Podcasts about sunnhordland

  • 16PODCASTS
  • 113EPISODES
  • 39mAVG DURATION
  • ?INFREQUENT EPISODES
  • Jun 2, 2025LATEST

POPULARITY

20172018201920202021202220232024


Best podcasts about sunnhordland

Latest podcast episodes about sunnhordland

Stord-Podden
Christian Fitjar Dahl – om Sunnhordland Adventure, Fjordeventyret og Cruiseturisme

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Jun 2, 2025 40:09


Christian Fitjar Dahl brenn for å vise fram det beste Sunnhordland har å by på. Han er ein av dei som står bak både  Sunnhordland Adventure og Fjordeventyret. No er han i ferd med å lose dei første cruiseturistane i land på Lervik og rundt i Sunnhordland. I denne episoden får du høyre om korleis det heile starta med eit uformelt møte på MS Sunnhordland og utvikla seg til eit omfattande samarbeid mellom lokale aktørar. Christian deler ærleg om spenninga knytt til logistikken, draumen om å skapa regional verdiskaping – og kvifor han har jobba dugnad med dette prosjektet i to år.Du får også høyre meir om:Favorittperlene i Sunnhordlands vakre skjærgårdKorleis ein god RIB-tur blir til (og kva ein RIB eigentleg er)Tips til deg som vil ut på sjøen i sommar – og korleis du bør førebu degEngasjementet hans i Redningsselskapet og etableringa av Sjøkompetanse ASKva cruiseturistar faktisk skal få oppleva når dei går i land på StordBli kjent ei ekte eldsjel, full av entusiasme, lokal stoltheit og praktisk gjennomføringsevne. Ein episode som garantert vil gi deg nye perspektiv på kor mykje spennande som skjer – og kor mykje potensial som ligg i vår region.Og hugs: Smil og sei hei til turistane som kjem på besøk!Sponsor: Stord Apartments Stord Apartments er ein leiande aktør innan bustadutleige for bedrifter i Sunnhordland. Sidan starten i 2021 har Stord Apartments bygd opp ein portefølje på over 100 bustader, og meir enn 50 ulike bedrifter stolar på deres overnattingsløysingar. Stord Apartments er for tida på jakt etter nye, sentralt plasserte bustader på Stord. Med Stord Apartments som leigetakar blir utleigeprosessen både enkel og effektiv – dei tek ansvar for heile prosessen frå A til Å.Sjekk ut https://stordapartments.no/ for meir info. 

Stord-Podden
Arild Steinsland - om ungdomssatsing, presteteneste og softis med krokan – ein prat med prosten i Sunnhordland

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Feb 10, 2025 54:37


Møt Arild Steinsland, den nye prosten i Sunnhordland! I denne episoden blir du betre kjent med mannen bak prestekragen – frå barndomens fascinasjon for ferjer til kjærleiken for softis med krokan.Arild deler historia om korleis han fann vegen inn i presteyrket, opplevingane sine som prest i Nord-Noreg, og kvifor han ein gong vart persona non grata i Romania. Han gir også eit innblikk i kva som er det beste – og mest utfordrande – med prostetenesta.Dei neste åra skal Sunnhordland prosti ha ekstra fokus på ungdom, og Arild vil gjerne høyre frå DEG om korleis det kan sjå ut i praksis. Har du gode idear? Send dei hans veg!Vi får også høyre om hobbyane hans – frå sykkel og innebandy til korleis familien lagar kreative julevideoar. Og kva skjedde eigentleg då han fekk seg ein skikkeleg trøkk på sykkel?Lytt inn for ei spennande og variert episode!

Stord-Podden
Benjamin Tveit Lillenes og Kristoffer Stokken - Frå Fitjar til Setesdalen: Livet på internatskulen KVS Bygland

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Jan 27, 2025 31:14


I denne episoden møter du Benjamin Tveit Lillenes og Kristoffer Stokken, som deler sine erfaringar med å flytte frå Fitjar til internatskulen KVS Bygland i Setesdalen – 10 mil nord for Kristiansand og 12 mil sør for Hovden. Kvifor valde dei å flytte, og kva skal til for at dei kjem tilbake til Sunnhordland? Dei fortel om korleis det var å flytte heimanfrå, korleis interessa for maskiner og arbeidsklede starta, og korleis skuletida har påverka framtidsplanane deira. Dei deler òg humoristiske historier om matvanar og brannalarmar. Inspektør Jon Gunnar Kjetso gir eit innblikk i dei unike tilboda innan naturbruk og byggfag på KVS Bygland, og korleis skulen legg til rette for eit godt og inkluderande skulemiljø. Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med KVS Bygland: Sjekk ut: https://kvsbygland.no KVS Bygland tilbyr utdanning innan byggfag og naturbruk i vakre omgjevnader med fjord, skog og høgfjell like i nærleiken. For dei som er interesserte i hest, jakt, fiske og turar i skog og mark, finst det eit vell av moglegheiter.

Stord-Podden
Kurt Inge Larsen - om Livsfilosofi, Fotball, Musikk og Hjerneslag

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Jan 20, 2025 47:36


Bli kjent med Kurt Inge Larsen, ein mann med ein livsfilosofi som inspirerer: å unngå å angre på det ein ikkje gjorde. Kurt deler historier frå sitt mangfaldige liv som fotballspelar, musikar og gamal revystjerne. Under artistnamnet Kurti Larsen har han skapt musikk som rører, inkludert hans nyaste song, En ny dag, som vart lansert same dag som episoden. Vi får høyre om hans oppvekst ved Kuleseikanalen, eit historisk landemerke i lokalmiljøet, om jobbreiser og krokodillejakt. Kurt deler óg om korleis han opplevde eit hjerneslag i 2020. Gjennom heile episoden reflekterer Kurt over viktigheita av å gripe dagen, følgje draumane sine og vere til stades for familien. Bli med på ei reise full av livserfaring, inspirasjon og takknemlegheit for kvar einaste nye dag. Sponsor: Kulleseidkanalen gjestehamn Kulleseidkanalen gjestehamn på Bømlo er ei lun hamn omgitt av vakker natur berre få minutt frå storhavet. Ingenting er som å tøffa rundt i Sunnhordland med båt på sommaren – legg turen innom Kulleseidkanalen. Eller kanskje du har bubil – det er rundt 50 bubilplassar nær sjøen. I år opnar dei 17 heilt nye utleigehytter av høg standard, så no er det overnatting for alle her.   I Kulleseidkanalen driv dei restaurant og bar som har ope kvar dag i sommarsesongen. Det startar med eit smell med Ankerfest – musikkfestivalen i Kulleseidkanalen på Bømlo. Sett av helga 20. – 22. juni. Det blir folkefest, med svært ettertrakta artistar, liv i hamna og på campingen, open restaurant og eit yrande folkeliv.   Elles i året er det søndagsbuffé med variert middags- og dessertbord, utleige til bryllaup, selskap og alle andre feiringar. Dei tilbyr óg skreddarsydde løysingar for bedrifter, anten det er kurs, konferansar, mat eller overnatting.   Du finn dei på sosiale media under Kulleseidkanalen gjestehamn og på nettsida kulleseidkanalen.no.  

