halvt år sidan stilte “Desse dagar” spørsmålet om Norge var klar for ein ny epidemi. Og no er korona-krisa over oss. Kva sa dei då, og kva seier dei no? er tema i denne vekas utgåve av Desse dagar med Håkon Haugsbø på NRK P2.

    Kan vi stenge verda ute? Desse Dagar med Håkon Haugsbø

    Play Episode Listen Later Mar 15, 2020 56:33


    Klimaendringane vil føra til store folkevandringar framover. Korleis skal Europa handtera DEN migrantstraumen? Dette er blant spørsmåla som blir stilt i denne vekas utgåve av Desse dagar med Håkon Haugsbø på NRK P2.

    Kva skjer når tre kriser treff samtidig?

    Play Episode Listen Later Mar 8, 2020 56:30


    Ny flyktningkrise, Koronautbrot og finanskollaps. Kva skjer når tre kriser skjer samtidig? Dette er blant spørsmåla som blir stilt i denne vekas utgåve av Desse dagar med Håkon Haugsbø på NRK P2.

    Skinasjon på bar bakke?

    Play Episode Listen Later Mar 1, 2020 56:37


    Det er typisk norsk å vera god. Men har langrennsutøvarane blitt FOR gode? Og kva skjer med skinasjonen Norge når snøen uteblir? Dette er blant spørsmåla som blir stilt i denne vekas utgåve av Desse dagar med Håkon Haugsbø.

    Identitet på avvegar.

    Play Episode Listen Later Feb 23, 2020 56:14


    Over 100.000 nordmenn har opplevd ID-tjuveri dei siste to åra. Kva skjer når me mistar vår digitale identitet? Dette er blant spørsmåla som blir stilt i denne vekas utgåve av Desse dagar med Håkon Haugsbø

    Styrer protestar politikken?

    Play Episode Listen Later Feb 20, 2020 56:24


    Eit nytt opprør brer seg over landet, i protest mot auka ferjeprisar. Både bompengeprotestar og vindmølleaksjonar har endra norsk politikk. For politikarane er lydhøyre for dei som ropar høgast. Er folkeopprøret det nye demokratiet? Desse dagar med Håkon Haugsbø.

    Korleis ta vare på naturmangfaldet? Norsk natur i endring. Desse dagar med Håkon Haugsbø.

    Play Episode Listen Later Feb 9, 2020 56:05


    Naturen er i endring. Dyre- og planteartar forsvinn i eit tempo me aldri har sett før. Korleis skal me greia å ta vare på naturmangfaldet? Dette er tema i denne vekas utgåve av Desse dagar med Håkon Haugsbø her på NRK P2.

    Når tidsvitna døyr: korleis overlever minnet?

    Play Episode Listen Later Feb 2, 2020 56:25


    Kva skal til for at vi ikkje skal gløyme Holocaust? Minnemarkeringane og alvorsappellane er ferdige for denne gong. Kva ansvar har vi for å halde vårt kollektive minne levande, når tidsvitna døyr? Dette er tema i denne vekas utgåve av Desse dagar her på NRK P2 med Håkon Haugsbø.

    Atomfaren: Den stille trusselen

    Play Episode Listen Later Jan 26, 2020 55:57


    Den symbolske Dommedagsklokka fortel oss kor farleg verda er. Denne veka stilte atomforskarane klokka endå nærare midnatt, nærare. Korleis er Norge rusta til å handtere eit kjernefysisk åtak? Det er tema i denne vekas utgåve av Desse dagar med Håkon Haugsbø.

    Desse Dagar: Kva har skjedd med kulturdrikken mjølk?

    Play Episode Listen Later Jan 19, 2020 55:38


    Den norske mjølka blir truga frå fleire hald. Me drikk mykje mindre mjølk, samstundes som importen av meieriprodukt aukar. Har me blitt så sunne at det er usunt - for kulturen vår? Det spør me om i aktualitetsprogrammet Desse dagar med programleiar Håkon Haugsbø.

    Desse Dagar: Narkotika: sjukdom eller kriminalitet?

    Play Episode Listen Later Jan 12, 2020 56:29


    Før vart narkotikamisbruk behandla som ein sjukdom. I dag er narkomane van med eit liv inn og ut av fengsel. Skal menneske som rusar seg på narkotika straffast eller hjelpast? Forslaget om avkriminalisering skal hjelpe dei tyngste misbrukarane. Men blir det fritt fram for ungdom som bestiller partydop på Snapchat? Dette spør me om i aktualitetsprogrammet Desse dagar med programleiar Håkon Haugsbø.

