POPULARITY
Er det mogleg for staten å berge Norwegian ved å skilje ut den norske delen av flyselskapet? I Oslo Frp er det kaotiske tilstandar og partileiar Siv Jensen er «omgitt av idiotar» ifølgje VGs kommentator. Gjestar: Geir Pollestad (Sp), Tom-Christer Nilsen (H), Tone Sofie Aglen (VG). Programleiar: Håvard Grønli.
Frps utsette landsmøte 2020 finn stad denne helga. Kva vil partiet vere? Siv Jensen er gjest i Politisk kvarter saman med kommentator Magnus Takvam. Programleiar: Håvard Grønli
Er det ikkje lenger by og land, hand i hand? Eit politisk kvarter som handlar om kampen om ressursane. Med: Marit Arnstad (Sp), Harald Victor Hove (H), Bente Aasjord og Lars Nehru Sand. Programleiar: Håvard Grønli.
Eitt år før valet viser målingane fleirtal for regjeringsskifte? Men kven skal i regjering viss det blir slik? Une Bastholm (MDG) og Audun Lysbakken (SV). Programleiar: Håvard Grønli.
Høgre lagar nytt program for neste periode. Vi tek for oss vegprising og innvandring. Henrik Asheim (H) møter Trygve Slagsvold Vedum (Sp). Programleiar: Håvard Grønli.
Er vi på veg inn i kommuneøkonomisk koronakrise? Eller er det lett å skulde på viruset dersom ein ikkje har budsjettet på stell? Bjørn Arild Gram (KS) og Nikolai Astrup (H) diskuterer. Politisk kommentator Lars Nehru Sand guidar deg gjennom dagens tre akter om ny oljefondssjef. Programleiar: Håvard Grønli.
Regjeringa må snart bestemme seg for om dei skal endra reglane og la folk vere permitterte i eit heilt år. Venstre må snart bestemme seg for kven som skal leie partiet. Med: Nina Melsom, arbeidslivsdirektør i NHO, Simen Markussen, seniorforskar ved Frischsenteret, Magnus Takvam, politisk kommentator NRK. Programleiar: Håvard Grønli.
Er det stortinget som avgjer om Nicolai Tangen kan starte som ny oljefondssjef? I dag er det open høyring om tilsettinga. Hadia Tajik (Ap) og Mudassar Kapur (H). Programleiar: Håvard Grønli
Vil granskinga av trygdeskandalen forandre politikk? spør Politisk kvarter arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H). Lars Haltbrekken (SV) og Sveinung Rotevatn (V) diskuterer om fleire av dei miljøskadelege utsleppa frå norsk oljeproduksjon bør bli politisaker. Programleiar: Håvard Grønli
Er det omkamp-tid om når politireformen kjem opp i stortinget i haust? Og kva vil granskingsrapporten om trygdeskandalen opne for av nye politiske oppgjer når den blir lagt fram i dag? Med: Sigve Bolstad (Politiets fellesforbund), Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og Eva Kristin Hansen (Ap). Programleiar: Håvard Grønli.
Kva var det som fekk Trine Skei Grande til å gå av som leiar i Venstre, samstundes som Norge var på veg inn i den største krisa sidan krigen? Og kvifor græt Guri Melby då ho blei spurt om å overta som kunnskapsminister? Programleiar Håkon Haugsbø får dei to Venstre-toppane til å fortelle om kaoset og konfliktene som oppstod då koronakrisa traff Norge, i den første episoden av ‘To i campingstol’ i NRK P2.
Olje- og energiminister Tina Bru (H) presenterer stortingmelding om vindkraftkonsesjonane i dag. Ho møter Trygve Slagsvold Vedum (Sp) som dessutan feirar partiets hundreårsdag. Programleiar: Håvard Grønli.
Frp og regjeringa er einige om kvar nordleg grense for oljeutvinning skal gå. Ap seier også dei støttar regjeringa sitt hovudgrep. Er det då bestemt kvar iskanten skal gå? Med: Jon Georg Dale (Frp), Espen Barth Eide (Ap) og Kriss Rokkan Iversen (MDG). Programleiar: Håvard Grønli.