Stord-Podden
Johanne Øvstebø Tvedten - om Juletradisjonar, Primstaven og Historieforteljing

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Dec 23, 2024 54:27


Johanne Øvstebø Tvedten – ei eldsjel innan historieformidling og drama. Johanne deler fascinerande historier frå oppveksten på Nordfjordeid og Stord, utdanninga i USA, og sitt arbeid med kultur- og formidlingsprosjekt ved Sunnhordland museum. I episoden får vi høyre om gamle juletradisjonar i Sunnhordland, artige historier om primstaven, og gripande forteljingar ho har samla frå regionen. Johanne les også to kjære julehistorier av Alf Prøysen, som set den rette stemninga for Jula. Dette er episoden for deg som vil bli inspirert av kulturarv, historie og gode forteljingar! Sponsor: SteintøftSteintøft – solide løysingar for ditt uteområde!

Stord-Podden
Elin Stenbråten - om Deboras Hage: Omsorg, Fellesskap og Heimelaga mat

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Nov 18, 2024 31:47


I denne episoden møter me Elin Stenbråten, grunnleggaren av Deboras hage. Elin delar si reise frå å vera misjonærbarn i Japan til å etablera eit hjemmebakeri på Stord med ein større visjon om omsorg og fellesskap. Deboras hage er eit hjemmebakeri som starta som ein draum om å hjelpa menneske. Elin fortel om korleis møtet med ei eldre dame, kalla "Lady M", inspirerte henne til å starta prosjektet. Ho såg eit behov for heimelaga mat og omsorg, særleg blant eldre. Elin deler òg om utfordringane ho har møtt på vegen, inkludert byråkratiske hindringar som installering av ein kostbar fettutskiller. Ho fortel om korleis ho gradvis byggjer opp verksemda, med mål om å ha faste opningsdagar og moglegvis utvida tilbodet i framtida. Gjennom samtalen får me innblikk i Elin sitt engasjement for å skapa fellesskap og gi omsorg gjennom mat. Ho deler òg litt om sine populære cookies og andre bakevarer som har blitt godt mottekne i lokalsamfunnet. Episoden gir eit varmt og personleg portrett av ein gründer med eit stort hjarte for menneske og ein visjon om å skapa ein stad der ingen treng å kjenna seg åleine Sjekk ut: https://www.instagram.com/deborahshage/ Sponsor: Verdig Gravferd Hjå dei vil du kjenna deg godt tatt vare på og få ein verdig og personleg avskil med dine kjære.Verdig Gravferd har kontor og samtalerom på Stord, Fitjar og Bømlo, men tilbyr tenester i heile Sunnhordland. Besøk nettsida verdiggravferd.no for meir informasjon og tilbakemeldingar frå tidlegare kundar.Verdig Gravferd leverer gravminne frå Eide Stein og rettleiar deg i prosessen frå skisse til ferdig montert gravminne.

Nokon må gå
Bil, vold og en lang finger fra Arbeiderpartiet. Hør hele episoden i BT-appen eller hos Podme.

Nokon må gå

Play Episode Listen Later Oct 17, 2024 0:27


Presidenter og kongelige besøker Bergen, byrådet skal melke bilister i sentrum og driter Arbeiderpartiet i Sunnhordland? Produsent: Arve Stigen

Radio Haugaland Intervjuer
Varmt vær i vente på Haugalandet og Sunnhordland

Radio Haugaland Intervjuer

Play Episode Listen Later Sep 5, 2024 2:05


Vi har snakket med Statsmeteorolog Lars Andreas Selberg om været, temperaturer og IS! Kanskje Etne tar varmerekorden?

vente haugalandet sunnhordland varmt v
Stord-Podden
Jonas Tislevoll – om Adopsjon, Sør-Korea, Fotoutstilling og livet som Journalist

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Aug 19, 2024 50:30


«Som journalist er han ei Duracell-kanin som jaktar på nyheiter heile døgnet.» er attesten frå redaktøren i avisa Sunnhordland. Jonas Tislevoll har formidla sterke historier både i lokalavisa og andre medium. Han er aktuell med fotoutstilling, og han har sjølv ei historie litt utanom det vanlege. I denne episoden får du høyre den sterke forteljinga om korleis det var å leite etter, og endeleg møte, si biologiske mor.Du får også høyre om korleis bileta frå reisa har vunne prisar og stipend, og du får eit glimt inn i kvardagen som journalist i avisa Sunnhordland. Sponsor: Print og Ramme Er du òg glad i å ta bilete? Då deler du lidenskapen med fotografane som driv Print og Ramme. Du finn dei midt i Leirvik sentrum, i Torgbakken 11. Her produserer dei mellom anna foto, Fine Art-trykk, print montert på aluminium og foto på lerret. Dei er regionen sine største på innramming og hjelper deg med alt frå kunsttrykk og måleri, til fotballdrakter og fagbrev.Sjekk ut Print og Ramme på Instagram og Facebook.Du finn meir informasjon på printogramme.no. Stor takk til Print og Ramme for at dei ville vera sponsor for denne episoden.