    50 år med oljen: kva var vel livet utan oljen? Desse dagar med Håkon Haugsbø.

    Play Episode Listen Later Dec 22, 2019 56:18


    50 år etter det første funnet av olje på Ekofisk-feltet, held det norske oljeeventyret fram. Samstundes vil Norge vera ein klimaleiar. Kva hadde Norge vore utan oljen og gassen? Dette er tema i aktualitetsprogrammet Desse dagar med programleiar Håkon Haugsbø.

    Gamle saker - vonde å vende?

    Play Episode Listen Later Dec 15, 2019 56:29


    Denne veka bestemte Gjenopptakingskommisjonen for straffesaker å utsetja vedtak i Baneheia-saka til over nyttår. Kommisjonen skal vere tryggleiksventilen til rettsstaten. Men kor lett er det å få ei straffesak prøvd på nytt? Og kor mange sjansar skal dømde få til å gjere om straffa si? Dette er tema i aktualitetsprogrammet Desse dagar med programleiar Håkon Haugsbø.

    Forbarmelse og straff.

    Play Episode Listen Later Dec 8, 2019 56:31


    Medkjensle fekk biskop Gunnar Stålsett til å bryta norsk lov og gi arbeid til ein papirlaus flyktning. Vinnar av Petter Dass-prisen, Arne Viste, er dømt til betinga fengsel for å ha gjort det same. Kva gjer det med samfunnet vårt at nestekjærleik blir kriminalisert? Dette er tema i aktualitetsprogrammet Desse dagar med programleiar Håkon Haugsbø.

    Har norske tog spora av -for godt?

    Play Episode Listen Later Dec 1, 2019 56:26


    Den norske jernbanen er i endring. Det er mange år sidan sist norske togpassasjerar var så misnøgde, viser kunderundersøkingar. Vy har tapt anbud etter anbud. Kva konsekvensar får dette? Det er tema i aktualitetsprogrammet Desse dagar med programleiar Håkon Haugsbø.

    Kontantar - kva verdi har dei?

    Play Episode Listen Later Nov 26, 2019 56:08


    Me nordmenn brukar minst kontantar i verda, men framleis blir det trykt opp nye pengesetlar. Kva framtid har kontantane? Programleiar Håkon Haugsbø Sending på P2 søndag 24.11 kl 1103

    verdi nrk kva programleiar h
    “Svenske tilstander” også i Norge? Desse dagar med Håkon Haugsbø.

    Play Episode Listen Later Nov 19, 2019 56:30


    Politiet i Malmø ser ut til å vera makteslause mot dei kriminelle gjengane. Er det ein samanheng mellom gjengkriminaliteten i Sverige og ungdomsvalden her heime? Det er tema i aktualitetsprogrammet Desse dagar med programleiar Håkon Haugsbø.

    Når statsmaktene sviktar - Om NAV-skandalen.

    Play Episode Listen Later Nov 10, 2019 56:23


    Statsmaktene har svikta i alle ledd i NAV-saka. Kva skjer når systemet som skal hjelpa enkeltmenneske på føtene, istaden spenner bein på dei? Velferds- og rettsstaten Norge har gjort seg skuldig i eit justismord av dei heilt sjeldne. Kvifor er vi så overraska over NAV-skandalen? Grupper som tidlegare har kjempa mot trygdesystemet, og tapt, såg den komme. Det er tema i aktualitetsprogrammet Desse dagar med programleiar Håkon Haugsbø.

    Forplanting i forfall - endetidsteikn eller problemløysar?

    Play Episode Listen Later Nov 3, 2019 55:59


    Sædkvaliteten til norske menn stuper. Talet på sædceller har blitt halvert dei siste 40 åra. Kva skjer og kva konsekvensar får dette? Det er tema i Desse dagar med programleiar Håkon Haugsbø.

    Spionane - eit nødvendig onde?

    Play Episode Listen Later Oct 27, 2019 56:30


    Fengslinga av nordmannen Frode Berg og arbeidet for å få han utlevert frå Russland har aktualisert debatten om norsk etterretning. Spionasje i den digitale tid er tema i Desse dagar med programleiar Håkon Haugsbø.

    Kurderane - det forrådde folket?