Frp-leiar Siv Jensen krev kutt i talet på kvoteflyktningar til Noreg. - Ein underleg samfunnsanalyse, meiner Venstre-leiar Trine Skei Grande. Programleiar: Håvard Grønli
No er det lov å ha fleire statsborgarskap enn berre det norske. Endeleg, jublar mange. Men kan regelen om fleire pass ha nokre skuggesider? Venstre-leiar Trine Skei Grande møter Aps Siri Gåsemyr Staalesen i debatt. Jusprofessor Benedikte Moltumyr Høgberg meiner regjeringa burde ha bytta ut Nav-granskarar på grunn av inhabilitet. Programleiar: Håvard Grønli.
Kva er lyden av eit politisk år? I 2019 vart det ropt høgt frå både klimastreikande ungdom, bompenge-aksjonistar og distrikts-aktivistar. Alt dette måtte politikken forholde seg til. Programleiar: Håvard Grønli.
Dei rike kan putte milliardverdiar i holdingselskap utan at det blir skatta for. Er det grunn til å sjå på det, slik SV vil - eller er det forslaget skamlaus populisme, slik Frp hevdar? Brevskrivarane bak KrF-opprop meiner partiet ikkje står nok opp for ureturnerbare asylsøkarar i Stortinget. Gjestar: Kari Elisabeth Kaski (SV), Sivert Bjørnstad (Frp), Oluf Maurud (KrF), Hans Fredrik Grøvan (KrF). Programleiar: Håvard Grønli.
Eva Kristin Hansen (Ap) og Svein Harberg (H) sit i kontrollkomiteen på Stortinget som undersøker kva som har skjedd i trygdeskandalen. Men dei er ikkje heilt einige om kva som er viktigaste fokuset. Mens Liv Signe Navarsete (Sp) og Heidi Nordby Lunde (H) kan vere einige om dette; det er bra med ei britisk avklaring. Programleiar: Håvard Grønli.
Fylka er dårlege offentlege eigarar som ikkje klarer ha oversikt og kontroll over dei mange selskapa dei eig, seier Frp-politikar etter NRK-sakene om bomselskapet Ferde. Han meiner det offentlege bør eige mindre. SV meiner det offentlege må endå meir aktivt inn i selskapa dei styrer. Programleiar: Håvard Grønli
Me nordmenn brukar minst kontantar i verda, men framleis blir det trykt opp nye pengesetlar. Kva framtid har kontantane? Programleiar Håkon Haugsbø Sending på P2 søndag 24.11 kl 1103
Om Jonas Gahr Støre (Ap) får makt, lovar han slutt på "ostehøvlinga" av offentleg sektor. Han vil avvikle avbyråkratiserings- og effektiviseringsreformen som krev at statlege verksemder kuttar 0,5 % i budsjettet kvart år. Finansminister Siv Jensen (Frp) meiner han ikkje har råd til det. Programleiar: Håvard Grønli.
Senterpartiet foreslår å senke avgiftene og heve skatten. Kva synest Frp om det? Trygve Slagsvold Vedum møter Bård Hoksrud. Programleiar: Håvard Grønli
Volda sjukehus har fått mykje merksemd i dei siste vekene. Kvifor blei nedlegginga av traumefunksjonen utsett? Programleiar Håkon Kvam Lyngstad intervjuar reporterar Kyrre Fitje, Henrik Røyne og Niklas Løkken om saka.
Nylig avgått fiskeriminister Per Sandberg kom til Arendalsuka for å snakke ut rett før partileiarane skulle i debatt. Politisk kvarter diskuterer om regjeringa står sterkare eller svakare etter at Sandberg gjekk av og opposisjonen truga med mistillit i partileiardebatten. Med: Audun Lysbakken (SV), Knut Arild Hareide (KrF), Magnus Takvam (NRK), Vidar Udjus (Fædrelandsvennen), Astrid Meland (VG). Programleiar: Håvard Grønli.