Stord-Podden
Einar Almås – om Næringslivet i Sunnhordland, Verdiskaping , Sparebanken Vest og Samfunnsansvar

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Jul 15, 2024 37:37


Einar Almås er assisterande banksjef i Sparebanken Vest. I denne episoden deler han av si innsikt om lokalt næringsliv i Sunnhordland og verdiskaping. Du får høyra om korleis det er å jobba i Sparebanken Vest og om visjonen om å gjera livet betre for vestlendingane, både gjennom økonomisk rådgjeving og ved å ta samfunnsansvar. Overskotet til Sparebanken Vest skal komme Vestlandet til gode. Høyr om korleis du kan søke om ulike midlar gjennom Sparebanken Vest sin søknadsportal. Sjekk ut: https://prosjektmidler.spv.no

Stord-Podden
Torstein Hatlevik - Om Haaheim Gaard og korleis ein lukkast innan reiseliv i Sunnhordland

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Jun 24, 2024 30:35


Torstein Hatlevik fortel om historia til Haaheim Gaard og korleis han har bygd stein på stein for å utvikle denne destinasjonen i Sunnhordland. Han deler sine beste tips og strategiar for å lukkast i reiselivet. Sjekk ut: https://www.haaheimgaard.no Sponsor: Tysnes gjev meirsmak - ⁠https://www.visittysnes.no⁠ Tysnes gjev meirsmak er eit selskap som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på. Dei viser deg kor du får dei beste matopplevingane, kva fjelltoppar som gjev den finaste utsikta og kva attraksjonar du berre må få med deg. Ja, kort sagt alt som gjer at denne øykommunen gjev meirsmak for ferierande.  Følger du dei på Facebook og Instagram får du servert fleire gode tips gjennom veka, og på nettsida ⁠visittysnes.no⁠ finn du blant anna ein kalender med oversikt over kva som skjer. Kanskje lurer du på kor det er fint å bada, kva butikkar som finst på øya eller kva overnattingstilbod ein har å velja mellom? Tysnes gjev meirsmak viser veg.  --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Stord-Podden
Hans-Petter og Tuva Almås – om å følgje draumen til Skotten Seter - Bed & Husky

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Jun 10, 2024 51:16


Kva er det som får ein familie til å flytte frå Sunnhordland til Ringebu (sjølv om heimen alltid vil vere Almås på Stord)? Korleis er livet med sånn ca. 12 hundar? Kva kan du oppleve på Skotten Seter - Bed & Husky? Dette og mykje meir får du eit innblikk i om du lyttar til denne episoden med Hans-Petter og Tuva Almås. Har du vurdert å følgje draumen? Lytt og bli inspirert! Sponsor: B3 Helse - https://www.b3helse.no Hos B3 Helse på Heiane kan du få hjelp av fysioterapeut dersom du treng opptrening etter skade, slit med smerter eller har kvinnehelserelaterte plager. Muskelterapeuten kan hjelpe deg om du har stive, ømme muskler eller berre treng ei avslappande massasje eller gode hudprodukt. Treng du verktøy til å takle stress i kvardag eller jobb, eller støtte til å sortera for å finna den gode balansen i livet, bør du kontakte vår dyktige coach. B3 Helse - vi er her for å bidra til at du får betre helse. Besøk www.b3helse.no eller våre Facebook- eller Instagram-sider for meir info. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Stord-Podden
Få mest ut av bustadsalet: Tips frå eigedomsmeklar Elisabeth Nonås Fylkesnes

Stord-Podden

Play Episode Listen Later May 27, 2024 58:37


I denne episoden av Sunnhordlandpodden har me besøk av eigedomsmeklar Elisabeth Nonås Fylkesnes. Me dykker ned i bustadmarknaden i Sunnhordland, deler nyttige tips for deg som skal selje eller kjøpe bustad, og gjev råd om korleis du vel den rette eigedomsmeklaren. Ver med og lær korleis du kan få mest ut av bustadhandelen din!

Stord-Podden
Vidar Hope – om Kreft, Aktmåling, Redaktørjobben i Sunnhordland og Kulturliv

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Apr 22, 2024 37:11


I februar 2024 gjekk Vidar Hope inn i ein av dei mest spennande mediejobbane på Vestlandet, nemleg som ansvarleg redaktør for avisa Sunnhordland. I denne episoden skal du få bli litt betre kjent med mannen bak avisa. Vidar deler om reisa han har vore på, ulike kulturprosjekt han har vore med på å dra i gang som Størjevikfestivalen, Bocciafest og Olsen & Jensens viseklubb. Livet byr på opp- og nedturar. Vidar fortel om utdrikningslag og avskjedskonsert, erfaringar med sjukdom og dødsfall. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Stord-Podden
Lisa Hasholt Fosse og Kai Håkon Sunde - om Talentsenter i Realfag og Barn og Unge med Stort Læringspotensial

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Mar 18, 2024 65:31


Talentsenter i realfag er en sosial og realfaglig møteplass for barn og unge med stort læringspotensial. Fra høsten 2024 starter VilVite opp en satellitt av Talentsenter i realfag i regionen Sunnhordland, i lokalene til HVL på Rommetveit. Kai og Lisa ønsker å samarbeid med skolene, lærerne, foresatte og lokalt næringsliv for å få dette prosjektet til å bli best mulig. Elever med stort læringspotensial trenger en møteplass der de kan bli utfordret faglig og ikke minst bli kjent med andre barn/unge med samme interesser. Det langsiktige målet er at elevene skal se mulighetene og få lysten til å venne hjem til regionen for å bo og jobbe der etter endt studiegang.   Lenker:   Talentsenteret:  Talentsenter i realfag på Vilvite i Bergen - VilVite   VilVite: VilVite i Bergen - VilVite   Gode prosjekter som nevnes i podden: First Lego League - VilVite Bli med på superbit-kampen! | Super:bit   e-post: talentsenter@vilvite.no eller direkte til lihf@vilvite.no eller khs@vilvite.no Sponsor: Atheno - https://atheno.no/ --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Stord-Podden
Lars Jostein Rørvik - om Spelejobbar, Rock- og popband i Kvinnherad og Interessa for Historie