    Play Episode Listen Later Oct 20, 2019 56:25


    Det er hundre år siden kurderane vart lova ein eigen stat, men verdas største statslause folkegruppe er framleis leiglendingar i Midtausten. Kurdiske styrkar hjalp vestlege land i kampen mot IS, men har no blitt vendt ryggen. Kvifor er kurderane nyttige når det trengs, men venelause når det krevst?

    Kor vart det av folkeskikken i ordskiftet?

    Play Episode Listen Later Oct 13, 2019 56:23


    Det politiske ordskiftet har hardna til som samfunnsdebatten forøvrig. Kor vart det av folkeskikken i ordskiftet? er spørsmålet i denne vekas utgåve av Desse Dagar med programleiar Håkon Haugsbø.

    kor nrk vart ordskiftet
    Norsk barnevern - venn eller fiende?

    Play Episode Listen Later Sep 29, 2019 55:52


    Norsk barnevern er i hardt vêr for tida. Nyleg vart staten dømt for menneskerettsbrot i den europeiske menneskerettsdomstolen i ei tvangsadopsjonssak, og 22 saker ligg og ventar på behandling. Korleis hamna vi her? Dette er tema i denne vekas utgåve av Desse Dagar med Håkon Haugsbø.

    Er Norge klar for ein ny epidemi?

    Play Episode Listen Later Sep 22, 2019 56:01


    Den siste tida har mange hundar blitt sjuke og døydd av årsaker myndighetene ikkje har funne ut av. Korleis hadde denne sjukdomen blitt handtert viss den var eit utbrot blant menneske? Norsk epidemiberedskap er tema denne veka.

    Om vikingskipsarven og nye utgravinger.

    Play Episode Listen Later Sep 15, 2019 56:09


    For første gong på 115 år grev norske arkeologar ut eit nytt vikingskip. Samstundes slår våre gamle vikingskip sprekker på museum, og kanskje fell dei frå kvarandre før eit nytt museum står ferdig. Kvifor har vi ikkje tatt betre vare på arven frå vikingane? Er det fordi vi skammar oss over ugjerningane deira?

    Norges rolle som skogvokter i Amazonas

    Play Episode Listen Later Sep 8, 2019 55:30


    Hele verden er opprørt over de mange skogbrannene som herjer Amazonas. I Norge har mange den siste tiden gitt bidrag til innsamlinger for å bevare regnskogen. Internasjonalt er også er Norge den største bidragsyteren til bevaring av regnskogen. Norges rolle som skogvokter i Amazonas er temaet i denne utgaven av Desse Dagar med Håkon Haugsbø.

    Er ein ny kald krig i utvikling?

    Play Episode Listen Later Sep 1, 2019 56:29


    Er ein ny kald krig i utvikling? I dei siste vekene har Russland hatt den største marineøvinga på fleire tiår utanfor norskekysten, og i fjor haust hadde Nato den første øvinga på norsk jord sidan den kalde krigen. Kva er det som skjer i nabolaget vårt?

    Er torsken i ferd med å gå tapt for oss?

    Play Episode Listen Later Aug 25, 2019 55:31


    Torsken er i ferd med å svelte i hjel og forsvinne frå kysten i Sør-Noreg, konkluderer forskarar. Er torskens tilbakegang i sør ei evolusjonær utvikling vi ikkje skal gråte over, eller er det faktisk ei alvorleg irreversibel utvikling?

    Har PR-bransjen blitt vår 5. statsmakt?

    Play Episode Listen Later Aug 18, 2019 56:27


    Titusenvis av politikarar, organisasjonsfolk, journalistar og PR-rådgjevarar har denne veka mingla om makta under Arendalsveka. Kva slags innverknad har framveksten av PR-bransjen på det norske demokratiet? Ser vi ei maktforskyving i det norske samfunnet, frå den demokratisk valte til den strategisk kjøpte makta?

    pr nrk kva bransjen blitt titusenvis
    Flyttar vi frå kulturhistoria vår? Desse dagar med Håkon Haugsbø.

    Play Episode Listen Later Aug 11, 2019 56:16


    Stadig fleire offentlege institusjonar flyttar frå historiske bygg og nokre blir vedtatt rivne, som Y-blokka i regjeringskvartalet. Kvifor betyr ikkje kulturarven meir? Og kor mykje omsyn skal ein ta til kulturhistoria når ein skal bygge framtidas by og land? Dette er tema i Desse Dagar med Håkon Haugsbø.