Norge utviser russisk diplomat i samordna aksjon med andre land. Russland reagerer, men Høgres Michael Tetzschner fryktar ikkje konsekvensane. Universiteta må tilpasse seg behova i arbeidslivet betre, meiner Frp, og vil endre finansieringa av utdanningsinstitusjonane. Men ministeren i deira eiga regjering er ikkje klar for linjeskift. Åshild Bruun-Gundersen (Frp) møter Iselin Nybø (V). Programleiar: Håvard Grønli.
Regjeringa ville fråta framankrigarar passet for å hindre terror, men får ikkje fleirtal. Frp meiner Ap tar meir omsyn til terroristar enn til landet. Men er ikkje forslaget berre symbolpolitikk...? Jon Engen-Helgheim (Frp) møter Siri Gåsemyr Staalesen (Ap). Lillehammer vil ha OL igjen - skal det skje er dei avhengig av tverrpolitisk vilje, men Høgre er skeptisk. Lillehammers varaordførar Ingunn Trosholmen (Ap) møter Høgres idrettspolitiske talsmann, Tage Pettersen. Programleiar: Håvard Grønli.
I dag debatterer Stortinget regjeringserklæringa frå H-Frp-V-regjeringa. Opposisjonen kritiserer ei høgredreid regjering som ikkje står samla, og ønskjer å påføre den flest mogleg nederlag. I studio: Henrik Asheim (H), Marit Arnstad (Sp) og Espen Barth Eide (Ap). Programleiar Håvard Grønli.
Finansministeren og SSB-sjefen havna i konflikt. I dag er det høyring i Stortinget, men kan dei eigentleg finne ut kven som hadde rett? Leiar i kontrollkomiteen Dag Terje Andersen svarar - før han skal spørre. Når inkluderingsdugnad skal vere ei satsingssak frå ei ny regjering; kan vi stole på det? SVs Kirsti Bergstø utfordrar Høgres Heidi Nordby Lunde. Programleiar: Håvard Grønli
Kommunalministeren har lansert barometer over kor effektive kommunane er. Frp-ungdommen utfordrar moderpartiet i debatten om avkriminalisering av narkotika. Med: Jan Tore Sanner (H), Trygve Slagsvold Vedum (Sp), Bjørn-Kristian Svendsrud (FpU) og Bård Hoksrud (Frp). Programleiar: Håvard Grønli.
Ap gjekk saman med regjeringspartia, KrF og Venstre og laga ein avtale om hæren og heimevernet. Sp stilte seg utanfor og meiner forliket er for svakt. Hårek Elvenes (H), Anniken Huitfeldt (Ap) og Liv Signe Navarsete (Sp). Programleiar: Håvard Grønli.
Snart budsjettavtale i boks. Politisk kvarter og kommentator Lars Nehru Sand gir deg seks viktige fakta om budsjettforhandlingane. Nye Viken er sikra, sjølv om nesten ingen vil at Østfold, Akershus og Buskerud skal slå seg saman. Så kvifor er det då ein god idé? Torhild Bransdal (KrF) og Tonje Brenna (Ap). Programleiar: Håvard Grønli.
To FrP-forslag om innvandring og integrering reiser spørsmål. Nytt asylsystem og strengare reaksjonar mot kjønnslemlesting. Med: Jon Helgheim (FrP), Andreas Wahl (Politiets Fellesforbund), Kari Kjønaas Kjos (FrP) og Olaug Bollestad (KrF). Programleiar: Håvard Grønli.
Sylvi Listhaug vil samle nesten alle asylsøkarane på det same senteret. Søknadene skal bli avgjort på tre veker. og Kommunane mistar om lag ein milliard i inntekt når maskinskatten blir fjerna. - Dramatisk, seier ordføraren i Lindås. Astrid Aarhus Byrknes møter leiar i finanskomiteen Høgres Nikolai Astrup i debatt. Programleiar: Håvard Grønli
Venstre har sett ut som Høgres aller beste venn i det siste. Kan det løyse Venstre-krisa med katastrofale tal på meiningsmålingane? Dei bør heller innrømme overfor veljarane sine at dei har gjort ein stor feil, meiner SV. Med: Heikki Holmås (SV), Ola Elvestuen (V), Jon Georg Dale (FrP) og professor i statsvitskap, Bernt Aardal. Programleiar: Håvard Grønli.