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Feb 5, 2024 55:31


Lars Jostein Rørvik har hatt meir enn 300 spelejobbar i Sunnhordland og Hardanger. Han er litt over snittet interessert i historie og har gitt ut fleire bøker. I denne episoden får du høyre om interessa for fotball, kvifor han heier på Leicester, om å spela opp til dans og mykje meir. Me pratar om bøkene: Jens i Dalen Det illegale Sunnhordland: - motstand og etterretning 1940-1945 Rock- og popband i Kvinnherad gjennom 60 år Og ein ny bok som er på gang. Sponsor: Gaa Paa Episoden er sponsa av kulturprodusenten Gaa Paa. Gaa Paa arbeidar gjennom sine prosjekt for den levande, ekte og lokale scenekulturen i Kvinnherad. Den 24. februar kjem Gaa Paa til Stord kulturhus og presenterer gigantprosjektet «Pink Floyd Prosjekt 3» som er ein fullskala Pink Floyd-konsert, framført av 20 av dei beste artistane frå Kvinnherad. Frå ein enorm scene, som nett så vidt får plass i kulturhuset, skal publikum bli dratt med inn i Pink Floyd sitt univers gjennom storkonserten, som er bada i godlyd, lys og effektar! Her blir musikk frå ulike album og epokar – låtar me veit Pink Floyd-fans vil setja pris på! Billettar får ein kjøpt hos Stord Kulturhus, på nett og i billettluka. Konserten startar kl. 20:00 --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Stord-Podden
Ulvar Akselsen - om Politikk, Samfunnsdeltaking, Helse og Døden

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Dec 25, 2023 41:13


Korleis er det å vere ung, engasjert politikar i Sunnhordland? Kva saker engasjerer mest? I denne episoden blir du betre kjend med Ulvar Akselsen, som er med i Kommunestyret på Stord. Han er medlem av utvalet for Rehabilitering, helse og omsorg. Ulvar har sjølv erfart kor viktig det er å bli møtt på ein god måte når sjukdom rammar. I episoden deler Ulvar korleis det var då faren, Olav Akselsen, vart ramma av hjernesvulst. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Stord-Podden
Hans-Petter Nesse - om Wärtsilä Norway, 120 års jubileum og om å Skapa Industrihistorie

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Nov 27, 2023 49:52


Hans-Petter Nesse er både Administrerende direktør for Wärtsilä Norge og Director Field Service North Europe for Wärtsilä. Wärtsilä Norway feirar 120 års jubileum i år og har vore ein teknologipioner i alle desse åra. No skapar dei på ny industrihistorie i Sunnhordland. I denne episoden får du høyra om historia til både Wärtsilä og Hans-Petter Nesse. Episoden er lag i eit kommersielt samarbeid med Wärtsilä Norge. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Stord-Podden
Mingel - årets aller viktigaste møteplass?

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Nov 19, 2023 42:07


Har du høyrt om Mingel? Mingel er ein ny møteplass for unge som har valt å bu og arbeida i Sunnhordland, og som har eit ynskje om å bli betre kjent med andre fine folk og det som skjer her. Kanskje årets aller viktigaste møteplass? Bli betre kjent med Mingel-konseptet i denne episoden!  I denne episoden møter du: Ida Solheim Eide Carlos Tardon - https://www.linkedin.com/in/carlos-tardon-perez/ Jørgen Fosse Hilde Askvik Ole Jacob Eide Nina Matre Sjekk ut: https://www.mingel-event.no/ Episoden er laga i et kommersielt samarbeid med Bu i Sunnhordland - https://www.buisunnhordland.no/ --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Stord-Podden
Ståle og Helge - om Verdig Gravferd, Gründerliv og Gjenbruk

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Nov 5, 2023 58:45


Ståle Mæland og Helge Mæland driv Verdig Gravferd. I denne episoden får du høyra kvifor dei endra livskurs og korleis gründerreisa har vore til no. Du får og gode tips til kva ein bør tenkja på når ein opplever dødsfall i familien og korleis ein set saman ei gravferdsseremoni. Korleis er livet som gravferdskonsulent og korleis endrar det synet på døden? Kor mykje kostar ei gravferd, og er det grønne skiftet og gjenbruk aktuelt i denne bransjen? Sjekk ut: https://verdiggravferd.no/ https://www.facebook.com/Verdiggravferd https://www.instagram.com/verdiggravferd Sponsor: Eide Stein AS - https://eidestein.no/ Eide Stein er Norges største bedrift innen bearbeiding av stein og har over hundre års lang håndverkserfaring i steinfaget, ein moderne maskinpark og effektiv produksjon - noko som gir kundene god faglig trygghet. Dei har levert gravminner i Sunnhordland i mange år, og i tillegg til gravminner leverer dei og benkeplater og interiør.  Sjekk ut eidestein.no for meir informasjon, eller kontakt Verdig gravferd. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Stord-Podden
Kristi Pedersen Madsen – om Brannen for Tysnes, Politikken og Mammarollen

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Oct 29, 2023 50:43


Kristi Pedersen Madsen brenn for Tysnes, jobben og lokalpolitikken. Men og for mammarollen og balanse mellom jobb og fritid. I denne episoden deler Kristi litt av sin historie og erfaringar på godt og vondt i politikken og om kvifor hu vil jobbe for at Tysnes skal bli verdas beste plass å bu, arbeide og leve. Her er det mykje bra framsnakk av fellesskapet på Tysnes og Sunnhordland som region. Del gjerne episoden med nokon som kan ha glede av den! Følg Kristi på Facebook - https://www.facebook.com/kristisandvik.pedersen --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Stord-Podden
Vanja Storetvedt – Frå Kaos til Indre Ro med Coaching

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Oct 15, 2023 58:08


Vanja Storetvedt deler si historie. Høyr om ei inspirerande reise frå kaos og usikkerheit til å finna indre ro og retning. Me dykkar inn i coaching-verda, korleis det skil seg frå terapi, og kva du kan vente når du jobbar med ein coach. Høyr korleis coaching kan hjelpa deg med alt frå å handtera stress til å ta betre avgjerder. Sjekk ut: https://www.instagram.com/mylcoaching/ Eller ta kontakt via: vanja@mylcoaching.no Sponsor: Verdig gravferd - https://verdiggravferd.no/ Verdig gravferd har si verksemd i heile Sunnhordland med samtalerom på Stord, Fitjar og Bømlo. Vårt oppdrag er å tilretteleggja slik at de får ta avskjed med den avdøde på ein verdig måte, der alt det formelle blir ivaretatt. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