    Hemmelegheita bak AP-bastionen Trondheim. Desse dagar med Håkon Haugsbø

    Play Episode Listen Later Aug 3, 2019 56:28


    Hemmelegheita bak AP-bastionen Trondheim. Desse dagar med Håkon Haugsbø

    Desse dagar; Kampen mot vindmøllene

    Play Episode Listen Later Jul 28, 2019 56:31


    Satsing på fornybar energi er heilt naudsynt for å berge klimaet på jorda. Men i Noreg mobiliserer no naturvernarar over heile landet mot planlagde vindmølleparkar. Korleis heng det saman?

    Likestillingskampen i idretten. Desse dagar med Håkon Haugsbø.

    Play Episode Listen Later Jul 21, 2019 56:17


    Kvinnelege fotballspelarar kan få kreft dersom dei dem par ballen på brystet. Det fekk Noreg sine første landslagsspelarar høyre i 1978. Mykje har endra seg sidan den gong, men likestillingskampen i idretten går framleis føre seg. Dette er tema i denne ve kas utgåve av Desse dagar med Håkon Haugsbø.

    Er atomkraft løysinga på klimakrisa? Desse dagar med Håkon Haugsbø.

    Play Episode Listen Later Jul 14, 2019 56:27


    Vi må ha meir atomkraft for å nå klimamåla, har FN sitt klimapanel slått fast. Samstundes er miljørørsla kraftige motstandarar av atomkraft. Kan ein både vere uroa for klimaendringane og motstander av atomkraft? Dette er tema i denne vekas utgåve av Desse dagar med Håkon Haugsbø.

    Fattigdom og feriepress. Desse dagar med Håkon Haugsbø.

    Play Episode Listen Later Jul 7, 2019 55:57


    Medan fleire reiser på kostbare ferieturar, er det nokon som sjeldan har råd til det. Fleire gruer seg og rundt 40% kjenner på eit feriepress. I denne vekas utgåve av Desse dagar med Håkon Haugsbø, møter vi blant andre aleinemora som ikkje hadde råd til å ta sonen med på ferie før han var 14 år.

    Den norske kjøtindustrien og kjøtlageret ingen vil ha

    Play Episode Listen Later Jun 30, 2019 56:27


    Det ligg fleire tonn kjøt på lager som norske forbrukarar ikkje vil kjøpe. Likevel må bønder produsere store mengder kjøt for å tene på gardsdrifta. Kva er gale? Dette er tema i denne vekas utgåve av Desse Dagar med Håkon Haugsbø her i NRK P2.

    23.06.2019 Desse dagar: Skatt

    Play Episode Listen Later Jun 23, 2019 56:19


    Skattejubel eller skattesmell? Skatteoppgjeret er klart og dei fleste har gjort sitt for å bidra til fellesskapen. Korleis skal vi klare å halde drifta av AS Norge gåande, når færre bidreg til felleskapen? Dette er tema i denne vekas utgåve av Desse Dagar med Håkon Haugsbø. Hans Christian Holte - skattedirektør Ingrid Hjertaker - rådgjevar i Tax Justice Network Norway Veslemøy Østrem - journalist i Aftenposten Torbjørn Røe Isaksen - næringsminister (H) Audun Lysbakken - SV-leiar Eivind Brevik - leiar for Institutt for teknologi, Høgskulen Kristiania

    16.06.2019 Desse Dagar: Reint drikkevatn i Noreg

    Play Episode Listen Later Jun 16, 2019 55:50


    Reint drikkevatn tek vi for gitt i Noreg, men mange vassrøyr er eldgamle og har sprekker og hol. Er vatnet vårt trygt? Dette er tema i denne vekas utgåve av Desse Dagar med Håkon Haugsbø her i NRK P2.

    09.06.2019 Desse dagar

    Play Episode Listen Later Jun 9, 2019 56:24


    Spørsmålet om bompengar har teke politikarne på senga og endevendt det politiske landskapet her i landet. Kva er det med folk - og bompengar? Det er tema i denne vekas utgåve av Desse dagar med Håkon Haugsbø her i NRK P2.

    02.06.2019 Desse dagar

    Play Episode Listen Later Jun 2, 2019 55:46


    Dei siste åra har den norske skulen vore gjennom ei rekke reformer med mål om å heve kvaliteten. No viser ei fersk undersøking at ein av fem norske skular ikkje held god nok kvalitet i undervisninga. Kvifor blir aldri skulen god nok? Dette er tema i denne vekas utgåve av Desse dagar med Håkon Haugsbø her i NRK P2.