Er MdG og FrP motpolane i norsk politikk? Une Aina Bastholm (MdG), Terje Søviknes (FrP) og kommentator Lars Nehru Sand. Programleiar: Håvard Grønli.
Ein ny hær med færre vernepliktige som er inne lengre - og som skal behandle meir og avansert utstyr. Det gir eit svekka landforsvar, trur Senterpartiet. Det vil gi oss meir forsvarsevne, trur Høgre. Med: Liv Signe Navarsete (Sp), Hårek Elvenes (H) og politisk kommentator Lars Nehru Sand. Programleiar Håvard Grønli.
Fødselstala held fram med å gå ned. Skal vi finne politiske grep for å gjere noko med det? Med Anniken Huitfeldt (Ap) og Heidi Nordby Lunde (H). Programleiar: Håvard Grønli.
- Vi forstår at USA bomba Syria, sa den norske regjeringa. Bombinga var uklok, og vi burde vore kritiske, meiner SV. Kva er rett? Er det å forstå - eller å ta avstand? Bård Vegar Solhjell (SV) og Øyvind Halleraker (H). Politisk reporter Hans Cosson-Eide frå Kina. Programleiar: Håvard Grønli.
Samferdsleministeren overkøyrer den lokale motvilje mot motorveg i hovudstaden - og prioriterer ny E18 gjenom Asker og Bærum inn til Oslo. Men han lyttar ikkje til tverrpolitisk lokal vilje til å bygge sikrare veg og jernbane mellom Bergen og Voss. Er det eit paradoks der? Med: Ketil Solvik-Olsen (FrP), Rasmus Hansson (MdG), Nils T. Bjørke (Sp). Programleiar Håvard Grønli.
Viss fiskeri-politikken skal gje lokale arbeidsplassar og verdiskaping; er det då klokt av regjeringa å fjerne kravet om at dei store båtane må levere fangsten sin til fiskemottaka i Nord-Norge? Med: Hadsel-ordførar Siv Dagny Aasvik (Ap), fiskeriminister Per Sandberg (FrP), stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes (SV). Programleiar: Håvard Grønli.
Det blir sagt i eit gammalt ordtak at alle vegar fører til Rom. Men kor mange treng vi eigentleg til Bergen? Og Ap i Trondheim vurderer om dei skal melde sin partikollega til politiet. Med: Ketil Solvik-Olsen (FrP), Eirik Sivertsen (Ap), Tone Sofie Aglen (politisk redaktør Adresseavisen). Programleiar: Håvard Grønli.
* Er det dei kommunane som ikkje treng det som er blitt slått saman? Mens dei som kanskje hadde trengt det - får halde fram åleine? Vi spør Høgre og Senterpartiet. * Tok vi feil om Wilders? Overdreiv vi frykta? Med: Frank Jenssen, Trygve Slagsvold Vedum, Tord Hustveit. Programleiar: Håvard Grønli.
Det nye statlege selskapet "Nye veier" sparar oss for milliardar, meiner Høgre - og hevdar ei Ap-regjering vil ta oss tilbake til dyre løysingar. Men kanskje det er verdt å bruke litt ekstra på kvalitet? I Politisk kvarter snakkar vi også om Venstres veg vidare. Med: Nikolai Astrup (H), Eirik Sivertsen (Ap), Iselin Nybø (V). Programleiar Håvard Grønli.
Menn diskuterer motorveg og kvinner likestilling i Politisk kvarter. Med: Arild Hermstad (MdG), Tom-Christer Nilsen (H), Marit Nybakk (Ap) og Tina Bru (H). Programleiar: Håvard Grønli.
KrF vil ikkje tvinge ein einaste uvillig kommune, men når dei skal ha nye, store regionar - då er tvang heilt greit. Kvifor det eigentleg? KrFs Geir Toskedal diskuterer med Aps Helga Pedersen. Programleiar: Håvard Grønli.