The Forgotten Football Podcast
Episode 27 - Stord Sunnhordland FK (NOR) ft. Christian Thuesen

The Forgotten Football Podcast

Play Episode Listen Later Oct 8, 2023 101:14


It's Episode 27 and Rory & Phil are joined by Christian Thuesen to talk about 'The Club With No Soul' - Stord Sunnhordland! This is a great episode where Christian talks about lost Norwegian clubs, his love for non-league, and having beers with Ronnie Deila. We also talk about Norweigian fan culture, the Norwegian national team, and how Haaland has affected football fans' loyalties in Norway.

norway norwegian haaland stord norweigian sunnhordland
Stord-Podden
Sigbjørn Framnes – om Miniski, Bryllup, Forhandlingar og Ordførarjobben på Stord

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Oct 8, 2023 44:51


Sigbjørn Framnes er den første frå FrP som kan smykka seg med tittelen Ordførar på Stord. I denne episoden vert du betre kjend med historia til Sigbjørn Framnes. Høyr om korleis han brakk beine på miniski, om hemmeleg bryllup i Spania og kvifor han har engasjert seg politisk. Og korleis vil den nye koalisjonen prega Stordsamfunnet framover? Alt dette og mykje meir får du i denne episoden av Sunnhordlandpodden der Sigbjørn Framnes er gjest. Sponsor: Stord Dekkservice - https://stord-dekkservice.no/ Stord Dekkservice, den største i Sunnhordland innan dekk og felgar. Dei tilsette på Stord Dekkservice går ikkje heim i dekksesongen, før kundane er nøgde. Dei har òg vakttelefon 24/7. Treng du dekkhotell? Stord Dekkservice kan hjelpa deg med det. Dei tilbyr òg andre tenester som bremsebytte, antirustbehandling (Fluid Film), Tysse-hengarar, sjølvvaskehall og gasslevering. Besøk gjerne https://stord-dekkservice.no/ ⁠ for meir info. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Stord-Podden
Atle Wigum - Om å Bry Seg, Gründerskap, Lederfilosofi og Subshore

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Sep 28, 2023 94:44


Atle Wigum er ein engasjert næringslivsleiar med mange jern i elden. I denne episoden får du høyre historia til Atle, om opp- og nedturar i gründerlivet og kvifor det er viktig å bry seg. Du blir kjend med Subshore (https://subshore.no/), eitt av selskapa Atle styrer, og du får eit innblikk i leiarfilosofien til Atle. Dette er del 1 av intervjuet. Sponsor: Tysnes Sparebank - https://www.tysnes-sparebank.no/ Tysnes Sparebank er din lokale sparebank i Sunnhordland. Banken har ei lang og rik historie i regionen vår, og feier i år 160 år som sjølvstendig bank. Med eit urolig verdsbilete, inflasjon og stigande renter, kan det vera godt å ha ein levande bank å søka råd hjå. Hos Tysnes Sparebank finn du lokale rådgjevarar som ynskjer å vera ein aktiv medspelar for å finna gode og langsiktige løysingar for kundane sine. Velkommen til Verdast mest personlege bank! --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Stord-Podden
Mari Pedersen Totland – om Tilfeldigheitar, Vekkflytting, Heimflytting og Konferansen Bømlab(r)u?

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Sep 24, 2023 38:48


Her får du høyre om spontane val og uventa hendingar som har ført Mari Pedersen Totland halve verda rundt, og etter kvart heim igjen. No jobbar ho med å skaffe kompetanse til næringslivet gjennom å få fleire til å flytte til Bømlo og Sunnhordland. Tilflytting er eitt av hovudtema på konferansen til næringsrådet 8. november – ikkje gå glipp av denne! I dag er episoden laga i eit kommersielt samarbeid med Bømlo Næringsråd. Bømlo Næringsråd tel om lag 200 medlemsbedrifter frå 24 ulike næringsområde, og er ein sterk interesseorganisasjon og støttespelar i næringsutviklingsprosjekt på Bømlo. Næringsrådet har som formål å fremja næringslivet sine interesser, skape møteplassar for bedrifter i kommunen, deltar i regionale samarbeidsfora, og koordinere samarbeid mellom skule og næringsliv.  Dei marknadsfører næringslivet og Bømlo som stad å bu, og arbeider aktivt med å tiltrekke og halde på kompetanse til næringslivet gjennom målretta nettverksaktivitetar, særleg retta mot unge og tilflyttarar i arbeidslivet. 8. november inviterer dei til konferansen Bømlab(ru) – ein konferanse om tilflytting, og det å byggje bruer mellom generasjonar, næringar og regionar – ein konferanse der alle bedrifter i Sunnhordland er velkomne. Sjekk ut: https://www.bomlonr.no/ --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Stord-Podden
Oddmund Roalkvam – om idrett, konfliktar og eigedomsforhold

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Sep 17, 2023 50:03


Oddmund Roalkvam er Jordskifteleiar Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett og ein ivrig idrettsmann. I denne episoden får du høyra om idrett, konfliktar og eigedomsforhold. Du får bli betre kjend med korleis jordskifteretten fungerar i praksis. Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med: Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett. Aktuelle lenker: www.jordskifte.no og www.domstol.no              Spørsmål me tar opp er blant anna: Kva er jordskifteretten? Kven kan bringe ei sak inn for jordskifteretten? Kva kostar ei jordskiftesak? Oddmund Roalkvam deler og gode råd til deg som eventuelt har ei konflikt med naboen. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

aktuelle kva idrett kven haugalandet sunnhordland
LittPod
Jakten på vestlendingen: Haugesund – grensebyen ved Vestlandet

LittPod

Play Episode Listen Later Sep 13, 2023 61:43


Hva er Vestlandet? Hva er det vestlandske? Og hvem er vestlendingen? Dette er sentrale – men også uav­ klarte – spørsmål for kan hende de største politiske prosjektene og debattene i landsdelen vår de siste 25 årene. Omtrent halvveis mellom Bergen og Stavanger, og på fylkesgrensen mellom Vestland og Rogaland, ligger Haugesund. Hva kan byens historie, nåtid og ambisjoner for fremtiden fortelle oss om Vestlandet, vestlendingen og det vestlandske? Sverre Meling jr. er daglig leder for Maritimt Forum for Haugalandet og Sunnhordland med flere generasjoner haugesundsk blod i sine årer. Oslomannen Morten Joachim Henriksen ankom byen i 2018 som sjef for Haugesund Teater. Samtaleleder er Morten Hammerborg, professor i historie ved Høgskulen på Vestlandet.