    26.05.2019 Desse dagar

    Play Episode Listen Later May 26, 2019 56:18


    Samfunnsdebatten ser ut til å vere prega av større motsetnad og splitting enn før. Korleis skal vi forhalde oss til haldningar og ytringar vi opplever som ekstreme? Scenenekt er tema i denne vekas utgåve av Desse Dagar med Håkon Haugsbø her i NRK P2.

    19.05.2019 Desse dagar

    Play Episode Listen Later May 19, 2019 55:34


    I år er det 10 år sidan svineinfluensaen kom til Noreg, og helsestyresmaktene anbefalte massevaksinasjon av befolkninga. No er motstand mot vaksiner omtalt som eit aukande problem i fleire europeiske land. På same tid er fleire smittsame sjukdomar vi trudde vi var kvitt, på veg tilbake. Vaksiner og vaksineskepsis er tema i denne vekas utgåve av Desse Dagar med Håkon Haugsbø i NRK P2.

    12.05.2019 Desse dagar

    Play Episode Listen Later May 12, 2019 56:00


    Eurovision Song Contest skulle opprinneleg vere eit fredsprosjekt for Europa, men årets internasjonale finale går føre seg hjå okkupasjonsmakta Israel. Berre nokre mil sør for finalearenaen har det hagla rakettar den siste tida, på begge sider av grensa mot Gaza. Er Eurovision Song Contest eit naudsynt fredspro-sjekt i vår tid, eller ein arena for geopolitiskk og motsetningar?

    05.05.2019 Desse dagar

    Play Episode Listen Later May 11, 2019 54:59


    I programmet Desse dagar, tek programleiar Håkon Haugsbø eit steg tilbake for å sjå på aktuelle saker frå nye ståstader. Skal politiet få bera våpen permanent?

    28.04.2019 Desse dagar

    Play Episode Listen Later Apr 28, 2019 55:57


    I programmet Desse dagar, tek programleiar Håkon Haugsbø eit steg tilbake for å sjå på aktuelle saker frå nye ståstader. Fenomenet "flyskam" breier seg i vårt naboland Sverige, der fleire og fleire skammer seg for å flyge på grunn av klimaet. Kor skamfulle er nordmenn som nett er tilbake frå flyferie og i gang med å bestille neste? Skal vi skamme oss for å flyge? Eller er flyskam berre nok eit tomt nyord?

    14.04.2019 Desse dagar

    Play Episode Listen Later Apr 14, 2019 56:15


    I programmet Desse dagar, tek programleiar Håkon Haugsbø eit steg tilbake for å sjå på aktuelle saker frå nye ståstader. Borna vore veks opp i ein digital tidsalder. Er skjermar eit hjelpemiddel eller eit rusmiddel? Er digitale læremiddel i skulen eit gedigent eksperiment - eller dreier dette seg om endringsvegring og vaksen-skepsis?

    07.04.2019 Desse dagar

    Play Episode Listen Later Apr 7, 2019 55:31


    Norske kvinner og menn, som frivillig reiste til Syria og Irak for å slutte seg til IS, fekk om lag 40 born. Desse borna har rettar på linje med norske born, men styresmaktene vil ikkje reise for å hente dei. Kan vi berre snu ryggen til? Og kva har historia lært oss om korleis vi forheld oss til fiendens born?

    31.03.2019 Desse dagar

    Play Episode Listen Later Mar 31, 2019 55:36


    I det nye programmet Desse dagar, tek programleiar Håkon Haugsbø eit steg tilbake for å sjå på aktuelle saker frå nye ståstader. Etter over eit år med opprivande maktkamp og metoo-oppgjer i Arbeiderpartiet, samlar Jonas Gahr Støre partifellene til landsmøte i neste veke. Kva er det som driv han til å søke makt? Og kva gjer det med menneske å ha makt?

    Kommer snart fra NRK

    Play Episode Listen Later Mar 29, 2019 0:32


    Nytt aktualitetsprogram kommer søndag 31. mars

    Claim Desse dagar

    In order to claim this podcast we'll send an email to with a verification link. Simply click the link and you will be able to edit tags, request a refresh, and other features to take control of your podcast page!

    Claim Cancel