Aps nestleiar Hadia Tajik presenterer forslag til nytt partiprogram. Høgres Anniken Hauglie kritiserer forslaget om å endre arbeidsavklaringspengane. AUF-leiar Mani Hussaini kritiserer kompromissforslaget om Lofoten og Vesterålen. Programleiar: Håvard Grønli.
Viss ferske lærarar ikkje får den oppfølginga dei bør få. Og kommunane ikkje tilset så mange lærarar som dei bør. Kva gjer vi då? Lar kommunane bestemme eller etablerer nasjonale krav? Debatt mellom Torbjørn Røe Isaksen (H) og Dagrun Eriksen (KrF). Kommenator Magnus Takvam om den politiske situasjonen i Sverige. Programleiar: Håvard Grønli.
Kan søppel-krisa i hovudstaden sprenge det raudgrøne byrådet? Raudt trugar med mistillit. Med: Bjørnar Moxnes (Raudt), Frode Jacobsen (Ap), Eirik Lae Solberg (H). Programleiar: Håvard Grønli.
Når Høgre lagar nytt program vil dei blankpusse distriktsprofilen og prøve å ta veljarar frå Senterpartiet i distrikta. I Politisk kvarter sender vi Høgre-statsrådane Torbjørn Røe Isaksen og Monica Mæland i ringen mot Liv Signe Navarsete. Sidemål i skulen og lokale norske matvareprodukt som mistar butikk-avtalar er nemlig saker som kan skape misnøye i distrikta. Programleiar: Håvard Grønli.
Statsborgarskapet må bli viktigare, meiner Senterpartiet - og vil ta bort ordningar for utanlandske statsborgarar i Noreg. Kvifor skal vi vere mindre rause over folk som bur her og bidrar, spør KrF tilbake. I Politisk kvarter er også FNs miljøsjef Erik Solheim på besøk - og ber Norge om å tenke større. Med: Ola Borten Moe (Sp), Olaug Bollestad (KrF), Erik Solheim. Programleiar: Håvard Grønli.
Kva gjekk gale i Syria? Finst det håp? Børge Brende (H), Anniken Huitfeldt (Ap) og Bård Vegar Solhjell (SV). Programleiar: Håvard Grønli
Støre oppsummerer 2016, men er hans analyse riktig? Carl I. Hagen fekk fjerdeplassen på Oslo-lista. Kva skal han bruke den til? Programleiar: Håvard Grønli.
Stortinget har vedteke at vi skal gå frå 19 fylke til 10 regionar. Blir det noko av det? Helge André Njåstad (FrP), Trygve Slagsvold Vedum (Sp), Solveig Ege Tengesdal (Rogaland, KrF), Cecilie Myrseth (Troms, Ap). Programleiar: Håvard Grønli.
I dag vedtek Stortinget statsbudsjettet etter ein kronglete forhandlingsprosess i haust. Statsminister Erna Solberg (H) gjestar Politisk kvarter. Programleiar: Håvard Grønli.
Budsjettforhandlingane har låst seg på bilavgifter. Då må dei som forhandlar sjå til andre klimatiltak. Mens regjeringspartia, KrF og Venstre balar med sitt, inviterer Politisk kvarter MdG og Sp til å diskutere miljøeffekt av CO2-avgift, CO2-fond og biodrivstoff. Med: Marit Arnstad (Sp), Une Aina Bastholm (MdG) og kommentator Lars Nehru Sand. Programleiar: Håvard Grønli.
Alle vil auke drivstoffavgiftene. Men ikkje Senterpartiet. Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum vil fryse bensin- og dieselprisen. Er dette eit grønt parti - eller er det først og fremst eit parti som likar å plage regjeringspartia på område der det smertar? Vedum møter Nikolai Astrup (H) til debatt. Programleiar: Håvard Grønli.
Kven har den beste medisinen mot barnefattigdom av SV og Venstre? Audun Lysbakken møter Sveinung Rotevatn. Hadia Tajik (Ap) fortel om sitt trumpske sanningsaugeblikk då ho kjente på avstanden mellom seg sjølv og folket. Programleiar: Håvard Grønli
Anniken Huitfeldt (Ap) og Liv Signe Navarsete (Sp) om korleis valet av Trump påverkar norsk forsvarspolitikk. Venstres Ola Elvestuen kritiserer Aps alternative budsjett og mangelen på grønt skifte. Han møter Aps Terje Aasland. Programleiar: Håvard Grønli.