Tru og meining i gammal tid
43. Dødsrikefjell. Samisk saajve, norrønt Helgafell - og Siggjo, Lyderhorn, Hornelen og Romsdalshorn?

Tru og meining i gammal tid

Play Episode Listen Later Aug 13, 2023 71:38


Dei fleste kjenner Hel og Valhall som dødsrike i norrøn religion. I tillegg var det førestillingar om at slekta hadde eit felles dødsrikefjell i det lokale landskapet. Den tradisjonen ser det ut til at vi langt på veg delte med samane. Ein del slike fjell kan vi framleis peike ut på Island og langs den norske vestkysten, ikkje minst i samiske strøk. Den som døydde inn i eit slikt fjell, slo i ein viss forstand lag med huldrefolket, kan det sjå ut til, i alle fall hos samane. Andre stikkord: Torolv Mostrarskjegg, Moster, Sunnhordland, Soga om øyrbyggene / Eyrbyggja saga, Landnåmabok, Kaldbakshorn, Mælifell, Heilhornet, Torghatten, Lekamøya, samisk religion, sjøsamar, folkloristikk, tuftekallen / tomten / rudkallen, vitterfolket, alvane, gufihtarat, uldat, gadniha, saajve / sáiva, aemiehaajmoe, saaraahkaaajmoe, kjeldediskusjon, metode.

Stord-Podden
Øyvind Kyvik - om Tapet av Faren, Besøk av Kronprinsen og Draumen om å bli Ordførar

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Aug 6, 2023 46:57


Øyvind Kyvik er på besøk i studio og han fortel blant anna om: Bryllupet Korleis dødsfallet til faren prega livet Jobben som global leder for klima i Aker Solutions. Sætravikjo - Sunnhordland sitt svar på Bordeaux Relasjonen til Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon Politiske ambisjonar og draumen om å bli ordførar Sponsor: Biogy Solutions Vil du vite mer om dette spennende selskapet, følg med på deres hjemmesider, biogy.no --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Stord-Podden
Elisabeth Moberg og Espen Hana – om Kristina frå Duvemåla, Bømlo Teater og Usannsynleg Mykje Meir

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Jul 27, 2023 64:47


Frå 2. til 12. august er det igjen klart for ei fantastisk førestilling i Moster Amfi. Då vert det nypremiere på Kristina frå Duvemåla. I denne episoden fortel Elisabeth Moberg og Espen Hana om korleis det er å jobbe med eit slikt prosjekt saman med gjengen i Bømlo Teater. Du får bli litt betre kjent med Elisabeth Moberg og Espen Hana og rollene de speler, Fina-Kajsa og Danjel. Får du lyst til å sjå Kristina frå Duvemåla? Sjekk: https://bomloteater.no/oppsetning/kristina-fra-duvemala/ Sponsor: Wärtsilä Norway - https://www.wartsila.com/nor Wärtsilä Norway utviklar ny framdriftsteknologi med fokus på elektrifisering og framtidas drivstoff, som gjer den maritime bransjen meir berekraftig. Verksemda har sitt utspring i motorprodusenten Wickmann med lange tradisjonar på Bømlo og i Sunnhordland, og feirar i 2023 sitt 120 års jubileum. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Stord-Podden
Irene Dalland og Gina Digernes – om Reko-ringen Sunnhordland og Lokalprodusert Mat

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Apr 23, 2023 61:44


Kjenner du til Reko-ringen Sunnhordland og kva dei kan tilby? I denne episoden er Irene Dalland og Gina Digernes på besøk i studio og fortel om Reko-ringen Sunnhordland og kvifor dei brenn for lokalprodusert mat. Du får eit glimt av korleis det er å vera bonde på Bømlo og på Tysnes. Du får høyra om Garden På Bråtaneset, Sikje Småbruk og Garden på Dalland. Du får svar på: Kva betyr det å vera Debio-sertifisert? Kva er økologisk mat? Kvifor er det lurt med piano i fjøset? Og mykje meir. Sjekk ut: https://www.facebook.com/groups/295587504434241 Sponsor: Bømlo Storsenter - https://bomlostorsenter.no/ --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Stord-Podden
Gaute Straume Epland – om jakta på ny kommunedirektør til Stord Kommune

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Apr 20, 2023 29:47


Stord Kommune  har høge ambisjonar. Kommunen er regionssenter i Sunnhordland og skal vera føregangskommune i det grøne skiftet og utvikla inkluderande fellesskap der innbyggjarar trivst og lever gode og trygge liv. No er ein viktig stilling ledig, og ordførar Gaute Straume Epland er gjest i Sunnhordlandpodden for å fortelja om jobben som kommunedirektør. Er du interessert i å søka på stillinga, eller lurer du berre på kva jobben som kommunedirektør inneber? Då er dette episoden for deg.    Les meir om stillinga her: https://human-as.no/ledig-stilling/325196/kommunedirektf8r/r   Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Human AS og Stord Kommune.  --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Stord-Podden
Reidar Horneland - om Hiernagla Brenneri, Whisky frå Vestlandet og Værbitt Motbør Gin

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Apr 2, 2023 31:04


Reidar Horneland brenn bokstavelig talt for edle dråpa. Og han er kanskje ein av dei mest tolmodige i Sunnhordland. I denne episoden får du høyra om oppstarten av Hiernagla Brenneri i Sveio. Korleis er det å starte opp med produksjon av whisky på vestlandet? Om Værbitt Motbør Gin, og akevitten som forsvann fortare enn venta. Du får og høyra litt om dei ulike råvarene og prosessane i whiskyproduksjon, og kva andre produkt og opplevingar dei kan tilby i Hiernagla Brenneri. NB: NYT ALKOHOL FORSVARLIG. Sponsor: Stord Hotell - https://stord-hotell.no/ --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Stord-Podden
Lillian Anthonessen - om Dyrehage, Besøksgård, Glamping og Lokalprodusert Mat på Huglo