Skal sentrumspartiet KrF fortsette å ha haudet vendt berre mot høgre - eller skal dei også snu seg mot venstre der dei kan skimte ein ivrig Støre i augekroken? Denne helga er KrFs landsstyremøtet som skal meisle ut strategien. Og vi snakkar med ordføraren i Andøy som ventar spent på kva Stortinget vedtek om flystasjonen i kommunen hans. Med: Trude Brosvik og Ida Lindtveit frå KrF, Andøy-ordførar Jonni Solsvik. Programleiar Håvard Grønli.
Politisk kvarter granskar realismen i Venstres alternativ når Trine Skei Grande er på besøk. Atle Tranøy i Fellesforbundet ser heller at LO blir delt enn at organisasjonen vedtek vern av Lofoten. Programleiar Håvard Grønli.
No blir studielånet dyrare enn huslån. Regjeringa aukar renta for å få budsjettet til å gå opp, meiner Arbeidarpartiet. SV forlet forhandlingane om Langtidsplanen for forsvaret. Senterpartiet opnar for å sende heile planen tilbake til Regjeringa. Er håpet om eit breitt forsvarsforlik i ferd med å rakne? Med: Bjørn Haugstad (H), Marianne Aasen (Ap), Audun Lysbakken (SV), Øyvind Halleraker (H), Liv Signe Navarsete (Sp). Programleiar Håvard Grønli.
I dag vedtek stortinget korleis norsk skule skal sjå ut i framtida. Politikarane vil ha mindre overflatisk pugging og heller djupare læring med meir vekt på praktiske, estetiske fag. Ser vi ein pendel som svingar tilbake? Med: Christian Tynning Bjørnø (Ap), Henrik Asheim (H), Iselin Nybø (V), Steffen Handal (Utdanningsforbundet). Programleiar: Håvard Grønli.
* FrP fell på målingane. * Kven skal eige havet? * Vil Sp krevje reforhandling av EØS? Med: Per Sandberg (FrP), Torgeir Knag Fylkesnes (SV), Ingrid Heggø (Ap), Trygve Slagsvold Vedum (Sp). Programleiar Håvard Grønli.
Frp seier "hit, men ikkje lenger" til Venstre. Ap seier Venstre kan få større utsleppskutt ved å stemme for Aps politikk. Kva seier Venstre? Med: Hans Andreas Limi (FrP), Terje Breivik (V), Marianne Marthinsen (Ap). Programleiar Håvard Grønli.
På Facebook kan ein politikar redigere si eiga framstilling. Sylvi Listhaug er blant dei beste til å engasjere Facebook-veljarane. Er det berre bra? Vi snakkar også om det raudgrøne Oslo-byrådet som la fram budsjett i går. Dei har støtte frå Raudt, men no kan det sjå ut til at den heng i ein tynn tråd... Med: Sylvi Listhaug (FrP), Gunn Enli, Raymond Johansen (Ap), Bjørnar Moxnes (R). Programleiar Håvard Grønli.
Det kjem ny og utvida E6 inn til Trondheim frå aust. Samtidig får Trondheim milliard-beløp av staten til ein bymiljøpakke som skal sikre at det ikkje blir meir biltrafikk i byen. Er det ikkje ein aldri så liten målkonflikt der? Med: Hilde Opoku (MdG), Tore O. Sandvik (Ap) og Tom-Christer Nilsen (H). Programleiar Håvard Grønli.
Kva gjer vi med unge utanfor arbeidslivet? Skal vi like gjerne slutte å gje dei arbeidsavklaringspengar? Det vil NHO-sjef Kristin Skogen Lund som møter Høgres Arve Kambe. Og Politisk kvarter spør klima- og miljøministeren kvar han var då oljedepartementet dura fram med 24. konsesjonsrunde. Programleiar: Håvard Grønli.