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Mar 19, 2023 28:44


Visste du at det er ein Dyrehage i Sunnhordland? Ein dyrehage med meir 100 dyr, fordelt på ca. 28 ulike artar. I denne episoden får du bli betre kjent med Lillian Anthonessen som driv Myrvold Gård på Huglo, og høyra historia bak Dyrehagen på Huglo.  Du får og høyra om glamping, lokalprodusert mat og planane dei har for framtida.  Sjekk ut: https://myrvold-besoksgard.webnode.page/ https://www.instagram.com/myrvoldgard/ Myrvold Gård på Facebook Episoden er produsert i eit kommersielt samarbeid med Atheno - https://atheno.no/ --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

glamping visste sunnhordland
Stord-Podden
Lene Pilskogs oppdrag: Regionsutvikling

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Feb 23, 2023 32:41


Ho er oppvaksen i Hjørungavåg på Nord-Vestlandet men busett i Sunnhordland. Ho har eit sterkt engasjement for næringslivet i regionen vår, - og er såleis ein perfekt match med stillinga som leiar for Invest In Sunnhordland. I denne podkasten får du vite meir om kva Lene arbeider med, kven ho samarbeider med, - og me har sjekka litt ut kven ho er på privaten. Absolutt verdt å låne øyra til! Har du spørsmål? Ta kontakt med Lene, Leiar for Invest in Sunnhordland: 481 51 050 lene@atheno.no Denne episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Atheno. --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Krimpodden
Dette er dommen mot Johny Vassbakk

Krimpodden

Play Episode Listen Later Feb 9, 2023 46:19


Får vi svaret på hva som skjedde med Birgitte Tengs? Øystein Milli og Tor-Erling Thømt Ruud går gjennom den lange dommen mot Johny Vassbakk fra Sunnhordland og Haugaland tingrett. Med seg har de forfatter og journalist Bjørn Olav Jahr. Ansvarlig redaktør Gard Steiro.

bj med dette ruud johny dommen ansvarlig birgitte tengs olav jahr gard steiro sunnhordland tor erling th haugaland
Stord-Podden
Karina Bunes - om Engesund Fiskeoppdrett Visningssenter, Akvakulturnæringa og Maskoten Balder

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Jan 29, 2023 36:42


I denne episoden blir du kjend med Karina Bunes som er visningsvert ved Engesund Fiskeoppdrett Visningssenter. Du får høyra om korleis det er å være ein reiselivsdestinasjon i Sunnhordland, og korleis dei set Fitjar på kartet. Kanskje lærer du og noko nytt om akvakulturnæringa og historia til Engesund Fiskeoppdrett. Sponsor: Fitjar kommune - https://www.fitjar.kommune.no Fitjar, det naturlege valet for verksemder i etablering eller under vekst. Her finn du ferdig regulert næringsareal og næringseigedom, utviklingsområder, ein positiv og framoverlent kommune, og eit næringsliv prega av optimisme og vekst. Alt omkransa av landets vakraste skjergard. Velkommen til Fitjar! --- Send in a voice message: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhordlandpodden/message

Stord-Podden
Nina Haara Matre - om å Bu i Sunnhordland, Nyttårstreff for ungdom

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Dec 22, 2022 25:59


Studerer eller arbeider du ein annan plass i landet? Men samtidig vurderer å busette deg og arbeide i Sunnhordland? Då vil eg anbefale å lytte til denne episoden med Nina Haara Matre i Bu i Sunnhordland. I dag er episoden laga i eit kommersielt samarbeid med Atheno og Sunnhordlandsrådet IKS. Nyttårstreff

Stord-Podden
Harald Johan Sandvik – om Motstandsmannen og Medmenneske Johannes Sandvik

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Dec 11, 2022 55:38


Den 12. mai 1943 vart Anton Johannes Sandvik tatt til fange på Fitjar av tyske soldatar. Frå desember 1943 til slutten av mars 1945 var han fange i den tyske konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. Harald Johan Sandvik, son til Anton Johannes, har laga bok om livet til faren. I denne episoden får du bli litt betre kjend med Harald Johan Sandvik, og historia til faren. Fra omtale av boka: "Johannes Sandvik er spesielt kjend som aktiv i heimefronten under krigen. Han var med i kampane i Valdres i 1940, og seinare dreiv han med våpentransport i ytre Sunnhordland. Aller mest dramatisk var det då han gøymde ein sterkt ettersøkt mann og transporterte han og venene hans ut av fåresonen. Til slutt vart han sjølv teken av tyskarane." Sponsor: Fitjar kommune - https://www.fitjar.kommune.no Fitjar, det naturlege valet for verksemder i etablering eller under vekst. Her finn du ferdig regulert næringsareal og næringseigedom, utviklingsområder, ein positiv og framoverlent kommune, og eit næringsliv prega av optimisme og vekst. Alt omkransa av landets vakraste skjergard. Velkommen til Fitjar!

Stord-Podden
Magdalena From Delis og Severin Eskeland - om reisa til Hollywood, Dugnadsånd og Kulturlivet i Sunnhordland

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Dec 4, 2022 67:39


Magdalena From Delis og Severin Eskeland har vært på "Screamfest Horror Film Festival" i Hollywood med filmen Number 7. Men fikk de lyst til å flytte fra Sunnhordland til Hollywood? Det får du svaret på i denne episoden. Du får og høyra litt om framsyninga "Isdronninga og Beverfamilien" eit musikkteater skrive av Magdalena From Delis. Les meir om det her: https://stord.kulturhus.no/forestilling-q3clk9/. NB: På slutten av episoden får du eit kort bonus-intervju med ein viktig person i Sunnhordland.

Stord-Podden
Marit Holm - om Bladet Sunnhordland, Mediebransjen og livet som Redaktør

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Nov 27, 2022 49:58


Kvifor er lokalavisa viktig? Svaret får du i denne episoden. Redaktør i Bladet Sunnhordland, Marit Holm, deler sin historie og sitt engasjement for journalistikk. Du får høyra om reisa frå Vesterålen til Vestlandet, og korleis det var å komme til Sunnhordland. Sponsor: Aker Solutions - Det er spennande tider i hjørnesteinen på Stord, med store investeringar i menneske, teknologi og anlegg. Verksemda skal i åra framover gjennomføra store og kompliserte energiprosjekt til både tradisjonelle og fornybare næringar, og er no på jakt etter 150 nye medarbeidarar til verksemda på Stord. Følg med på akersolutions.com for spennande moglegheiter!

Stord-Podden
Thor Henrik W Hagen - om Grønn Hydrogen og Hydrogen Solutions

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Nov 3, 2022 42:02


Hydrogen spelar ei viktig rolle i det grøne skifte. Thor Henrik W Hagen er CEO for Hydrogen Solutions og i denne episoden får du betre kjennskap til han, hydrogen og kva HYDS jobbar med. Du får og svar på korleis det kan være å flytta frå Oslo til Stord i Sunnhordland. Hydrogen Solutions jaktar no på ein CFO. Den stillinga kan du høyra meir om i denne episoden av Human-talk. Spesialepisode: Denne episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Human AS - https://human-as.no

Stord-Podden
Om Fosterheim og livet som Fostermor - Inger Elin Våge og Gry Bjelland

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Oct 30, 2022 43:37


Kva skal til for å bli ein fosterheim? Og kor stort er behovet for fosterheim i vår region? I denne episoden tar eg ein prat med 2 kjekke damer, Inger Elin Våge og Gry Bjelland, frå Bufetat, fosterhjemtjenesten avd Haugesund, som innbefattar Sunnhordland. Du får blant anna svar på: Kva kreves av fosterforeldre? Kor lang tid tar det å bli fosterheim? Kva ulike typar fosterheim er det? Sjekk ut: Fosterhjemstjenesten i Rogaland og Vestland Sponsor: Subshore AS - https://subshore.no

Stord-Podden
Urolege tider- kva no? - Med sjefsøkonom i DNB Markets, Kjersti Haugland

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Sep 29, 2022 80:55


DNB arrangerte Lunsjseminar saman med Atheno onsdag 28 september. Eg fekk lov til å ta opp seminaret, og intervjue Kjersti Haugland og nokre av dei som var der. Eg prata og med Astrid Kjellevold i Atheno, Tora Haslum Myklebust i Samarbeidsrådet for Sunnhordland, Silje Vatne Ersland i Kattnakken før seminaret og Christin Kalve i Sport-Treff etter seminaret. Tema til Kjersti Haugland tenkjer eg er aktuelt for mange, sjølv om lydkvaliteten ikkje er på topp. Sponsor: Subshore - https://subshore.no

dnb tider dnb markets sunnhordland kjersti haugland
Stord-Podden
Awa Rahimpour - Om Flukt frå Iran, Vener, Framtidsdraum og Design

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Sep 18, 2022 44:55


Awa Rahimpour er gjest i denne episoden og fortel om kvifor ho flykta frå Iran og korleis det var å koma til Sunnhordland. Ho fortel om oppveksten i Iran, korleis det er å læra seg nynorsk, om Bømlo teater, Stord Fotoklubb og om å få seg vener i Noreg. Du får og høyra om framtidsdraumar Awa. Sponsor: Engelsen Anlegg AS - https://www.engelsenanlegg.no

Stord-Podden
Magne Andresen –om Straumprisar, Nordpool, Acer og Kraftkrisa

Stord-Podden

Play Episode Listen Later Sep 15, 2022 54:38


Eit tema som vekkjer stort engasjement og oppriktig bekymring hos mange er prisen på straum. Me har gått frå å ha nesten gratis straum i 2020, til at den no er ekstremt dyr. Kva er det som har skjedd, og kvifor? Finnes det ei enkel og god løysning på kraftkrisa? Magne Andresen, som jobbar som senior rådgjevar i Sunnhordland kraftlag, er med i denne episoden og svarar på mange spørsmål rundt tema straum. Episoden er laga i eit kommersielt samarbeid med Sunnhordland Kraftlag og Human AS. Sjekk ut: https://skl.as https://human-as.no

The Wise Fool
Helén Petersen, Administrative Director of Artist Residency, Sunnhordland Museum (Norway)

The Wise Fool

Play Episode Listen Later Apr 27, 2022


We discussed: how they choose residency participants, role of an artist residency, writing artist text, sponsorship, funding, finding time and space to be creative, portfolio reviews, tenacity, constructive feedback   https://sunnhordland.museum.no/kunstneropphold/ https://helenpetersenfotografi.com     People + Places mentioned: Les Rencontres Internationales de la photographie d'Arles - https://www.rencontres-arles.com     Audio engineering by Mickey at CushAudio Services Music by Peat Biby     Supported in part by: EEA Grants from Iceland, Liechtenstein + Norway – https://eeagrants.org               And we appreciate the assistance of our partners in this project: Hunt Kastner – https://huntkastner.com Kunstsentrene i Norge – https://www.kunstsentrene.no  

The Wise Fool
Helén Petersen, Administrative Director of Artist Residency, Sunnhordland Museum (Norway)

The Wise Fool

Play Episode Listen Later Apr 27, 2022 62:06


We discussed: how they choose residency participants, role of an artist residency, writing artist text, sponsorship, funding, finding time and space to be creative, portfolio reviews, tenacity, constructive feedback   https://sunnhordland.museum.no/kunstneropphold/ https://helenpetersenfotografi.com     People + Places mentioned: Les Rencontres Internationales de la photographie d'Arles - https://www.rencontres-arles.com     Audio engineering by Mickey at CushAudio Services Music by Peat Biby     Supported in part by: EEA Grants from Iceland, Liechtenstein + Norway – https://eeagrants.org               And we appreciate the assistance of our partners in this project: Hunt Kastner – https://huntkastner.com Kunstsentrene i Norge – https://www.kunstsentrene.no  

Nokon må gå
– Det er lett å gløyme Sunnhordland

Nokon må gå

Play Episode Listen Later Jan 13, 2022 39:48


Jens Stoltenberg vil framleis bli sentralbanksjef, Sveio vil bli i Vestland og stormen «Gyda» gjer at me snakkar om vestlendingens storm-mentalitet. Programleiarar: Gerd Tjeldflåt, Anne Rokkan og Morten Myksvoll Produsent: Henrik Svaneik Vignettmusikk: Bjørn Torske – Bergensere (Smalltown Supersound) Illustrasjon: Tord Torpe Lydklipp: NRK