Etterretningstenesta bør få opprette eit digitalt grenseforsvar. Gir det meir overvaking? Utvalsleiar Olav Lysne og Torgeir Waterhouse frå IKT Norge. To H-ordførarar er heilt usamde om kva slags politikk Høgre bør ha for kommune-tvang i komande periode. Sture Pedersen frå Bø i Vesterålen møter Harald Furre frå Kristiansand. Programleiar: Håvard Grønli
Korleis skal vi sørge for å bevare norske velferdsordningar slik at dei finst om nokre tiår? Regjeringa samlar forskarar og politisk allierte for å jobbe med neste perspektivmelding i dag. - Dei burde skynde seg endå litt meir, meiner Unge Høgre. I Politisk kvarter høyrer du også MdGs syn på det same perspektivet. Partiet legg fram programutkast for neste stortingsperiode i dag. Med: Erna Solberg (H), Kristian Tonning Riise (H), Ingrid Liland (MdG). Programleiar Håvard Grønli.
Muslimske samfunnsdebattantar reagerer på Agenda-forslaget til politikk mot muslimske hovudplagg. Bushra Ishaq er særleg skuffa over KrF og møter Dagrun Eriksen i debatt. LO-nestleiar Hans-Christian Gabrilesen meiner NHO og Svein Oppegaard undergrev skatteforliket. Programleiar: Håvard Grønli.
Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum meiner EU og EØS-minister Elisabeth Aspaker handlar i strid med norske interesser. KrFU er klar med strategisk råd til moderpartiet: Velg høgresida og Erna ved valet i 2017! Programleiar: Håvard Grønli.
Blir det politisk etterspel i haust etter sommarens sms-føljetong? I dag spør vi også om den mest omtalte studieturen i sommar eigentleg er eit politisk røykteppe. Med: Martin Kolberg (Ap), Erik Skutle (H), Kari Elisabeth Kaski (SV) og Ola Elvestuen (V). Programleiar: Håvard Grønli.
Langtidsplanen for forsvaret kjem i dag. Det blir både nedleggingar og budsjettauke. Ap ber om forlik. Høgre meiner Ap har ansvar for dårlege forsvars-forhold. Og KrF i Oslo meiner MdG enten er blitt lurt eller har lurt eigne veljarar. Med: Erik Lunde (KrF), Rasmus Hansson (MdG), Anniken Huitfeldt (Ap) og Hårek Elvenes (H). Programleiar Håvard Grønli.
I dag vedtek Stortinget eit jordbruksoppgjer mange er kritiske til. Senterpartiet prøvar å binde opp landbruksministeren til framtidige endringar, men likevel stemmer dei for oppgjeret som dei er imot. Senterpartiet og FrP er ein del av det same problemet meiner Miljøpartiet dei grøne. Med: Jon Georg Dale (FrP), Ola Borten Moe (Sp), Une Aina Bastholm (MdG). Programleiar Håvard Grønli.
Kvifor har vi ikkje klart å kome lengre med beredskapen 5 år etter den norske terroren? Hadde vi blitt meir trygge av permanent grensekontroll? Med: Anders Anundsen (FrP), Jan Bøhler (Ap) og Jenny Klinge (Sp). Programleiar: Håvard Grønli.
Dei skulle ikkje bygge ein einaste meter veg Det blir halvanna kilometer - utan at MdG har tenkt å trekke seg ut av byråd av den grunn. Men kvar går vegen vidare? Og kva kjem FrP til å gjere i Stortinget når asylinnstrammingane skal opp i Stortinget denne veka? Med: Lene Conradi (H), Helge André Njåstad (FrP), Magnus Takvam. Programleiar Håvard Grønli.
Denne veka var den første supermandagen med ei mengd folkerøystingar om kommunesamanslåingar. Sp og Høgre står sentralt i debatten. Korleis tenker dei? Kva kan ein spøke med? Politisk Frikvarter har besøk av Sps medierådgjevar Lars Vangen og kommunalminister Sanners politiske rådgjevar Rikke Sjøberg. Programleiar: Håvard Grønli.
Treng vi dei nasjonale fråversgrensene i vidaregåande skule? SV utfordrar Høgre. Nicholas Wilkinson og Henrik Asheim. FNs høgkommisær for flyktningar utfordra Norge og åtvarar mot nokre av innstrammingane i NRK-programmet "Torp" i går. Høyr korleis Sylvi Listhaug svarar. Programleiar: Håvard Grønli.
I dag held 23 kommunar folkerøysting om kommunesamanslåing. Politisk kvarter har med politikarar frå Romsdal og Jæren. Med: Tove Henøen (Sp, Fræna), Torgeir Dahl (H, Molde), Ane Mari Braut Nese (H, Klepp), Helga Pedersen (Ap). Programleiar: Håvard Grønli.
Korleis kan Arbeidartiet vere så sikker på at deira medisin faktisk gir mindre arbeidsløyse? Jonas Gahr Støre stiller til partileiarintervju i Politisk kvarter. Programleiar: Håvard Grønli.
Orda som blir brukt i asyl- og innvandringspolitikken er langt frå tilfeldige. Venstre og FrP vel svært forskjellige omgrep. Det har Venstres pressesjef Jan-Christian Kolstø og statssekretær Andre Kolve (FrP) eit svært bevisst forhold til. Og no startar landsmøte-sesongen. Våre gjestar snakkar om kva som skal til for å få den rette merksemda på landsmøtet. Programleiar: Håvard Grønli.
Partane i industri-oppgjeret måtte vende seg til politikarane - og vips, så innførte Regjeringa permitteringsreglane som Arbeidarpartiet har mast om i fleire månader. Har Regjeringa gått tilbake på eigen politikk - eller berre vore smart - og venta til den rette augneblinken? Med: Jørn Eggum (Fellesforbundet), Stein Lier-Hansen (Norsk Industri), arbeidsminister Anniken Hauglie (H), Dag Terje Andersen (Ap) og kommentator Magnus Takvam. Programleiar Håvard Grønli.
Ap hamrar laus på regjeringa om dagen - fordi dei meiner skattelette ikkje gir sysselsettingseffekt. Men kva seier Ap til KrF som er med på å sikre regjeringa fleirtal for skattepolitikken? Med Marianne Marthinsen (Ap), Hans Olav Syversen (KrF) og kommentator Lars Nehru Sand. Programleiar: Håvard Grønli.
Kan Ap og Høgre finne saman i ein skattereform? Siri A. Meling (H) og Marianne Marthinsen (Ap). Kommentator Magnus Takvam. Programleiar: Håvard Grønli.
Arbeidarpartiet vil gjere seg til venns med lokalsjukehusa og går mot regjeringa sin sjukehusplan. Venstre vil reparere forholdet til lærarane og skisserer nytt vedtak om kompetansekrava. Kva svarar Høgre? Med Torgeir Micaelsen (Ap), Kristin Ørmen Johnsen (H), Iselin Nybø (V) og Henrik Asheim (H). Programleiar: Håvard Grønli.
Stortingets to grøne miniparti byter på å utfordre kvarandre og å stå saman. Står dei i vegen for kvarandre? SVs Audun Lysbakken møter MDGs Rasmus Hansson. Programleiar: Håvard Grønli
Gjennom året har samarbeidspartia FrP og KrF ofte vore i tottane på kvarandre. Kva seier Jensen og Hareide til kvarandre når julefreden senkar seg? Programleiar: Håvard Grønli
Finst det fortsatt potensial for det breie asyl-forliket det har vore så mykje snakk om? Eller kan Frp sikre innstrammingar med knappast mogleg fleirtal? Harald Tom Nesvik (FrP), Kjell Ingolf Ropstad (KrF), Trond Giske (Ap). Programleiar: Håvard Grønli.
Aps Knut Storberget etterlyser lov om god handelsskikk. Høgres Gunnar Gundersen meiner det ei slik lov berre blir symbolpolitikk. Unge Høgre vil at vi skal jobbe lengre, Grønn Ungdom har heilt motsett synspunkt. Programleiar: Håvard Grønli.